Referat
Kun høydepunkter
Kampen er slutt - og Florø vinn enkelt 4-0! Laget frå palmekysten leverer ein prikkfri bortekamp, og tek sin sjuande bortesiger for sesongen. Dermed klatrar mannskapet til Rognsø til topps på tabellen og set press på Nest Sotra før deira oppgjer mot Nest Sotra kl. 1600.
Kamp slutt Slutt (0-4)
87'
Florø har full kontroll no.
85'
0-2
Stor sjanse til Florø. Rett i stanga!
84'
486 tilskodarar ser kampen.
76'
Stor sjanse for Egersund! Kjem aleine med keeper, men Vik gjer ein god jobb i forsvaret. Men var det offside?
75'
Kampbildet held fram slik det har vore store deler av kampen. Florø let Egersund styre.
70'
Florø har full kontroll akkurat no. Trener Rognsø får betalt med sitt taktiske trekk, med å sette Kupen inn siste halvtimen.
62'
Siste Kupen sa før han forlot benken, var at han skulle inn å score. Så får vi sjå om toppscoraren held det han lover.
61'
Her i Idrettsparken snakker dei framleis om kampen mot Fana tidlegare i år. Også då var det 0-2 til pause. Men enda 2-2.
59'
Florø ligg lågt, kanskje vel lågt meiner enkelte.
57'
Ser ut som Rashad skal ut. Inn med toppscorar i avdelinga, Kupen.
55'
Florø ligg fint i ramma no, medan Egersund sliter med å skape målsjanser. Dette liker Rognsø.
51'
Florø framstår som eit maskineri - utan driftsproblem. Og på benken sit utespelarane Omerovic, Jeggo, Kupen, Sørensen og Rotihaug. Tre av desse var på scoringslista i førre kamp.
50'
Egersund styrer, men slit med presisjonen.
48'
Zetterquist inn på topp på for Egersund. Nyinnkjøpt danske.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45+1'
Nær 3-0 til Florø! E.Hove legg inn i feltet, og der er det mykje fram og tilbake - før vertane omsider får ballen unna.
43'
Nærmar seg pause. Florø med leksjon i effektivitet så langt.
39'
Fin sjanse for Egersund! Spelar seg fint gjennom i midten, og kjem til skot. Rett på Frenderup!
39'
Han skyt - over!
38'
Frispark til Florø i fin posisjon. Solheim Olsen gjer seg klar.
35'
Florø ligg fint no, og Egersund skaper ingenting. Trener Rogsnø tydeleg nøgd på sidelinja no.
34'
Byte i forsvaret til Egersund etter halvtimen! Jacobsen kom frå Fløy - og debuterer for Egersund.
27'
Frispark til Egersund i fin posisjon. Ufarlig.
26'
Florø scorer på sin første sjanse i kampen. Hjørnesparket kom etter at Vik storma fram langs kanten, og spelte Rashad fint gjennom.
25'
Egersund skaper mykje på si venstreside. Florø-trener Rogsnø lite nøgd med at Aase ikkje har valgt rett skotøy.
22'
Fleire av Florø-spelarane slit med å holde seg på beina, og sklir på det glatte underlaget - som har blitt vatna mykje før kampstart.
19'
Stor sjanse for Egersund! Ein Egersund-spelar dreg av to mann, og skyt mot det lengste hjørnet. Frenderup reddar meisterleg!
19'
Sjansefattig så langt. Egersund har hatt ballen mest, men slit med å produsere sjanser. Mange dueller til no i kampen.
13'
Det handler stort sett om Egersund så langt. Florø slit med å etablere spel på vertane sin halvdel.
13'
Rashad mistar ballen på veg framover på eigen halvdel. Egersund kan storme i angrep, men Florø får kontroll. Gjestene heldige der.
9'
Egersund framstår som eit bra lag så langt i kampen.
8'
Florø slit med å holde ballen lenge i laget, og det er Egersund som har opna best.
7'
Egersund har funne mellomrommet eit par gonger. Førebels har dei ikkje sett Frenderup på prøve.
5'
Jamn opning første fem minuttane. Begge lag har hatt ball, men førebels ingen sjanser.
4'
Ser ikkje bort i frå at Nest Sotra-spelarane sit med augo i mobilen akkurat no, for å følgje denne kampen. Sjølv møter dei Vard Haugesund i ein tøff bortekamp kl. 1600. Ser ut som opprykkskampen står mellom akkurat Florø og Nest Sotra.
2'
Gjestene ligg lavt så langt, medan Egersund triller ball.
1'
Eit par mørke skyer over Idrettsparken. Førebels oppholdsvær.
1'
Florø starter med ballen, og kampen er igang!
Avspark Start 1. omgang
Mykje vind i Egersund i formiddag. Straks klart for avspark!
Spelarane på veg ut på matta.
Heimelaget mangler Mathias Perttamo med ankelskade. I tillegg har to utlendingar reist frå klubben i sommar. Hos gjestene er Peter Aase (skade) og Christer Husa (karantene) utligjengelig.
Florø-trener Terje Rognsø har gjort fire endringar på laget som vann 4-0 i førre kamp. Toppscorar Endre Kupen er mellom anna plassert på benken.
Emil Zetterquist, Kristoffer Rasmussen og Andreas Jacobsen er nye hos Egersund. Rasmussen er einaste som er å finne i start-11. Han kom frå Sola.
Velkommen til liveoppdatering av oppgjeret mellom Egersund og Florø!