TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sindre Årskog kåra til dagens Eidar.
Årdal avgjer kampen på straffespark og vinn 1-2. Årdal best i periodar av kampen i dag, men Eid hadde absolutt fortjent poeng i dagens kamp. Eid mulig snytt for straffe i midten av 2. omgang når Felde gjekk ned i feltet, og ein kjempesjanse for Åsebø. Mykje positivt å ta med seg for Eid i denne kampen. Gledelig med debutscoring frå Beitveit. Takk for følget og takk for kampen til Årdal.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+3'
Redning av Hoddevik.
90+1'
Gult kort
90'
Skudd i tverra frå Årdal. Hovland med ein kjempemiss på returen. En av dei største missene vi har sett på Eid idrettspark.
89'
Eid slitne no.
88'
Eid prøver å kome seg framover i bana, men er vanskeleg med 10 mann.
87'
Sindre Årskog kåra til dagens Einar av speakerbua. Vel fortjent. Fleire gode kandidatar til den prisen for Eid i dag.
85'
Litt trøbbel med oppdateringa her siste minutta.
84'
Fin blokkering av Sindre Årskog
83'
Spillerbytte
83'
Fin redning av Hoddevik.
82'
Gult kort til Julian Lægreid. Feil Tidl. i oppdateringa, var Kevin Lægreid som fekk gult Tidl. i kampen.
76'
Spillerbytte
76'
Mål!
1-2
Hovland set straffa midt i mål. No blir det tungt for Eid.
75'
Rødt kort
Henning får sitt andre gule og dermed raudt.
74'
Straffe!
73'
Eid spelar seg fint ut. Meir med i kampen no
72'
Hovland farleg frampå. Endar i utspel frå Hoddevik.
72'
Beitveit med skuddforsøk(?) frå eigen banehalvdel. Må være noko han har lært i Selje.
70'
Årskog kjem rundt på kant. Kjempesjanse for Åsebø som held på å score med første touch på ballen. Dessverre treff han ikkje ball. Enorm sjanse.
69'
Spillerbytte
69'
Skuddforsøk frå Årdal. Langt over. Tiltrengt pustepause for Eid
68'
Årdal pressar på no. Eid står i mot, men klarer ikkje ta inn ball.
67'
Balsnes med ein stygg ballmiss. Stopparmakker Haugen ryddar strålande opp og Eid får klarert. Nære på for Årdal
64'
Eid med ein fin overgang. Årskog utfordrar men lagar frispark. Fint angrep seier Hafsås.
62'
Endar i ingenting.
62'
Sindre Årskog med ein god crossar til bror Kristian.
61'
Hovland ligg nede etter duell med Balsnes. Kjem seg på beina att.
60'
Gult kort
59'
Spillerbytte
58'
Farleg overgang for Årdal. Balsnes rydder opp nok ein gong. Balsnes og Haugen vore gode og solide på midtstopperplass i dag.
54'
Mål!
1-1
Scoring for Årdal. Klabb og babb i feltet og Nundal set ballen i mål.
53'
Gult kort
Mykje som skjer på Eid idrettspark. Underteikna heng litt etter. Bytte ved pause som underteikna ikke har fått med seg. Får gult kort før frisparket til Eid som enda i scoring.
52'
Spillerbytte
51'
Mål!
1-0
Kristian Lefdal skyt frispark. Keeper gjer retur og debutant Jonas Beitveit set den i mål! Jubelscener på Eid idrettspark.
49'
Gult kort
S. Årskog bryt fint på midtbana og er nesten aleine gjennom. Blir felt og får frispark.
48'
Skuddforsøk frå Nundal. Hoddevik slår til corner.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Eid klare med avspark til 2. omgang.
Eid med flinke ballgutar på Eid idrettspark i dag.
Pause på Eid idrettspark. Årdal trykte Eid bakover og var nærmast scoring, men Eid heng greit med og skapar ein del halvsjansar på overgangar. Ove Balsnes har klarert det meste i eigen 16-meter.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
Frispark til Henriksen på midtbana. Eid setter opp. Offside.
42'
Da Silva inn på spiss.
41'
Spillerbytte
41'
Gult kort
Feller K. Årskog. Klart gult kort. Dommar ser an fordel og gjer gult i etterkant. God dømming
41'
Felde med fin sjanse, blir blokkert.
40'
Nytt skudd for Årdal. Treff nesten Vest Auto sine bilar bak mål.
39'
Eid meir med i kampen no etter eit voldsomt trøkk frå Årdal.
39'
Beitveit vinn haudeduell og K. Årskog kjem til ein fin sjanse. Redning frå Dyngeland.
38'
Hoddevik ute å plukkar. Liten kollisjon med Haugen.
36'
Nytt forsøk på skudd frå Årdal. Mittet skyt langt utanfor.
34'
Årdal nære på igjen, men ei dårleg avslutning frå Hovland. Enkelt for Hoddevik.
33'
Frispark til eid. Dårleg slått. Litt temperatur på bana no.
32'
Eid kjem seg litt høgare i bana å skaffar ein corner.
31'
Frispark til Årdal på hjørnet av 16. Ny klarering av Balsnes.
30'
Hoddevik ute å boksar på 16- streken. Nære på hands. Eid heldige der.
29'
Felde kjem seg rundt på kant og slår inn. Nære på at han finn Vedvik
27'
Balsnes med fleire gode klareringar. Har framleis ikke fått gult kort.
26'
Langt gjennomspel for Årdal. Hoddevik fint ute å klarerar. Nære på Årdal igjen.
25'
Ny sjanse til Årdal. Hovland med skuddforsøk utanfor 16. Hoddevik slår fint ut til corner.
24'
Stor sjanse til Årdal. Fin blokkering av Haus, ut til corner.
23'
Årdal pressar på. Eid heng litt i tøylane.
22'
Da Silva sendt i oppvarming.
21'
Avslutning frå Beitveit. Over mål.
19'
Årdal nære på. Skudd i tverrliggaren frå Hovland.
17'
Frispark til Eid på midtbana. Set i gang kort. Årdal har mest ball, men Eid heng fint med i kampen.
16'
Forsøk på skudd for Årdal. 1 meter over mål. Ufarlig.
15'
Sjanse til Årdal, uheldig klarering. Ender i ei blokkering og ei ny klarering.
13'
Fint oppspel på Kristian Årskog. Spelar til Kristian Lefdal som vender og sender avgårde eit dårleg skudd.
10'
Kristian Lefdal vender opp i feltet å forsøker skudd. Blir blokkert.
9'
Årdal står høgt. Forsøk på avslutning, fin blokkering frå Beitveit.
8'
God takling frå Felde ut til kast.
5'
Årdal på overgang. Fin redning frå Hoddevik frå skrått hald.
3'
Corner til Årdal. Klarerast vekk og Eid får innkast.
2'
Gult kort
Kristian Årskog i gong med eit tidleg gult kort.
1'
Kampen er i gong.
Avspark Start 1. omgang
Sogn og Fjordane fotballkrets fyller 100 år, og Rune Sunde presenterer historie frå fotballkretsen over anlegget medan laga er klare for innmarsj. Ei fin markering.
To av favorittane til årets toppscorartittel i kretsligaen Joakim Vedvik (Eid) og Truls Hovland (Årdal) står begge med 3 mål etter dei to første serierundene, og underteikna spår scoring på begge to i dagens oppgjer.
Eid har forsterka laget med to nye spelarar frå Selje IL. Jonas Beitveit debuterer frå start i dag, medan Ingo Da Silva som debuterte mot Jølster i første serierunde er med som innbyttar. Etter underteikna si meining dei beste spelarane Eid har signert frå Selje sidan Sebastian Grøttå.
Jim Rune Hoddevik er på plass som keeper for Eid i dagens kamp. Det er og gledelig at Johan Felde er tilbake i startoppstillinga etter skade i første serierunde mot Jølster.
For Eid manglar midtstoppar Ole-Andreas Aarvik, Jon Ivar Møll og keeper Sander Torheim Frislid. Sistnevnte har i dag fått ansvaret for å oppdatere kampen her frå Eid Idrettspark.
Velkommen til tredje serierunde i kretsligaen og oppgjeret mellom Eid og Årdal. Begge lag har fått ein god start på sesongen og står med full pott på sine første to kampar.