TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 5-15. På mål: 2-9.
Heimelaget scora kampens einaste mål ved Berglund etter rot i Hødd-forsvaret i 1. omgang. Favorittane frå Ulsteinvik vakna til liv eit stykke ut i 2. omgang, men til trass for fleire feite sjansar klarde dei ikkje å overliste ein meget god Henrik Reite Hansen i Brattvåg-buret. Dei gulkledde er dermed klare for 3. runde, medan Hødd si dårlege form under nyetrenar Hans Erik Eriksen held fram.
2. divisjonslaget Brattvåg har slått ut Hødd, NM-vinnarane frå 2012!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Vi er på overtid av overtida no.
90+4'
Sereba med ein stor sjanse. Høgt over mål!
90+3'
Gult kort
Ein frustrert Shroot kjem for seint inn i ei takling og får kampens tredje gule kort.
90+2'
Innkast for Hødd.
90+1'
Hjørnespark
Er det på corner Hødd skal score? Brattvåg får klarert.
90+1'
Minimum tre minutts tilleggstid her.
90'
Hødd slit med å etablere eit trykk her no. Vi er straks på overtid.
90'
Dødball for Brattvåg på eigen halvdel.
90'
Hødd med kula. Rekk dei å utlikne før domaren bles av kampen?
89'
Kjempesjanse for Brattvåg! Nekrouf kjem seg heilt inn på femmeteren til Hødd og får avslutta, men skotet går på feil side av stolpen.
88'
Brattvåg med innkast på eigen halvdel. Gultrøyene brukar sjølvsagt bra med tid.
87'
Spillerbytte
84'
Veldig nære utlikning! Breivik slår presist inn frå høgre, og det er berre ei kjemperedning frå keeper Hansen som hindrar bortelaget i å score. Myklebust var det vel som fekk avslutta der.
84'
Stor strekk i heimelaget. Hødd strevar likevel med å finne opningane.
83'
Hødd smadra altså Brattvåg 8-0 i ein treningskamp i februar. Ikkje lett å forstå det, når ein ser dei to laga no.
80'
Spillerbytte
79'
Nok ein kjempesjanse for Hødd! Sereba slår presist inn, men frå fem meters hald klarer ikkje Karlsen å avslutte på mål.
78'
Hødd dominerer banespelet, men det er nokså lenge mellom målsjansane.
77'
Aasbak slår inn. Dei gulekledde får klarert.
77'
Breivik blir felt av Høivik. Frispark til bortelaget.
76'
Omlag 15 minutt att å spele i Brattvåg. Skal vi få ei overrasking her, eller skal NM-vinnarane frå 2012 klare å slå tilbake?
75'
Ein Brattvåg-spelar sit nede med krampe.
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Hjørnespark
Nesten igjen for Hødd! Magnussen får heada på mål frå kort hald, men Hansen er raskt nede og plukkar. God redning. Framleis 1-0!
71'
Shroot avsluttar sjølv. To gongar rett i muren. Svakt av briten.
71'
Frispark til Hødd i finfin posisjon. Her må det kome eit skot.
70'
Gult kort
Får det gule kortet etter ei kynisk felling.
70'
Shroot i fullt firsprang framover. Blir kynisk felt.
69'
Hjørnespark
Hødd får rydda opp.
67'
Spillerbytte
66'
Hjørnespark
Endar med ingenting. Brattvåg beheld likevel ballen.
64'
Bortelaget har eit langt betre grep om oppgjeret no.
63'
Stor sjanse for Hødd! Magnussen blir spelt fri i bakrom, vender bort næraste Brattvåg-spelar og avsluttar - over mål. Hødd sin beste sjanse i kampen, det!
61'
Hjørnespark
Hødd-spelarane står i kø inne i boksa, men det endar berre med at Sjølstad avsluttar i nettveggen frå skrått hald.
61'
Hjørnespark
Endar med nok ein corner.
61'
Farleg innlegg inn i Brattvåg si boks. Ingen av Hødd-spelarane var våkne nok der.
58'
Gult kort
Vegard Sætre får det gule kortet etter å ha stoppa ein spelar i blått på ulovleg vis.
58'
Brattvåg kan kontre, men vel å roe det ned.
58'
Meir Hødd no.
57'
Shroot finn Sereba på høgresida, men det påfølgjande innlegget frå Hødd sin nummer 7 når aldri fram.
56'
Nesten for Brattvåg! Palacios sender frisparket like utanfor.
56'
Törnqvist lagar frispark i farleg posisjon.
56'
Sjølstad kjem i fint driv med ballen, men den avgjerande pasninga til Sereba er altfor svak og Brattvåg kan overta.
54'
Hjørnespark
Moltu kjem til heading, men stopparen får ikkje nok trøkk i avslutninga og Hansen plukkar greitt.
54'
Sereba vinn eit hjørnespark for Hødd.
51'
Nesten for Hødd! Shroot avsluttar frå utanfor boksa, og Hansen ser ut til å ha kontroll. Keeperen glepp derimot ballen og er nære ved å miste den til Myklebust. Heldigvis for sin eigen del rekk han å fange den igjen.
49'
Shroot får avslutta etter forarbeid av Breivik. Engelskmannen avsluttar utanfor.
48'
Aasbak med innkast. Ballen blir etter kvart lempa inn i boksa, men Brattvåg får rydda opp.
46'
Heimelaget sparkar i gong den andre halvdelen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Brattvåg leiar fortent 1-0 over Hødd etter dei første 45 minutta av denne 2. rundekampen i Noregsmeisterskapet. Favorittane frå 1. divisjon har vore svært svake så langt, og knapt skapt offensivt trøbbel for heimelaget. I tillegg har dei rota det til defensivt, noko som resulterte i scoringa til Jan Philip Berglund, kampens einaste hitil. Vi håpar den siste halvdelen byr på endå meir spaning og scoringar!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Sereba med eit forsøk. Keeper Hansen er på pletten igjen.
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45'
Hødd med frispark. Rett på keeper Hansen.
44'
Svakt slått. Blir enkelt klarert.
44'
Heimelaget får dødball. Kristoffer Hildestrand står klar.
43'
Brattvåg forsøker ei kontring, men utan at det endar med ein sjanse.
42'
Hjørnespark
Endar berre med eit innkast på motsett ende.
40'
Myklebust dreg seg innover i bana og finn Vestvatn. Han prøvar eit skot, men det går ufarleg rett på keeper Hansen.
38'
Heimelaget med innlegg inn i Hødd si boks. Aasbak stangar unna.
35'
Hjørnespark
Hjørnesparket endar til slutt med ei heading som går ufarleg utanfor.
35'
Aasbak skjer innover i bana og slepp kula til Myklebust. Gurskingen prøvar eit skot, men forsøket blir blokkert. Corner.
34'
Høddarane har vore svært svake hittil i denne 2. runde-kampen. Dei har skapt svært lite offensivt, og i tillegg har ein grov forsvarsfeil ført til at Brattvåg har teke leiinga. Hovudtrenar Hans Erik Eriksen kan umogleg vere fornøgd med det laget hans har prestert så langt.
30'
Mål!
1-0
Brattvåg tek leiinga mot Hødd! Hødd-stoppar Steffen Moltu rotar det til i eigen sekstenmeter og misser kula til ein motspelar. Berglund får etter kvart tak i ballen, siktar og plasserer den nydeleg nede i Alme sitt høgre hjørne. 1-0 til vertane!
29'
Magnussen prøvar å tre igjennom til Myklebust, men ballen når aldri fram. 1. divisjonslaget har vore svært tame den første halvtimen i Brattvåg.
27'
Nære på for Brattvåg! Ein spelar kjem seg rundt på venstresida og får lagt lavt inn i boksa. Der kjem heimelaget til avslutning frå kort hald, men keeper Alme er raskt ute og blokkerer forsøket.
26'
Hjørnespark
Blir teke kort. Mambouana prøvar eit skot frå langt hald, men det blir blokkert.
24'
Dagens domar er forresten Marius Hansen Grøtta frå Malmefjorden IL.
22'
Hjørnespark
Blir slått inn i feltet, men domaren bles frispark til vertane.
20'
Hjørnespark
Blir slått rett bak mål. Dårleg utnytta av blåtrøyene.
18'
Lamine Nekrouf får avslutta innanfor Hødd si boks, men er i ubalanse og sender forsøket ufarleg utanfor.
14'
Hødd-supportarane Blåsarane gjer som vanleg sitt for å lage god stemning på tribunene.
14'
Nekrouf får lagt inn frå høgre, men bortelaget får klarert.
13'
Det er altså på Amfi Moa stadion ting skjer her i fylket. Herd leiar 2-0 over AaFK etter 12 minutts spel!
11'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe, før returen blir sendt opp på tribunene av bortelaget.
10'
Nesten for Hødd! Shroot kjem til heading, men keeper får redda til corner.
8'
Hjørnespark
Bra slått corner. Hødd får rydda unna like framføre mål.
8'
Mange balltap frå begge lag no.
7'
Svenske Robin Palacios prøvar å tråkle seg gjennom Hødd-forsvaret, men blir enkelt stoppa.
7'
Hildestrand tek dødballen, men sender den svakt bak mål.
6'
Frispark til heimelaget.
6'
Det bør vel leggjast til at Brattvåg og Hødd møttest til treningskamp i midten av februar, og det oppgjeret vann blåtrøyene heile 8-0. Både Magnussen og Shroot, som spelar i angrepet til Hødd i dag, scora to kvar den gongen.
5'
Roleg opning på oppgjeret.
3'
Hødd stiller for øvrig med eit sterkt mannskap frå start av i dag, og det er først og fremst i det bakerste leddet at dei har sleppt til andre spelarar enn dei som har vore mest involvert i byrjinga av sesongen. Moltu og Törnqvist spelte fast i midtforsvaret i fjor, men begge har vore henviste til innbytarbenken i ligaen så langt. I tillegg får unge Martin Breivik prøve seg på høgrebacken.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga er no klare på kunstgrasbana, og vi er få straksar unna avspark.
Cupvinnarane frå 2012, Hødd, slo på si side Godøy 6-1 i den første runda. Joachim Magnussen (3), Michael Karlsen (2) og Magnus Myklebust ordna måla for blåtrøyene. I 1. divisjon har det derimot gått langt dårlegare for ulsteinvikarane, og etter dei fire første kampane ligg dei på 14. plass med berre to poeng så langt. Ein opptur her i cupen er dermed av stor betydning.
I den 1. runda av NM for to veker sidan slo Brattvåg frå Haram kommune ut Florø etter ekstraomgangar. Aarsund og Nekrouf scora måla i 2-1-sigeren. Til vanleg speler Brattvåg i PostNord-ligaen avdeling 2. Her ligg dei på 2. plass etter sju poeng på dei tre første kampane.
Desse to laga møttest også i 2013, då i 1. runde av NM. Trass i ein klar 4-1-siger til Hødd, var det ei stund tvil om laget fekk avansere vidare til neste runde. Etter kampslutt blei det nemleg spekulert i at Brattvåg ville klage inn Hødd til NFF for feil i domarkorta, men etter eit lite oppklaringsmøte blei det bestemt at saken skulle leggjast daud. Noko som var heilt korrekt ettersom det berre var snakk om ein feil på eit draktnummer på eit av domarkorta. Måla i den kampen blei for øvrig scora av Vegard Heltne, Pål Andre Helland, Ruben Kenneth Brandal og Erik Sandal. Berre ein av desse, Heltne, er framleis i klubben. Carl Björk scora for Brattvåg.
Hei og velkomen til livedekning av 2. runde av Noregsmeisterskapet og sunnmørsoppgjeret mellom Brattvåg og Hødd!