Referat
Kun høydepunkter
Dermed er det berre å glede seg til trekninga av dei første utslagsrundene finn stad den 16. desember. Sjølve kampane må vi vente til februar for å få sjå, men ventetida skal vi nok tole når vi veit kva slags godbitar vi vil få. Takk for fylgjet, og ha ein flott kveld vidare!
Chelsea vinn fortent over Steaua Bucuresti i den siste kampen i gruppespelet, og vinn med det Gruppe E. Jose Mourinho sitt lag hadde, med unntak av nokre overgangar imot, god kontroll gjennom heile oppgjeret. Laget var derimot ineffektive, og den einaste scoringa vi fekk servert i dag var signert Demba Ba.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Det blir for øvrig lagt til minimum fire minutt her.
90+3'
Schürrle kjem seg inn i boksa og prøvar å finne ein medspelar, men Steaua får ordna opp.
90+2'
Chipciu prøvar seg frå distanse. Rett på Schwarzer.
90+1'
Steaua prøvar seg på ei kontring, og Ivanovic endar opp med å lage eit hjørnespark.
89'
For så endeleg Ba scoring nummer to, men diverre for senegalesaren blir han avvinka for offside.
87'
Nok ein bom for Ba! De Bruyne kjem seg fint fri til venstre og får lagt inn til Ba, men spissen set avslutninga utanfor.
87'
Ikkje mykje spanande å rapportere om frå Stamford Bridge no. Heimelaget trillar ball og bortelaget spring rundt og ser på.
85'
Om Chelsea ikkje rotar vekk dette heilt på tampen her, er laga dei kan møte i første utslagsrunde blant anna Bayer Leverkusen, Galatasaray og Olympiakos. Om ting skulle stå seg i dei andre gruppene kan også Napoli, Zenit og AC Milan vere aktuelle motstandarar.
78'
Dødballen frå bortelaget endar med innkast på motsett halvdel.
78'
Enda eit frispark til Steaua. Endå nærare Chelsea-målet denne gongen.
76'
Frispark til bortelaget midt på bana.
76'
Veldig laber periode i kampen no. Chelsea er sjølvsagt fornøgde med at ting er slik dei er, medan Steaua ikkje maktar å skape noko særleg.
70'
Nesten 2-0! Schürrle skapar sjansen ved å dra med seg ballen heilt inn på femters hald. Tyskaren prøvar ei slags avslutning frå skrå vinkel, men Tatarusanu får redda. Returen blir så heada over av Hazard frå fire meters hald.
68'
Steaua får lov til å yppe seg litt her, men hittil i 2. omgang har det stoppa opp så fort dei har nærma seg Chelsea sin sekstenmeter.
65'
Kapetanos prøvar å riste av Terry og kome til innlegg, men Chelsea-kapteinen gjer ein god defensiv jobb.
64'
Steaua kjem på ein overgang, men Iancu vel å gå for skot frå langt hald og Schwarzer får utspelet.
63'
Då har Schalke dobla leiinga. Det skal mykje til for at Chelsea skal rote vekk gruppeleiinga.
60'
Oscar slår eit frispark inn i bortelaget si boks. Enkelt for Tatarusanu å plukke ballen.
59'
Mykje spel på Steaua sin banehalvdel no. Chelsea er nok svært lystne på å få ei betryggande 2-0-scoring.
59'
Då har Schalke teke leiinga mot Basel. Det passar Chelsea bra ettersom tyskarane kun kan gå forbi dei på tabellen dersom Chelsea tapar sin kamp. Londonarane er altså i skrivand stund også vidare med uavgjort på Stamford Bridge i dag.
53'
Nesten 2-0! Willian slår presist inn frå høgre, og Ba presterer å setje ballen over frå seks meters hald. Der skal Chelsea ha si andre scoring for kvelden!
52'
Steaua får lagt inn i boksa. Terry får takla ballen vekk.
51'
Georgievski feller Cole, og begge blir liggjande.
50'
Og då har Ba visst blitt kreditert 1-0-scoringa likevel. Det er sikkert både det kjekkaste utfallet for både Ba og Georgievski!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Chelsea leiar fortent 1-0 over Steaua Bucuresti etter dei første 45 minutta. Heimelaget gjekk offensivt ut frå start og tok leiinga på ei scoring av Ba allereie etter 10 minutt. Etter dette har Chelsea prøvd og prøvd, men utan å få scoring nummer to. Steaua har heller ikkje vore ufarlege, og Iancu burde definitivt ha ordna 1-1 då han kom heilt åleine mot Schwarzer, men skotet enda utanfor. Jose Mourinho har alt i si hole hand no, men vi vågar likevel å håpe på fleire scoringar etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Ei skrekkeleg klarering frå bortelaget gjer at Lampard får sjansen på eit langskot. Ballen går nokre meter utanfor.
44'
Nære på at Hazard blir spelt fri med ein stikkar frå Willian. Bortelaget får blokkert forsøket.
43'
Chelsea prøvar og prøvar, men Steaua har luka vekk forsvarsrotet frå tidlegare i kampen og får ordna opp.
38'
Det står framleis 0-0 mellom Schalke og Basel, men no har sveitserane fått midtstoppar Ivan Ivanov utvist.
36'
Kapetanos prøvar seg frå distanse. Nokre meter utanfor buret til Schwarzer.
35'
Ba stussar fri Hazard som får avslutta, men førstnemnde blir avvinka for offside.
35'
Chelsea rullar bra opp, men chippen frå Ivanovic inn i boksa blir rydda unna.
34'
Det luggar litt meir for heimelaget no.
32'
Steaua kjem på nok ein bra overgang. Rumenarane kjem i høgt tempo og viser seg som treffsikre på pasningane. Diverre for dei blir avslutninga blokkert.
29'
Chelsea har hatt over 70 % ballinnehav hittil. Framleis har det berre resultert i ei scoring.
27'
Nesten for heimelaget! Hazard slår inn frå venstre, og keeper Tatarusanu må gjere ei god refleksredning på headinga frå Ivanovic.
26'
Etter massivt Chelsea-press i starten av oppgjeret har ting no roa seg ned.
24'
Steaua Bucuresti-spelar Daniel Georgievski har for øvrig blitt kredidert for 1-0-målet. Dermed får ikkje Demba Ba seg ei etterlengta nettkjenning.
22'
Latovlevici går for skot på frisparket. Blir blokkert.
20'
Lampard med ei småstygg takling på Szukala. Veteranen er heldig som slepp å få sjå det gule kortet.
19'
Nære på for bortelaget igjen. Cole blir teke fullstendig på senga og Georgievski kjem seg heilt inn i boksa med ballen. Innlegget frå backen blir dermed for svakt, og Schwarzer kan lett plukke.
17'
Ballen dett ned hjå ein udekka Ivanovic i boksa, men serbaren får ikkje klem på kula.
17'
Frispark til dei blå i fin innleggsposisjon.
13'
Vanvittig nære 1-1! Steaua kontrar flott, og Iancu kjem heilt åleine mot Schwarzer. Chelsea sin keeper kjem kjapt ut, og stressar med det Iancu til å avslutte ein meter utanfor. Slike sjansar MÅ i mål om Steaua skal få med seg eit hederleg resultat frå London.
12'
Rumenarane har vore under eit stort press i starten her, og det var eigentleg berre eit tidsspørsmål fekk Chelsea fekk kula i nettet. Om dette held seg endar The Blues som vinnarar av Gruppe E.
10'
Luiz headar ei langpasning inn i boksa. Steaua får gitt til ein ny corner.
8'
Det er ikkje mykje Steaua får låne ballen innleiingsvis.
5'
Tydeleg at Chelsea ikkje har tenkt å overlate ting til tilfeldigheitene i dag. Jose Mourinho sitt mannskap har gått offensivt til verks frå starten av.
4'
Chelsea prøvar seg igjen! Willian trillar til Oscar som prøvar seg frå 18-19 meter. Ballen skrur unna målet.
1'
Då er vi i gong på Stamford Bridge!
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er italienske Gianluci Rocchi.
Chelsea og Steaua Bucuresti har møttest tre gongar dei to siste sesongane. Førre sesong spelde dei mot kvarandre i Europa League, og londonarane avanserte med 3-1 heime og 0-1-tap borte. Møtet mellom laga tidlegare i denne Champions League-sesongen enda med ein imponerande 4-0-siger til dei blåkledde. Ramires (2), Lampard og eit sjølvmål var det som velta kampen i Chelsea sitt favør.
Steaua-trenar Reghecampf må på si side unnvere to viktige mann i dag. Alexandru Bourceanu er suspendert, medan Lucian Filip er ute med skade.
Med unntak av Samuel Eto'o har ikkje Jose Mourinho hatt altfor mykje skadetrøbbel å bryne seg på før denne matchen. Mest verd å merke seg, i tillegg til nemnde Schwarzer, er at Ashley Cole og David Luiz er tilbake i førsteellevaren etter lang tid vekke frå den. The Special One har likevel ein backup i tilfelle noko skulle gå gale i dag. På benken finn vi nemleg namn som Ramires, Mata, Torres og Schürrle.
Chelsea er på si side variable i den heimlege ligaen, der dei er på 3. plass, fem poeng bak Arsenal. Forma er også variabel, noko 3-1-2 på dei seks siste i alle turneringar tilseier. Førre kamp enda med eit svakt 3-2-tap mot Stoke. Sist dei spelde europacupfotball imponerte dei heller ikkje, men til trass for 1-0-tapet mot Basel klarde dei å sikre seg avansement i turneringa ettersom Schalke spelde uavgjort mot Steaua.
Steaua Bucuresti, som blir leia av Laurentiu Reghecampf, har gjort det betre i sin heimlege liga denne sesongen enn kva tilfellet er i den europeiske cupen. Etter 14 spelde runder ligg dei på tredjeplass, seks poeng bak leiarlaget Astra Giurgiu. Men ettersom Ros-Albastrii har to kampar til gode har dei ein reell sjanse til å ta tilbake tetplassen. Statistikken over kampane dei har spelt hittil i Champions League er 0-3-2. Dei har likevel vore eit vrient lag å slå, og dei står faktisk med tre strake kampar i Europa utan tap.
Då er laga ute, og som vi ser vel Jose Mourinho å kvile fleire av sine faste spelarar. Mark Schwarzer har fått tillit som bakerste mann, og dermed gjer den 41 år gamle keeperen sin Champions League-debut i dag. Han må likevel vente nokre år på å ta rekorden som den eldste som har spelt nokon gong i denne utgåva av turneringa. Det er nemleg tidlegare Lazio-spelar Marco Ballotta som tronar øvst på den lista. I 2007 spelde den italienske målvakta kamp i ein alder av 43 år og 252 dagar!
Ettersom Schalke 04 og Basel møter kvarandre i den andre kampen i denne gruppa, er Chelsea allereie vidare med sine ni poeng. Basel har åtte og Schalke 7, medan Steaua allereie har fått jumboplassen med sine fattige tre poeng. Gruppesigeren er dermed ikkje sikra endå for laget til Jose Mourinho, og med tanke på at dei laga som allereie er gruppevinnarar heiter Real Madrid, Paris Saint-Germain og Bayern München er det nok ein fordel å unngå å møte desse. (Manchester United representerer som kjent same nasjon som Chelsea og slike lag kan ikkje møtast før kvartfinalene.)
Hei og velkomen til livedekning av den siste runda i Champions League Gruppe E. Det er duka for Chelsea mot Steaua Bucuresti!