Referat
Kun høydepunkter
Det er ei serierunde att, og uoffisell hovudrekning seier at Førde held plassen med eitt poeng siste serierunde - om Volda taper mot Eidsvoll Turn.
Då er kampen over, og Førde taper 2-1.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+7'
Passerer sju minutt på overtid.
90+5'
Snart slutt her. Spelt 5 minutt på overtid.
90+4'
Det blir Høynes - rett i muren!
90+3'
Grimeland og Høynes vil begge skyte.
90+3'
Frispark til Førde i meget god posisjon. 20 meter frå mål..
90'
Savland lukter på bakerste stolpe, men avsluttar rett på keeper. Er også offside.
88'
Førde har ikkje starta sluttspurten sin enda.
87'
Stor sjanse, og svært nær 3-1! Hanssen langt ute, og ballen blir lobba over han. Kula går utanfor.
86'
Slik resultata er no rykkjer Førde ned ved tap eller uavgjort neste helg, om Spjelkavik slår Florø og Sogndal 2 slår Hødd 2 i siste serierunde.
85'
Det går mot spenannde sluttminuttar her.
84'
Nistad og Høynes kolliderer, og sistnemnde får mest juling.
83'
Førde har sopass god målforskjell, så her må dei faktisk berre kaste fram alt dei har siste minuttane. Dei MÅ jakte 2-2.
81'
Nei og nei. Dette var ikkje bra for Førde. 1 poeng vs 0 poeng er heilt avgjerande for Førde her - slik resultata utartar seg i dei andre kampane no.
77'
Dette eine poeng til Førde kan bli heilt avgjerande for halde plassen i divisjonen. For held stillinga seg slik i dei andre kampane vil Førde uansett halde plassen - om Volda taper mot Eidsvoll Turn i siste runde. Men dette kan altså endre seg!
73'
Solskjær har scora for Spjelkavik - og det står 2-2 der! For en spenning dette er.
71'
No er Hødd 2 i føringa mot Volda, og dermed er dette eine poeng meget viktig for Førde. Det betyr at dei vil kunne ha gode sjansar til å klare seg i divisjonen sjølv med tap i siste serierunde - ettersom Volda har en meget tøff bortekamp mot Eidsvoll Turn i siste omgang - og Spjelkavik har dårlegare målskilnad enn Førde og tre poeng bak akkurat no på livetabellen.
68'
No blir det meir utfordrande for Førde med å ta med seg tre poeng.
66'
Høynes skyt - rett på keeper.
65'
Finstad vender og skyt - rett i klypene på Hanssen.
64'
Minst eitt poeng her vil være gull verdt for Førde før siste serierunde.
63'
Spelet i gang igjen.
63'
Keeper Hanssen må få tilsyn av innbyttar Helgheim. Ser ut som han slit med eine auget. Førde har ingen reservekeeper på benken, så får tru at sisteskansen kan halde fram.
61'
Denne kampen svingar - og kan ende begge veiar.
61'
Grini med bra skot, men Hanssen reddar godt!
59'
Kjempesjanse for Førde, men skotet får aldri nettsus. Nør 1-2 der.
50'
Kvernvolden får sjansen på bakerste stolpe, men avslutninga med hovudet er svak.
46'
Der er vi i gang med siste 45 minuttane!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
44'
Straks pause.
43'
Berg skyt - langt utanfor.
42'
I siste serierunde møter Hødd 2 - Sogndal 2, og Spjelkavik møter Florø. Det kan bety at Førde i verste fall må vinne mot Elverum i siste serierunde for å halde plassen, om resultata i denne serierunde står seg som no.
38'
Ny stor sjanse til Brumunddal! Skar blir spelt gjennom og avsluttar med utsida av venstrefoten. Like utanfor!
37'
Savland aleine gjennom, men linjemann er oppe med flagget. Gode tendensar der!
37'
Aamelfot med stygt balltap langt nede på eigen banehalvdel. Blir slått inn i feltet, og der ventar Finstad. Han avsluttar like utanfor! Nær 2-0.
35'
Sogndal 2 er no i føringa heime mot Spjelkavik. Drama i botnstriden!
34'
Akkurat no er Førde plassen over streken. Og i siste serierunde ventar en meget tøff kamp mot Elverum heime.
33'
Savland rundar keeper, men det blir for skrå vinkel på mål. Avsluttar på mål frå skrå vinkel, men der ryddar forsvaret opp.
31'
Skar er på veg gjennom aleine med keeper, men Gjermundstad gjer si viktigaste takling på 10 år. Kastar seg fram og får avklart til corner. Viss ikkje - hadde det vore Skar mot Hanssen - og kanskje 1-0.
30'
Keeper Svendsberget set raskt i gang. Rett til Høynes som har bedre tid enn han trur og avsluttar rett på keeper.
26'
Frankmo drar seg inn i feltet og avsluttar frå skrå vinkel. Utanfor.
25'
Heimelaget som styrer banespelet no.
24'
Fleire interne oppgjør i botn av tabellen i dag. Sogndal 2 møter Spjelkavik, og Volda møter Hødd 2.
23'
Gedigen sjanse til Brumunddal! Innlegg frå venstre som Haave Andersen er sist på. Han skal berre setje ballen enkelt i mål, men set den over!
21'
Aamelfot driv framover og legg inn i boksen. Der ventar Savland, men han får ikkje skikkeleg dreis på avslutninga. Kampens første sjanse så langt!
18'
Frankmo blir spelt fint gjennom på kanten, men innlegget går bak mål.
14'
Brumunddal er frampå, men ingen klarar å avslutte. Der levde Førde litt farleg.
11'
Førde-innkast høgt i bana. Heimelaget tek over.
8'
Det blir Grimeland som skyt - høgt over!
7'
Høynes blir lagt i bakken i meget fin posisjon for gjestene.
5'
Jevn opning på kampen så langt.
3'
Etter nær to minutt nede for telling er keeper tilbake på beina. Savland gir han handa og dei er dermed skuls.
1'
Savland noko sein i duell mot keeper, i det Svendsberget avklarar til innkast. Men målvakten får frispark.
1'
Då er kampen i gang!
Avspark Start 1. omgang
Laga er på veg ut på bana.
Laga er i full gang med oppvarming. Vi er tilbake like før kampstart.
Vi ser at Førde har gjort nokre endringar på laget som knuste Sogndal 2 sist. Hauståker, Flatjord og Østvik er alle ute av kamptroppen av ulike årsaker. Det betyr at mellom anna Gjøringbø er henta tilbake på laget til denne kampen. Aamelfot og Grimeland er også inne i startoppstillinga.
Svært viktig kamp for Førde dette, som kjemper om å unngå nedrykk til Kretsligaen. Vertene er sikret sin plass med sine 32 poeng.
Hei, og velkommen til Firda sin livedekning av oppgjøret Brumunddal - Førde!