Referat
Kun høydepunkter
Dommar bles av matchen og Eid kan innkassere årets første trepoengar. Ein svært fortent ein. Høyang var langt frå ufarlige, men Eid vann på effektivitet framfor mål og duellstyrke i eigen boks.
Kamp slutt Slutt (5-0)
90+3'
Russen fyrer opp anlegget og startar festen litt før kampen er over, for dette må ende med tre poeng til Eid.
90'
Virka som futten har gått litt ut av gjestane, så spørs om den timeslange oppvarminga i dag har tatt på
90'
Høyang med hjørnespark. Nok ein gong får Eid-forsvaret heada ut. Har dominert luftrommet fullstendig i eigen boks i dag
89'
Vedvik spelt igjennom og kjem åleine mot Høyang-keeper. Avsluttar til side for mål
88'
Eid har rimelig grei kontroll, sjølv om Høyang yppar seg litt.
82'
Holmøyvik med ei klarering som konkurrerar med sendaren på Sagtennene om å vere høgste punkt i bygda. Eid-forsvaret får avklara til slutt.
81'
Ein liten glipp i Eid-forsvaret. Nok ein gong er keeper Henriksen tålmodig, ventar ut spissen og reddar.
77'
Pussig situasjon. Kristian Årskog spelt igjennom i klar offside, men assisten har tungt flagg. Årskog med en litt dårlig touch og takler keeper. Får sitt andre gule og rødt av dommar, før han oppdagar assistenten med flagget oppe. Heldig der, Eid-spissen
76'
Karlsen med fint gjennomspel. Innlegg mot en flygande hollendar, som er akkurat for kort til å få heada på mål.
74'
Høyang forsøker seg. Eid får ikkje avklara i eige felt. Maureira spring ned ein Eid-forsvarar og pådreg seg frispark.
72'
Nesten for Eid. Tråkla seg fram på høgresida, før ballen til slutt endar hos Åsebø. Avanserer inn i feltet og får avslutta, men keeper får kontroll
70'
Balsnes er konge i lufta igjen og headar unna
70'
Høyang har frispark på venstrekanten, like utan for Eid-feltet
57'
Sindre Årskog frispelt på høgrekanten. Slår hardt inn mot bror Kritstian, som ikkje får styrt avslutninga på mål.
56'
Langt kast frå Årskog. Heading frå Balsnes. God redning frå Bjørkhaug!
55'
Haus vender til Vedvik, som førsøker skjere inn frå høgre. Skyt like over mål. Bra Eid-periode no!
55'
Åsebø trer igjennom Vedeld på venstresida. Sistnevnte går innover og forsøker skot, men får ikkje klaff verken med styrke eller presisjon i avslutninga.
52'
Aven gjennom åleine mot Henriksen, som nok ein gong klarer å stoppe Høyang-spissen. Får slått til hjørnespark
50'
Kristian Årskog sluttar aldri å springe, og pressar fram ein feil frå Høyangkeeperen som må gi innkast.
49'
Hjørnespark til Høyang. Slapp avslutning som Henriksen plukkar enkelt.
48'
Livsfarlig ball på tvers i Eid-forsvaret. Olsen skyt i veggen frå Holmøyane.
48'
Andre omgang startar omtrent som første, med løpsduell mellom Aven og Balsnes. Denne vinn Eid-midtstopparen.
46'
Laga startar andre omgang til tonane frå eit høglytt russebussaggregat
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hafsås ute til dommartrioen og gir klar melding om innsatsen i førsteomgang, i det laga ruslar inn mot en fortjent kvil. Såg noko tvilsom ut, den siste annuleringa og det gule kortet til Henriksen kan umulig ha vore noko verre enn andre reaksjonar på bana i første omgang. Ein jamnspelt førsteomgang, med nok av sjansar til begge lag. God innsats av Henriksen i Eid-målet har hindra både ei og to scoringar mot for eit Eid-lag som har både eitt og to hakk til ein kan justere seg opp i andreomgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Annulert mål til Eid. Godt innlegg frå Åsebø som Balsnes headar mot mål. Vedeld styrer ballen i nettet, men blir avvinka
45'
Eid på overgang og kjem i overtall mot Høyang-forsvaret. Skuslar vekk siste pasning, men Vedvik snappar opp andreballen. Avsluttar utanfor
44'
Høyang får nok ein corner, denne heilt rett. Nytt forsøk på å lure Eid-forsvaret, men Balsnes og Holmøyvik har rydda godt unna.
43'
Høyang får corner uten at nokon frå Eid er borti ballen. Håvard "Veggen" Holmøyvik dunkar unna.
41'
Etter nesten 12 minutt får Henriksen returnere til bana. Like etter får Vedeld ein stor sjanse, men treff ikkje reint i avslutninga og ballen sprett til side for mål.
40'
Glitrande slått corner og det blir redning på strek, av ein Eid-spelar. Headar i sin eigen
39'
Eid spelar seg fram til et hjørnespark. Åsebø har veeeeldig god tid i det han går ut for å slå inn
38'
Lite som skjer på Idrettsparken akkurat no. Henriksen varmar opp og er straks tilbake på bana.
35'
Lett kok i Eid-feltet. Ein Høyangspelar blir dytta overende og ropar på straffe. Litt tumultar etterpå, men ingen konsekvensar.
34'
Nok ei solid redning frå Henriksen. God heading frå Høyang, men keeperen er oppe under tverrliggaren og får vippa vekk avslutninga.
33'
Mange klareringar godt over reklameskilta no. Snart halvvegs i utvisninga.
26'
Ekstremt viktig redninga til Henriksen i forkant av målet. Eid går rett opp i angrep og scorar i ein kamp som har vippa veldig så langt.
25'
Midtbane-Henriksen må gi ekstra fin julegåve til bror keeper-Henriksen. Mister ballen i skummel posisjon og Høyang kjem åleine mot keeper, men yngstemann reddar brorsan
23'
Haus på farten oppover venstresida. Kjippar igjennom Åsebø som har en innleggstouch som såg ut til at den kom rett frå russefest. Blir uansett avvinka for offside.
20'
Høyang sin mirakeldoktor må inn for å kurere Råsberg som ligg nede med skade. Ser dessverre for Høyang ut til at han ikkje kan friskmeldast og det blir gjort klart til eit bytte
17'
Haus gir vekk eit hjørnespark til Høyang, som endar i ingenting.
17'
Eid ropar på straffe i det Årskog forsøker kjempe seg imellom to forsvarar, men den hadde i såfall vore i matreddarhylla på Coop Extra.
15'
Lefdal finn Vedeld, som ikkje får med seg at Kristian Årskog er på veg igjennom på blankt mål. Høyang bryt
15'
Nesten for Eid. Langt innkast frå Kristian Årskog, litt mølje i feltet, før ballen landar hos Kristian Lefdal. Skyt i ein liggande Sindre Årskog og til utspel frå mål.
13'
Betre frå Eid no. Vedvik tek med seg Åsebø på venstrekanten. Godt innlegg mot Årskog i feltet, men spissen rekk ikkje heilt opp på den.
12'
Åsebø slår i bakrom mot Vedeld. Høyang-keeperen er ute på bærtur i april, men finn verken molter, tyttebær eller ball. Blir runda av Vedeld som blir stoppa av en Høyangforsvarer som får slått til corner.
10'
Kyrkjebø spelt igjennom, rundar keeper, men kjem litt for langt ut og får berre avslutta i ein Eid-forsvarar.
9'
Hafsås forsøker et vekkelsesrituale frå sidelinja. Ser ut som det hadde litt virkning.
7'
Spørst om det blei litt mykje fyrstekake på kyrkjekaffien for Eidlaget i dag. Skikkelig sloppy start. Høyang si lange oppvarming ser ut til å ha effekt.
6'
Aven på farten igjen. Rundar Haus litt for enkelt, men ballen går ut over dødlinja.
5'
Eid skal få testa seg mot spissduoen til Høyang i dag. Bra trøkk i dei raudkledde gutta på topp.
4'
Forsøker samme oppskrift som sist kamp og skyt eit hardt innlegg mot Ove Balsnes, men litt for hardt og over midtstopparen.
3'
Svakt utspel frå Høyangkeeper går rett til Kristian Årskog, som kjempar fram kampes første hjørnespark. Daniel Haus ladar venstreslegga
2'
Første løpsduell mellom Aven og Balsnes, og to svære sjansar til Høyang før minuttet har gått. Aven får først avslutta, men Henriksen stoppar den med ei beinparade. Høyang trykker etter og kjem til nok ei avslutning, denne like til side for mål
Avspark Start 1. omgang
Kaptein Lefdal snur skuta før kamp, så Eid skal spele med ryggen mot sola i første omgang.
Innmarsj på Eid Idrettspark og straks klare til det som vi trur blir en meget fartsfylt sak.
For dei som ser fram til å sjå Eid-kampar live på direktesport, så må de dessverre vente til vi flyttar til Eid Stadion. Fram til den tid må de holde ut med tekstoppdateringar
Det mest dramatiske før kampstart er at ein lokal huseigar har hissa seg opp på bortelaget sin bussjåfør, som har parkert bussen i en hage nær bana. Litt voksenkjeft til bussjåføren, som tek med seg bussen og reiser.
Dagens kampleiar er rutinerte Jeiki frå Florø, som har med seg Astrid Kiil frå Førde og Vilde Vilnes frå Askvoll på linjene. Dommartrioen varmar opp med kaffi og oransje energidrikk.
Høyang-gutta er ute og køyrer kvantitativ oppvarming. Starta ein time før kampstart, men det er ein lang biltur som skal luftast ut av lyskar og lår. Eid er i ferd med å entre den nyslådda kunstgrasmatta til sin oppvarmingsdrill
Søndagskamp i strålande solskin på Eid Idrettspark i dag, der Høyang kjem på besøk for å forsøke å ta med seg alle poenga heim til Sogn. Gjestane starta sterkt på heimebane med 2-1 over Sogndal 2 på tirsdag, og kan vere eitt av tre lag som står med full pott etter to Kretsliga-rundar i lag med Dale og Fjøra. Sistnevnte slo som kjent Eid knepent 2-3 på Idrettsparken sist helg, der heimelaget var det beste laget i størsteparten av kampen.