Referat
Kun høydepunkter
Returkampen blir spelt neste tysdag, 25. august. Det er berre å huke av i kalendaren - for det blir ein ny thriller! Takk for følget så langt, og velkommen tilbake.
Alle dei norske var sterkt involvert i fleire av scoringane. Både Eikrem og Johansen med kvar si målgjevande pasning, og Berget med to mål.
For ein dramatikk! Fem minutt på overtid fekk altså Malmö sjansen på ein corner. Ballen datt ned hos Berget som banka den knallhardt opp i nettaket frå kort hald, til enorm jubel hos dei tilreisande svenskane på tribunen. Utifrå slik kampen utvikla seg er det vertene som må føle seg snytt, som både leia 2-0 og 3-1.
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+3'
Hareide piskar spelarane sin framover på bana. Vil så gjerne ha eit bortemål til.
90+2'
Frisparket blir slått inn i feltet, og der er keeper sjefen.
90+1'
Frispark til Malmö, etter at Ciftci er ufin.
90+1'
Det er lagt til fem minutt. Dette er ikkje avgjort!
90'
Malmö har lagt om til tre bak.
90'
Framleis vertene som har mest ball. Straks på overtid.
89'
Celtic har gjort alle sine byter, og Biton må tilbake på bana - uansett kor vondt han har.
87'
Biton ligg nede for telling. Haltar ut av bana.
86'
Berre nokre få minutt att. Ser ut som Celtic har mest krefter att. Dei styrer i alle fall banespelet no.
84'
Held dette resultatet seg, må Malmö vinne 2-0 (eller meir) i returkampen for å avansere vidare til gruppespelet i Champions League.
83'
Djurdjic får ballen på midten og vender opp. Pasningen vidare er for hard, og heimelaget overtek.
82'
60/40 viser oversikta over ballinnehav så langt i kampen.
81'
Vi er inne i dei siste ti minutta. Begge lag vil helst ha ei scoring til.
80'
Eller er det strekk? Eg er ingen lege, men han må uansett byte.
79'
Lustig får krampe i det han er på sitt siste løp for kvelden.
78'
Bra temperatur blant spelarane. Publikum fyrer opp stemninga!
76'
Både Rakip og Brown får gult av dommaren, etter ein ørliten slosskamp. Av den vart det berre taparar.
72'
Nadir Ciftci skal inn for vertene.
67'
3-1 er likevel eit langt betre resultat for Malmö enn 2-0.
65'
Forsvar- og keeperspelet som gav 3-1 scoringa heldt ikkje Champions League-kvalitet.
64'
Hareide tydeleg missnøgd på benken, og humøret hans blir ikkje bedre av å høyre jubelscenene frå Celtic-fansen!
60'
Heilt jamn kamp for augneblinken.
59'
Mackay-Steven i intens oppvarming på sidelinja for vertene.
57'
Malmö har kvikna til etter reduseringa, og jaktar 2-2.
56'
Eit verkeleg takk for sist for Berget, som ikkje fekk det til å stemme i Celtic den tida han var her under Deila.
55'
Enorm viktig scoring for Malmö, og Hareide gliser så breitt han kan! No vart det plutseleg Deila som fekk noko å tenkje på!
51'
Forrest joggar inn på bana att, og vi er tilbake med 11 mot 11.
50'
Frisparket blir slått inn i feltet, men der får gjestene frispark. Celtic med berre ti spelarar på bana no, ettersom Forrest får hjelp på sidelinja.
49'
Forrest ligg nede for telling. I tillegg går Brown i bakken like etter, og kapteinen er rasande. Får frispark.
47'
Malmö har nok eitt fokus denne omgangen. Bortemål! Men korleis dei skal makte det er ei vrien utfordring.
46'
Gjestene tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Den første av fire omgangar mellom desse to laga er unnagjort. Det står 2-0 til Celtic, etter ein pangstart av vertene. Dei gjekk rett i strupen på svenskane, som hadde meir enn nok med å forsvare seg. Rett nok spelte dei seg litt inn i oppgjeret etterkvart, men dei store sjansane for Malmö har uteblitt. Blir likevel ein spennande andre omgang. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Det er lagt til minimum eitt minutt.
45'
Straks pause.
44'
Rakip skyt frå distanse. Høgt over. Det vil seg ikkje for Malmö denne omgangen.
42'
Feilpasning på midten hos Celtic, og Malmö får ein fin overgangsmoglegheit. Nyttar den dårleg.
41'
Brown på løp inne i feltet for vertene, men keeper snappar opp.
39'
Celtic blottlegg seg bakover, og gjestene kjem to mot to. Svakt utnytta, og heimefansen slepp med skrekken.
37'
Armstrong skyt frå 20 meter. Forsøket går i retning månen..
36'
Verken Wolff Eikrem eller Berget har klart å markere seg så langt. Johansen har vore best av den norske trioen.
36'
Berget dreg seg inn i feltet og testar skotfoten. Ballen går innom nokre Celtic-bein, og dermed har keeper full kontroll på forsøket.
34'
Jamnare kamp no enn det første kvarteret, men Malmö slit med å produsere dei heilt store sjansane.
33'
Rodic når akkurat ein ball langs linja og set fart innover mot feltet. Blir stoppa.
31'
Frispark til gjestene i fin posisjon. Wolff Eikrem slår inn, og Lewicki er høgst i feltet. Avslutninga går over.
30'
1/3 av kampen er unnagjort. Heimelaget har vore effektive, men leiar likevel fortent.
29'
Djurdjic får skyte upressa frå 20 meter. Ballen sklir av foten i det han skal skyte, og forsøket går langt utanfor. Spissen held seg til hovudet og fortvilar.
28'
Lustig er på eit djupt løp, og slår inn på direkten frå høgrekanten. Inne i feltet ligg måltjuven Griffiths å lurer, men han når akkurat ikkje fram i tide.
27'
Litt meir trøkk og guts i spelet til heimelaget enn når gjestene prøver seg.
26'
Tidlegare Haugesund-spiss Djurdjic har blitt pakka godt inn av Celtic-forsvaret så langt.
24'
Gjestene hatt ein god periode no, og dei jaktar dei etterlengta bortemålet sitt.
23'
Rodić testar skotfoten frå 17 meter. Keeper slår til corner!
23'
Yotún kastar rett til ein motspelar. Svakt.
21'
Rodic kjem seg rundt på høgrekanten og slår inn. Blir rydda unna.
19'
Malmö prøver seg, men blir effektivt stoppa av Celtic-forsvaret.
17'
Griffiths får ballen på 20 meter og skyt. Ballen går på utsida av stolpen og rett i nettveggen. Nær 3-0.
16'
Nytt bra Celtic-angrep. Denne gongen blir den avgjerande pasningen frå Johansen snappa opp.
16'
Yotún med beintøff takling - med knottane først. Heldig som slepp unna det gule.
15'
Hareide liker ikkje det han ser, og Malmö-forsvaret blir leika med til tider.
13'
Kjempesjanse for Celtic! Kaos i Malmö-forsvaret, og Johansen blir spelt aleine med keeper. Han avsluttar rett på keeper.
12'
For ein opning på denne kampen. To mål på ti minutt!
12'
Med 196 cm på strømpelesten er Biton ein vrien mann å stoppe inne i feltet. Det fekk svenskane verkeleg kjenne på kroppen!
10'
Ingen god start for Hareide og Malmö. Ingen tvil om at det er heimelaget som har opna best.
8'
Lang pasning i retning målscorar Griffiths. Han er derimot på feil side av forsvarsrekkja i det ballen blir spelt. Offside.
7'
Gjestene sikrar seg innkast oppe ved hjørneflagget. Yotún har dårleg tid, og tek det kjapt.
6'
Malmö hadde knapt fått låne ballen før dei måtte ta avspark med baklengs i sekken. No er det svenskane som styrer.
5'
Deila viste fram jubelscener slik han har gjort på Marienlyst mange gonger tidlegare.
5'
Viktig scoring for heimelaget!
2'
Celtic-coach Deila har i forkant av oppgjeret poengtert kor viktig det er å halde nullen i kveldens kamp. Uansett er det heimelaget som styrer dei første minuttane.
1'
Heimelaget tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Champions League-hymnen er unnagjort, og spelarane helsar på kvarandre.
Spelarane på veg ut på bana. For ein kamp dette blir!
Tyske dommarar som skal styre oppgjeret. Hovuddommaren heiter Felix Brych.
Som vi ser av lagoppstillingane er det fleire norske aktørar i aksjon. Stefan Johansen for heimelaget, medan Jo Inge Berget og Magnus Wolff Eikrem startar for bortelaget.
Celtic har nyleg henta 23 åringen Scott Allan. Midtbanespelaren vart presentert foran fansen i seriekampen laurdag. Til orientering er overgansviduet i Malmö og resten av Sverige stengt.
Begge lag vann sine generalprøver i helga. Celtic vann 4-2 over Inverness CT, medan Malmö slo Gefle 2-0.
Jo Inge Berget prøvde seg i Celtic då han kom på lån frå Cardiff. Han blei ingen hit, men karrieren har skote meir fart under under Hareide i Malmö. Han er nok svært motivert for å senke gamleklubben onsdag kveld.
Norsk managerduell i dette oppgjeret. Ronny Deila og Åge Hareide skal kjempe om å ta klubbane sine vidare til Champions League-gruppespelet. Returkampen blir spelt 25. august.
Hei, og velkommen til Champions League-kvalifisering, og til oppgjeret mellom Celtic og Malmö!