Referat
Kun høydepunkter
Då enda toppkampen med poengdeling på Eid stadion. Jamn og tett batalje der begge lag nok kan seie seg happy med eit poeng. Absolutt godkjent innsats av heimelaget, som no tek sommarferie frå Eid stadion heilt fram til 26. august.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+7'
Fjøra får frispark, så då klemte nok Balsnes hardast. Hovland slår inn mot mål. Ballen sprett igjennom feltet og rett i hendene på Frislid.
90+5'
Balsnes og Ulrik Flo med skikkelig bamseklem midt på Eid sin halvdel. Litt usikker på kven som starta denne.
90+4'
Felde med tøff takling. Tek ball, men gir Årdal ein skikkelig karamell i samme slengen. Fjøraangriparen må bytte.
90+3'
Eid får innkast godt inne på Fjøra sin halvdel. Årskog kastar inn mot Balsnes som ryggar i ein Fjøraspelar. Får frispark mot seg.
90+2'
Gjerde får vendt opp og kjem til avslutning. Blir for svak og Frislid har kontroll
90+2'
Lite spel no på overtid. Tydelig slitne spelarar.
88'
Holmøyvik med godt oppspel mot Vedeld som prøver komme til innlegg på høgresida. Får ein litt lang touch og ballen går ut til utspel.
86'
Flatebø krigar til seg ballen og finn Kristian Lefdal på venstrekanten. Lefdal må ta ein ekstrarunde og får lite hjelp frå medspelarane.
84'
Årdal forsøker avslutning, men ballen sklir av foten og går godt over og utanfor mål.
84'
Hjørnesparket blir ikkje noko ut av.
83'
Litt shaky i Eidforsvaret då Årskog feilbereknar heading og Fjøra kjem seg fri på høgrekanten. Felde headar innlegget til hjørnespark.
82'
Nesten for Fjøra, men Frislid med refleksredning på streken hindrar 2-3
80'
Vedeld spelar fri Kristian Lefdal, som prøver å finne Mostad på full fart igjennom. Pasninga blir for svak.
79'
Flatebø nede med litt krampe. Har gjort ein solid jobb i midtforsvaret i lag med makker Holmøyvik i dag.
78'
Flatebø med pansertakling. Oppspel mot Mostad som nesten finn angrepsmakker Vedeld. Angrepet endar i ingenting.
76'
Dramatikk igjen på stadion. Vedeld går ned i feltet og Eid ropar på straffe. Assistentdommar oppe med flagget, men dommar vinkar spelet vidare.
75'
Haugen nede og krigar i forsvar. Vinn duellar og prøvar finne Mostad og Vedeld på topp.
73'
Drikkepause. Sikkert veldig etterlengta for både spelarar og dommartrio.
72'
Fjørabenken skrik og brølar på straffe. Dommar vinkar spelet vidare. Såg ut som ein fair duell, så ingenting å rope etter.
70'
Eid prøver trille litt ball og bygge opp eit angrep bakfrå. Fjøra ligg litt lavare med laget.
64'
Innlegget går igjennom heile feltet og ut til utspel for Eid.
64'
Gjerde snurrar rundt med Eid midtbana. Felde med klokkerein takling, men får frispark mot seg. Fjøra skal legge inn frå hjørnet av 16-meteren.
62'
Fjøra med sjanse. Frislid får slått avslutning ut til corner. Eid-keeperen også høgast på hjørnesparket og Eid får roa ned.
61'
Flo ligg nede i eige felt, men Eid fortsetter angrep. Haugen med avslutning via eit Fjørabein og seg sjølv og ut.
60'
Beitveit slår frisparket inn mot feltet. Keeper Rutlin ute og flyg som ein hangglider på avveie, men Fjøraforsvaret får heada unna.
57'
Olsen blir liggande etter duell med Balsnes. Dommar bles av for hovudskade. Olsen er tilbake på beina.
55'
Beitveit slår inn, men alt for høgt og rett i keepervottane til Rutlin.
55'
Fjøratrenar Almås jagar på rekruttane sine og manar til innsats. Eid vinn eit litt heldig frispark midt på halvdelen til FJøra
53'
Eid ser litt ut som ein som har vore på harryhandel i Sverige og er skikkelig baktunge i starten av andre omgang. Står likevel godt i mot Fjørapresset.
51'
Nok ein gong Holmøyvik som gjer ryddejobben i forsvar. Må ha lært rydding av mor si.
50'
Holmøyvik får heada unna på første stolpe. Nytt innlegg mot mål, men Frislid får vippa ballen over tverra. Nok eit hørna til Fjøra
49'
Fjøra med corner. Mølje i feltet.
49'
Temperatur på bana frå start i andre omgang, og då snakkar vi ikkje berre om solforholda.
48'
Flatebø går ned på midtbana og Fjøra set fart i angrep. Skjedde et eller anna der som verken vi eller dommar fekk med oss. Eid spelarane diskuterer med dommar.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fjøra får rydda unna i første omgang, men Eid bit seg fast og kjem til nok ein halvsjanse. Ballen sprett til slutt inn til keeper og omgangen ebbar ut med ei sterk 2-1 leiing til Eid.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+4'
Haugen tek eit frispark raskt mot Vedeld som får ein mulighet. Skyt via Torvanger og til omgangens siste hjørnespark?
45+2'
Vi er inne på overtid. Eid held på ball og forsøker spele heilt til Flatebø klinkar opp mot Kristian Lefdal.
45+1'
Fjøra får corner, men tek den så kjapt at ingen er på plass i feltet.
45+1'
Mykje langt frå Mathias Flo mot Lerheim Olsen. Bortsett frå ein liten periode midtvegs, har Eid vore minst fullt på høgde med gjestane.
44'
Rutlin landa ikkje heilt godt på redningsforsøket og får tilsyn. Ser ut til å gå bra med keeperen.
42'
Balsnes hiv seg inn i ei takling som ikkje treff ball. Frispark til Fjøra på rundt 40 meter. Kaptein Hovland prøver seg på noko som lignar på eit skot, men ingen fare.
39'
Gjerde igjennom og får ballen forbi ein utrusande keeper. Ballen trillar mot mål men Felde kjem flygande med ei reddande takling
38'
Kristian Lefdal får ballen i feltet og forsøker finne bror Simen. Ballen går vidare til Beitveit som forsøker skyte. Den går rett i ein raud. Eid ropar på hands i det Fjøra forsøker kontre. Solid returløp av Simen Lefdal ordnar opp.
35'
Fjøra satsar på klassisk kick and run, men Eid bryt gang på gang. Set fart framover. Simen Lefdal spelar igjennom til Vedeld som utdeler parkeringsbot til venstrebacken på Fjøra. Avsluttar til side for mål. Bra sjanse for Eid!
34'
Fjøra med corner. Klynge framfor keeper, men Frislid klarer å få boksa unna.
33'
Fjøra skrik på frispark og dommar bles akkurat i det bortelaget er på veg igjennom. Av og til lønner det seg å holde kjeft. Dommaren beklagar å ha vore litt for kjapp på fløyta der.
27'
Då er det drikkepause på stadion og ein liten peptalk på sidelinja.
26'
Eid frampå. Vingen Vedeld får ein sjanse, men treff ikkje skikkelig med avslutninga. Ballen sprett inn til Rutlin.
25'
Corneren endar i klypene til Frislid.
25'
Nok eit Fjøraangrep. Eid klarer ikkje holde på ball og Fjøra får etablert eit bra trykk mot heimelaget. Flatebø headar ut til ny corner for Fjøra.
24'
Fjøra kjem med bølge på bølge, men Eid står i mot som ein småbrisen turist på SUP-brett. Trur heimelaget treng den varsla drikkepausen mest no.
23'
Sindre Årskog skyt hol i lufta i eige felt. Like etter kjem Fjøra på nytt. Eid litt heldige med klareringa, då Flatebø speler ballen i ein Fjøraspelar og til utspel frå keeper.
22'
Fjøra på overgang. Torvanger får krangla med seg ballen på høgrekanten i duell med Felde. Slår inn mot Lerheim Olsen, men Haugen spring opp kantspelaren og får spelt til corner.
20'
Beitveit vinn frispark midt på Fjøra sin halvdel. Klinkar inn mot mål, men Rutlin ute og plukkar.
20'
Mykje bjeffing frå Almås på sidelinja. Ikkje heilt fornøgd med dømminga, utan at vi kan sjå at har særlig å klage på så langt. Tett og jamnt utpå
18'
Beitveit tek revansj mot Flo og vinn ballen frå den tidligare Sogndal-spelaren.
16'
Ulrik Flo snappar ballen framfor ein uoppmerksom Beitveit. Nok ein gong må forsvarsfiraren til Eid ordne opp. Foreløbig bra kontroll bak.
15'
Kristian Lefdal med stygg feilpasning på tvers på eigen halvdel. Fjøra får fritt spelerom på høgrekanten, men Eidforsvaret klarer rydde opp.
13'
Fjøra har ballen i mål, men riktig avvinka for offside. Først avslutning i stolpen, før ballen sprett til ein raudkledd som set den i nettet. Eid ikkje heilt på hogget i feltet der.
12'
Olsen innpå igjen, men har framleis tydeleg ilt i armen.
12'
Simen Lefdal nesten igjennom, men blir avskoren av Olsen som får frispark. Olsen blir liggande og ser ut til å ha fått ein smell i armen etter å ha landa for kjært.
8'
Lerheim Olsen spelt igjennom men får ikkje stokka heilt beina og sleivar ballen ut
7'
Hjørnesparket blir lagt mot Flatebø på bakerste stolpe. Litt for lang, så endar med at midtstopparen lagar frispark.
6'
Eid rullar opp eit flott angrep. Kristian Lefdal slår inn mot Vingen Vedeld som blir hindra i siste liten. Hjørnespark til Eid.
5'
Simen Lefdal dansar rundt med Fjøraspelarane som ei fluge i ein telefonkiosk. Ingen får has på midtbanespelaren, og Fjøra må lage frispark.
4'
Frispark til Eid som blir slått inn i feltet. Der svevar Flatebø høgast, men headinga går over mål. Kjempesjanse, men avvinka for offside.
3'
Bra engasjement frå start og det klinkast til i duellane. Lefdal gjer ein god jobb med å vinne ballen frå raske Gjerde.
2'
Balsnes viser tekniske finesser og dreg seg forbi ein sogning. Blir stoppa i neste trekk.
2'
Langt oppspel mot Vingen Vedeld, men Khamurzayev får klarert til kast.
1'
Fjøra klinkar til frå start og kastar masse folk i angrep. Slår langt og stussar vidare, men ballen går heilt inn til blåkledde Frislid i Eidmålet.
Avspark Start 1. omgang
Spennande variant frå coach Aarvik i dag, sidan Ove Balsnes startar som tanksenter på topp. Den målfarlige midtsstopparen har tuppa inn mål før, så det kan bli interessant å følge Eid-angrepa.
Laga marsjerer taktlaust inn til spredt applaus frå publikum. Ein del ligg nok fortsatt på stranda og anar ikkje kva dei kjem til å gå glipp av på stadion i dag, så oppmøtet er ikkje av det største i varmen.
Steikande sol og høg solfaktor på Eid. Bana har fått sin dose med vatning, men er fortsatt ganske tørr. Dommartrioen har stilt opp og er klare for innmarsj. Kledelig antrukke i svart, som ikkje er spesielt varmt i nesten 30 pluss.
Spenannde ny tilvekst på Eid sin benk i dag. Vlachelav Savchenko kjem frå Ukrainsk toppfotball og har allereie markert seg med strafferedning og storspel mot den massive klubben Haugen IL i sjettedivisjon.
Dagens dommar er Petja Cink frå Hyen toppidrettslag, ein tidligare kjenning av oss på Eid stadion. Rapportane seier at han er minst like flink med fløyta som på langskot frå 30 meter, så då er kampen i dei beste hender i dag ogsp. Han er assistert av Ruben Petersen Heggen frå Heia og Alexander Kupen Skram frå Tornado FK. Skikkelig nordfjordtrio i kampledelsen i dag, altså.
Fjøra ligg a poeng med Eid før dagens kamp, men med ein kamp mindre spelt og 20 fleire plussmål. 43 scora mål på 8 kampar er skremmande statistikk for Eidfansen, men samtidig har ikkje heimelaget sluppe inn meir enn 2 mål på heimebane så langt i år. Mykje i dag handlar nok om å få stoppa Malvin Gjerde, som klatrar mot Arild Underdal sin scoringsrekord for Fjøra. Gjerde har putta 22 gongar i år, som faktisk er to mål færre enn det Eid har scora totalt i år.
Eid stiller sterkt, men manglar eit par viktige brikker også i dag. Marius Henriksen er dessverre ute ei stund, det har også målgarantist Joakim Vedvik vore etter smellen han fekk mot Høyang. Kristian Årskog er også ute og spring ein stad, men blir ikkje springande rundt for å lage trøbbel i Fjøraforsvaret i dag.
Sola skin frå skyfri himmel på Nordfjordeid i det Fjøra tuslar inn til oppvarming eller akklimatisering samtidig som speakerbua held på med rytmisk sportsgymnastikk ute på grasmatta. Alt ligg til rette for ein grasiøs fotballkamp i solsteiken.