Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Ha ein fin kveld vidare!
Som gruppevinnar skal Chelsea som kjent møte eit av laga som enda på 2. plass i si gruppe. Juventus, Basel, Bayer Leverkusen, Paris Saint-Germain og Shakhtar Donetsk er dei laga dei blå frå London kan møte.
Chelsea vinn komfortabelt 3-1 mot Sporting Lisboa og sender med det portugisarane ut av Champions League. Sporting måtte ha uavgjort for å vere sikra å ta seg vidare, og når Schalke i tillegg slo Maribor var det over og ut for denne gong. Bortelaget viste ein del bra i oppgjeret i kveld, men til slutt blei det nokre hakk for små for Jose Mourinho sitt mannskap. Fabregas, Schürrle og Mikel (!) scora for Chelsea, medan J. Silva gjorde det same for Sporting.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Loftus-Cheek i aksjon igjen. Han set ballen i nettveggen, men blir samtidig korrekt avvinka for offside. Har vist mykje bra dei få minutta han har vore i aksjon.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her. Sporting må berre håpe på eit Maribor-mål i Slovenia for å ta seg vidare til utslagsrundene i CL.
89'
J. Silva prøvar seg med eit skot. Cech får redda til corner.
88'
Carrillo rudlurar Chelsea-forsvaret for n-te gong i dag og sender ballen til A. Silva. Sistnemnde prøvar ei avslutning, men Cahill får blokkert.
86'
Loftus-Cheek finn Remy inne i boksa, men franskmannen sitt skot blir blokkert.
85'
The Blues trillar ball no.
84'
Schalke leiar framleis 1-0 mot Maribor. Sporting sitt einaste håp er nok ei utlikning i den kampen.
81'
Ti minutt pluss tilleggstid att for Sporting å kome tilbake på her. Dei treng som kjent uavgjort for å sikre vidare avansement i turneringa.
80'
Adrien Silva prøvar seg frå distanse, men skotet går langt utanfor.
78'
Domar Moen har fått problem med utstyret sitt, men kollega Edvartsen er hjelpsam og får sakene på plass igjen.
76'
Ikkje noko innhopp for ungguten Ruben Loftus-Cheek på Chelsea endå altså. Men dei blå har framleis eit byte til gode.
69'
Laber periode i kampen no. Mykje av lufta gjekk ut av Sporting då Chelsea auka leiinga.
69'
John Obi Mikel har fått seg ein kraftig smell og blir liggande. Det blir nok liv i guten igjen når han kjem på at han har scora eit av sine sjeldne mål i dag!
65'
Frispark for Sporting. J. Silva slår det hardt og lavt inn i feltet, og utruleg nok går det forbi alle på femmeteren. Ein fot på den så hadde det sannsynlegvis blitt mål.
65'
Det ser stygt ut for portugisarane no. Å ta igjen Chelsea si tomålsleiinga skal bli ei tøff oppgåve, men med ein halvtime att å spele har dei i alle fall tid nok til å klare det.
63'
Og no har Schalke teke leiinga mot Maribor! Sporting er i augneblinken ute av Champions League.
62'
God sjanse for Sporting! Slimani får avslutta med hovudet inne i boksa, men Cech er kjapt nede og får fanga kula.
60'
Costa kjem seg inn i boksa med ballen, men Patricio kjem kjapt ut og Chelsea-spissen får ikkje rom til å avslutte i.
59'
Frisparket frå Costa endar etter kvart med at Matic avsluttar over mål.
56'
Frispark til heimelaget.
56'
Framleis 0-0 i Maribor-Schalke, men bortelaget sin spiss Klaas Jan Huntelaar har akkurat hatt ei avslutning i metallet.
54'
For øvrig ikkje ufortent at Sporting fekk seg eit mål. Dei har hatt mykje av initiativet i kampen, anført av ein sprudlande Andre Carrillo.
52'
Godt forsøk for Chelsea! Salah får avslutta, men Patricio får redda til corner.
48'
Andre Schürrle prøvar seg, men skotet går ein meter utanfor buret til Rui Patricio.
48'
Frispark til heimelaget i fin posisjon. Nøyaktig 27 meters hald.
48'
No er vi i gong med dei siste 45 minutta av Chelsea og Sporting sitt opphald i Gruppe G. Når den tid er over veit vi også om Sporting blir med Chelsea vidare i turneringa.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Chelsea leiar fortent 2-0 over Sporting etter ein sjåverdig omgang. Fabregas ordna 1-0 på eit straffespark i det 8. minutt, medan Schürrle dobla leiinga i det 16. Sporting har riktig nok hatt kula ein del, men det utan å kome til gode sjansar. Så lenge det står 0-0 mellom Maribor og Schalke er dei også vidare.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
43'
Carrillo set på ekspressfarta og durar forbi Luis på venstrebacken. Innlegget hans blir derimot rydda greitt unna.
41'
Portugisarane har framleis ballen eindel, men slit med å spele seg igjennom eit kompakt Chelsea-forsvar.
41'
Diego Costa har lyst på eit Champions League-mål og prøvar å få med seg ballen inn i Sporting sin sekstenmeter. Den spanske brasilianaren kjem seg derimot ikkje til avslutning.
40'
Slimani dreg seg inn i boksa med ballen, men pasninga hans ut igjen i feltet mislukkast.
39'
Costa får avslutta inne i Sporting si boks, men Oliveira får blokkert.
38'
Sporting vil ha straffe i det Slimani går i bakken inne i Chelsea si boks. Moen vinkar derimot spelet vidare. Capel får samtidig to avslutningsforsøk, men ingen av dei når fram til mål. Det beste bortelaget har fått til så langt.
36'
Bortelaget med fire-fem mann inne i boksa, men i staden for å slå inn prøvar Silva eit skot som går bak mål.
35'
Sportinguistas avanserer bra inn på Chelsea sin halvdel, men så fort dei nærmar seg sekstenmeterstreken stoppar det heile opp.
33'
Det er framleis 0-0 mellom Maribor og Schalke i Slovenia. I fylgje rapportane har tyskarane hatt mykje av spelet, medan slovenarane har hatt dei beste sjansane. Så lenge ikkje Schalke vinn der er altså Sporting vidare i gruppa.
29'
God sjanse for Chelsea! Salah får lagt femogførti grader ut i Sporting si boks, og ballen går gjennom heile feltet før Matic får avslutta med venstrefoten akkurat på sekstenmeterstreken. Skotet går like over mål.
28'
Andre Schürrle avsluttar endå ein gong. Via ein motspelar og til corner.
26'
Sporting Lisboa prøvar i alle fall å få til noko offensivt her. Hittil har det stoppa opp på den siste tredjedelen av bana.
23'
Nesten 3-0! Schürrle har defintivt vist seg mest fram av spelarane i blått hittil, og er nære på å setje inn sitt andre for dagen. Han avsluttar på halvvolley inne i boksa, og kula sprett i bakken før Patricio får dytta den unna.
23'
Schürrle stormar i angrep og speler til Salah inne i boksa. Egyptaren har fleire Sporting-spelarar på seg og får ikkje avslutta skikkeleg.
21'
Slimani får avslutta med ei heading. Utanfor buret til Cech, som har kontroll.
21'
Nok eit brukbart angrep av Sporting. Dei kjem til innlegg inne i boksa, men får ikkje avslutta.
19'
Dette skal bli tøft for Sporting. No må dei nesten berre håpe på at Schalke ikkje vinn borte mot Maribor.
15'
Brukbar opprulling av bortelaget, men ei svak pasning av Capel øydelegg det heile.
13'
Carrillo får avslutta med hovudet, men innlegget i forkant er for laust og for langt unna mål til at det blir noko farleg.
12'
Dette var for øvrig Chelsea si fjerde straffesparkscoring hittil i turneringa. Det er mest av alle lag.
11'
Salah prøvar å finne vingkollega Schürrle inne i boksa. Ballen fyk forbi tyskaren.
7'
Veldig roleg opning på kampen. Forhåpentlegvis får vi sjå eit Chelsea-lag som slepp seg litt lause i dag. Det bør i alle fall vere nok av spelarar i blått som ynskjer å vise seg skikkeleg fram for Jose Mourinho.
6'
For Sporting er det eit stort tap at Manchester United-innleigde Nani er ute med skade. Han er i meget god form om dagen, og har også scora fire mål på fem kampar i CL.
4'
Nemanja Matic er for øvrig den mestscorande i Champions Leageue denne sesongen av dei spelarane som startar i dag. Diego Costa ventar utruleg nok framleis på sitt første Chelsea-mål i denne turneringa, sjølv om dette er den femte kampen han er involvert i.
1'
Sporting Lisboa, som stiller i heilgult i dag, sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Målvaktene Petr Cech og Rui Patricio er kapteinar for sine respektive lag i dag.
Møtet mellom laga i september var faktisk det første nokon sinne. I Lisboa enda det 1-0 til Chelsea etter mål av Nemanja Matic. Totalt har Chelsea 8-1-1 mot portugisisk motstand i Europa, medan Sporting har 10-3-7. Borteforma til Sportinguistas er derimot svak i dei europeiske turneringane, for på dei 17 siste forsøka har dei berre ein fattig siger!
Kveldens kamp har eit ekstra artig moment for oss nordmenn. Mannen som skal leie det heile er nemleg Svein Oddvar Moen. Han har med seg Kim Thomas Haglund, Frank Andås, Sven Erik Midthjell, Ken Henry Johnsen og Svein-Erik Edvartsen.
Marco Silva sa på si side at dei kjem til å gå for alle tre poenga i dag, sjølv om dei eigentleg berre treng det eine. Han snakka også om dei svake resultata portugisiske lag har hatt på Stamford Bridge.
Ruben Loftus-Cheek er det mest interessante innslaget på Chelsea sin innbytarbenk i dag. Han er ein 18 år gamal engelsk spiss som er eit fast innslag på England sine aldersbestemte lag. Han blei faktisk nemn av Mourinho i pressekonferansen før kampen, så det er meget godt mogleg at han får sin debut i London i dag.
Heller ikkje Sporting stiller med sitt beste mannskap, men det skuldast derimot skader og suspensjonar. Cedric, Jefferson og Nani er blant dei som er utilgjengelege.
Sjølv om The Blues stiller med eit sterkt lag, så er det fleire av spelarane som startar i dag som vanlegvis må finne seg i ein plass på benken. Peter Cech vaktar buret, noko som betyr at han har stått halvparten av Champions League-kampane denne sesongen. Elles har Kurt Zouma funne seg ein plass i midtforsvaret, medan Mohamed Salah har fått seg ein plass på den eine vingen. Når ein ikkje får sleppe til så mykje i den heimlege ligaen er det ei bra erstating å få bidra i den gjevaste klubbturneringa i Europa!
Jose Mourinho sitt Chelsea er allereie gruppevinnarar med 11 poeng etter 3-2-0, samt 14-2 i målskilnad hittil. Sporting Lisboa innehar den viktige andreplassen i gruppa før kveldens kampar blir sparka i gong, men Schalke lurar på plassen bak med to poeng mindre. Mannskapet til Marco Silva er garantert ein plass i sluttspelet med uavgjort på Stamford Bridge i dag. Men om Schalke ikkje skulle vinne borte mot Maribor er portugisarane sjølvsagt vidare med tap i London i dag også.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Chelsea og Sporting Lisboa!