TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Dommar Lien bles av kampen fem minutt på overtid. Eid dreg i land ein solid heimesiger og tre nye poeng. Har heng på Sogndal 2 og Fjøra i kampen om andreplassen i Kretsligaen. Neste motstandar er nettopp Sogndal 2 i saftbygda neste søndag.
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+4'
Eid kjempar heroisk i sluttminutta. Lefdal tek med seg ballen og går på soloraid langs heile venstresida. Vinn hjørnespark og kan hale ut tida nede med hjørneflagget.
90+3'
Førdekeeperen med Braveheart-manøver. Står på 50 meter og forsvarar. Nøler litt og får trøbbel i duell mot Felde. Vedvik kjem på andreball, men får ikkje avslutta mot det tomme Førdemålet.
90+1'
Har ikkje sett kor mykje som er lagt til, men det blir nokre minutt ekstra i dag.
90'
Skjer mykje rart no. To Førdespelarar ligg plutselig nede, men sprett opp igjen. Rop om frispark og duellar i hytt og pine. Eid sett under et lite press av gjestane. Klarer dei holde heilt inn?
89'
Spillerbytte
87'
Mål!
3-2
Corner blei plutselig mål. Holme får springe umarkert inn på bakre stolpe og headar inn reduseringa.
85'
Frisparket går rett inn til keeper.
85'
Førde får frispark ute på høgresida etter at T. Årskog nok ein gong er seint inne i ei takling. Lever småfarlig no.
82'
Gult kort
Litt for hardbeint i ei takling på midtbana og får fortjent gult kort. Innbyttarpuls?
81'
Spillerbytte
81'
Balsnes nede for telling igjen. Han eine Førdesupporteren på tribuna rasar og meiner Eid somlar. Dommar Lien viser fram klokka si og fortel at han legg til tid. Denne gongen må midtstopparen gi seg.
78'
Spillerbytte
78'
Balsnes i gang med søndagsyogaen. Luggar litt i leggmuskulaturen.
75'
Mål!
3-1
Sterkt av Tore Årskog som grusar ein Førdespelar i duell. Får ballen vidare til målsnik Joakim "Braut" Vedvik som lekkert lobbar inn 3-1
74'
Aarøen med fin vending i feltet. Avsluttar rett på keeper.
71'
Spillerbytte
64'
Spillerbytte
64'
Hjørnesparket endar etter litt att og fram hos Vedvik som skyt i stolpen. Nære på!
64'
Kokar godt no! Eid headar i tverra. Vinn corner etterpå, som Førde er svært misfornøgde med.
63'
Ny variant. Slår ut til Vingen Vedeld utanfor feltet som brukar litt for lang tid
62'
Sindre Årskog kjempar fram eit hjørnespark for Eid. Spelarane samlar seg i den vanlige mølja framfor keeper.
60'
Gult kort
Misfornøgd med å ikkje få corner i sistuasjonen med Aarvik, og bjeffar på seg eit kort.
60'
Sjanse til Førde. Aarvik kjem i hundreognitti og får klarert.
57'
Folkestad må ha vore utespelar tidligare i karrieren. Er endå ein gong fint ute og stoppar det som kunne blitt ein farlig Eid-sjanse.
56'
Gult kort
Legg inn ein sterk søknad om gult kort med to holdingar i trøya og ei takling bakfrå. Innvilga.
55'
Aarøen med ei lekker dobbeltdragning på midtbana. Sender et par spelarar i vaffelkiosken før han får frispark. Førde 2 har starta andreomgangen kvassast.
53'
Etter å ha sett corneren til Førde syklar duoen vidare.
53'
Hvidsten ladar kanona og sender avgårde ei kule. Frislid med solid redning. Såpass bra at eit turistektepar på tandemsykkel stoppar opp for å sjå kva dette er slags toppidrett
48'
Vingen Vedeld nære på å få krangla seg til ei avslutning.
48'
Passerer mykje rart forbi stadion i dag. No sist ein buss med profesjonelle klovnar. Det lovar godt for underholdninga i andreomgang.
46'
Etter en rask energipåfyll og oppmuntrande ord frå lagledarane, så er andre omgang i gang igjen. Eid angriper mot den nye hestehaugen bak mål.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det var det siste som skjedde i ein jamn omgang utan det heilt store finspelet. Eid hårfint meir førande med nokre gode angrep og ledar fortjent. Er nok litt irriterte over å sleppe Førde inn igjen i kampen med omgangens siste spark, så får vi sjå kven som kjem ut etter kvilen med mest tenning.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Mål!
2-1
Frispark direkte i mål like før pause av Helgheim. Godt plassert!
45+1'
Tilbakespel mot keeper. Ballen får en liten stuss framfor Frislid som sender avgårde eit skikkelig sleivspark. Det må han ha lært i tida i Haugen
45'
Hjørnesparket endar i ingenting.
45'
Førde keeper med volleyballslag en meter utanfor sekstenmeterfeltet, men dommar ser ikkje dette. Fomlar ballen ut over dødlinja. Assistentdommar får med seg at ballen er ute og vinkar hjørnespark. Tek litt tid før dommar oppfattar dette. Treng nok ei pause snart.
40'
Keeper får slått ut til Tore Årskog som prøvar seg på nok ein volley. Denne går opp i fjerde etasje. Keeper blir liggande nede etter duellen og dommar bles frispark.
39'
Eid maura på og vinne corner. Innoverskrudd frå Henriksen igjen.
33'
Mål!
2-0
Tore Årskog viser avslutningsferdigheiter. Hamrar til på halv volley etter ei utboksing frå keeper. Stang inn og 2-0 til Eid
33'
Sindre Årskog i vill galopp framover på Eid travpark. Slår det som blir ei genial pasning inn til Henrik Vingen Vedeld. Får veldig god tid åleine med keeper og kan doble ledelsen. Keeper Folkestad står støtt og går sigrande ut av duellen.
31'
Godt innlegg, men høgast i feltet ruvar luftas konge, prins og president Ove Balsnes som får renska unna.
31'
Hjørnespark til Førde 2. Diplomat Lien må inn og megle litt i tumultar i feltet.
30'
Meir engasjement idet Førde får frispark på rundt 25 meter. Han med dei lekre oransje skoa skyt eit godt forsøk, som keeper berre så vidt får vippa over tverrliggaren.
28'
Mål!
1-0
Ut av ingenting. Et litt for langt innlegg når Sindre Årskog på dødlinja som headar ut til ein heilt umarkert Joakim Vedvik, som enkelt set inn 1-0.
26'
I det nok ein tandemsykkel passerer stadion har Førde 2 frispark i farlig posisjon. Skotet går rett i det sikre grepet til keeper Frislid. Lar seg ikkje distrahere av pensjonistar i neongule jakker og litt for små sykkelbukser.
25'
Blandakor på bana no, med litt misnøye mot kampledelsen. Skjer relativt lite utpå matta. Sikkert derfor ingen av dei syklande turistane som er på Eid i dag tek seg tid til å stoppe på stadion. Sykkeltightsoverdose langs landevegen
22'
Ny corner til Eid. Henriksen viser strålande skruteknikk og legg ballen rett på pæra til Balsnes. Headinga går over mål og rett til ballhentar Arild Heggen, som viser litt rusten mottaksteknikk. Sikkert litt støl etter spaserturen til stadion.
12'
Kristian Årskog med elegant mottak. Ballen sprett opp i nasa og Førde vinn ball. Eid raske med å vinne tilbake. Slår opp mot Vedvik som kjem i spenstduell mot Førdekeeperen. Også denne vinn Folkestad.
11'
Vanskelig å sjå kva dommar bles for, men det var ei solid mølje framfor Førdekeeperen. Sikkert noken som skubba litt for mykje.
10'
Corner til Eid. Godt innoverskrudd. Ballen går heilt i mål, men dommar Lien bles frispark i mot og annullerer målet.
7'
Balsnes med godt forsøk på gjennomspel mot Vedvik, men Førdekeeper Folkestad har ikkje sove lenge på søndagen og får snappa pasninga.
5'
Lite jakt på sørsida av Lotetunnelen i dag, når halve jaktlaget startar for Eid
3'
To av tre Årskog hiv seg inn i susande taklingar. Yngstemann Sindre får tilsnakk av dommar og det er frispark til Førde 2.
2'
Henriksen har sett på skal vi danse. Nydelig piruett på midten.
1'
Førde nesten igjennom allereie, men Balsnes si lange tå kjem i vegen.
1'
Gjestfrie som nordfjordingane alltid er, får Førde ta avspark.
Avspark Start 1. omgang
Dommar Lien har blese i signalhornet og laga er på veg til innmarsj.
Eid stiller med bra sjølvtillit etter en enorm snuoperasjon borte mot Stryn sist helg. Har lugga litt meir for gjestane med knepne 1-0 tap i dei siste to kampane. Heimelaget får vere favorittar i det laga ruslar i garderoben for siste peptalk.
Eidtrenar Hafsås ser rolig ut før kampen. Deltek i gris med to av innbyttarane. Ligg godt an foreløbig, medan Felde er komen opp i minst GR og Møll nærmar seg utslått.
Førde-høvding Per Øivind Storevik har vore innpå og inspisert baneforholda. Ser ut til at han syns trekken frå Eidselva var litt kjølig, men bana er det lite å utsette på. Førdegutta er nok mest happy med kunstgras, men bør klare å spele fotball på ei fin grasmatte også.
Rutine også i svart i dag. Evigunge Per Oddvar Lien frå Davik og Høyanger motbakkeløparklubb skal lede kampen, assistert av Hornindal-keeper og flaggbærar Kjell August Ytre-Eide og kanskje det største dommartalentet i Nordfjord: Håkon Rundereim.
Eid må klare seg utan rutinerte Henning Haugen i dagens kamp, men stiller elles med eit slagkraftig lag. For å demme opp tapet av kapteinen har dei mønstra innpå en heil trio frå Lote. Årskog-brødretrioen skal nok legge ned rikelig med meter og torv i løpet av kampen.
Solfylt søndag på Eid stadion. Gjestane frå Førde sitt talentlag og det gulkledde heimelaget er i full gang med oppvarminga til det som kan bli ein spennande duell på grasmatta.