TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Rødt kort
Taklo pratar på seg sitt andre gule og får rødt etter kampslutt
Etter ein fryktelig dårlig første omgang heva Eid seg kraftig etter pause og klarte å kapre eitt poeng, etter å ha dominert siste halvdelen. Til slutt er nok Førde mest fornøgd med poengdelinga, medan Eid gjerne skulle ha putta eit til og sikra seg alle tre. Neste duell er nabokrigen mot Stryn 16. mai. Sjølv om stryningane har starta sesongen svakt, så må Eid opp mange hakk til den kampen.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+5'
Gult kort
Fekk vosst også gult i klinsjen inne i målet.
90+4'
Gult kort
Tumultar i feltet etter målet når Eid ønsker å hente ball for å jage 3-2.
90+4'
Gult kort
Fekk kort for handsen
90+3'
Mål på straffe!
2-2
Sikker som Sparebanken
90+3'
Straffe!
Hands og straffespark på overtid!
90+2'
Eid pushar på for utligning og får straffespark!
90'
Første avslutninga til Førde i andreomgang og keeper Frislid ute i full strekk. God redning av Eidkeeperen.
90'
Eid med feilkast på eigen halvdel. Klagar på dommaren, men har tydeligvis ikkje heilt kontroll på regelverket. Rett avgjerd av dommar.
89'
Gult kort
87'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
85'
Ingenting ut av frisparket og Førde får heada unna.
84'
Frispark til Eid på hjørnet av 16-meteren. Godt skothold
82'
Spillerbytte
82'
Gult kort
Litt usikker på kva kortet kom av
81'
Litt høg list frå dommar no. Først Felde som stemplar ein Førdespelar før han sjølv blir tatt etterpå. Play on!
79'
Taklo med ei genial tversoverpasning i angrep. Felde kjem stormande på motsatt kant og får så vidt avslutta før han blir tatt av ein Førdeforsvarar. Kikkar mot dommaren i håp om straffespark, men Orheim vinkar spelet vidare.
76'
Kristian Lefdal med innleggsforsøk som først ein Førdeforsvarar sleivar vidare, før keeper fomlar ballen ut til corner. Litt Shakin Stevens i Førdeforsvaret no
76'
Spillerbytte
75'
Eid har fått det berømte blodet på tanna og er frampå igjen. Jagar utligningsmålet no.
73'
Mål!
1-2
Skikkelig målsnik-scoring. Strålande innlegg bak Førde-forsvaret som Vedvik er først på
67'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
65'
Samtlige spelarar utanom keeper Frislid inne på Førde 2 sin banehalvdel. Greitt bilde på Eid sin dominans i andre omgang.
63'
Farlig for Eid igjen! Førde-keeper slepp eit innlegg under seg, men ingen gulkledde er med på bakerste stolpe.
62'
Eid spelar seg nok ein gong fram til hjørnespark. Førde 2 har første mann nede med krampe allereie. Tungt å spele på gras når ein er vant med Hafstadparken kunstgras.
61'
Spillerbytte
61'
Kjempesjanse for Eid. Vingen Vedeld setter fart på venstrekanten. Innlegg treff Joakim Vedvik som set ballen langt over mål.
59'
Beitveit får renska unna. Eid forsøker på ein overgang, men Førde forsvarer seg godt.
58'
Så glepp det litt i Eidforsvaret og Førde spelar seg fram til nok ein corner. Skal Eid klare å unngå baklengs på denne?
58'
Langt betre frå Eid! Fleire kombinasjonar i angrep og Felde får til slutt skote. Rett på keeper.
54'
Sindre Årskog forsøker kopiere Lotetunnelen. Skikkelig luke
53'
Eid har vist betre takter etter pause og styrer det meste akkurat no.
52'
Godt forsøk, men keeper Bergqvam er kjapt nede og reddar frisparket.
51'
Åsebø skal forsøke lime ballen i krysset på frispark frå 25 meter.
51'
Gult kort
Klippar ned Vingen Vedeld som er i fint driv framover.
50'
Flatebø ruvar høgast på hjørnesparket og headar like over.
49'
Eid meir på hogget etter pause. Vedeld får omgangens første sjanse. Dreg seg fri frå backen og avsluttar, men blir blokkert til corner.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Eit hardtarbeidande Førde 2 hakket kvassare enn vertane på ei humpete grasbane og leder fortjent. Eid oftast frampå, men det blir stort sett berre halvsjansar. Har mange gir ekstra som vi håpar å sjå etter pause. Straks tilbake med andre omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Første omgangen til heimelaget har vore både gardfjøs og komod på ein gong, men akkurat i det klokka bikkar til overtid får Kristian Årskog ein sjanse. Skotet blir blokkert og Eid får hjørnespark.
39'
Vedvik forsøker avslutning, men Bergqvam har hatt større utfordringar og fangar den enkelt.
38'
Tuene dominerer i spelet akkurat no.
30'
Nesten glipp frå Flatebø. Litt for svakt tilbakespel, men Sander Bolt Frislid er lynraskt ute og får takla til innkast.
29'
Kjempesjanse. Sindre Årskog får gå opp ganske så umarkert på bakerste stolpe. Headar til side for mål.
28'
Vingen Vedeld driblar seg inn i feltet, før Førde får stoppa Eid-spissen. Ny corner til Eid.
28'
Heimelaget justerer midtbanetrioen sin og klarer å bite seg fast på Førde 2 sin banehalvdel.
25'
Eid med to skikkelige blunderar i eige forsvar. Først sovnar Henriksen og mister ball på eigen halvdel. Like etter er det Beitveit som skal på dribleraid, men misser på touchen. Blir takla og får frispark.
21'
Mål!
0-2
Corner er mål og det var ei perleavslutning. Saksespark i nettet. Litt usikker på kven som var målscorar.
20'
Ikkje voldsomt imponerande av heimelaget så langt. Førde frampå igjen. Blir stoppa av ei betongblokktakling av Flatebø. Hjørnespark igjen til Førde
16'
Bergqvam ragar høgast i feltet og plukkar innlegget. Blir så vidt hindra og dommar bles frispark til Førde 2.
15'
Eid prøver svare umiddelbart. Sindre Årskog rykker frå Førdebacken og får spelt vidare til Vedvik. Blir corner til Eid.
14'
Selvmål!
0-1
Hjørnesparket går igjennom feltet, via eit Eidbein. Ballen snik seg så vidt over målstreken ved stolperota
13'
Felde taklar til corner for Førde 2.
12'
Halvfarlig corner. Keeper får først slått ut, men ballen kjem raskt tilbake. Vingen Vedeld headar, men blir forsøket blir stoppa av ein kvitkledd på streken.
11'
Eid farlig frampå. Lefdal riv seg laus på midtbana, spelar til Vedeld som forsøker å finne ein medspelar framfor mål. Førde får ikkje heilt avklara og Kristian Årskog får avslutta via keeper og til corner.
11'
Holme med ein dummy i eige forsvar når han feilbereknar den ubereknelige spretten. Klarer å rydde opp
8'
Kristian Årskog spring seg fri på høgresida. Slår inn mot Vedvik som har lada kanona. Førde får så vidt heada unna og slepp med skrekken.
4'
Felde prøvar å skyte ned ein måse med dagens høgaste så langt. Førde får etablert eit angrep og spelar seg til kampens første halvsjanse. Sandal avsluttar til side for mål.
2'
Tefre med kampens første sleivspark. Simen Lefdal får tak i kula og trer igjennom mot Vedvik på venstrekanten. Keeper med på leiken og snappar gjennomspelet.
Avspark Start 1. omgang
Litt trekk og duskregn i lufta i det fanfaren ljomar utover stadion. Assistentdommar Åmot er ikkje så glad i trekk, så han har funne fram lua for anledninga. Det er en nydelig kveld for fotball!
Etter ei solid ananasbrus er vi tilbake. Dommartrioen har gjennomført si yogaoppvarmingsøkt og er klare til kamp. Drilltroppsjef i dagens kamp blir talentfulle Sivert Orheim frå Florø. Assisterande drillpiker på linjene er dei rutinerte talenta Ragnar Åmot frå Jølster IL og Asbjørn Kjetil Håre frå Fjøra FK.
Baneforholda er som dei brukar å vere tidleg på våren, like etter fjordhingstane har boltra seg i området. Bana er grøn, småkupert og vil kunne by på eit og anna sleivspark. Kjekt for oss som likar ufrivillig underholdande øyeblikk. Vi kjem tilbake med oppdatering frå kampen etter ein kioskinspeksjon.
Eid må klare seg utan midtstoppar Ove Balsnes etter eit kortvarig og litt for hardhendt fem minutters innhopp i industribygda i indre Sogn som enda med to klink gule og suspensjon. Hardttaklande Håvard Holmøyvik er også ute med skade, så Førdegjengen pusta nok letta ut og la igjen dei største leggisane heime. Elles stiller heimelaget mannsterkt.
Tidligare Eid-boss Bjørn Totland har mønstra ein talentfull gjeng som skal prøve å få med seg tre poeng tilbake til byen med handlesentra og lyskryssa i Sunnfjord. Førde 2 kjem frå to strake 4-1 sigrar mot naborival Jølster og Eid sine erkerivalar Stryn. Eid skal forsøke å revansjere seg etter eit tap med tilsvarande siffer i Årdal i helga.
Det klingar ikkje like godt som Monday NIght Football, men onsdagskamp på Eid Stadion er likevel verdt å få med seg. Gjestane frå Førde 2 og heimelaget er i gang med oppvarminga ute på grasmatta.