TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar for fylgjet. No er det berre å slappe litt av før fire nye kampar tek til om ein halvtime. Ha ei fin fotballhelg vidare!
Avslutningar: 6-13. På mål: 2-6.
Chelsea vinn sin 11. kamp på rad og har auka avstanden ned til 2. plassen med ni poeng. Dei har vunne 1-0 dei tre siste kampane, og sjølv om ting humpa litt i dag gjorde laget akkurat nok til å ta sigeren heim til Stamford Bridge. Crystal Palace var best før kvilen og skapte også ein stor sjanse, men det var derimot Diego Costa som fekk æra av å heade ballen i mål på Chelsea sin einaste sjanse i 1. omgang. Palace opna også bra etter kvilen, men etter kvart tok bortelaget meir og meir over. Det skapte store sjansar mot slutten, men kom ikkje nærare enn eit tverrleggarskot av Alonso.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+5'
Innkast for Chelsea. Dette blir deira tredje strake 1-0-siger.
90+5'
Zaha har fått ein smell og må ta teljing. Tida tikkar feil veg for Palace no.
90+4'
Frispark til Chelsea midt på bana. Prøvar bra med tid no, bortelaget.
90+3'
Andros Townsend går for eit skot som er håplaust utført. Langt, langt over mål.
90+3'
Gult kort
Får det gule kortet etter fellinga.
90+2'
Scott Dann med ei sjeldan skotfinte som rundlurer Fabregas. Frispark til heimelaget i bra posisjon.
90+1'
Det blir lagt til heile fem minutt denne omgangen. Nok av tid for Palace å sikre seg poeng!
89'
Spillerbytte
88'
Så er Dann i aksjon i eigen sekstenmeter. Sender eit veldig slapt tilbakespel til Hennessey, men heldigvis for han får målvakta klarert vekk ballen.
87'
Dann vinn ein duell inne i motsett felt, men headar berre ballen i eit område der det ikkje er ein annan spelar i blått og raudt.
86'
Cesc Fabregas prøvar seg på ein 'Arild Sundgot' og tek med seg ballen inn i feltet ved hjelp av handa. Det påfølgjande skotet blir redda av Hennessey, men domar Moss har uansett blese frispark.
84'
Spillerbytte
84'
I tverrleggaren! Alonso sender frisparket i ein nydeleg skru over muren før det går i metallet og ned i bakken. Cahill er frampå for å setje inn returen, men går i bakken i duell med ein Palace-spelar. Kapteinen vil ha straffespark, men domar Moss vinkar spelet vidare.
83'
Frispark i spanande posisjon for The Blues - som speler i kvitt.
82'
Gult kort
Sparkar ned en Hazard i fart og får eit fortent gult kort.
82'
Litt av lufta har gått ut av Palace. Det er Chelsea som skapar sjansane no.
80'
Hjørnespark
Blir teke kort før Palace får frispark.
79'
Spillerbytte
79'
Spillerbytte
78'
Hjørnespark
Endar uten farlegheiter.
78'
Alonso prøvar å slå inn frå venstre. Blir blokkert til hjørnespark.
77'
Spillerbytte
74'
Ny avslutning av Chelsea! Bortelaget kjem på nok ei kontring og Alonso får stå åleine og avslutte frå spiss vinkel. Prøvar å sette den inn i motsett hjørne, men Hennesssey ryddar nok ein gong opp.
73'
Nytt godt forsøk for bortelaget! Delaney rotar vekk ballen midt på bana og Chelsea set fart. Det endar til slutt med at Moses trillar ballen til Kanté som prøvar å plassere ballen inne ved motsett stolperot. Hennessey har derimot bra rekkevidde og får stoppa skotet.
71'
Benteke dempar ballen på kassa og snurrar rundt og avsluttar. Han treff derimot ikkje altfor godt, og Courtois kan enkelt fange kula.
70'
God sjanse for Chelsea! Hazard slår nærast i blinde femogførti grader ut i feltet. Der kjem Fabregas stormande, men sjølv om han er i perfekt skothald går forsøket berre rett på Hennessey.
69'
Jason Puncheon vil derimot spele endå meir og signaliserer kraftig frå sidelinja at han vil utpå bana igjen.
68'
Puncheon sit nede i grasmatta. Townsend gjer seg klar.
68'
Brukbart forsøk av bortelaget. Endar utanfor.
65'
Fabregas er på farta med ein gong og får lagt inn ballen i boksa. Nære ved at ein Chelsea-spelar får avslutta frå kort hald.
64'
Spillerbytte
64'
Willian slår lavt og hardt inn i boksa, men Moses klarer ikkje å få avslutning på mål. Heimelaget får blokkert.
63'
Framleis bra med trykk frå Palace. Har scora mål i åtte strake kampar før dette, så det vil ikkje vere ei overrasking om dei klarer det også i dag.
61'
Hjørnespark
Dann vinn duellen inne i boksa, men headar ballen vekk frå målet.
61'
Bra slått, men Chelsea får stussa til corner.
61'
Cabaye står klar igjen.
60'
Gult kort
Moses lagar frisparket, men Kanté får det gule kortet. Mest sannsynleg for munnbruk.
60'
Puncheon blir felt av Moses. Det vankar kort her.
60'
Chelsea snappar ballen og prøvar ei kontring, men Palace og Dann får ordna opp.
57'
Heimelaget pressar bra no, men slit med å kome til sjansar.
55'
Hjørnespark
Landar på femmeteren, men ingen i blått og raudt er i nærleiken. Chelsea får rydda opp.
55'
Cabaye slår inn, men bortelaget får klarert. Corner.
54'
Dødball for vertane.
53'
Ward skrur ballen inn i feltet frå venstre, men dessverre for heimelaget går ballen berre i nevane til Courtois.
50'
Så smell det i motsett ende. Kanté fyrer av frå god posisjon, men det knallharde skotet går midt på Hennessey som stoppar det greitt. Hadde blitt veldig farleg om det hadde gått meir mot ei av sidene.
49'
Hjørnespark
Courtois kjem ut og plukkar enkelt.
49'
Moses med eit rett og slett håplaust innkast. Prøvar å finne eigen keeper, men sender ballen utover kortlinja. Corner til Palace!
47'
Godt forsøk av heimelaget! Zaha stressar Cahill som berre klarer å stusse ballen nokre meter unna eigen sekstenmeter. Cabaye kjem så stormande til og avsluttar på direkten. Courtois reddar bra og fangar også sin eigen retur.
46'
Ingen endringar på laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Chelsea leiar 1-0 over Crystal Palace etter dei første 45 minutta. Diego Costa stod for scoringa, og det på bortelaget sin einaste sjanse i kampen. Vertane har vore bra med i matchen og også skapt ein stor sjansa ved Puncheon, men engelskmannen avslutta utanfor frå god posisjon. Sjølv om ting ser bra ut for gjestane no, har Palace, som har bøtta inn med mål i det siste, ein heil omgang på å kome tilbake i kampen. Det er berre å glede seg andre akt!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Nok ein bra jobb av Kelly på høgresida. Stormar forbi Hazard og får lagt inn, men ingen andre i blått og raudt når fram på ballen.
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
45+1'
Antonio Conte sitt lag viser altså nok ein gong kor effektive dei er.
43'
Mål!
0-1
Chelsea scorar på sin første sjanse i kampen! Azpilicueta slår presist inn i feltet der Costa stig til vêrs og nikkar ballen i mål forbi Hennessey. Blir altfor passive der, Dann og Delaney.
40'
Puncheon skrur ballen ein liten meter over mål med venstrefoten. Brukbart forsøk.
40'
Cabaye og Puncheon står klare.
40'
Zaha på farta. Blir felt 17-18 meter frå Chelsea sitt mål. Kan bli farleg.
39'
Kelly med nok eit brukbart innlegg. Treff McArthur inne i boksa, men headinga går utanfor. Scora for øvrig mot Manchester United i midtveka, skotten.
38'
César Azpilicueta med ei sjeldan Chelsea-avslutning. Høgt over mål.
37'
Gjestane prøvar ein overgang, men Palace får rydda opp ved eiga boks.
36'
Blir lempa mot Dann på bakerste stolpe, men midtstopparen tapar duellen med fleire Chelsea-spelarar.
36'
Så er det heimelaget som har dødball. Midt inne på Chelsea sin halvdel. Puncheon står klar.
34'
Nytt frispark for bortelaget, men det blir svakt utnytta og endar berre med eit halvvegs skotforsøk frå Kanté som blir blokkert.
33'
Antonio Conte sitt lag har for øvrig berre scora to på dei to foregåande, sjølv om det har vore nok til å ordne seks poeng.
31'
Ein tredjedel av matchen er unnagjort, men Chelsea har framleis ikkje skapt noko offensivt.
31'
Ein del frispark og stopp i spelet no. Alonso med ein dytt i ryggen på Zaha.
30'
Lang ball mot Hazard, men Dann og Delaney ordnar opp.
28'
Prøvar å slå inn i feltet, men skjeggete Ledley stangar unna.
27'
Willian med frispark. På kanten av Palace sin sekstenmeter.
25'
McArthur med eit spark i hovudet på Costa i det spissen er på veg ned i grasmatta. Må nøye seg med frispark, den spanske landslagsspelaren.
24'
Hjørnespark
Blir slått hardt utover i feltet. Ingen kjem på den.
23'
Hjørnespark
Blir teke kort får Chelsea får klarert til kast. Svakt utnytta av heimelaget.
22'
Gult kort
Costa sparkar ned Ledley bakfrå midt på bana og får sitt femte gule kort for sesongen. Dermed må han stå over neste runde. Tullete handling frå spissen.
21'
Stor sjanse! Palace sin høgreback Kelly blir spelt fri og slår flatt inn i feltet. Der kjem Puncheon stormande, men avslutninga frå den engelske 30-åringen går utanfor. Veldig nære for heimelaget der!
19'
Hjørnespark
Endar til slutt med eit innlegg frå Kanté som går utanfor.
19'
Frisparket går via muren og til corner.
17'
Gult kort
Feller Hazard og får det gule kortet.
17'
Hazard blir dytta over ende og Chelsea får frispark i veldig god posisjon.
16'
Framleis lite som har skjedd på Selhurst Park. Ingen av laga tek særleg med sjansar i starten her.
12'
Kanté misser ballen til Benteke, men den tidlegare Liverpool-spissen gir den frå seg like fort. Chelsea-spelaren får så tilsnakk etter å ha rivd ein Palace-spelar over ende.
11'
Nære på at Ledley klarer å prikke ballen inn til Benteke på bakerste stolpe. Ein Chelsea-lugg får stussa kula vekk.
10'
Kanté prøvar å finne Hazard med ei pasning i farleg område, men ballen når aldri fram.
10'
Veldig roleg opning på kampen.
9'
Nemnte Zaha med eit brukbart innlegg frå høgre. Forbi alle i feltet.
9'
To av dei store formspelarane i Premier League møtest i dag. Diego Costa står med fem mål på dei sju seinaste. I tillegg har kraftspissen tre målgjevande pasningar. For Palace sin del har Wilfried Zaha endeleg byrja å få ut litt av potensialet som bur i han. Den tidlegare Manchester United-floppen har to scoringar på dei fire siste, samt sju assistar på dei åtte siste.
5'
Heimelaget prøvar å stå høgt og aggressivt.
4'
Sist Palace slo Chelsea på eige gras var i 2014, då eit sjølvmål av John Terry sørgja for at The Eagles tok dei tre poenga.
1'
Det er bra med tåke i den sør-austlege delen av London.
Avspark Start 1. omgang
I Premier League-samanheng har laga møttest 14 gongar. 2-2-10 er statistikken over desse. Chelsea vann 3-0 på Selhurst Park sist dei spelte her.
Bortelaget har langt mindre problem på skadefroten, og ein av dei få som er ute er Oscar, men han blir det uansett spekulert i at skal til Kina for å spele fotball når overgangsvindauget opnar.
Alan Pardew sitt lag må klare seg utan spelarar som Mathieu Flamin, James Tomkins, Connor Wickham, Bakary Sako, Loic Remy, Pape Souare og Steve Mandanda til kampen.
Crystal Palace kjempar på si side for å unngå nedrykk, men til trass for at dei står med fleire scora mål enn både Tottenham og Manchester United er dei berre fire poeng over Sunderland på jumboplassen. Den objektive sjåar har nok kosa seg valdsamt dei siste Palace-kampane, men for fansen til South Nordwood har det vore nitrist å sjå laget score tre-fire mål og likevel tape. 17-22 er målstatistikken på dei åtte siste ligakampane. På onsdag blei det for øvrig eit knepent 1-2-tap for Manchester United.
Chelsea toppar tabellen klart etter dei første 16 rundene, og kan med siger i dag auke avstanden til dei næraste utfordrarane Liverpool og Arsenal til ni poeng. Dei to sistenemnde skal i tillegg ut i vanskelege bortekampar mot Everton og Manchester City, så ting kan sjå veldig lyst ut for Antonio Conte sitt mannskap før det tøffe juleprogrammet snart tek til. The Blues vil også ta sin 11. strake siger med tre poeng i dag, og Arsenal sin rekord på 14 trepoengarar på rad i 2002 byrjar å kome innan rekkjevidde.
Hei og velkomen til livedekning av London-derbyet mellom Crystal Palace og Chelsea!