TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då bles dommaren av kampen. Sjølv om det vart eit tap for heimelaget i dag, så kan dei reise heim med hovudet heva. Motstanden vart for sterk, men laget la ned ein solid innsats. Aafk tek med seg årets første borteseier og sjølvtillit vidare til nye utfordringar i Eliteserien, så det blir spennande å sjå om trenar Bøe får fortsette å bygge samhold og samspel i øverste divisjon. Eid får besøk av Studentspretten til helga og kan komme tilbake på seierssporet på heimebane då.
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+3'
Beitveit headar unna. Eid forsøker sette opp et siste angrep.
90+2'
Felde sklir og held på å bli runda av Berntsen, men klarer komme seg på beina igjen og få inn nok ei takling. Hjørnespark til Aafk.
90+1'
Årskog spelt fri og forserer inn i feltet, men sklir før han får avslutta.
90+1'
Vedeld med ei dragning som sender Berntsen på ræva. Går innover i feltet, men blir stoppa av Aafk-forsvaret til slutt.
88'
Eid-keeper Frislid fortjent kåra til dagens beste på heimelaget, i skarp konkurranse med backane.
85'
Spillerbytte
85'
Selvmål!
0-4
Uheldig innbyttar klarerer ballen i eige mål på innlegg.
84'
Spillerbytte
83'
Eid forsøker sette dei kvite tangotrøyene under press. Sindre Årskog er litt for seint ute og lagar frispark.
83'
Frislid nok ein gong nede med ei fin reaksjonsredning.
82'
La akkurat merke til at Aafk-supporterane gikk i ett med refleksvestane til dei frivillige frå Røde Kors. Klart fleirtal av heimefans i dag, sjølvsagt .
80'
Positiv andre omgang av Eid. Aafk har nok sett på cruisekontrollen, men ein ser på engasjementet at konkurranseinstinktet framleis lever.
79'
Beitveit finn Vedeld, men den unge spissen låg på feil side av offsidelinja
79'
Ny duell like etter. Frispark til Eid. Åsebø slår inn igjen, men Aafk får heada unna nok ein gong.
79'
Sindre Årskog og Kolve kjempar om ball. Eliteseriespelaren går sigrande ut.
76'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Eid nære på scoring! Sindre Årskog millimeter for sein på innlegg frå Vedvik.
75'
Kristian Årskog får et lite anfall av Messi og vartar opp med nokre lekre touch på høgrekanten.
74'
Godt gjennomspel mot Vedvik og Vedeld, men keeper Lansing har ikke begynt å dagdrøyme om laksefiske i Eidselva eller Jugendfest, så han er vakent ute og får klarert.
71'
Åsebø slår inn mot feltet. Litt for kort. Eid prøver å bite seg fast, men har ikkje sterke nok tenner.
70'
Simen Lefdal svevar over grasmatta og forserar framover. Blir stoppa av ein Aafk-arm og får frispark.
69'
Vedeld fri på høgrekanten og får lagt inn i feltet. Kristian Årskog snappar ballen framfor Aafk-forsvaret, men det ebbar ut i ingenting
67'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
67'
Lundin forsøker skru den i mål, men Frislid er godt med på notane og reddar igjen.
65'
Gult kort
Treff ikkje heilt på ei hard takling og får eit rimelig fortjent kjeks av dommaren. Frispark til Aafk i farlig posisjon, like utanfor 16-meteren.
63'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
62'
Holmøyvik tek sats og taklar ballen via Kitolano og til kast for Eid. Kitolano blir sittande nede.
61'
Skikkelig ruskeveir i Nordfjord no. Til og med høgtalarane bles over ende.
60'
Holmøyvik markerer seg med ein gong med å vinne første duell i lufta.
59'
Spillerbytte
59'
Kristian LEfdal spelt igjennom, men blir sprunge opp av Juel
58'
Balsnes sin tur til å finte ut to motspelarar. Eid meir med igjen.
57'
Eit par seine taklingar frå Aafk no. Eid har på ein eller anna måte klart å fyre opp sunnmøringane.
55'
Eid frampå. Simen Lefdal forsøker spele fri Kristian Årskog, men pasninga blir litt for svak.
55'
Aafk kjem i hundre igjen. Atanga spelt fri framfor mål, men avsluttar over.
54'
Ein småfrustrert Lundin får tilsnakk av dommar etter ein ettersleng. Hindrar Eid å sette i gang eit angrep, så ein kunne kanskje sett på kortstokken der
52'
Eid sliter med å etablere spel, noko som forsåvidt ikkje er rart med tanke på motstanden.
50'
Atanga tek med Balsnes på karuselltur.
48'
Karlsbakk med skotforsøk, men har for mykje stein i ryggsekken og skotet går over mål.
48'
Innlegget blir tatt av vinden og går over alt og alle.
47'
Segberg viser korleis ein slår crossballar og sender ei strøken pasning ut til Murray. Endar med hjørnespark
46'
Eid startar andreomgangen. Flatebø forsøker ei langpasning mot Vedvik, men litt for lang.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Solid oppmøte på stadion i ruskeveret i dag. Ca 1400 tilskodarar er i høgste grad respektabelt. Straks klare med andre omgang.
Dommaren bles av første omgang. Aalesund går til pause med ei oppskriftsmessig leiing etter ein dominant omgang mot eit hardtkjempande heimelag.
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45'
Edderkoppen Felde med trippeltakling. Får litt merkelig nok frispark mot seg. Aalesund med forsøk frå rundt 30 meter.
45'
Balsnes som vanlig høgast i feltet og får heada mot mål, men like utanfor. Kampens største sjanse til Eid.
45'
Eid får frispark inne på Aalesund sin halvdel. Beitveit skal slå inn i feltet.
43'
Atanga igjennom, men Frislid stuper ut og stoppar kantspelaren.
42'
Aafk spelar seg til eit nytt hjørnespark. Lundin skrur utover i feltet, men denne gongen får Eid heada unna.
40'
Glimtvis ser ein ganske tydelig at det er nokre divisjonar i forskjell på laga. Er litt høgare tempo på ball, meir presisjon og smartare valg av eliteserielaget. Likefullt har ikkje Eid gjort seg vekk her.
37'
Mål!
0-3
Aafk rullar opp og spelar fri Atanga som kjem åleine mot keeper.
36'
Murray med skotforsøk, men ikkje heilt innstilt sikte og til side for mål.
34'
Mål!
0-2
Nok ein gong mål etter corner. Litt klabb og babb før Moses får ei enkel oppgåve med å auke ledelsen
33'
Flatebø jevnar Kitolano med jorda med ei plogtakling, eit lokalt kjennemerke frå Voss. Reint på ball.
31'
Lundin blir spelt fri på høgrekanten, dreg seg inn i feltet og sender avgårde eit skot som får dei lokale golfarane til å rope "fore"
29'
Beitveit stussar gjennom til mannen som aldri sluttar å springe, Kristian Årskog. Aafk-keeper blir skremt av klyva til Eidvingen og spelar ballen ut til kast.
26'
Flatebø stoppar ein farlig overgang, men spelar vekk ballen igjen. Aafk får til slutt avslutta, men Frislid nok ein gong nede med ei fin redning.
26'
Vedvik forsøker lure to Aalesundforsvararar, men møter veggen. Positive tendensar frå heimelaget.
24'
Karlsbakk blir sett godt under press av Beitveit og Vedvik, men klarer å sno seg ut av floka. Gjestane bygger opp på nytt, men blir nok ein gong hindra av Sindre Årskog. Backane til Eid har vore gode så langt.
20'
Felde med kampens fjerde kanontakling på høgrebacken. Må ikkje briljere meir no, elles tek han snart plassen til Murray på Aalesund.
19'
Murray har vaska fotballskoa med zalo i dag, fleire glepp i mottaka.
19'
Vedvik vinn ball i duell med Murray, som må bruke ulovlige midlar for å stoppe stjernefotografen og storscoraren .
18'
Kristian Lefdal finn bror Simen som har Joakim Vedvik åleine framfor mål. Blir sprunge opp av Aalesundforsvaret. Der kunne Eid fått en kjempemulighet.
17'
Ny corner til Aafk. Henning Haugen får avverga med en klassisk drylar.
16'
Eid litt meir med på notane ein kort periode no. 1-0 er en dobbelt så farlig ledelse som 2-0
16'
Sindre Årskog har herja på venstrebacken, slår ein flott crossar til bror Kristian. Aafk klarer å få ballen ut til innkast.
15'
Assistentdommar hadde flagga for offside i den situasjonen, men det såg ut til at ballen kom frå ein kvitkledd.
14'
Aafk får heada unna, men Simen Lefdal snappar den frie ballen. Kristian Årskog blir spelt igjennom av et Aafk-bein og får avslutta, men til side for mål.
13'
Nesten for Eid, som vinn corner etter litt rot i Aafk-forsvaret.
11'
Mål!
0-1
Styrer inn hjørnesparket
11'
Eid blir pressa bakpå, men forsvarsfiraren har stått godt i mot så langt. Moses forsøker lure Felde, men får berre ein corner.
8'
Murray på tur på høgrekanten. Finn Lunding i feltet som dreg seg forbi eit par spelarar og går i bakken. Dommar ser ut til å skulle blåse straffe, men heldigvis for Eid ombestemmer han seg.
7'
Moses kjem fri på høgresida og slår eit godt innlegg framfor mål. Atanga skal score, men Frislid klarer på mirakuløst vis å slå den over. Knallstart for Eid-keeperen.
6'
Karlsbakk finn Kitolano på venstrekanten. Kristian Årskog spelar vegg med Aafk-vingen og vinn innkast for Eid.
5'
Eid pressa kraftig bakpå. Gjestane frampå nok ein gong, men puslete avslutning rett på keeper Frislid.
4'
Hjørnespark til Aafk. Innoverskrudd i feltet. Felde får til slutt brote og set fart framover. Pasninga dessverre utan adresse.
3'
Ny enorm sjanse til Aafk, men Frislid med eit tigersprang får avverga. Eid får ein jobb med å ri av opningsstormen her.
3'
Aafk med kjempesjanse, men Sindre Årskog vartar opp med ei kjempetakling
2'
Eid står høgt og prøvar seg i åpningsminutta. Beitveit med ein klassisk sleiv
1'
Eid pressar Aafk til kampens første glipp. Vinn innkast på Aafk sin halvdel.
1'
Vi er i gang. Aalesund i kvitt tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga har unnagjort Fair Play-helsinga og den obligatoriske gruppeklemmen, så no ventar vi berre på at dommar Mossestad skal blåse igang kampen
Uansett resultat i dag, Eid fotball leverer iallfall til toppkarakter på arrangement. Flott publikumoppmøte og ei strålande ramme rundt kampen. Fanfaren rungar utover stadion og laga marsjerer inn gjennom ei flaggborg av gule Eid-flagg.
Aafk-trenar Marius Bøe har mønstra eit solid lag i dag. Fokuserer på å gjennomføre ein profesjonell kamp og bygge vidare på godkjensla frå Moldekampen. Nordfjordingane håpar å gi den godkjensla ein liten støkk.
For dei lokale gutane på Eid er dette både 17. mai og julafta på ein gong. To lokale skulekorps marsjerer inn for å sette ein spiss på oppladninga før kamp. Skikkelig cupfest på Nordfjordeid!
Speaker er i full gang med å fyre opp publikum før kamp i det spelarane varmar opp til tonane av dei lokale Svelekameratane. Småsurt ute på bana med en lett bris og duskregn i lufta
Gjestane frå jugendbyen er komne til bygda og er ute og inspiserer grasmatta på stadion. Speakerbua leskar seg med Oskar Sylte, berre for å sympatisere litt med Molde som blei slått av Aafk sist.
Snaue to timar til kampstart. Sola skin på Eid stadion. Dei frivillige er i full gang med siste finpussen på rigginga. Kultursjefen dundrar i gang lydsjekk som det luktar godstemning og fotballfest av. Materialforvaltar Marius Henriksen har briljert med Omo Color og draktbretting i heimegarderoben. A-laget er iallfall i dei beste hender der.
Trekkfullt på Eid i dag, men vi får håpe vinden ikkje påvirkar spelet nevneverdig. Grasmatta ser fin og grøn ut, men for Aafk vil dette nok minne meir om gamle Kråmyra enn stoveteppet heime på ColorLine. Kanskje kan det vere ein bitteliten fordel for heimelaget?
Dommar i kampen er talentfulle Jonas Mossestad frå Førde IL. Han har med seg Kjell August Ytre-Eide frå Stryn og Andreas Bakkelid frå Sandane som assistentar på linjene, i tillegg til rutinerte Yngve Håkonsen frå Fjøra FK som fjerdedommar.
Aalesund har absolutt ikkje fått ein god start på sesongen. Det har vore tidenes verste sesongstart i Eliteserien med blant anna 4 strake bortetap og 0-9 i målforskjell ute på tur. Etter at trenar Lars Arne Nilsen blei sendt ut dørene har Balestrands nest største son Marius Bøe teke over roret og i sist heimekamp fekk laget ein svært etterlengta opptur med 3-1 mot naborival Molde. Det er ein tropp med nyvunnen sjølvtillit som tek turen til Eid, og sjølv om nokre av dei faste førstelagsspelarane manglar er det eit sterkt lag som vil gå utpå grasmatta på Eid stadion i dag. Blant fråvera er keeper Sten Grytebust, kaptein David Fällman, talentfulle NIkolai Hopland, Alexander Munksgaard og Kristoffer Barmen.
Heimelaget Eid har starta sesongen i Kretsligaen relativt bra og ligg på 3. plass på tabellen, fortsatt ubeseira på heimebane. Gutane i gult og svart stiller topp motiverte og omtrent fulltallige til dagens duell mot Aafk. Midtbanemotor Marius Henriksen og den hardtspelande Håvard Holmøyvik er usikre, men elles skal laget vere på topp og ekstremt klare til kampen.
Det er ein stor dag for Eid fotball, som skal spele 1.runde i cupen for første gong sidan 1990. Den gongen var det Volda som var motstandar og stakk heim over fylkesgrensa med avansement til 2. runde. I dag er det ei enda større utfordring frå Sunnmøre som står på andre halvdelen med eliteserielaget Aalesund som motstandar. Sist desse laga duellerte var heilt tilbake i 1980, då Aafk blei grundig slått med 0-4 på Eid stadion. Det året gjekk Eid heilt til tredje runde i NM, der Molde med ein ikkje ukjent Åge Hareide på laget blei for sterke.