Referat
Kun høydepunkter
Då har kampens gode dommar Hunderi blese av kampen og Eid kan innkassere tre poeng. Bremanger kjempa iherdig og var langt frå ufarlige, men summa summarum var det nok greitt at alle poenga blei igjen på Eid idag. Neste utfordring for dei gulkledde kjem i naboduellen mot Stryn neste helg. No er det først trakking av bane og ein varm dusj som ventar for spelarane.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Tore Rylandsholm forsøker lure seg til ei straffe på overtid. Full tenning i Eidforsvaret. Dommaren let seg ikkje lure.
90'
Eid frampå. Vedvik nok eingang på venstrekanten. Forsøker legge inn til guttespelarane Vingen Vedeld og Ariansen, som er i full fart på veg inn mot mål. Litt for kort innlegg, så Bremanger slepp med skrekken igjen.
90'
Godt slått frispark. Frislid kjem ut i feltet og får så vidt hanskane på den, men assistentdommar Åmot har korrekt flagga for offside.
89'
Eid får frispark imot seg på egen halvdel. Nigardsøy skal legge ballen inn i Eidfeltet. Kan bli farlig.
87'
Snart hjortejakt. Vi får nesten håpe jegerane er meir treffsikre enn fotballspelarane her idag, eller så blir det mange skadeskotne dyr i skogane i Nordfjord.
85'
Henriksen stikk igjennom Ariansen som avsluttar like til side for mål. Nesten dobling for Eid, der!
84'
Fotballtennis utpå no. Mykje ball i lufta og headingar i alle retningar.
82'
Nigardsøy med skotforsøk like utanfor Eid-feltet. Rett i klypa på en sikker Torheim Frislid.
81'
Bremanger med overgang. Litt upresis avleveing og Nigardsøy sklir ut over sidelinja
78'
Tre Bremangerspelarar mot Felde, som vinn duellen. Solid forsvarsspel. Eid heng med geipen og gjer sitt første bytte for dagen.
75'
Vedvik med avslutning som treff cornerflagget. En Bremangerspelar forsøker avklare, men blir takla av flagget før han får kontroll.
74'
Balsnes nede og tek ei kjapp yogaøving. Begynner å ta på litt ute på grasmatta.
72'
Som alltid ligg det ei regnbyge og vakar i Davik, men tørre og fine speleforhold på Eid enda. Bana held seg fint til morgondagens Konglerike-turnering for framtidas stjerner.
71'
Felde med dagens andre panserblokk. Hiv seg inn i avslutningsforsøk og får avverga sjanse til Bremanger
70'
Nære på for Eid. Vedeld blir takla i avslutningsforsøket. Ingenting ulovlig.
67'
Nesten sjanse for Eid, men Henning Haugen stromplar i feltet. Får seg en trøkk på veg i bakken, men ristar det av seg.
64'
Frislid fint ute og slår unna. Eid forsøker gå i angrep. Blir stoppa på midten. Vedeld med kjapt frispark mot Vedvik, men litt for kort
63'
Husa veltar i feltet og blir liggande. Endar med nytt hjørnespark til gjestane.
61'
Ommedal dryler til frå 25 meter. Frislid må ut i fullstrekk og får slått ballen over mål. Hörna til dei raude.
61'
Dommaren meget sentralt plassert i dag. Blir truffen av ballen for tredje gong i kampen. Ingenting å utsette på dømminga elles.
59'
Felde frampå ute på høgrekanten. Sender av gårde eit skot, men går til side for målet. Nokon var tydeligvis borti, for Eid får hjørnespark.
58'
Svingar meir utpå bana enn på dansekursa i Valhall. Bremanger som er i angrep igjen no. Kast høgt i bana.
57'
Hauge ein skostørrelse frå å tuppe ballen forbi Eid-keeper. Frislid får kontroll
56'
Beitveit ladar skipskanona og fyrer av ein salve mot mål. Siktet ikkje heilt fininnstilt, så skotet går utanfor
54'
Balsnes kald som kjølebilen til Isbilen. Driblar av et par raudkledde under press og startar på et raid.
53'
Greitt å få vaflar i bua når Lefdal skyt frispark som truleg landa i Måløy. Skyhøgt over.
51'
Liten pause i referatet. Må trykke nedpå ei vafle. Høgenergidiett i bua i dag.
51'
Vedeld litt for kjapp ut av startblokka og blir avvinka for offside.
48'
Nigardsøy med ein susar. Fintar vekk Balsnes og dundrar til frå 20 meter. Ballen smell i tverrliggar og over. Frislid så vidt bortpå, så hjørnespark til BIL.
47'
Felde i fullt firsprang igjennom mot keeper. Rekk akkurat ikkje å få ei tå på ballen framfor klypene til Elde
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ser ut til at laga og dommartrioen kjem ut til andre omgang uten bytter. Bremanger klare med avspark.
Pause etter en jamn førsteomgang. Bremanger heng veldig godt med og gir nok heimelaget meir kamp en dei fleste heimesupporterane hadde tippa på førehand. Eid likevel kvassast framfor mål og ledar fortjent. No er det muffins og kaffi i bua. Straks tilbake med ein rysare av ein andreomgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Nydelig flikk frå Lefdal sender Vedeld på veg åleine mot keeper igjen. Kjem på litt skrått hold, held roen og finn Vedvik framfor mål. Vedvik sender ballen langt over mål.
45'
Inne på overtida og Bremanger har fått frispark så vidt inne på Eid sin halvdel.
45'
Stor sjanse til Eid! Vedeld blir spelt igjennom og drar seg fint forbi forsvararen. Ventar ut keeper og gjer som alle gode avsluttarar: forsøker mellom beina. Elde klarer å flytte venstrefoten akkurat nok til at avslutninga går til corner.
44'
Går over alle og endar med at Vedeld får frispark i mot seg. Var for sterk i møtet med Bremangerforsvararen.
42'
Eid frampå. Bra sjanse. Lefdal finn Vedvik som får avslutta via eit Bremangerbein og til corner.
42'
Innlegg frå Eirik Rylandsholm. Frislid viser at han er på nett. Kastar seg ut og stoppar innlegget fint.
41'
Dommar bles frispark til Eid. Sikkert for tramp.
40'
Eid maurar seg framover i bana. Får eit brudd i mot og Bremanger set fart mot eit Eidlag i ubalanse. Redningsmannen kjem susande inn frå høgrebacken. Felde med gnistrande takling får stoppa angrepet.
38'
Ser ut som Eid har godt av ein pause snart. Etter ein god periode, har det dabba veldig av siste minutta.
37'
Småskummelt. Bremanger slår inn framfor mål. Frislid kjem ut og får ein karamell av Bremangerspissen. Blir liggande medan Eid får avklara. Keeperen er heldigvis tilbake på beina igjen. Ser ikkje ut til at han er meir svimmel enn vanlig, så han fortsetter
35'
Eirik Rylandsholm med karatemoves og får frispark i mot for høgt spark.
33'
Henriksen prøvar å spele vegg med dommaren. Dropp på midten
31'
Felde prøvar å treffe himmelen frå midtbana. Kast.
29'
Årskog i fint driv oppover på eigen banehalvdel. Forsøker ei utsidepasning, men har et lite stykke igjen opp til de Bruyne. Ballen ut til kast.
28'
Eid vinn hjørnespark. Innlegg slått oppå tverrliggaren. Eid meiner keeper slår ballen over, men dommaren peikar på utspel.
27'
Årskog med god gjenvinning på Bremanger sin banehalvdel. Trer igjennom Lefdal som blir sprunge opp av Rylandsholm.
26'
Hafsås ropar ut oppskrifta for suksess. "Mellom back og stoppar" har fungert godt så langt.
23'
Beitveit med krempasning gjennom til Vedvik, som hamrar til frå 10 meter. Liiiiike over mål.
20'
Frispark til Eid ute på høgresida. Lefdal slår hardt inn mot bakerste stolpe. Verken spelarar eller andre flygande objekt kjem i kontakt med ballen, så den går til utspel frå keeper.
20'
Fosse Elde rasande på Raggen. Haugen og Elde veltar inn i mål på hjørnespark.
19'
Eid med fint pasningsspel. Fleire trekk og til slutt går ballen ut til Kristian Lefdal, som har forvilla seg ut på venstrekanten. Slår inn, men ingen gule i boks.
17'
Vedvik nok ein gong frampå og får slått inn mot Vingen Vedeld. Litt pinball i feltet før Rylandsholm får avverga på streken i det sola held på å bryte igjennom skylaget.
16'
Kampuret på stadion ligg 11 minutt bak skjema i dag. Ryktast at urstartesjefen var oppteken med en kamp i Championship.
14'
Bremanger rett i angrep. Jaggu travelt, dette. Hawaiipizza er rimelig omdiskutert, men Hawaiifotball er ganske underholdande.
14'
Vedvik rundar Rognaldsen på høgrebacken og får lagt inn. Nestensjanse for Eid!
12'
Fleire forsøk på gjennomspel over Bremangerforsvaret mot Vedvik. Gir Rylandsholm parkeringsbot, men blir nok forstyrra i avslutninga
11'
Hjørnespark til Eid. Godt slått inn i feltet, men Bremanger får avverga. Eid forsøker bite seg fast på gjestane sin halvdel
7'
Bra sjanse for Eid. Beitveit med fint legg på bakerste stolpe. Der kjem venstreback Årskog springane og får heada heilt fritt. Rett på keeper Elde som har kontroll.
7'
Beitveit og Lefdal kombinerer fint på høgrekanten, Langedal får kasta seg inn og avverga innlegg.
5'
Bølger frå side til side. Bremanger frampå og blir spelt igjennom. Assistentdommar vinkar for offside. Såg veldig rett ut frå vår perfekte posisjon bak det andre målet.
5'
Frispark til Eid. Henriksen slår inn mot Balsnes. Får stokka beina til slutt men treff blokka. Returen går til Vedvik som får kroppen over ballen og klinka til. Dessverre til side for mål
3'
Stor sjanse til Bremanger. Nigardsøy kjem åleine med keeper, men Frislid reddar fint til corner
2'
Eid prøvar seg med kampens første forsøk på venstrekanten med Joakim Vedvik, men Bremanger er på som spyfluger på kuskit.
1'
Eid sparkar i gang kampen ved tomålsscoraren frå sist bortekamp, Henrik Vingen Vedeld. Talentet får fornya tillit på topp i dag
Avspark Start 1. omgang
Coach Hafsås har sett seg sjølv på benken i dag. Kanskje publikum får sjå ein slepen diamant komme innpå i andre omgang.
Dommar Hunderi har blese i luren og assistent Åmot jaktar kampballar i det fanfaren rungar mellom dei skoddekledde fjella. Åmot hevdar at presis er for seint, og har forsåvidt heilt rett i det. Straks klare til avspark.
Enda ein bonde passerer stadion. Rundballeinnsamling på gang i det laga er inne for siste peptalk før kampstart.
Heftige diskusjonar i om det var storbonden på Myklebust som køyrde forbi i ein grøn John Deere. Hevdast at han har sverga til Valtra i alle år.
Bremanger har lada godt opp med kaffi og svele på ferga. Kjem tuslande inn til oppvarming 20 minutt før kamp. Like etter kjem Eid-kaptein Henning Haugen lett joggande inn fulgt av ein lett snek av klassisk tigerbalsam.
Dagens kampleiar kjem frå handball- og industribygda Årdal. Rune Hunderi er mannen i midtsirkelen, akkompagnert av ei evigung dommarlegende i Ragnar Åmot frå Jølster IL og eit framåtstormande stort dommartalent i Håkon Rundereim frå Skavøypoll IL.
Verforholda er som alltid stabilt ustabilt med lett inkontinente gråversskyer i horisonten. Tosifra grader i lufta, så som legenda Arne Scheie ville sagt det: En fin dag for fotball!
Oppladninga er i gang til dagens andre kamp på Eid stadion. Bana ser framleis innbydande ut etter at damelaget til Eid jaga Bjørn tilbake til hiet sitt i Sogn med 5-0 i bagasjen. Spennande å sjå om herrane klarer å følge opp prestasjonen mot gjestane frå Bremanger.