TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der bles dommar av for siste gong i dag. Fortjent seier til gjestane med 3-2, men heimelaget skal vere fornøgde med å ha gitt årdølene kamp til døra. Årdal rykker dermed litt frå Eid på tabellen og held koken i duellen mot Fjøra om ligatittelen.
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+3'
Eid med nok eit forsøk på eit langt oppspel. Balsnes vinn duellen, men ballen går ut til innspark frå keeper.
90+2'
Årdal har naturligvis nok god tid no på overtid.
90+1'
Eid kjempar på, men klarer ikkje heilt å få flyt i angrepsspelet. Vinn til slutt eit kast midt på bana. Forsøker bygge opp på nytt.
89'
Haus set ei glitrande offsidefelle og set Hovland i offside. Det må han ha lært på FIFA.
88'
Vedvik med dribleraid mot eige mål. Eid misser til slutt ballen og Hovland får nok eit forsøk påå komme på scoringslista. Avslutninga blir på høgde med Trollenyken og er nærare fjordheststatuen bak mål enn sjølve målet.
86'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
86'
Eid sin tomålsskorar tek sats og vinn ballen på midtbana. Får innkast og Eid kan bygge opp eit nytt angrep.
85'
For ei redning! Tomålsscorar Furset heng i lufta framfor mål og headar innlegget tilbake mot første stolpe. Der er Frislid lynraskt nede og får slått unna. Framleis spenning i sluttminutta!
83'
Rosø forsøker skot frå rundt 20 meter, men tuppar i torva så keeper har grei kontroll på skotet.
83'
Skrede blir måka ned på sidelinja, men dommaren meiner det berre er kast til Eid. Interessant!
83'
Frisparket blir slått rett på hovudet til storscorar Hovland, men klarer ikkje å få headinga på mål.
81'
Gult kort
Feller Hovland som går ned til 10 poeng i stup.
77'
Mål!
2-3
Strålande Eid-angrep! Lefdal legg inn til Årskog som ofrar alt i feltet og stormar inn reduseringa
77'
Beitveit med eit kaldt hælspark i midtforsvaret
76'
1-1 i offside no siste minutta. Først Vedvik så Furset på andre sida.
74'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
67'
Ein periode med litt lite action no. Eid prøver å finne Vedvik eller Vingen Vedeld i bakrom, men Årdal står godt i mot.
62'
Årdal frampå. Hovland utfordrar på venstrekanten. Ballen går til Mannsverk som prøvar å plassere ballen i mål frå 20 meter, men Sander Frislid viser god rekkevidde og reddar fint.
60'
Kristian Årskog rundar Sørli og hamrar ballen over mål og i ein parkert BMW
60'
Tore Årskog får eit kakk der det ikkje er så veldig godt å få eit kakk, så blir liggande nede. Er heldigvis raskt tilbake utan bruk av isspray.
58'
Spillerbytte
57'
Sørli nede med ein smell. Medisinmann Hunderi kjem springane med nokre trøstande ord og ein eller anna spray som kurerer det meste. Sørli back in business.
56'
Eid nære på. Godt innlegg frå Vedvik. Både Vedeld og Årskog akkurat litt for seint inne.
52'
Eit langt meir kontant Årdal som er kome utpå etter pausen. Har sikkert blanda sterkare saft enn eidarane.
51'
Sindre Årskog forsøker overliste eigen keeper med ei skikkelig leggisavslutning. Heldigvis sleivar han ballen over og ikkje i mål.
50'
Eid forsøker reise seg igjen etter ein kjip start på andreomgang. Litt fotballtennis midt på bana. Kanskje nokon skulle delteke på NM i Footvolley som arrangerast i dag.
47'
Selvmål!
1-3
Kalddusj for Eid. Godt slått frispark som går forbi alt og alle og til Lægreid som avlsluttar via ein uheldig Eid-kaptein.
46'
Gult kort
Litt for hardbeint i møte med Mannsverk.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dommar bles av ein jamnspelt og spennande førsteomgang. Eid har vore fullt på høgde med Årdal og absolutt ingenting er avgjort. Straks tilbake med andreomgang etter at coachane har fått fintuna maskineriet sitt og ropt ut ein motiverande peptalk i garderoben.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
43'
Mål!
1-2
Eid med tullete balltap midt på bana og Årdal set full gass i angrep. Hovland utfordrar Eidforsvaret og sender ballen vidare til Furset som enkelt set ballen til side for keeper.
41'
Sindre Årskog forsøker et gjennomspel mot Haus på venstrekanten. Blir takla av ein Årdøl. Dommar med god vurdering som avventar og ser at ballen ikkje treff rett adresse. Frispark til Eid.
38'
Mål!
1-1
Lægreid spelt fri og hamrar ballen mot mål. Frislid får slått ballen i tverrliggaren, men Eid klarer ikkje få rydda unna returen. Furset først frampå og headar ballen i det ope målet.
36'
Rosø på fart oppover langs høgrekanten. Kjem seg heilt til dødlinja og slår inn mot mål, men ballen går ut til bekkaspark.
35'
Årdalkeeperen syns litt synd på Eid og dryler ballen rett ut over sidelinja. Eid bit seg fast på Årdal sin halvdel.
35'
Cristiano Årskog over på venstrekanten no. Vrir spelet over på høgresida, men der spring Vedeld i offside.
33'
Årdal ropar på frispark og Eid set fart i angrep. Litt tenning på Årdalbenken no då Eid vinn frispark rett framfor innbyttarskuret.
32'
Strålande utkast av keeper Frislid til Kristian Lefdal, som finn Kristian Årskog på høgrekanten. Legg vidare til Vingen Vedeld i straffefeltet som får avslutta. Rett i eit Årdal-lår.
31'
Snakka om sola, så dukka det opp ein Mannsverk her også.
29'
Spillerbytte
28'
Eid hadde håpa på ein Hovland-overgang på deadline day, men liten skjedde industribygda. Talentfabrikken i Indre Sogn kan likevel vere stolte over at dei har produsert nok ein utanlandsproff etter at Siver Mannsverk gjekk til Ajax
27'
Nytt Årdalforsøk. Hovland med avslutning frå 20 meter, men ballen rekk knapt fram til keeper som veltar ned og held ballen i fast grep.
26'
Nundal spring seg fri på høgrekanten, slår inn til Lereng som ikkje får dreis på høgreslegga si. Eidforsvarer får avklara.
25'
Hjørnesparket endar i frispark til Eid. Kaptein Sæle med armbruk og misnøye med å få frispark mot seg.
24'
Hovland vender vekk ein Eidforsvarar og chippar ballen inn mot Lereng. Skrede får ein knoll på ballen og headar til corner.
23'
Haus går ned med eit hyl. Kjem seg på beina igjen.
22'
Årdal forsøker seg. Får med Nundal opp i angrep, som slår ein strøken crossball til Furset som forsøker eit skot. Går over og utanfor mål.
19'
NY sjanse til Eid. Vingen Vedeld får avslutta, men rett i hendene til keeper Hellebø.
19'
Eid maurar på og vinn ballen gang på gang. Virkar godt påskrudde så langt.
18'
Loftheim med eit litt ufølsomt touch som sprett ein halv banehalvdel tilbake til keeper.
16'
Feelgood-faktoren til Årdal-dokumentaren har fått seg ein liten knekk. Gjenstår å sjå om det blir ei happy ending i dagens episode.
15'
Hunderi ropar om kapp med hjorten. Alltid engasjert, den gamle storscoraren.
14'
Kjempesjanse for Eid. Godt slått frispark frå Kristian Lefdal treff Sindre Årskog heilt umarkert på bakerste stolpe. Litt mykje hårvoks så ballen sklir av haudet og utanfor mål
13'
Eid frampå igjen. Vingen Vedeld snurrar rundt i feltet og kan avslutte sjølv, men forsøker finne Tore Årskog. Årdal får avklara.
13'
Lereng viser at han har vore borti eit vektrom, når han held unna Sindre Årskog. Vinn kastet.
10'
Mål!
1-0
Det er det galnaste! Kristian Årskog motbeviser Speakerbua og viser nærteknikk, spelar til Vingen Vedeld som avanserer og slår tilbake til ein Årskog som er på eit løp som heile Ingebrigtsenfamilien hadde vore stolte av. Hjortejegeren rundar keeper og tuppar enkelt inn 1-0
9'
Mittet forsøker seg både ein og to gongar, men skota blir blokkert. Siste forsøk går til side for mål
9'
Holmøyvik viser samtlige knottar og får eit rimelig greitt frispark i mot seg like utanfor 16
7'
Haus slår igjennom mot Vedeld igjen, men Ylvisåker viser spurteigenskapar og skjer fint inn framom Eidspissen.
5'
Årdalkeeper Hellebø litt kjøligare enn ein aluminiumsovn to gongar på rad når han er ute og klarerer oppspel frå Eid. Heimelaget slår mykje langt opp mot Vingen Vedeld i starten.
4'
Truls Hovland på kampens første spurtraid oppover høgrekanten. Slår inn, men der er altmuligmann Håvard Holmøyvik og ryddar unna.
3'
Tynt i jaktlaget på Lote i dag, sidan tre av jegerane startar for Eid. Sindre finn storebror Kristian med ein crossar. Årdal ryddar unna, før mellomstemann Tore vinn tilbake ballen.
Avspark Start 1. omgang
Speaker har omsider fått lyd i mikrofonen sin og laga gjer opp i dagens første duell som er myntkast. Årdal TV filmar dei raudkledde sin gruppeklem og det er Eid som skal starte dagens batalje.
Dommartrioen har kome ut i sola til tonane frå Nordfjordeid Gløggkokeri. Og i det spelarane kjem tuslande svitsjast det over til fanfaren som rungar ut over eit stadion som badar i sola.
Speakerbua er klare i nyebua si. Ingen fare for at denne skal gi etter av vekta til fem fotballfaglige tungvektarar. Konstruert i solid betong i 1963 og har stått støtt sidan.
Dagens dommar kjem frå den arkitektoniske perla Førde, Jonas Sande Mossestad. Han har med seg to sjarmerande assistentar på sidelinjene i Ragnar Åmot frå Jølster og Aleksander Blålid frå Flatraket.
Ikkje heilt sprengt publikumskapasitet på Eid Stadion i dag. Framleis plass til etternølarane som vil vere med på å heie fram heimelaget til seier i sola mot reisesjuke årdøler. Laga er på veg inn for siste dose Isostar med sitronsmak.
Eid manglar nokre sentrale brikker i laget i dag. Fleire må igjennom en late fitness test, så vi kjem tilbake med lagoppstillingar og fyldig dekning av kampen seinare. Det blir spennande å sjå kva kaniner og kort managermagikar Aarvik trekk opp av hatten. Så kan alle Eid-supporterane håpe litt på at Årdal har gløymt reisesjuketablettane i dag også. Kampen startar 1400 på Eid stadion.
Årdal har ein langt betre målforskjell enn Eid, noko som ikkje er så rart når ein ser på dei siste kampen. Berre i sist kamp scora målgarantisten Truls Hovland dobbelt så mange mål som heile Eid-laget klarte i sin kamp. Årdal kjem frå 9-0 heime mot Måløy og har ikkje tapt ein einaste kamp denne sesongen, men nestenuhella borte mot Stryn og Bremanger kan gi eidarane optimisme før kampen i dag
Stor fotballdag på Nordfjordeid i dag med toppkamp i Kretsligaen mellom Eid og Årdal. Gjestane frå industribygda inst i Sognefjorden kjem nordover med intensjonar om å kapre alle tre poenga og skape ei større luke ned til gjengen i gult og svart. Skulle heimelaget glimte til med storspel og seier, så pustar Eid årdølene i nakken og laga vil ligge a poeng etter dagens kamp. Viktig kamp for begge lag!