Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 9-17. På mål: 4-4.
Det blei ein jamn kamp på Amex Stadium i kveld, og begge laga hadde nok av sjansar til å få mål. Den einaste scoringa vi fekk sjå kom derimot i det 25. minutt då måltjuven Glenn Murray breisida eit innlegg i buret. Arnautovic i motsett ende av bana burde også ha kome på scoringslista, men blei stort sett stoppa av eit heroisk Brighton-forsvar. Heimelaget tek seg dermed forbi West Ham på tabellen.
Ein artig og intens fotballkamp er over, og det er Brighton som tek tre viktige poeng!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+6'
Perez kjem til innlegg, men Arnautovic går i kroppen på Ryan og lagar frispark.
90+5'
Arnautovic er det som får sjansen. Avsluttar utanfor via ein motspelar. Corner!
90+4'
Skal West Ham få ei ny sjanse heilt på tampen her?
90+4'
Ryan brukar bra med tid på utspela no.
90+4'
Antonio vender seg fri til venstre og bankar ballen inn foran mål, men han treff for hardt og forsøket flyg forbi alle i feltet.
90+2'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Nok av tid for Hammers å få med seg poeng!
90+1'
Kjempesjanse for West Ham! Arnautovic får avslutta frå fem-seks meters hald, men set skotet over. Der skal det stå 1-1!
88'
Framleis nok av tid for Hammers å score her, men dei har framleis ikkje klart å setje inn ein skikkeleg sluttspurt.
87'
30.544 tilskodarar på Amex Stadium i kveld.
86'
Det blir Arnautovic som avsluttar. Ein meter over mål.
85'
Arnautovic står klar. Det gjer Snodgrass også.
84'
Frispark til bortelaget i ein veldig interessant posisjon.
83'
West Ham har flyttar ball, men slit med å trengje igjennom Brighton sitt solide forsvar.
80'
Arnautovic med eit lurt innlegg inn bak Brighton-forsvaret, men ingen av lagkompisane hans kjem på ballen.
79'
Framleis stopp i spelet. Det gagnar sjølvsagt Brighton mest.
78'
Mykje trøkk i duellane inne i heimelaget sitt felt. Pröpper er det som blir liggjande.
76'
Noble kjem seg til dødlinja og slår femogførti grader ut, men der står berre ein Brighton-spelar og får reinska unna.
76'
Det bølgjar kraftig fram og tilbake her. Vanskeleg å seie kor poenga vil hamne!
75'
Nytt godt forsøk av heimelaget! March chippar kula inn i feltet til Murray, men spissen sender også dette hovudstøytet over tverrleggaren.
75'
Antonio får avslutta, men skotet går via ein Brighton-spelar og inn i hanskane til Ryan.
70'
Mange offsideavvinkingar på Brighton-spelarar no. Dei ser korrekte ut, men heimefansen er sjølvsagt misfornøgde.
70'
Pellegrini skal straks gjere endå eit bytte.
67'
Litt meir knuffing mellom spelarane også no.
65'
Jahanbakhsh får avslutta med hovudet inne i boksa, men headinga går utanfor og han blir dessutan avvinka for offside.
63'
Feilipe Anderson avsluttar høgt over mål. Ikkje altfor gode dødballar frå brasilianaren i kveld.
62'
Dødball. Anderson står klar nok ein gong.
61'
Kayal lagar frispark i farleg posisjon.
59'
Avslutning, Fabián Balbuena - West Ham
59'
Brukbart forsøk for gjestane! Frisparket hamnar på bakerste stolpe der ballen blir slått inn foran mål igjen. Ei avslutning frå Balbuena går via ein Brighton-spelar og til corner.
58'
Zabaleta blir felt og Hammers får frispark i god innleggsposisjon.
57'
Skummelt innlegg frå March. Fabianski plukkar det.
55'
Anderson slår skummelt inn foran mål og det er ikkje langt unna at dei kjem til avslutning. Corner.
54'
Det er definitivt West Ham som har initiativet no.
54'
Arnautovic kjem seg fri inne i boksa, men avslutninga frå skrått hald går rett på Ryan.
52'
West Ham har ballen på Brighton sin halvdel, men slit litt med å finne opningane i heimelaget sitt forsvar.
50'
Slår ballen rett i muren. Elendig utnytta. Brighton prøvar å kontre i staden.
50'
Gjestane med frispark. Anderson står klar.
50'
Så er det Matt Ryan som held på å øydelegge for laget sitt. Klarerer rett i ein West Ham-spelar, men slepp med skrekken.
48'
The Seagulls står høgt og nektar bortelaget å kome i gong med noko spel.
48'
Fabianski held på å rote det til i det han skal klarere. Murray er aggressiv og held på å vinne kula frå keeperen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge laga er klare igjen!
Brighton leiar 1-0 over West Ham etter ein intens og spanande fotballkamp. Glenn Murray sendte vertane i føringa etter 25 minutt på pasning frå Kayal. Det har ikkje vore ein kamp prega av dei store sjansane, men det er likevel to lag som ynskjer å angripe. Vi håpar at vi får sjå endå meir offensiv magi etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Brighton med innkast høgt i bana. Prøvar å bruke litt tid.
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt.
45'
Anderson prøvar å drible seg forbi Bruno, men den tidlegare Valencia-backen stoppar han enkelt.
44'
Kort tid igjen å spele før pause. Skal West Ham klare å svare før laga går inn i garderobene?
42'
Obiang får ballen like utanfor Brighton sin sekstenmeter, men fyl ikkje skikkeleg med og misser den.
40'
God sjanse for Brighton! Murray legg ballen elegant igjen til Jahanbakhsh inne i feltet, men volleyskotet frå iranaren går over mål.
38'
Vertane med dødball. Knockaert prøvar å slå langs bakken ved sidan av West Ham-muren, men ingen i blått og kvitt når ballen før den går utover sidelinja.
35'
Yarmolenko sender i veg eit skot frå langt hald. Ryan har ein takknemleg jobb med å halde forsøket.
31'
Godt forsøk for West Ham! Zabaleta slår tilbake i feltet der Arnautovic prøvar seg på ei avslutning. Skotet hans blir raskt blokkert, men returen går til Obiang som skyt via bakken og over mål.
31'
Jahanbakhsh prøvar seg med ein markkrypar, men Fabianski ligg nede og ventar på ballen og har god kontroll.
30'
Mark Noble kjem til avslutning for bortelaget, men er i ubalanse og treff dårleg.
27'
No må formlaget West Ham svare. Brighton scorar altså på deira første gode sjanse i kampen.
24'
Murray med innlegg frå venstre. Gjestane frå London får reinska unna.
20'
Knockaert med ein nydeleg stikkar igjennom til Murray, men spissen vel å avslutte frå hjørnet av sekstenmeteren og skotet går høgt over mål. Dårleg utnytta.
18'
Knockaert og Brighton kontrar, men det heile stoppar opp når pasninga frå Brighton sin nummer 11 går utover sidelinja.
15'
Småfarleg! Anderson slår ein lur variant tilbake i feltet der Arnautovic bankar til på volley. Spissen frå Austerrike treff godt, men heimelaget får blokkert. Corner.
14'
Frispark til West Ham i bra innleggsposisjon.
12'
Fleire tøffe duellar her no. Akkurat slik det skal vere i ein engelsk kveldskamp!
11'
Ingen av laga har klart å få til mykje spel så langt.
10'
Mange innkast i løpet av kort tid no.
7'
Knockaert slår eit frispark inn bak Hammers-forsvaret, men kula går berre inn til Fabianski.
6'
Det er Brighton som har festa eit lite grep her no.
6'
Jahanbakhsh slår hardt og lavt inn frå venstre, men ballen går berre rett til keeper Fabianski.
5'
Knockaert med ei avslutning frå grei posisjon etter ei svak West Ham-klarering. Ufarleg.
2'
Kevin Friend er kveldens domar.
Avspark Start 1. omgang
No er dei to laga ute på bana og helsar på kvarandre.
Ein spelar å sjå opp for i kveld er West Ham sin austerrikske spiss Marko Arnautovic. Han har scora mål i dei to siste kampane (stod over i 0-0-oppgjeret mot Chelsea) og har fire totalt i ligaen denne sesongen. For Brighton sin del er det nok Glenn Murray dei lit mest på offensivt. Han har like mange scoringar som Arnautovic, men har ikkje funne nettmaskene i løpet av sine to siste opptrednar.
Sidan 1981 har Brighton og West Ham møttest 11 gongar. 5-2-4 er statistikken her, i favør kveldens heimelag. Tilsvarande oppgjer førre sesong enda 3-1 til Brighton, medan laget frå kystbyen også vann heile 3-0 i London. Den største sigeren er det derimot Hammers som har. I Championship i 2012 smadra dei nemleg Brighton heile 6-0. Ricardo Vaz Te blei den store helten då med sitt hattrick.
Brighton-manager Chris Hughton må unnvere Dale Stephens og Pascal Gross til kveldens match. Hammers må på si side klare seg utan viktige namn som Javier Hernandez, Carlos Sanchez, Jack Wilshire, Andy Carroll, Winston Reid og Manuel Lanzini.
West Ham har verkeleg funne forma etter ein grusom start på sesongen. Manuel Pellegrini har dei siste kampane sett laget slå Everton og Manchester United i tillegg til ei poengdeling med Chelsea. 4-1-1 er fasiten på dei seks siste. Brighton står på si side utan siger i ligaen sidan møtet med Manchester United i runde 2, ein kamp som enda 3-2. Totalt på dei seks seinaste i alle turneringar har dei svake 0-2-4.
Det er to lag på nedre del av tabellen som møtast på Amex Stadium i kystbyen Brighton i East Sussex i kveld. På 14. plass finn vi West Ham, medan Brighton er på plassen bak.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Brighton og West Ham!