Referat
Kun høydepunkter
Eid heng godt med i toppen i lag med Årdal og Fjøra. Trioen som var tippa i toppen før sesongen har alle tre fått ein god start med full pott på to kampar. Bremanger har fått det tyngre og ligg i botn i lag med Måløy og Høyang.
I neste runde skal Bremanger til Høyang for ein viktig bortekamp, medan Eid skal forsøke å ta med seg poeng i Vik. Vi er tilbake på Eid 10. mai med neste heimekamp. God søndag!
Der bles kampens gode dommar av kampen.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+4'
Må nevnast og at Eid har hatt eit par gode innhopp på midtbana med Lefdal, Taklo og Haugen i dag. Kjøpmannsson Taklo har lært at det enkle er det beste.
90+1'
Kampklokka bikka over til overtid. Eid har eit greitt tak om kampen, forståelig nok. Endar til slutt med ein fortjent heimeseier på ein dag godt under pari. Korleis kampen hadde blitt utan utvisninga i første omgang får vi aldri vite, men Bremanger var veldig godt med før pause.
83'
Ein ilter Senneset skubbar Kristian Årskog overende ute på høgrekanten for Eid. Frisparket skrur Kristian Lefdal rett i kassa. Fint mål!
73'
Avslutning frå Bremanger, men lauskrutt og rett i klypene på keeper.
71'
Bremanger spelar seg til hjørnespark. Er ikkje umulig at dei kan klare å skrape med seg noko herfrå i dag.
71'
Flatebø med eit prosjektil, men rakettsiktet står for langt for venstre.
69'
Taklo går rett i gang med å lage frispark. Innbyttarpuls?
64'
Lefdal med en innøvd velt i feltet, men dommaren går ikkje på den. Årskog forsøker vinne igjen ballen og klipper ned ein i raud drakt.
61'
Sindre Årsko med heading i stolpen. Nære 2-0!
59'
Felde og Mathisen i catfight på bana utanfor spelet.
57'
Ein Bremangerspelar må ut og få på eit Hello Kitty-plaster. Dommar Skjerven likar ikkje blod på bana.
56'
Felde på nytt raid. Avsluttar med juletrefoten og får ikkje skikkelig fart på skotet.
56'
Henning Haugen tek ein Phil Jones og duellerer liggande. Eid har eit overtak mot 10-manns Bremanger.
54'
Lefdal skyt hardt i muren. Returen snappar Henriksen opp som skyt i ei ny blokk.
53'
Johan Messi set fart og driblar seg forbi to-tre raude som må bruke ulovlige midlar for å stoppe backen. Frispark til Eid.
51'
Bremanger med en halvsjanse. Hauge headar langt utanfor
47'
Eid spelar seg fram til andre omgangs første hjørnespark . Det går over alt og alle
47'
Kraftig reduksjon i antall Årskog på bana i andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pauseunderholdninga besto i ein russ med ropert og munndiare, ein russebil som rygga ned gjerdet på stadion og litt lett fotballtriksing i midtsirkelen. No er vi klare til andre omgang.
Pause etter ein rufsete første omgang der spelet tidvis har variert mellom garfjøs og komod. Bremanger kunne og burde tatt leiinga ved fleire høve, men det er kun Eid som har klart å få ballen over streken. Blir spenannde å sjå om scoringa til Vedvik rett før pause vekker heimelaget i andre omgang. Banens beste så langt er dommartrioen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Corneren endar med angrep på keeper og frispark til Bremanger.
45+1'
Stor sjanse til Eid på overtid. Vedvik slår hardt inn framfor mål. Går forbi keeper, men ein Bremangerforsvarar får slått til corner.
42'
Forsøk to får Berlizov boksa unna før Åsebø forsøker ei avslutning. Slapt forsøk som endar i skateparken.
42'
Øverst i klynga ragar Martin Hauge og headar til ny corner.
41'
Corner til Eid. Henriksen skal slå inn i mølja framfor Berlizov.
39'
Mesteparten av dramatikken elles i førsteomgang har foregått i speakerbua. Kaffikanna har velta to gongar og no har stadionuret også streika. Blir en stusselig pause utan kaffi i kulden i dag.
38'
Spørsmålet no er om Eid klarer å utnytte overtalet.
37'
Vedvik sender frisparket langt over mål.
37'
Dårlig touch i Bremangerforsvaret sender Årskog åleine igjennom. Rylandsholm feller Eid-spissen i ein klar scoringsposisjon og får eit greitt raudt kort.
31'
Berlizov litt kald i Bremangermålet, så tek seg ein skikkelig springetur ut av feltet. Er først på ball og får stoppa eit Eid-angrep.
30'
Kristian Årskog igjennom, men klarer ikkje stokke beina og få avslutta.
28'
Vingen Vedeld sprintar gjennom Bremangerforsvaret og går i bakken i duell med to raudkledde. Ber om straffe, men dommar Skjerven vil ikkje vere med på den.
24'
Vingen Vedeld lurer offsidefella til Bremanger og kan chippe keeper. Forsøker i staden å runde rutinerte Rylandsholm som får stoppa Eid-spissen.
22'
Bremanger frampå igjen. Mathisen avsluttar utanfor.
19'
Vågenes med stor sjanse! Dreg seg innover i feltet men siktar litt for høgt i avslutningsforsøket. Gjestane hadde fortjent ei scoring no
17'
Kristian Årskog lagar to frispark på rappen. Eid vinn igjen ball, men spelar den ut over sidelinja. Fryktelig dårlig heimelag akkurat no
15'
Balsnes vinn duellen, men Bremanger får avklara igjen.
15'
Hjørnespark til Eid. Henriksen skal skru den utover i feltet.
13'
Ikkje voldsomt imponerande start av Eid, sjølv om dei har vore det førande laget så langt.
11'
Kjempesjanse for gjestane! Mathisen blir spelt åleine gjennom og berre ei kjemperedning frå Frislid hindrar 0-1. Må vere det næraste han har vore ut i spagat sidan turntimane på ungdomsskulen.
10'
Avslutning frå Bremanger, men Hauge får ikkje skikkelig trøkk i skotet. Frislid plukkar enkelt og set kjapt i gang. Årskog spring i offside.
6'
Nære på for Eid! Bremanger misser med pasning på eigen halvdel. Keeper ute og får stoppa Vedeld i første omgang. Åsebø avsluttar via eit Bremangerhaud og til corner.
5'
Frislid og Beitveit løyser igangsetting bakfrå litt betre enn de Gea og Maguire. Eid spelar ut Bremanger og er frampå igjen.
3'
Eid med kampens første corner. Bremangerkeeper får slått unna i første omgang.
2'
Ein kan sjå at Bremanger er gode på kraft. Eit tilbakespel blir skote mot keeper Berlizov som så vidt får sleive ballen til corner.
1'
Bremanger set oppgjeret i gang
Avspark Start 1. omgang
Bremanger stiller litt uførebudde og kapteinen har gløymt at han skulle vere kaptein i dag. Kapteinsbindet ligg igjen på ferga.
Laga har entra den nyslådda bana og køyrer den obligatoriske Fair Play helsinga.
Publikum strøymer til med parkasar og paraplyar. Skikkelig surt på Eid i dag, som det alltid er når det er hestearrangement i bygda. Vi kan vel trygt fastslå at det var meir folk på Idrettsparken i går under Eid Cup.
Den nye storbonden på Myklebust er oppteken med ride- og køyrestevne i dag, så vil neppe bli forstyrra av kampropa frå idrettsparken. Laga ruslar inn for dei siste velvalte orda frå trenarane før kamp.
Eid med ganske høg feilpasningsprosent på oppvarminga. Vår utegåande ekspert Arild Heggen er på plass og har begynt å speide etter kven som er kandidat til dagens Eidar.
Dommar Skjerven tuslar inn til oppvarming til tonane av Raga Rockers sin Noen å hate, flankert av unge Therese Figved og evigunge Jarle Andersen på linenje. Låtvalget var ikkje planlagt, for dommartrioen er hjertelig velkommen på Eid.
Heimelaget har hatt ein langt lysare start på sesongen og er klare til å bygge vidare på seieren mot Måløy her på Idrettsparken sist. Stiller eit solid lag som skal kunne gi gjestane tøff motstand i dag.
Bortelaget kjem frå ein tung bortetur i Vik i første serierunde der dei måtte reise heim med 0-3 i bagasjen. Raudtrøyene frå kraftkommunen har 100% auke i innbyttarar i dag og stiller med to solide mann på benk.
Haustlege fargar på Eid Idrettspark og alt anna enn vårstemning i lufta før dagens naboduell mellom Eid og Bremanger. Knapp halvtime til dagens rutinerte dommarlegende Tommy Skjerven leiar laga i innmarsjen inn på kunstgraset.