Referat
Kun høydepunkter
Imponerande innsats av Eid sine 10 mann i andre omgang. Dei var taktisk kloke og livsfarlege på kontringar og skåra 3 flotte mål etter veldig bra spel der ballen gjekk raskt frå mann til mann. Gode taktiske grep av coach Havsaas der han flytte ein løpssterk Kristian Årskog fram i lag med Joakim. I tillegg storspelte Jonas som stoppar når han vart flytta bak. Vi må også nemne viktige bidrag frå Henrik som skåra det viktige 2-2 målet rett før pause og som hadde to flotte assist til ein veldig god Joakim. Det må likevel seiast at dette fyrst og fremst var ein soid laginnsats:-)
Kampen vart avslutta etter 4 minutt med ekstratid og Eid vann ein fortent siger sjølv om det vart spennande på slutten når bortelaget fekk eit må heilt på slutten.
Vi fekk dessverre problem med nettet viste det seg.
Kamp slutt Slutt (4-3)
69'
Reprise på 3-2
66'
Halvfarleg frispar frå Eid. Kunne blitt noko det om Joakim hadde fått stjernetreff.
65'
Kapteinen til bortelget sender den langt over.
64'
Oliver handsar og lager eit farleg frispar til Høyang.
63'
Fantastisk gjennomspel av Henriksen til Henrik som er roleg og finn ein heilt umarkert Joakim som skårar sikkert.
58'
Liten pause no. Henrik fekk seg ein ball på nasa. Fekk ltt behandling.
55'
God redning av Sander etter eit skudd frå høgrekanten til bortelaget.
53'
Litt rolegare start på 2.omgang enn slutten på 1.
50'
Corner Høyang, heilt ufarleg.
49'
Frispart til Eid . Bra sjanse som Jonas får hovudet på.
46'
Det ser ut som aga ikkje har gjort bytter i pausen
Start 2. omgang Start 2. omgang
Elles blir det hevda at 2-1 målet til Høyang var offside frå sikre kjelder. Dommartrioen har hatt sitt å stri med i 1.omgang. Vi får håpe på ein velspelt og vel dømt 2.omgang.
Slutt 1. omgang Pause (2-2)
45'
Ole Andreas er litt vel kaldt i forsvarsspelet sitt og rotar nesten vekk ballen.
38'
Høyang tar heilt over no, men Eid er farlege på kontringar.
38'
Bra sjanse for Joakim på Eid, men dessverre sitt ikkje touchen heilt.
36'
Fint spel av Eid og Henrik er nesten gjennom
34'
Høyang var på veg inn i kampen og får nok blod på tann no.
31'
Corner til Høyang etter ein kontring. Felde er raskt tilbake og hidrar eit farleg innlegg. Heldigvis er corneren ufarleg.
30'
Gult til Johan. Kom etter eit balltap der han hadde eit dårleg touch. Såg greitt ut det.
27'
Sindre med eit skudd langt over. Der fekk Eid faktisk til t, tre pasningar...
27'
Finspelet lar vente på seg til no. Begge lag gir frå ballen stadig vekk.
24'
Drikkepase på Idrettsparken. Det er ikkje varmen som er årsaka, men industribygda sin keeper fekk seg ein smell i duellen med Joakim i stad. Ser ut som det går greitt med han.
23'
Stor sjanse til EId. Joakim fangar nesten opp ein feilpasning frå bortelaget, men keeper er våken.
22'
Fint spel av Eid og Tore kjem seg neste fri, men dessverre offside.
20'
Blir ingen ting ut av den
19'
Eid bit seg fast rundt 16 og får corner.
18'
Kristian Lefdal skyt utagbart for keeper, men dessverre blir det annulert for hands. Ser ut som den var grei.
17'
Raggen er missnøgd med ballhentinga...
13'
Farleg skudd frå Høyang etter at dei bryt når Eid skal spele seg ut frå 5 meter.
11'
Høyang meir med no og prøver å stå høgt.
10'
Blir corner som det blir ingen ting ut av.
10'
Og i det så bryt Høyang og får ein bra sjanse.
9'
Eid har vore gode på gejnnvinning så langt
9'
Eid viser gode tendensar her no og Jonas bryt ein passning og spelar nesten Joakim gjennom.
6'
Nesten sjølvmål av Høyang. Innlegg frå høgr går i tverra.
Avspark Start 1. omgang
Elles ser vi at det er nye tider på Myklebustgard kuen er bytta ut med hesten. Men det er jo og ny storbonde på garden.
Oppvarminga er starta og vi ser at Høyang kanskje har øvd litt ekstra på synkrosvømming, er litt meir synkrone i oppvarminga.
Høyang ser ut til å stille med eit bra lag og vi legg merke til mange gamle storspelarar har ført fotballgenene sine vidare til neste genrasjon. Det er og to spelarar som har gode gener frå den gamle storspelaren frå Balestrand, Asbjørn Sjøthun. Særleg Joakim har gjort seg merka som ein solid målskårar over fleire år i kretsligane, men han når nok ikkje opp til høgdene til bestefaren sin.
Eid stiller med ein bra fyrste 11-ar, men det manglar litt rutine i Ove Balsnes og Henning Haugen. Dessverre manglar Speakerbua og litt rutine i dag og vi er nede på tredjevalet for skribent. Arbeid og ein dårleg planlagt barnebursdag må ta skulda for dette. Heldigvis for Eid har laget gode erstattarar for Haugen og Balsnes i motsetnad til Speakerbua.
Eid IL ønskjer IL Høyang velkommen til kunstgraset på Eid idrettspark. Det unge laget frå industribygda ligg trygt plasert på ein solid 6.plass. Laget har vist variabel form i haust ,em slo Eid sine naboar frå havgapet, Måløy 2-1 på sletta sist runde. Vi må elles nemne at dei slo Sogndal 2 3-1 i august. Det må og nemnast at dei har tapt 9.1 mot Stryn og 11-0 mot Årdal i haust. Det blir spennande å sjå kva for utgåe av Høyng vi får sjå i dag.