TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det var det. Då gjenstår berre kampen borte mot Måløy neste helg, før serien er over for i år. Der må presisjonsnivået opp nokre hakk, så kan ein håpe på ei sesongavslutning med stil.
Kamp slutt Slutt (1-4)
90+3'
Kampen har vore jamnare enn resultattavla seier, men det er ingenting å seie på at Fjøra stikk av med alle poenga i dag.
90+2'
Overtid og haustregnet har slått til for fullt i det Gjerde surrar vekk ein kjempesjanse for Fjøra. Publikum har teke til fornuft og reist heim til peiskos og vaflar. Dessverre ikkje heilt den avslutninga Eid hadde håpa på heime på Idrettsparken i år.
90'
Gjerde frampå for Fjøra igjen. Får ikkje heilt dreis på avslutninga denne gongen og keeper reddar enkelt.
88'
Vedvik kjem rundt på venstrekanten. Innlegg like bak Vedeld. Eid nære på igjen.
84'
Henriksen trer fint igjennom til Vedeld på høgrekanten. Slår inn framfor mål, men nok ein gong får Fjøra rydda unna.
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
82'
Hafsås og dommar ikkje heilt enige om frisparklista.
82'
Kampens første regnbyge har meldt seg
81'
Vedeld dreg seg forbi backen og slår inn i feltet. Ingen mottakar og Fjøra får avverga.
80'
Sekkingstad med klarering over eige mål. Corner til Eid
79'
Spillerbytte
74'
Mål!
1-4
Heilt ut av ingenting. Eit frispark på eigen halvdel blir slått gjennom heile Eidforsvaret. Gjerde luktar lunta og snappar ballen bak Eidforsvaret. Set sikkert inn sitt tredje for dagen.
73'
Nesten for Eid. Kjem på ein god overgang. Vedeld finn Vedvik inne i feltet, men avslutninga går i Fjøra-blokka.
68'
Spillerbytte
67'
Gult kort
Ein flygande Årskog får gult kort for litt for hard takling. Var på ball, men litt for hardbeint.
65'
Henriksen snurrar rundt med ein Fjøraspelar og får eit lavprisfrispark. Slår frisparket inn i feltet, treff Kristian Årskog som headar like over mål.
63'
Livsfarlig tversoverpasning på eigen halvdel gir Fjøra nok ein kjempesjanse. Godt press av Felde og nok ein gong strålande keeperspel av Frislid hindrar nytt bortemål
62'
Hjørnesparket blir heada unna av Beitveit.
61'
Farlig balltap av eldstemann Årskog. Gjerde set fart mot Aarvik og spelar fri en lagkamerat som kan enkelt øke til 4-1, men blir stoppa av ei fantastisk beinparade av keeper Frislid. Corner til Fjøra
58'
Mål!
1-3
Fortjent redusering til Eid. Vedvik skyt og ballen treff Vedeld på bakerste stolpe. Lukta litt hands.
57'
Assistendommar Frislid gjer dommar oppmerksom på at Fjørakeeperen har teke eit utspel med trillande ball. Dommar bles av og nytt utspel til Fjøra. Litt dumt at Eid allereie hadde vunne ball i gunstig posisjon
56'
Fjøra sin medisinmann må i aksjon etter at Torvanger går i bakken. Har såpass lang utrykningstid at spelaren er tilbake i fin form før han rekk fram
52'
Annulert mål til Eid. Avvinka for offside. Litt styr og dommar må ta ein prat med assistenten sin. Litt usikker på kven det var vinka på og om ballen faktisk kom frå ein Eid-spelar der. Målet underkjent
49'
Mål!
0-3
Corner er mål. Godt slått innlegg mot Gjerde som får heade relativt uforstyrra på bakerste stolpe.
49'
Eid friske ut etter pause, men det er framleis litt av samme utfordringane som før kvilen med å treffe på enkle pasningar. Fjøra bryt og vinn corner.
47'
Eid ropar på straffe etter at en Fjøraspelar forsøker bytte drakt med han undervegs i kampen
46'
Vi er i gang med andre omgang. Ingen bytter på laga, men Eid har gjort nokre taktiske justeringar
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dommar Lien bles av til pause etter ein jamn første omgang med to lag som forsøker spele fotball. Fjøra har vore hakket betre på akkurat dette før pause og ledar relativt fortjent ut frå sjansestatistikken. Eid manglar litt på ro med ball og presisjon, men burde absolutt hatt minst eitt mål. Blir ein spennande andreomgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Eid forsøker fleire gongar å vri spelet over til Vedvik på venstrekanten. Presisjonen ikkje heilt på topp.
40'
Nok ei refleksredning av Frislid. Eidforsvaret med fleire sleivar enn i kjøkenavdelinga på Kitchn, så Fjøra kjem til nok ei avslutning.
38'
Haglar med taklingar, heldigvis reine. Fjøra vinn corner.
32'
Eid med overgang. Henriksen og Lefdal vinn ball og set fart framover, men sistnevnte får ein touch som minner om når ein trykker på feil knapp på playstationkontrollen i fifaturneringa.
31'
Romsdalen drusar til frå langt hold. Nok eit godt skotforsøk, men Frislid er med på leiken og får avverga.
28'
Eid pressar på . Kristian Lefdal lefsar til frå 25 meter. Greitt forsøk, men keeper Rutlin får fanga ballen i fast grep.
26'
Kristian Årskog med innkast som hadde fått Rory Delap til å sjå ut som ein smågut. Prosjektil inn i Fjørafeltet.
24'
Lefdal med godt innlegg mot Eid-spelarar som står i kø for å sette ballen i mål. Ingen klarer å få til ei skikkelig avslutning og Fjøra slepp med skrekken. Der burde Eid redusert!
23'
Eid har ete seg meir innover i kampen og er fullt på høgde med Fjøra. Felde vinn frispark på hjørnet av 16-meteren.
21'
Fjørabenken leda av Knut Almås held på med cheerleading. Rop og artige armbevegelsar. Ville nok hatt eit par frispark.
17'
Mål!
0-2
Kampens store spelar så langt, Mathias Hovland, trer seg igjennom Eidforsvaret og set ballen mellom beina på keeper. God prestasjon!
16'
Litt for høgt og over alle i feltet. Fjøra kan bygge opp eit nytt angrep.
16'
Eid går i angrep og vinn nytt hjørnespark. Henriksen gjer seg klar til å skru innover.
14'
Mål!
0-1
Neste bølge. Strøkent innlegg bak Eidforsvaret som målsniken Malvin Gjerde får ei tå på. Sjanselaus keeper.
14'
Eid angrip igjen, men blir brutt. Fjøra frampå igjen og vinn nok eit hjørnespark. Eid får heada unna i første omgang.
13'
Bølgar verre enn på surfekurs på Hoddevika no. Fjøra med corner. Godt innoverskrudd og keeper Frislid får så vidt hanskane på ball og slått unna. Hjalp ikkje heller å få sola midt i fleisen.
12'
For eit tigersprang av keeper Rutlin! Ser ut som han frys i eit stillbilde i lufta der han strekker seg så lang han er på heading frå Sindre Årskog. Der var det nære 1-0!!
10'
Halvsjanse til Eid. Joakim Vedvik forsøker ein halv volley, men kjem ikkje skikkelig over ball. Avslutning retning riksvegen.
10'
Er visst ny storbonde på Myklebust no. Begynt med hest og pølseoppdrett.
8'
Man down! Kristian Årskog får eit hardt innlegg i bakhovudet og går ned for telling. Dommar stoppar spelet og sjekkar at alt står bra til. Skal meir til å knekke ein Årskog, så han er på beina igjen.
7'
Fjøra frampå igjen. Klassetakling frå Felde stoppar angrepet. Innkast til gjestane like utanfor Eid-feltet.
6'
Eid med kampens første corner. Fjøra får heada unna i første omgang, men Eid bit seg fast utanfor feltet til sogningane. Nytt innlegg mot Kristian Årskog, som manglar litt på oppvarminga til å akrobatisk klare å komme til avslutning.
4'
Kioskvogna med overvatn, så det blei gratis kanelbollar til publikum i dag. Stas å gå på kamp!
4'
Bra trøkk frå start. Tore Årskog får en karamell og vi får kampens første frispark. Eid gira på å sette kjapt i gang men dommar Lien roar det heile ned.
3'
Sterkt av Hovland som kjempar til seg ballen i duell med Tore Årskog. Set fart og Fjøra kjem til kampens første halvsjanse. Eidforsvaret får beina unna.
1'
Fjøra sterkast på stein-saks-papir og vinn avspark.
Avspark Start 1. omgang
Fanfaren rungar over stadion og spelarane kjem tuslande i alt anna enn taktfast marsj.
Då er vi på plass og klare for liveoppdatering frå Idrettsparken. Eit litt kjølig haustdrag i lufta i det sola held på å kjempe seg igjennom eit grauttjukt skylag. Trea står i stil med draktene til laga på bana. Dagens absolutt nødvendige oppvarming er unnagjort og laga er vekk inn i garderoben for dei siste taktiske instruksjonane frå trenarane Hafsås og Almås. Kampen om tredjeplassen i Kretsligaen er minutt unna.
Eid manglar også eit par mann denne første helga i haustferien. Sist kamp stilte laget frå strandstaden eit ganske redusert lag borte i Sogndal mot Studentspretten, men drog likevel med seg heim alle tre poenga. I dag er eit par viktige brikker tilbake. Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og siste finpuss like før kampstart, og ser fram mot ein spennande batalje!
Fjøra ligg på 3. plass på tabellen og kjem frå ein sterk 1-1 heime mot Årdal i sist kamp. I den kampen vart og ei av scoringsmaskinene til sogningane utvist, så raudtrøyene må klare seg utan Andreas Lerheim Olsen i dagens kamp. Der er framleis nok av scoringskåte sogningar på laget, så Eid-forsvaret kan vente seg ei bra utfordring i dag. Forhåpentligvis har mammaen til keeper Torheim vaska keeperhanskane med rett vaskemiddel også, så ingenting er overlete til tilfeldigheitene.
Bana ligg klar ferdigvatna, grøn og fin, så speleforholda på kunstgraset er det ingenting å klage på. Rutinerte Per Oddvar Lien frå Høyang har med seg to talent frå Stryn og Skavøypoll på linjene. Kjell-August Ytre-Eide og Håkon Rundereim har oppgåva med å assistere mannen med fløyta, og blant anna sørge for å vinke av Kristian Lefdal kvar gong han har surra seg i offside.
Nedtellinga til årets siste heimekamp for herrelaget på Eid Idrettspark er i gang. Vi skal forsøke å gi ei så god oppdatering som mulig i haustregnet. Anbefalar alle i området om å ta fram den finaste bergensbunaden, ein staseleg paraply og komme på kamp. Spelet og kaffien i kiosken vil varme sjølv den mest hutrande frostpinn.