TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gong. Ha ein fin onsdagskveld vidare!
Avslutningar: 9-10. På mål: 3-7.
Leicester imponerer i deira første kamp i Champions League/European-cup nokon sinne. Club Brugge opna rett nok best med ein stor sjanse som Izquierdo bomma på, men etter dette tok engelskmennene kraftig over. Albrighton scora etter berre fem minutt, og etter ein halvtimes spel dobla Mahrez på eit utsøkt frispark. I 2. omgang heldt Vardy fram med å herje, og spissen skaffa også eit straffespark som Mahrez scora på. Claudio Ranieri har dermed fått ein perfekt start på gruppespelet, medan Michel Preud'homme på si side må få laget til å prestere nokon heilt anna om dei skal få noko ut av Champions League.
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+4'
Ikkje så mykje som skjer no. Brugge har sjølvsagt gitt opp for lengje sidan, og Leicester er strålande fornøgde med tre poeng i CL-debuten.
90+3'
Gult kort
Ein frustrert Vormer stupar inn i Hernandez bakfrå. Stygt.
90'
Gult kort
Ulloa kjem skliande med strake bein inn mot Butelle og set knottane i låret på målvakta. Heilt unødvendig og eit soleklart gult kort.
89'
Club Brugge har hatt ballen mykje, men har rett og slett ikkje vore god nok på den siste tredjedelen. I tillegg har dei slitt med Mahrez og Vardy i motsett ende også.
88'
Daniel Amartey jobbar godt og vinn frispark i duell med to Brugge-spelarar. Har erstatta tidlegare anker N'Golo Kante bra i dag, den tidlegare Djurgården- og FC København-spelaren.
84'
Nesten for bortelaget! Leicester kontrar ved Gray, og ungguten avsluttar over frå god posisjon inne i boksa.
83'
Hjørnespark
Blir teke kort, men ein eventuell sjanse blir spolert i det ein Brugge-spelar glir og forærer ballen til bortelaget.
82'
Huth med nok eit brukbart forsøk. Headinga går utanfor.
80'
Spillerbytte
80'
Hjørnespark
Fuchs får klarert utan problem.
78'
Spillerbytte
78'
Vormer avsluttar. Langt, langt over mål.
76'
Nesten 0-4! Albrighton legg flott inn frå høgre, og det er nokre centimeter frå at Mahrez får sklidd inn sitt tredje for dagen.
73'
Vertane med farleg innlegg inn i Leicester si boks. Bortelaget får derimot rydda unna.
71'
Hjørnespark
Innbytar Poulain møter ved første stolpe og stussar ballen over mål. Ok forsøk.
71'
Bra forsøk av Leicester! Huth kjem til heading, men klarer ikkje å overliste Butelle frå kort hald.
70'
Spillerbytte
68'
Heimelaget med eit langskot ved Denswil. Schmeichel reddar greitt.
64'
Stolpetreff! Club Brugge er nære ved å redusere i det Izquierdo kjem seg heilt inn på femmeteren med ballen. Skotet set han dessverre i metallet og ut. Der skal det vere scoring!
63'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
61'
Mål på straffe!
0-3
Mahrez sender Butelle feil veg og avsluttar hardt midt på mål. 0-3, og for ein debut vi har fått av Leicester i Champions League!
60'
Gult kort
Slepp unna med berre gult kort etter å ha felt Vardy som var på veg igjennom. Kunne fort ha blitt raudt det!
60'
Straffe!
Vardy snappar ballen og kjem åleine mot Butelle. Spissen rundar keeperen før han blir meid over ende. Straffe!
58'
Eit vanvittig rot! Innbytar Poulain held på å øydeleggje alt på nesten si første berøring i kampen med eit håplaust tilbakespel. Slimani jaktar ballen inne i boksa, men keeper Butelle kjem ut for å klarere. Utruleg nok bommar han på ballen slik at den trillar forbi, men Slimani klarer ikkje å få tak i den. Kunne fort ha blitt 0-3 der!
57'
Izquierdo prøvar seg, men rett på Schmeichel.
56'
Nokon offensiv frå heimelaget har vi ikkje sett etter kvilen. Leicester har framleis god kontroll på det heile.
56'
Nesten at Slimani kjem til avslutning inne i boksa.
56'
Albrighton slår inn frå høgre, men keeper Butelle plukkar utan altfor mykje problem.
53'
Spillerbytte
51'
Midtstopparen spring i garderoba for å få hjelp med skuldra. Spørs om den ikkje gjekk ut av ledd. Brugge har også spelarar i oppvarming i tilfelle han ikkje kjem inn igjen.
50'
Engels blir liggjande etter å ha treft sin eigen keeper etter dytten. Strevar med ei skulder.
48'
Gult kort
Dyttar Engels over ende med strake hender. Totalt unødvendig og eit korrekt gult kort.
47'
Hjørnespark
Denswil stig til vêrs og headar utanfor. Har tidlegare gått gradene i Ajax, hollendaren.
47'
Hernandez med ei vill klarering som går til corner.
47'
Club Brugge opna oppgjeret med ein stor sjanse. Kan dei gjere det denne omgangen også?
46'
Ingen endringar på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Leicester leiar 2-0 over Club Brugge i deira debut i Champions League! Bortelaget tok ei tidleg leiing ved Albrighton, og etter ein halvtimes spel dobla Mahrez på eit utsøkt frispark. Leicester har dominert kampen og vore farleg frampå fleire gongar. Club Brugge har på si side skapt berre ein god sjanse, så om Michel Preud'homme sitt mannskap skal få poeng her bør laget kome utpå grasmatta med ei anna innstilling etter pause.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Stor sjanse for Leicester! Vardy har til tider herja med Club Brugge-forsvaret, og no kjem han seg også heilt igjennom. Butelle reddar derimot med ei flott redning og hindrar nok eit baklengsmål.
44'
Van Rhijn prøvar å tråkle med seg ballen inn i boksa, men blir stoppa.
43'
Trass i at dei leiar 2-0 er det fortsatt Leicester som prøvar å skape ting offensivt her. Club Brugge har ikkje vist noko som helst endå.
41'
Hjørnespark
Brugge klarer å rydde skikkeleg opp.
41'
Nesten for Leicester! Corneren blir klarert, men berre til Drinkwater som klemmer til på halvvolley. Butelle må fiste den over tverrleggaren. Ny corner.
40'
Hjørnespark
Michel Preud'homme ser nervøs ut i det Mahrez ruslar ut for å ta corneren.
39'
Mahrez curlar ballen like utanfor etter eit kort veggspel med Slimani. Burde hatt corner der, då ballen var innom ein Brugge-spelar før den gjekk utover sidelinja.
38'
Diaby blir forsøkt spelt fri i bakrom, men klarer ikkje ta ned ballen.
36'
Langt hald, men Drinkwater går likevel for skot. Rett på Butelle frå den tidlegare Manchester United-spelaren.
35'
Nytt frispark for Leicester.
34'
Gult kort
Også Engels får det gule kortet etter å ha kome for seint inn i ei takling. Nok ein gong er det Vardy som blir sparka ned.
33'
Leicester kontrar, men Vardy mistar ballen litt for enkelt.
32'
Michel Preud'homme har ein bra jobb med å motivere mannskapet sitt no. Laget har som kjent tapt to av dei tre siste i ligaen.
31'
Dei tilreisande supportarane frå England er sjølvsagt i god stemning no.
29'
Mål!
0-2
Mahrez er i gong igjen! Kantspelaren plasserer ballen lekkert i mål i det lengste hjørnet med venstrefoten. 0-2 og Leicester sin Champions League-debut går som ein draum!
28'
Dødball i veldig god posisjon altså. 17-18 meters hald.
28'
Gult kort
Simons feller Vardy stygt og Leicester får frispark like utanfor Brugge si boks!
27'
Izquierdo prøvar seg med ei avslutning. Høgt over mål.
27'
Slimani går tøft opp mot De Bock. Frispark imot den tidlegare Sporting-spissen.
25'
Michel Preud'homme sitt mannskap har ikkje overbevist hittil i kampen. Den svake forma frå ligaen verkar altså å halde fram.
22'
Hjørnespark
Enda med ingenting.
19'
Hjørnespark
Kaptein Morgan kjem til avslutning, men sender headinga over mål.
19'
Brugge har ballen mykje, men slit med å trengje igjennom det solide Leicester-forsvaret.
18'
I den andre kampen i denne gruppa har Porto også teke ei tidleg leiing over FC København.
16'
Vardy set fart og prøvar å dra seg inn i feltet, men blir stoppa.
13'
Endar med ingenting. Leicester prøvar å kontre, men mislukkast.
13'
Heimelaget med frispark.
9'
Leicester på farta igjen, men debutant Slimani blir avvinka for offside.
5'
Mål!
0-1
Bortelaget scorar sitt første i Champions League! Eit langt kast frå Hernandez fører til kaos i feltet og Marc Albrighton sender engelskmennene i ei tidleg føring. Rett og slett hårreisande keeperspel av Butelle som bommar totalt i det han prøvar å bokse vekk ballen. Albrighton får ein veldig enkel jobb med å putte ballen i nettet frå kort hald.
3'
Izquierdo med ein stor sjanse! Leicester misser ballen i farleg område og spissen blir spelt heilt åleine igjennom. Dessverre for heimefansen sender han skotet like på feil side av stolpen.
Avspark Start 1. omgang
Ein som derimot har bra med erfaring frå Champions League er Leicester-manager Ranieri. Han deltek for sjette gong, og utruleg nok med sin sjette ulike klubb!
Dei regjerande engelske meistrane har også skuffa i Premier League må ein seie, for to tap på dei fire første er uvant kost for laget som berre tapte tre i løpet av heile førre sesong. Oppturane var poengdeling mot Arsenal og 2-1-siger mot Swansea.
Vertane er elles i ikkje spesielt god form om dagen. I deira fire siste kampar har det blitt 1-1-2, og laget ligg heilt nede på 10. plass etter dei første seks rundene av Eerste Klasse A.
Club Brugge frå den belgiske provinsen Vest-Flandern har på si side ein del meir erfaring frå spel i Europa. Laget har kome seg til gruppespelet i Champions League-utgåva av turneringa fire gongar før. Dei siste åra har dei streva i kvalifiseringskampane, og vi må faktiske tilbake til 2005-06-sesongen for å finne sist gong dei kom seg gjennom nålauget. Den sesongen slo dei faktisk ut Vålerenga på straffespark i den avgjerande play-off-kampen. Førre sesongen var det Manchester United som blei for sterke i tilsvarande kamp då Louis van Gaal og co vann 7-1 samanlagt.
The Foxes frå East Midlands-byen Leicester har berre spelt åtte kampar i europeiske turneringar frå før, fordelt på Cupvinnarcupen i 1961-62-sesongen (rauk ut i 1. runde mot Atletico Madrid), UEFA-cupen i 1997-98 (rauk nok ein gong ut mot Atletico Madrid i 1. runde) og 2000-01 (også ut i 1. runde, denne gongen mot Raude Stjerne Beograd). No er dei altså garantert seks nye kampar, og det i den mest prestisjetunge klubbturneringa i verda!
Hei og velkomen til denne historiske kampen på Jan Breydelstadion mellom Club Brugge og Leicester. Det er duka for det engelske overraskingslaget sin debut i den gjevaste europeiske klubbturneringa!