Referat
Kun høydepunkter
Juventus vinn 3-0 på Celtic Park og har 19 tær i kvartfinala. Celtic var aggressive og spelte i høgt tempo, og kom også til fleire gode sjansar, men det var Juventus som viste mest effektivitet i dag. Antonio Conte sitt lag spelte kontrollert og utnytta Celtic sine svakheiter. Takk for fylgjet, og ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+2'
Anelka er nære på å finne ein medspelar inn i boksa. Celtic får rydda unna.
89'
Mulgrew går for eit slags skot, men nok ein gong går rett rett på Buffon.
88'
Wanyama blir teke bakfrå. Frispark i grei posisjon for heimelaget.
86'
Ein må jo nesten synest litt synd på Celtic, som lenge kjempa som besatt. Svake defensive involveringar og eit effektivt Juventus har derimot teke det lengste strået her. Og det er langt.
80'
Neil Lennon gjer klar nok eit innbytte. Kayal er det som skal inn.
79'
No er det i alle fall ingen grunn for Celtic til å halde igjen.
71'
Brown kjempar, og Celtic vinn nok ein corner.
70'
Framleis mykje dytting inne i Juventus si boks. Her kan det fort skje ting!
69'
Dårleg rytme og samhandling blant heimelaget sine spelarar no. Lennon må nok gjere ei endring eller to om det skal take seg opp att.
67'
Bra forsøk for bortelaget! Juventus rullar fint opp, men avslutninga frå Vucinic blir blokkert av Brown.
67'
Juventus tek få sjansar offensivt no. Også når gode overgangar byr seg roar dei ned.
62'
For ein sjanse! Corneren blir teke kort og innlegget blir lagt inn i boksa der Ambrose står heilt fullstendig åleine framføre mål. Nigerianaren presterer derimot å heade rettpå Buffon. På slike sjansar må det bli mål om Celtic skal ha håp om avansement!
62'
Bortelaget blir nok ein gong avvinka for offside, også den hårfin. Er alle gode ting tre, då?
60'
Matri får eit innlegg bak Celtic sitt forsvar, men blir avvinka for ein hårfin offside.
60'
Matthews med ei svak førsteinvolvering. Rotar bort ballen.
58'
Lustig slit med ei skade her. Er det han som må ut då? Svensken har for øvrig vore veldig bra offensivt så langt, med mange farlege innlegg.
58'
Forrest vinn ballen høgt i bana og får lagt inn, men innlegget går forbi alle.
57'
Celtic gjer klart sitt første bytte. Walisiske Adam Matthews er det som skal inn.
55'
Celtic gjer mykje bra i augneblinken, men det stoppar litt opp på den siste tredjedelen, der dei grønkvite har vore for unøyaktige.
54'
Celtic vil ha frispark rett utanfor boksa til Juventus, men ein nølande Mallenco lar spelet gå etter først å ha signalisert at han skal blåse.
52'
Ikkje langt unna at heimelaget får tråkla seg igjennom Juventus-forsvaret.
52'
Commons blir sparka ned bakfrå av Bonucci. Lukta gult kort av den, men stopparen slepp.
51'
Gianluigi Buffon er for øvrig den einaste av dagens spelarar som var med sist laga møttest, i 2001-2002-sesongen.
49'
Småfarleg frå heimelaget. Hooper jagar ein ball i boksa, men Buffon viser god rekkjevidd og fangar ballen.
47'
Frispark til heimelaget. Går via skallen til Lustig og til utspel frå Buffon.
47'
Langt innlegg frå Lustig. Buffon får stige åleien til vêrs og plukke kula.
46'
Celtic sparkar i gong dei siste 45!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Juventus leiar 1-0 på Celtic Park etter ein flott 1. omgang. Celtic har stort sett vore det førande laget, men høgt tempo og stor aggressivitet. Det er derimot Juventus som har vore vassast framføre mål, og det tok også berre tre minutt før målet kom, ved Matri. Vi ser fram til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Frispark til heimelaget. Blir teke kjapt.
42'
Nære på igjen for heimelaget. Lustig slår nok eit bra innlegg, men spelarane går litt i vegen for kvarandre og Juventus får overta ballen.
41'
Aggressiviteten hjå Celtic har teke seg opp att no. Skal dei klare å få utlikninga før pause?
41'
Commons vendar opp og avsluttar, men rett på Buffon.
38'
Bra sjanse for Celtic! Commons sin corner treff på hovudet til Wilson, men headinga hans går over. Liten tvil om at skottane hadde fortent ei scoring no.
36'
Tidlegare Rosenborg-spelar Mikael Lustig slår bra inn frå høgre, men Juventus får rydda unna. Celtic beheld kula.
35'
Offensiven frå The Bhoys har roa seg noko ned no.
28'
Nære på for Celtic! Commons viser fram slepen avslutningsteknikk i det han næraste brassesparkar like utanfor buret til Buffon. Der var den italienske målvakta fullstendig utspelt.
28'
Juventus har vore konsekvente på å slå langt i bakrom så langt, noko som også har resultert i scoring. Det er tydeleg at Conte og co har gjort analyseleksa si!
27'
Juventus er farleg frampå. Vucinic kjem seg forbi Forster, men vinkelen er for skrå til at han torer å avslutte. Den hadde Sergio Agüero putta i nota!
25'
Brown og Pirlo er i tottane på kvarandre også rett etterpå. Domar Mallenco må gi tilsnakk.
24'
Andrea Pirlo er misfornøgd med den røffe behandlinga han får frå Celtic-kaptein Scott Brown.
23'
Commons dreg seg laus og skyt frå distanse, men nok ein gong har Buffon stålkontroll på avslutninga.
21'
Nære på at Juventus får tråkla seg gjennom eit litt uorganisert Celtic-forsvar. Dei grøne og kvite får til slutt fatt i ballen.
19'
Lang stikkar mot Hooper, men spissen får ikkje tak i kula.
18'
Dei første 17 minutta har rett og slett vore fantastiske. Celtic har gått ut i hundre, men så er det altså Juventus som har laga målet.
17'
Commons med eit frispark frå bra posisjon. Juventus får etter litt klabb og babb klarert.
16'
Rett og slett vill stemning på Celtic Park no!
15'
Stor sjanse for heimelaget! Eit innlegg blir slått flott inn frå venstre, men frå god posisjon klarer ikkje Commons å få avslutta på mål.
13'
Frispark til Juventus midt på bana. Celtic vinn ballen like kjapt tilbake.
13'
Celtic pressar høgt og stressar bortelaget bra.
10'
Godt forsøk for Celtic! Heimelaget pressar på, og Commons får avslutta på direkten frå god posisjon. Buffon er nok ein gong der han skal, og gjer ei kontrollert redning.
10'
Mulgrew avsluttar på halvvolley. Ikkje langt utanfor, men Buffon har full kontroll.
8'
Bra sjanse for Juventus! Marchisio får ei flott innlegg på bakerste, men klarer ikkje å få avslutta på mål.
7'
Celtic held fram med å trykke på i høgt tempo, akkurat slik dei gjorde før målet.
3'
Aiaiai. Juventus scorar på sin første visitt på Celtic sin halvdel! Matri får ein lang ball, og Ambrose rotar det til med ei håplaus involvering som sender Juventus-spissen åleine gjennom. Matri avsluttar forbi Forster, men heimelaget får tilsynelatande rydda unna på strek. Ballen går derimot berre rett til Marchisio som avsluttar enkelt i det tome målet. På reprisene ser vi at Matri si avslutning var over streken, og han blir dermed kreditert scoringa.
3'
Liten tvil om at heimelaget har starta energisk.
2'
Victor Wanyama med ein susar frå langt hald. Buffon gir ein unødvendig corner.
1'
Celtic pressar hardt og vinn eit innkast høgt i bana.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Allereie fantastisk stemning på Celtic Park, som tek 60.832 tilskodarar.
Dagens domar er spanske Alberto Undiano Mallenco.
Då har Champions League-hymna blitt spelt, og dei to laga er i ferd med å helse på kvarandre. Vi er sekund unna kampstart!
Juventus-manager Antonio Conte må klare seg utan Paolo De Ceglie, medan Kwadwo Asamoah, som visst nok blei frakta til Skottland med jetfly, ikkje er å finne i dagens tropp. Ein som derimot kan spele i dag, er tidlegare Chelsea-spelar Nicolas Anelka som er innleigd frå Shanghai Shenhua. Med den merittlista han har, så er det smått utruleg at Juventus er den første italienske klubben hans.
Neil Lennon må unnvere viktige Georgios Samaras i dag, men på den positive sida er Efe Ambrose, Emilio Izaguirre og James Forrest alle klare til kamp. For oss nordmenn er det også kjipt å sjå at vår eigen Thomas Rogne ikkje er med, hverken på bane eller benk.
Celtic har som vanleg vore bra i den heimlege serien, og skottane har 5-0-1 på dei seks siste. Juventus, som ligg nokre poeng unna toppen i Serie A, har på si side 3-2-1 på sine seks seinaste.
Celtic har også ein bra statistikk å vise til når dei møter motstand frå støvellandet. Det siste tapet kom i 1969, og etter det har dei spelt åtte kampar utan tap.
Celtic og Juventus har møttast fire gongar før, og fleire av oppgjera var vore svært underhaldande. I 2001 vann The Bhoys sin heimekamp 4-3, medan La Vecchia Signora klarde 3-2 i Torino. Laga vann kvar sin heimekamp også når dei spelte mot kvarandre i 1981, med 1-0 i Skottland og 2-0 i Italia.
Juventus vann på si side Gruppe E foran laga Shakhtar Donetsk, Chelsea og FC Nordsjælland. 3-3-0 blei fasiten på dei seks kampane.
Laget til Neil Lennon kom på andreplass i si gruppe, tre poeng bak vinnarlaget Barcelona. På dei seks gruppespelskampane enda dei opp med 3-1-2, inkludert 2-1 mot katalanarane heime i Glasgow.
Juventus, som har vunne den gjevaste europeiske turneringa to gongar, i 1984-85 og 1995-96, er sjølvsagt favorittar til å avansere til kvartfinalane, men om Celtic kan varte opp med det same som dei gjorde i gruppespelet, skal dei få det meget tøft. Også Celtic har løfta den mest prestisjetunge europeiske pokalen. Det skjedde i 1967, då ein annan italiensk motstandar, Inter Milan, måtte bite i graset. Mål av Gemmell og Chalmers sikra 2-1 etter at Mazzola hadde gitt italienarane ei tidleg leiing. I 1970 kom dei også til finala, men måtte gi tapt for Feyenoord.
Hei og velkomen til livedekning av den første åttendelsfinala mellom Celtic og Juventus. Endeleg er det Champions League igjen!