Referat
Kun høydepunkter
Chelsea vinn fullt fortent 3-0 over Schalke på Stamford Bridge, og London-laget gjer med det skikkeleg krav på førsteplassen i gruppa. Tyskerane yppa seg i opningsminutta i dag, men til trass for nokre gode sjansar fekk dei ikkje scoring. Chelsea tok så meir over, men det måtte ei gedigen tabbe frå Schalke-keeper Hildebrand til for at dei skulle opne målkontoen. I 2. omgang gjorde Chelsea stort sett slik dei ville, og Eto'o gjorde seg til tomålsscorar før Ba sluttførte resultatet til 3-0. Takk for fylgjet, og ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+3'
Og då har Basel faktisk utlikna mot Steaua Bucuresti i det andre oppgjeret i gruppa. Om 1-1 står seg der vil sveitsarane berre vere eitt poeng bak Schalke før dei to laga skal møte kvarandre i Gelsenkirchen i neste runde.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt denne omgangen.
88'
Jones og Ramires skallar i kvarandre og begge blir liggjande. Det såg ikkje noko særleg godt ut!
87'
Demba Ba har med det scora sitt første mål i Champions League nokon sinne. Det tok litt tid, men no har visst samtlege Chelsea-spissar funne forma!
82'
Brukbar sjanse for The Blues. Ramires spelar fri Ba til venstre, men innbyttaren klarer ikkje å få nok kraft i avslutninga og skotet går rett på Hildebrand.
74'
Schalke visar fram flott kombinasjonsspel, men det heile stoppar opp når Neustädter sender kula rett til ein Chelsea-spelar.
71'
Ikkje altfor mykje som skjer på Stamford Bridge no. Chelsea er fornøgde med resultatet, medan Schalke ikkje klarer å skape noko særleg.
70'
Oscar chippar ballen over Hildebrand og i mål, men blir korrekt avvinka for offside.
65'
Schalke prøvar å stå litt høgare i bana, men Chelsea held bra på kula og er strukturerte bakover.
59'
Bra sjanse for Chelsea igjen! Willian viser nok ein gong kreativiteten sin og speler fri Schürrle. Den tidlegare Mainz- og Bayer Leverkusen-spelaren avsluttar hardt, men Hildebrand vartar opp med ei bra redning.
57'
Korleis skal Schalke klare å svare på dette?
56'
Ramires prøvar å drible seg igjennom Schalke sitt forsvar, men blir effektiv stoppa med ei takling.
52'
Nesten for bortelaget! Draxler får ballen i litt skrå posisjon og prøvar eit skot i det lengste hjørnet. Cech gjer ei meget kvalifisert redning og hindrar utlikning. Corner.
49'
Vi har ikkje sett altfor mykje til Schalke sitt 20-årige talent hittil, men med mange på skadelista frå før er ikkje endå ein mann ute noko trenar Jens Keller treng.
48'
Julian Draxler har fått seg ein smell og må få medisinsk asssistanse.
46'
Chelsea opnar dei siste 45 ved å halde på ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Nokre sekunds sløvheit frå Schalke-keeper Timo Hildebrand var nok til å sende Chelsea i føringa i denne omgangen. Hildebrand hadde tilsynelatande ein enkel jobb med å klarere ein ball, men endte i staden med å skyte den rett i ein jagande Et'o, før den trilla i det tome buret. Bortsett frå dette har Chelsea, med unntak av eit godt Schürrle-frispark, ikkje skapt mykje. Schalke opna på si side kampen veldig bra og skapte fleire gode sjansar i starten, men etter det har dei hatt meir enn nok med å forsvare seg. Vi vonar vi får sjå ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45'
Schalke prøvar å drage i gong angrep her, men Chelsea har hatt god kontroll defensivt heilt sidan tyskerane sine gode opningsminutt.
41'
Frispark til heimelaget i fin innleggsposisjon. Willian slår inn, men Hildreband fangar ballen utan altfor mykje motstand.
39'
Eto'o får avslutta på halvspretten. Rett på Hildebrand som har god kontroll.
39'
Valdsam roping frå heimefansen kvar gong Hildebrand har ballen i beina. Vi får håpe han har lært av feilen sin.
38'
Steaua Bucuresti leiar noko overraskande 1-0 borte mot Basel i den andre kampen i denne gruppa. Om desse resultata held seg vil det bli ei meget spanande avslutning på Gruppe E!
36'
Schalke yppar seg litt i motsett ende. Fuchs får to forsøk, men det første blir blokkert og det andre går rett i klypene til Cech.
35'
Så grove feil er det ikkje ofte ein ser i Champions League. Hildreband sin prestasjon høyrer meir heime i sunnmørsk 6. divisjon!
30'
Szalai prøvar å vende opp med ballen i mellomrommet, men får ikkje kontroll. Der kom Schalke med fleire spelarar, så det kunne ha blitt farleg.
28'
Ivanovic kjem seg nok ein gong fri bak Schalke sitt forsvar, men heller ikkje denne gongen når pasninga hans fram til ein medspelar.
27'
Mange feilpasningar frå begge lag innleiingsvis.
26'
Szalai med ein olboge i hovudet på Terry. Upent av ungararen.
25'
Chelsea trillar og trillar, men Schalke ligg kompakte bakover og er flinke til å nekte dei rom.
22'
Schürrle prøvar seg endå ein gong. Tyskaren skjer innover og prøvar å vri ballen inn i det lengste hjørnet. Nokre meter utanfor.
20'
Nære på for heimelaget! Schürrle prøvar å lime ballen i krysset, men Hildebrand vartar opp med ei kjemperedning. Corner.
20'
Frispark til Chelsea.
17'
Etter ei pangopning av bortelaget er det no Chelsea som styrer spelet her.
16'
Willian dreg i gong ei kontring og trillar til Eto'o. Kamerunaren går for skot, men Schalke får stoppa det forsøket greitt.
14'
Oscar prøvar ei avslutning, men Jones får blokkert forsøket.
13'
Liten tvil om at det er bortelaget Schalke som har kome best i gong på Stamford Bridge. Dei har stressa Chelsea valdsamt og rulla opp fleire gode angrep allereie.
10'
Fuchs prøvar seg frå skrått hald. Utanfor Cech sin lengste stolpe.
6'
Tyskerane prøvar seg igjen! Denne gongen er det Draxler som står bak angrepet, og Szalai avsluttar like utanfor. Angrepet er tilnærma likt det første.
5'
Bra sjanse for Schalke! Bortelaget rullar bra opp og Uchida slår flatt inn til Draxler som plasserer ballen like til side for Cech sin høgre stolpe. Den tsjekkiske keeperen stod limt fast i graset der, så den avslutninga hadde han aldri teke.
4'
Ivanovic kjem seg inn i boksa og legg femogførti grader ut. Der står ingen andre i blått.
3'
Det blir spanande å sjå om Schalke klarer å oppretthalde den gode bortestatistikken dei har opparbeidd den siste tida. På dei sju siste på framandt gras i alle turneringar har dei nemleg seks sigrar og ein uavgjort!
Avspark Start 1. omgang
Moen opnar domargjerninga med ein munter samtale om myntkastet med dei to kapteinane, Terry og Howedes. Så får vi håpe at tonen blir like fin også gjennom sjølve kampen, for Chelsea-fansen har for vane å ikkje gløyme kontroversielle, norske domarar.
Då har Champions League-hymna akkurat runga over Stamford Bridge, og vi er få minutt unna avspark.
No kjem laga ut på bana!
Eit artig moment for oss nordmenn er dagens domarteam. Svein Oddvar Moen er hovuddomar, medan Kim Thomas Haglund og Frank Andås tek kvar si linje. Leif Erik Opland er fjerdedomar. Svein-Erik Edvartsen og Ola Hobber Nilsen er også ein del av teamet.
Forutan Torres må Chelsea klare seg utan Bertrand i dag. Schalke 04 må på si side unnvere sterke namn som Papadopoulos, Farfán, Obasi, Höger og Huntelaar.
Dagens to motstandarar møttest også i gruppespelet i 2007/2008. Den gongen vann Chelsea 2-0 i London etter mål av Drogba og Malouda, medan det enda 0-0 i Gelsenkirchen.
Chelsea, som blei Champions League-vinnarar så seint som i 2012, har nok ingen planar om å gjere som førre sesong, då dei rauk ut allereie i gruppespelet. Med tre poeng i London i dag kan dei ta eit langt steg mot avansement. Schalke har på si side ikkje altfor mykje å vise til i europeisk samanheng. Forutan to sigrar i Intertoto Cup (2003, 2004) er det Europa League-trofeet frå 1997 som ragar høgast. I Champions League har dei delteke seks gongar, og lengst kom dei i 2010/2011, då dei kom heilt til semifinalene. Der blei derimot Manchester United for sterke, og Sir Alex Ferguson sitt mannskap vann til slutt 6-1 samanlagt.
Det er dei to topplaga i Gruppe E som møtest på Stamford Bridge i dag. Både Chelsea og Schalke har seks poeng etter 2-0-1 hittil. To poeng bak dei finn vi Basel, medan Steaua Bucuresti vil ryke ut allereie i kveld med tap borte mot sveitsarane. Chelsea og Schalke møttest som kjend for 14 dagar sidan, og med tanke på resultatet i den kampen bør tyskerane vere svært revansjelystne i dag. Mourinho sine spesielle slo nemleg til med ein solid 3-0-siger på Veltins-Arena. Torres (2) og Hazard stod for scoringane.
Då er begge laga ute, og som vi ser har både Jose Mourinho og Jens Keller gjort endringar sidan førre kamp dei spelde. Chelsea stillar utan Cole, Lampard, Mata, Hazard og Torres som alle figurerte i 2-0-tapet mot Newcastle. Torres er ute med skade, Hazard er ikkje i troppa, medan dei resterande befinn seg på benken. Schalke har berre ei endring sidan 2-0-sigeren over Hertha Berlin. Max Meyer har gått ut til fordel for Jermaine Jones.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Chelsea og Schalke 04!