Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Avslutningar: 15-7. På mål: 6-2.
Chelsea vinn fortent 3-1 over Crystal Palace etter ein solid 2. omgang. Sarri sitt lag leia 1-0 etter dei første 45 minutta, men Townsend utlikna etter flott Palace-spel. Det tok derimot ikkje lang tid før Chelsea var tilbake i føringa, og nok ein gong var Morata målscorar. Like etter auka Pedro leiinga til 3-1. Palace klarde aldri å kome skikkeleg tilbake i kampen etter dette, og Chelsea fekk ein takknemleg jobb med å ro det i land. The Blues er dermed tilbake på 2. plass på tabellen, á poeng med Liverpool. Palace ligg på si side skummelt til, berre tre poeng bak første nedrykksplass.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Der skal det vere scoring! Morata kjem heilt åleine mot Hennessey, men går for ein lobb og endar berre opp med å sende ballen rett i hanskane til keeperen. Meget svakt utnytta av spissen. Der burde han vore tremålsscorar.
90+3'
Greitt forsøk av bortelaget. Townsend avsluttar via ein Chelsea-spelar og til corner.
90+2'
Zaha kjem seg inn i boksa med ballen, men driblar seg vekk. Strevar med å ha overblikk samtidig som han fører ball, Palace-stjerna.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her. Ingenting som tyder på at Palace skal få poeng.
90'
Nesten at Pedro klarer å finne Morata bak Palace-forsvaret. Pasninga blir forstyrra av Milivojevic og snappa av Hennessey.
88'
Heimelaget trillar og trillar medan heimefansen syng.
84'
Alonso med eit skummelt innlegg inn i boksa. Det blir uansett til slutt vinka av for offside.
83'
Chelsea trillar ball og har god kontroll på det som skjer på Stamford Bridge.
80'
Kovacic prøvar seg med eit langskot. Ufarleg over mål.
78'
Nesten at Morata blir spelt fri i bakrom. Palace får avverga.
77'
Van Aanholt avsluttar frå seksten meters hald. Skotet går over.
76'
Palace står litt høgare i bana no. Må satse litt for å kunne ha eit håp om å kome tilbake her.
68'
No spørs det om Palace kan klare å kome tilbake her.
65'
Hazard blir raskt felt og får frispark. Skal bli slått inn i boksa.
64'
Dobbeltbyte av Sarri. Han går definitivt for alle tre poenga her.
63'
Nære 2-1! Willian slår inn, men ein totalt umarkert Luiz klarer ikkje å få headinga i mål frå sju meters hald. Stor sjanse!
63'
Willian og Pedro står klare med frisparket.
62'
Utlikninga til Crystal Palace har verkeleg sett fyr på dette oppgjeret. Det ligg absolutt fleire scoringar i lufta!
61'
Så viser Zaha seg fram i motsett ende. Parkerer Rüdiger med ei flott finte og går mot dødlinja, men det påfølgjande innlegget blir klarert.
61'
Willian skjer innover og avsluttar med høgrefoten, men forsøket går rett på Hennessey.
59'
Meyer prøvar å heade igjennom Townsend som nok ein gong jaktar bakrom, men Rüdiger får ordna opp.
57'
Morata blir spelt fri, men blir avvinka for offside.
57'
Eden Hazard har varma opp langs sidelinja dei siste minutta. Det spørs kor lenge det tek før han kjem innpå her. Det meste av det Chelsea har vist offensivt så langt har ikkje vore mykje å skryte av.
53'
Vår eigen Alexander Sørloth sit som kjent på benken for Palace. Han har ikkje starta ein ligakamp denne sesongen, men har fått åtte innhopp. Dessverre for han har halvparten av dei vore med under 10 minutt att å spele. Mot Arsenal fekk han derimot nesten ein halvtime.
50'
Zaha vender vekk Jorginho og italienaren vel å rive han over ende. Slepp unna det gule kortet då det skjedde langt inne på Palace sin halvdel.
49'
Pedro med eit kjapt og flatt innlegg frå høgre, men Palace får reinska unna.
48'
Sjølv om Chelsea er favoritt til å ta alle tre poenga, så bør ein ikkje avskrive Crystal Palace heilt. Dei låg også under mot Arsenal førre runde, men kom tilbake og enda opp med 2-2.
47'
Då er vi i gong med dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Chelsea leiar 1-0 over Crystal Palace etter ein nokså tam omgang. Begge lag opna kampen nokså friskt, men etter kvart blei kampbiletet det at heimelaget trilla ball og bortelaget prøvde seg på kontringar. Palace var også nokså nære scoring, men Max Meyer avslutta over mål frå god posisjon. Kampens hittil einaste scoring kom derimot etter ein halvtimes spel, då Morata avslutta kontant i netter etter pasning frå Pedro. Det blir spanande å sjå om Palace klarer å kome tilbake her!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Veldig lite som skjer på Stamford Bridge igjen. Chelsea er sjølvsagt fornøgde med å vere i leiinga. Palace har ikkje evna å skape noko offensivt etter at heimelaget scora.
40'
Langt meir press frå heimelaget no. Lengje sidan Palace har hatt forsøk på overgong.
39'
Endar til slutt med at Morata stussar ballen over mål. Hennessey har nok grei kontroll på den.
39'
Dødball for heimelaget. Willian står klar.
37'
Morata med ein trillar til Barkley som hamrar kula høgt over mål. Ikkje det beste treffet engelskmannen har levert i si karriere.
36'
Willian bankar ballen i mål frå kort hald, men brasilianaren blir avvinka for offside. Ikkje mykje om å gjere, men målet blir i alle fall ikkje ståande.
29'
Så prøvar Alonso seg igjen med eit innlegg, men denne gongen hamnar det forbi alle i feltet. Lite som stemmer for Chelsea så langt i kampen.
28'
Bakromspasning mot Zaha, men Arrizabalaga kjem raskt ut og klarerer. Vakent keeperspel.
26'
Så er Zaha nok ein gong på farten i motsett ende, men som fleire gongar før i kampen klarer ikkje resten av laget å flytte seg hurtig nok etter.
25'
Alonso med eit godt innlegg frå venstre. Morata tapar derimot den påfølgjande duellen.
23'
Chelsea verkar ikkje komfortable med det som skjer her. Palace både forsvarer seg godt og er skumle på kontringar.
22'
Tyske Max Meyer startar for øvrig berre sin andre PL-kamp i dag. Han ventar altså framleis på at karrieren skal ta av etter overgongen frå Schalke.
20'
God forsøk av bortelaget! Palace rullar opp og Zaha slår femogførti grader til Meyer som avsluttar over mål frå bra posisjon. Kampens klart største sjanse, det!
18'
Sarri sitt mannskap såg spreke ut dei første minutta av kampen, men no byrjar det å bli lengje sidan dei varta opp med noko offensivt.
17'
For dårleg utnytta dødball igjen. Chelsea vinn duellane ganske greitt.
17'
Frispark til bortelaget. Skal bli slått inn i boksa.
16'
Crystal Palace med to flate firarar når Chelsea har ballen. Foran dei igjen står Townsend og Zaha klare til å vinne ballen og setje fart framover.
15'
Palace kontrar igjen, men ei for tidleg slått pasning av van Aanholt. Svakt utnytta av den hurtige backen.
14'
Blir lempa bak i feltet, men vertane vinn både duellen og andreballen.
13'
Gjestane får frispark eit stykke inn på Chelsea sin halvdel.
12'
Zaha vinn ballen i god posisjon for ein overgong, men klarer ikkje å heve blikket og sjå at lagkompis Townsend står åleine ved midtsirkelen, klar til å stikke i det enorme bakrommet.
11'
Chelsea styrer utpå grasmatta no. Palace har nok med å forskyve laget dit ballen er.
9'
Ross Barkley er kanskje mannen å sjå opp for i dagens kamp. Engelskmannen har endeleg fått det til i Chelsea-drakta etter overgongen frå Everton, og har scora i tre strake matchar før møtet mot Palace.
6'
Townsend snappar ballen og set fart mot Chelsea sin sekstenmeter, men den tidlegare Tottenham-spelaren får liten støtte og ein potensiell sjanse uteblir.
4'
Begge laga har vore angrepsvillige i starten her.
3'
Før avspark var det eitt minutts stillheit til minne om dei fem som mista livet i helikopterulykka, inklundert Leicester-eigar Vichai Srivaddhanaprabha.
Avspark Start 1. omgang
Dei to laga er no på veg ut på grasmatta på Stamford Bridge.
Eden Hazard startar på benken for Chelsea i dag etter å ha slite med ei skade. Oddsen for at han kjem innpå grasmatta i løpet av kampen er nok liten. Crystal Palace må på si side unnvere Christian Benteke, Connor Wickham, Scott Dann og Joel Ward. Driblefanten Wilfried Zaha er derimot fit for fight og startar oppgjeret.
Eit interessant faktum før dagens match er at Crystal Palace har vunne to av dei tre siste oppgjera mot Chelsea.
Roy Hodgson sitt Crystal Palace kjempar i motsett ende av tabellen, og etter 2-2-6 hittil er dei berre tre poeng over første nedrykksplass. Pila peikar derimot litt feil veg for den tidlegare England-sjefen og The Eagles har fem kampar utan siger. Det skal likevel seiast at dei fekk ein opptur i førre serierunde, då Arsenal blei heldt til 2-2 på Selhurst Park. Luka Milivojevi
I skrivande stund ligg Chelsea på 3. plass, fem poeng bak Manchester City som nok tek ein forventa siger mot Southampton i dag. 7-3-0 er fasiten på Maurizio Sarri sine 10 første ligakampar for The Blues.
Det er duka for ein skikkeleg London-duell på Stamford Bridge. Chelsea held til i den sør-vestlege området med same namn, medan Crystal Palace kjem frå Selhurst i Croydon.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Chelsea og Crystal Palace!