TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Dommar Cink bles av kampen. Eit uhyre effektivt bortelag tar med seg alle tre poenga etter ein solid andre omgang. Heimelaget skapte nok av sjansar til å score både 3 og 4 mål i dag, men kvaliteten i begge boksane var høgare hos gjestane. I tillegg vil utvisningssituasjonen i første omgang bli heftig diskutert rundt middagsborda i Bremanger. Liten tvil om at det hadde avgjerande betydning for Fjøra.
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+1'
Bremanger pressar på, men gjestane forsvarer seg heroisk.
90'
Skudd frå Eirik Rylandsholm. Corner.
90'
Ruben Vågenes er kåra til dagens beste spelar for heimelaget. Har gjort en god kamp, hordalendingen.
88'
Gult kort
87'
Bueie testar Rutlin med pannebrasken. Rutlin slår til corner.
83'
Bremanger bit seg fast og Fjøra-forsvaret heng litt i taua. Men klarer ikkje å komme til avslutning.
79'
Mange slitne bein utpå her no. Lang veg tilbake for heimelaget. Ingen tvil om at den omdiskuterte avgjerda om å la Fjøra beholde alle 11 har fått konsevkvensar i negativ grad for Bremanger,
77'
Spillerbytte
75'
Mål!
0-4
No er det mykje som går gale for heimelaget. Scoringa er ein speilvendt kopi av 0-3. No er det motsatt kant som scorer.
71'
August Ommedal kjem til avslutning frå skrått venstre. God redning av Rutlin hindrar 1-3.
65'
Mål!
0-3
Fjøra straffar heimelaget nådelaust. Legg på bakerste som innbyttar Maristuen set kontant i mål.
60'
Hjørnespark
59'
Ruben Vågenes blir stussa gjennom, men dommar bles for offside.
57'
Spillerbytte
55'
Sit med en følelse av at heimelaget absolutt kan redusere her.
54'
Ballen blir tatt av vinden og går over dødlinja.
54'
Hjørnespark
54'
Blir ny corner.
53'
Hjørnespark
53'
Martin Klakegg Hauge kriger til seg en corner.
51'
Mål!
0-2
Ballen spretter et par gongar fram og tilbake og endar tilfeldigvis i bakrom, der Gjerde er sikker aleine med Elde.
51'
Martin Senneset med et skuddforsøk, men ballen går et bra stykke over mål.
49'
Skudd frå Eirik Rylandsholm, men enkelt for Rutlin. God jobb av Martin Senneset i forkant.
47'
Mannen som ifølge augevitner skulle vore utvist går av bana til fordel for Sekkingstad.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Foto frå Stig Høynes bekrefter at Fjøra skulle vore redusert til 10 mann. Dessverre ingen VAR-buss å sjå på stadion.
Kenneth Elde og Ragnar Åmot med ein "koseprat" på veg av bana. "No er det siste sjans!" advarer Åmot med pondus i stemma. Rimelig å anta at det neppe blir utveksla julekort dei imellom heller.
Då går laga til pause på stillinga 0-1. Her er det fortsatt alle muligheter for heimelaget.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
"NO MÅ DU FAEN MEG GJE DEG!!!" gjallar det frå bana. Ukjent kven sine lunger det kom ifrå, men det er høg temperatur i regnbygene iallfall.
42'
Synd for Bremanger. Fjøra har ikkje sett ut som eit topplag i dag.
41'
Mål!
0-1
Plukkar opp ein laus ball og er nådelaus.
38'
Gult kort
Dramatikk i syndefloden! Vågenes blir riven ned aleine med keeper og alle forventar rødt kort. Dommar Cink velger det gule. Får neppe julekort frå T. Glomnes i år, sandensaren.
36'
Blir ikkje særleg farlig no heller. Utspel frå Rutlin.
34'
Gjerde får til ei slags avslutning, men ingen problem for Elde.
34'
Hjørnespark
32'
Gløym det eg sa om været (igjen). No er det syndeflod.
29'
Heimelaget får denne gongen avslutta og unngår dermed kontring imot. Men farlig blir det ikkje. Utspark for Rutlin.
28'
Hjørnespark
28'
Ruben Vågenes parkerer et par sogningar. Ny corner for Bremanger.
26'
Været har bedra seg. Spørs om det er Bremanger eller Fjøra som kjem til å profitere mest på det.
25'
Nok ei kontring etter corner, men det blir aldri farlig.
24'
Hjørnespark
22'
Høyang foreløpig 1-0 over Måløy og Stryn foreløpig 1-0 over Spretten. Ingen bomber så langt.
19'
Fjøra prøver å kontre etter corneren, men sliter med presisjonen.
18'
Hjørnespark
18'
Linjemann Åmot får så hua passar når han unnlater å vinke offside på ein Fjøra-spelar, men det endar uansett med utspel.
16'
Livsfarlig tilbakespel frå Nesje, men slepp med skrekken! Elde reddar igjen! Heimelaget må opp eit hakk no!
14'
Stor sjanse for Gjerde ut av ingenting. Får avslutta, men Elde slår ballen over tverrliggaren.
12'
Fjøra prøver å etablere trykk mot heimelaget, men lykkast ikkje i særleg grad.
10'
Funfact: Jonas Torvanger i forsvaret til Fjøra er son av tidligare Bremanger-, Sogndal- og Brannspelar Atle Torvanger. Regnar ikkje med han har tenkt å gjere heimelaget nokon tenester av den grunn.
8'
Nesje prøver å nå Vågenes med en bakromsball, men keeper er våken.
8'
Gjestane får klarert.
7'
Frispark til Bremanger i innleggsposisjon.
5'
Jamn start på kampen.
5'
Hjørnespark
Klarert ved første stolpe.
5'
Fjøra contrar etter at heimelaget får eit skudd blokkert. Gjerde testar Elde, men får kun corner.
3'
August Ommedal testar skuddfoten, men ingen problem for Rutlin.
2'
Gløym det vi sa om været. No plaskar det friskt ned igjen.
Avspark Start 1. omgang
Laga har entra bana og speaker Åge Senneset leser lagoppstillingane.
Ser kanskje ut som at værgudane har tenkt å gi spelarane (og Firda-referenten) ei lita handsrekning no. Opplett enn så lenge. 20 minutt til kampstart.
Skulle så gjerne sagt at det er en perfekt dag for fotball, men det har regna kattar, bikkjer, hjort og marsvin på solysten i dag, så det ligg an til å bli en kamp for dei som elskar ei god sklitakling. Bana er foreløpig meget bra.