Referat
Kun høydepunkter
Dommaren bles sluttsignalet og Fjøra tek med seg alle poenga heim frå seriepremieren. Ein svært god andreomgang frå Eid som dominerte matchen etter omlegginga i første omgang, men det blei berre nesten.
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+2'
Fjørakeeper held ballen i nesten et minutt før han skyt ut. Er 6-sekundsregelen avvikla heilt?
90+1'
Kjempesjanse for Eid. Vedeld slår Rutlin i lufta og ballen landar hos Lefdal som kan sette ballen i ope mål. Avslutninga på volley går liiiiiike utanfor stolpen. Den var svær!
90'
Eid skrik på straffe, men får ikkje dommaren med på den. Såg rett ut frå avstand.
89'
Holmøyvik forsøker seg med et seigt brassespark i eige felt. Blir berga av ei offsideavvinking
84'
Nytt hjørnespark til Eid. Vedeld headar frå nesten død vinkel på bakerste stolpe. I nettveggen.
79'
Også Hovland har tung ryggsekk på i dag. Skyt over mål frå distanse. Eid forsøker etablere angrep igjen.
77'
Holmøyvik med takling som hadde gjort alle brøytebilsjåførane i Nordfjord våryre. Stoppar ball og så mann kontant og hindrar ein kjempesjanse for Torvanger.
75'
3-2 er ei veldig skummel leiing.
74'
Nok ein Eidsjanse. Vedeld glir igjennom forsvaret og finn Vedvik på høgrekanten. Hardt innlegg som Rutlin får beinparert til corner.
73'
Sindre Årskog vinn duellen i feltet, men headinga går over mål
72'
Vedeld forsøker utfordre innbyttar Sørensen, men Fjørabacken får takla til corner.
70'
Eid ropar på offside og ball ute, men får ikkje viljen sin. Fjøra får corner. AD sovna litt på vakt og fekk ikkje med seg en litt tvilsom cornervariant. Eid engasjerte no og nærmar seg årets første timinuttar.
69'
Vedeld forsøker igjen. Dreg seg laus frå det raude fuglefjellet og avsluttar over mål frå 16-meteren.
Eid med powerplay etter pausen, men må passe seg for kontringane frå Sogn.
67'
Ja! Årskog ladar slegga igjen og Eid får nok eit hjørnespark. Vedeld headar inn igjen i feltet, men Fjøra får flaksa unna.
66'
Det seiast at 3-1 også kan vere ei farleg leiing. Klarer Eid holde oppe trøkket?
60'
Vedeld forsøker å bende ballen i lengste krysset, men har lagt seg litt for langt bakpå
60'
Eid frampå fleire gongar no. Er stadig først i duellane og har spelt seg stort opp frå første omgangen.
57'
Haus slår ballen mot bakerste stolpe. Vedeld får heada, men Fjøra-keeper er nok ein gong i vegen.
56'
Positiv start på andre omgang frå heimelaget. To Fjøraspelarar ligg igjen som ribba høns i det Eid får frispark.
49'
Vedeld forsøker skotfoten, men nok ein gong er Rutlin nede og reddar. God start på andre omgang for Fjørakeeperen!
48'
Haus med godt innlegg. Rutlin må ut i full strekk og slår unna. Returen går til Vedvik som dunkar til på halvspretten. Rutlin avvergar med ein begerslag som hadde sendt han rett inn på landslaget i sandvolleyball.
47'
Ingen bytter på laga i pausen. Eid begynner andre omgang friskast!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen verdens ting å sei på at Fjøra går til pause med leiinga. Eid slurva ein del defensivt tidlig i omgangen og slapp inn tre ganske unødvendige mål. Like fullt viser Fjøra effektivitet og styrke i angrep, så det er ikkje tvil om at det er eit lag som vil ligge heilt i toppen i årets Kretsliga. Betring offensivt frå heimelaget utover i omgangen, så vi kan krysse fingrane for eit tidleg mål etter pausen.
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45+2'
Det smell i tverrliggaren like før pause. Vingen Vedeld headar ballen i metallet
45+1'
Vingen Vedeld bryt og set fart inn i feltet. Avsluttar frå spiss vinkel, men nok ein gong er Rutlin med på leiken og toler steiken.
45'
Eid vinn ballen i gunstig posisjon. Haus testar skotfoten igjen, men Rutlin har full kontroll på avslutninga frå 25 meter.
44'
Almås ser fornøgd ut borti skråningen. Har ikkje måtte ta fram walkie talkien ein einaste gong i første omgang.
43'
Rutlin tek ein tur ut av feltet, inspirert av internasjonale keeperstjerner. Lagkompisen er så forfjamsa over å sjå keeper ute at han sender ballen ut til innkast.
35'
Eid meir med og får i periodar til litt spel. Har fortsatt trua på at vi får høyre scoringsfanfaren på Idrettsparken.
34'
Man Down i Fjøra-feltet. Ingen straffe til Eid. Dommarteamet litt ueinige om det skal vere hjørnespark eller utspel frå keeper, men assistentdommar vinn argumentasjonen og det er utspel til Fjøra.
33'
Haus med et lite raid mot Fjøraforsvaret. Kristian Årskog får ballen og sender av gårde ei kule via ein Fjøra-forsvarar.
27'
Haus med fint innlegg mot bakre stolpe. Fjøra ryddar til corner
25'
Såpass rotete at Egil Haugland har byrja å rydde for kvist rundt bana no.
23'
Hafsås legg om taktikken og satsar offensivt i håp om å jakte redusering
22'
Det seiast at 3-0 ikkje er ein så farlig ledelse.
18'
Babb og Klabb i feltet, før ein raudkledd får avslutta. Rett på Jepsen som får avverga på streken.
17'
Eid får kontroll etter hjørnesparket, men rotar ballen ut over sidelinja. Fjøra får bite seg fast. Avslutning som Jepsen igjen er fint nede på. Ny corner til Fjøra
16'
Fjøra spelar seg til nok ein corner. Eid får ikkje avklara.
15'
Det seiast og at 2-0 er ei farlig leiing.
9'
Sjanse til Fjøra. Godt innlegg som Gjerde får heada mot mål. Jepsen godt med og får slått til corner.
7'
Flo spring av seg skoa og får frispark midt på Eid sin halvdel.
7'
Det seiast at 1-0 er ei farleg leiing. Eid forsøker seg igjen. Vingen Vedeld dreg seg fint fri på midtbana og prøver tre igjennom til Vedvik. Dessverre for Eid, har spissen starta litt for tidlig og blir avvinka for offside.
4'
Eid forsøker sette Fjøra under press frå start og spelar seg fram til kampens første corner
1'
Og vi er i gang. Eid med avspark i det vinden aukar på her på Idrettsparken.
Avspark Start 1. omgang
Dei blåkledde dommarane ledar an i det laga stiller opp til innmarsj. Gult vs rødt ute på den grøne grasmatta. Vi er oppe i tosifra tal tilskodarar på den småhustrige aprildagen. Vi merkar oss at Fjøra har strekk i lagdelane allereie i innmarsjen. Spel for galleriet, eller er det eit hint om håp for Eid?
Fotballekspert Arild Heggen er på plass for å sjekke status på Eida-benken. Han burde valgt seg ein litt større paraply for å holde unna regnbygene i dag.
I lagoppstillinga til Fjøra ser ein at det er et slagkraftig lag som startar, men Ulrik Flo glimrar med sitt fråver. I teknisk sone vil ein sjå og høyre at også trenar Knut Almås ikkje er til stades. Han blei suspendert i dramaet i siste runde i fjor og blir sannsynligvis sjåande med walkie talkie i skråninga på motsett side av idrettsparken i dag.
Eid manglar eit par sentrale brikker i laget med keeper Sander Frislid framleis ute av drift. Evigunge Henning Haugen må også sjå kampen frå sidelinja i lag med Jonas Beitveit, som begge er ute med skader. Laget har også måtte erstatte vingback Espen Rosø og midtbaneelegant Simen Lefdal, men har ein solid tropp med unge, framadstormande talent og rutinerte ringrevar som skal gi sogningane kamp om poenga i første runde.
Dagleg leiar i Eid Fotball utfører KM i målflytting til over norm i det dei første Fjøraspelarane kjem på bana for å jogge av seg bilsjuka etter rally Våtedalen.
Lett duskregn og folketomt på tribuna enda, men vi spår at både sola og tilskodarane kjem snikande til kampstart. Vi kjem tilbake med kampreferat om ein god halvtime.
Blant mange talentfulle spelarar på begge lag er det også ein talentfull dommartrio som skal lede oppgjeret med fløyte og flagg: Sivert Endestad Orheim frå Florø SK har med seg assistentane Håkon Rundereim frå Skavøypoll IL og Alexander Kupen Skram frå Tornado FK. Det er forøvrig første kampen med utprøvinga av den nye piloten til NFF med 10 minutts utvisning for protestar. Det kan bli interessant å sjå korleis det kan påvirke spelarar og kampen.
ENDELIG er det seriestart i den lokale Kretsligaen! Eid skal få besøk av verdas minste fotballklubb, men kanskje også den største opprykksfavoritten i årets serie. Fjøra FK frå Sogndal skal starte på revansjen etter å ha tapt på minst mogleg margin mot TV-kjendisane frå Årdal i kampen om opprykk i fjorårets sesong.