TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Avslutningar: 21-1. På mål: 9-0.
Chelsea knuser Everton 5-0 etter festfotball! Det var rett og slett divisjonsforskjell på laga i dag, og bortelaget var aldri nær poenga etter at vertane sette i gong scoringsshowet. Hazard (2), Costa, Pedro og Alonso stod for scoringane. Laget til Antonio Conte har dermed teke over tabelltoppen, og om dei held fram med slik fotballkunst resten av sesongen er det ikkje tvil om kven som vil løfte den gjeve pokalen i mai. Chelsea ser rett og slett ustoppelege ut.
Kamp slutt Slutt (5-0)
90+2'
Diego Costa blir spelt fri bak Everton-forsvaret, men blir avvinka for ein korrekt offside.
90+1'
Costa vrir til Moses som tek med seg ballen inn i feltet og avsluttar. Stekelenburg rekk å kome ned og avverge. Målvakta gir ein farleg retur, men ingen i blått er altfor hissige på den.
88'
John Terry kjem for øvrig inn til sin femte ligakamp for sesongen. Veteranen spelte dei fire første rundene, men har vore utan laget sidan det.
84'
Spillerbytte
84'
Ein frustrert Mirallas legg Moses i bakken. Det opnar opp for endå eit byte.
81'
Hjørnespark
Blir teke kort.
81'
Hjørnespark
Endar etter kvart med ein ny corner.
80'
Spillerbytte
80'
Nære på igjen for heimelaget! Costa blir spelt åleine igjennom, men trøblar litt med medtaket slik at Williams rekk å kome tilbake og blokkere det påfølgjande skotet.
79'
Costa plukkar opp ballen inne i Everton sin sekstenmeter og prøvar eit kjapt skot. Blir blokkert.
77'
Chelsea trillar ball og gjer som dei vil. Everton-spelarane ventar berre på å få kome seg i dusjen.
71'
Spillerbytte
71'
Hjørnespark
Mirallas møter ved første stolpe og stussar ballen like over mål. Det er faktisk Everton sin beste sjanse i kampen, det!
69'
Everton vinn kula og prøver å setje fart framover, men kjem seg berre så vidt over midtstreken før Chelsea vinn den tilbake.
66'
Spillerbytte
65'
Mål!
5-0
Everton blir totalt audmjuka her! Costa startar angrepet ved å rive seg laus frå oppassaren sin og storme mot mål. Han viser seg derimot som ein skikkeleg lagspelar og slepper ballen til Hazard. Belgiaren avsluttar frå skrå vinkel, men Stekelenburg får avverga. Returen går derimot rett ut i feltet der Pedro får ein veldig enkel jobb med å putte ballen i det tome målet. 5-0!
64'
Gult kort
Kjem altfor seint inn i ei takling og får sitt femte gule kort for sesongen.
63'
Nesten 5-0! Chelsea-spelarane gjer som dei vil og snurrar rundt med dei gulkledde. Alonso chippar ballen ut til Costa som avsluttar på volley. Stekelenburg reddar derimot flott.
62'
Eden Hazard har verkeleg funne tilbake til storforma frå tidlegare sesongar. Har no fem scoringar på dei fire siste kampane, og sju totalt. I 2013/14 og 2014/15 scora han 14. Held han fram som han har starta passerer han det talet om ikkje lang tid.
60'
Spillerbytte
56'
Mål!
4-0
Det er så vakkert! Hazard speler ein liten vegg med Pedro ute ved dødlinja og skjer innover mot mål. Han overrumplar Stekelenburg totalt med ei smart avslutning i det næraste hjørnet. 4-0, og det byrjar å bli veldig stygge siffer for Everton.
54'
Moses skjer innover og avsluttar med venstrefoten, men skotforsøket blir blokkert.
53'
Costa blir flott spelt fri bak Everton sitt forsvar, men Stekelenburg kjem ut og får rydda opp. Godt keeperspel av veteranen.
52'
Panisk i Everton-forsvaret når Chelsea kjem. Jagielka får skitakla ballen unna eigen sekstenmeter.
48'
Hjørnespark
Costa stangar unna ved første stolpe. Chelsea får kontroll på ballen.
47'
Lukaku får ein fin stikkar, men dessverre for bortelaget får belgiaren ballen i hælen og misser dermed kontrollen over den.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Chelsea leiar 3-0 over Everton etter å ha køyrt over Liverpool-laget denne første omgangen. Hazard og Alonso scora 1-0 og 2-0 med eit knapt minutts mellomrom, og nokre minutt før kvilen kom også Costa på scoringsstatistikken med eit hardt skot etter eit hjørnespark. Om ikkje Ronald Koeman klarer å få skikk på laget sitt kan dette bli endå styggare for Everton. Vi gler oss uansett til 2. omgang, og vi håpar absolutt det kjem fleire scoringar!
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+2'
Stor sjanse for Chelsea! Pedro speler fri Costa som elegant dreg seg forbi Jagielka og stormar mot mål. Spissen blir derimot såpass forstyrra at han ikkje klarer å få avslutta på mål. Chelsea herjar her!
45+1'
Hjørnespark
Jagielka får klarert.
45+1'
Pedro snurrar rundt med Everton-forsvaret og avsluttar. Via ein motspelar og til ein ny corner.
45'
Bolasie får lagt inn, men Chelsea får rydda opp.
42'
Mål!
3-0
Så fekk han scoringa si! Hjørnesparket frå Hazard blir flikka vidare av Matic til Costa som klinkar til på direkten. Ballen fyk forbi Stekelenburg som heller ikkje denne gongen rekk å reagere kjapt nok. Han kan likevel ikkje lastast for dette målet. 3-0!
42'
Hjørnespark
42'
Hazard med eit farleg innlegg som går forbi alle inne i feltet.
41'
Oppgjeret har roa seg no. Chelsea har god kontroll, og kan berre liggje og vente på at sjansane skal by seg ettersom det er Everton som må fram i bana på jakt etter scoringar.
36'
Spillerbytte
36'
Moses slår inn frå høgre og treff Costa. Spissen må derimot litt bak og hente og headinga går ufarleg utanfor.
35'
Skummelt Chelsea-frispark. Så vidt at bortelaget får klarert.
34'
Stolpeskot! Alonson slår diagonalt inn i feltet der Moses kjem stormande. Den 25 år gamle nigerianaren klemmer til på direkten, men ballen går i metallet og ut.
33'
Svært nære at Hazard klarer å snappe eit slapt tilbakespel til Stekelenburg. Ikkje bra det som har skjedd bakerst i Everton-forsvaret hittil i kampen.
32'
Det ser faktisk ut til at Ronald Koeman skal gjere eit byte allereie.
30'
Gult kort
Jagielka får det gule kortet etter å ha kjefta på domaren.
29'
Diego Costa ropar på domar Madley og vil ha hands på ein Everton-spelar. Nok ein gong blir spissen sine bønner oversett.
26'
Godt slått, men forbi alle i feltet. Det blir uansett avvinka for offside. Litt for raske inne i feltet der, bortelaget.
25'
Cleverley med frispark for gjestane. Farleg innleggsposisjon.
25'
Nokre hektiske minutt der! Kan Everton klare å kome seg tilbake her?
20'
Mål!
2-0
No renn scoringane inn her! Det er fullstendig kaos i Everton-forsvaret og Chelsea speler seg lett igjennom. Pedro får ballen til høgre og slår den flatt inn foran mål. Pasninga går derimot bak Costa inne i feltet, men Alonso kjem stormande til og avsluttar mellom beina på Stekelenburg og i mål. Heller ikkje patent keeperspel av den nederlandske veteranen i den situasjonen.
19'
Mål!
1-0
Chelsea går i føringa på Stamford Bridge! Everton misser ballen midt på bana og heimelaget kontrar ved Costa. Han slår ei nokså svak pasning mot Hazard, men belgiaren vender like godt innover i bana og bankar ballen inn i det lengste hjørnet. Ikkje patent keeperspel av Stekelenburg der, sjølv om han ikkje har fri sikt.
17'
Everton ligg kompakt og har stått greitt i mot det første kvarteret her. Ingen sjansar å rapportere om endå.
16'
Pedro slår dødballen forbi alt og alle.
16'
Frispark i småskummel posisjon for London-laget.
15'
Gult kort
Bolasie er på farta igjen og trakkar ein Chelsea-spelar på foten. Soleklart gult kort.
14'
Bolasie riv Azpilicueta over ende, men sistnemnde må nøye seg med eit frispark. Bør vel vere eit gult kort i den situasjonen også. Domar Madley har lagt lista svært høgt i dag!
12'
Alonso prøvar eit skot, men bommar totalt. Chelsea beheld likevel ballen.
11'
Costa er i alle fall i sving igjen. Litt reservert, rett nok.
10'
Hazard slår inn frå venstre. Jagielka stangar unna.
10'
Chelsea-spissen må rusle av bana med merke etter Coleman sine knottar på leggen. Forhåpentlegvis klarer han å kome innpå att. Grov miss av domar Madley som med vilje overser den situasjonen.
9'
Og så blir Costa liggjande etter ei valdsam takling av Coleman. Går veldig farleg inn der backen, men får ikkje ein gong frispark i mot. Minst gult kort på Everton-spelaren, det!
8'
Diego Costa har verkeleg blomstra opp under Antonio Conte, og så langt står den småkontroversielle spissen med åtte ligamål. Det er berre fire færre enn han hadde heile 2015-2016.
5'
Alonso med innlegg frå venstre. Stekelenburg sit og ventar på ballen. Lite med løp inne i boksa.
3'
Det blir sjølvsagt ekstra spanande å fylgje Romelu Lukaku i kveld. Han har som alle veit ei fortid i Chelsea, og han fekk vel eigentleg aldri skikkeleg sjansen til å lukkast på Stamford Bridge sjølv om han gjorde ting bra i låneopphalda i West Bromwich og Everton.
1'
Robert Madley er kveldens domar i London.
1'
Gjestane frå Beatles-byen set i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Conte manglar blant anna Fabregas og Zouma til denne kampen, medan Koeman må unnvere Baines, Kone, Gueye og McCarthy. På den positive sida kan vi nemne at hollendaren har fått tilbake førstekeeper Stekelenburg.
Ronald Koeman sitt lag er derimot inne i ei veldig svak periode med 1-2-3 på dei seks siste. Det skal derimot leggjast til at laget i det siste har klart 1-1 mot Manchester City på Etihad, og i tillegg vann dei førre ligakamp med 2-0 mot West Ham.
Om ein ser vekk i frå ligacuptapet mot West Ham i slutten av oktober har Antonio Conte sitt mannskap vore svært solide i det siste. Etter det grusomme 0-3-tapet for Arsenal har dei nemleg vunne fire strake ligakampar, og det med målskilnaden 11-0.
Dagens motstandarlag Everton har derimot vist gode takter hittil i Premier League 2015-2016, og skulle dei klare å vinne i dag vil dei leggje seg heilt oppi ryggen på London-laget. Everton har også gjort det bra mot Chelsea i det siste og har vunne to av dei tre seinaste oppgjera. Tilsvarande oppgjer i fjor enda med ein ellevill 3-3-kamp, der John Terry utlikna heile åtte minutt på overtid, medan The Toffees slo til med 3-1 heime i Liverpool. Kampen i dag er med andre ingen rusletur i parken for Chelsea.
Chelsea har definitivt eit håp om å ta over tabelltoppen i dag ettersom Manchester City rota vekk to poeng i sluttminutta heime mot Middlesbrough. Med siger i dag vil Antonio Conte og co ta seg frå 4. plass og til plassen dei håpar å inneha når sesongen sluttar i mai.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Chelsea og Everton!