TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er det over. Brattvåg går vidare eit ein nervepirrande kamp.
Kamp slutt Slutt (2-1)
120'
Vi er på overtid i 2.ekstraomgang. Sikkert lagt til ein del grunna tida som gjekk rundt utvisninga.
119'
Med tanke på at fleire av Brattvåg sine spelarar haltar rundt utpå her så kan ein kanskje ikkje seie at Brattvåg spelar 11 mot 10. Framleis moglegheiter for Florø, men kan jo bli spananade med Reksten i mål i ein eventuell straffekonk.
118'
Byte vart gjort før utvisinga så Florø hadde ingen byter igjen. Ser ut som det er Reksten som tek på seg keeperhanskane.
117'
Spillerbytte
115'
Rødt kort
Grytten åleine og Frenderup feller utafor 16-meteren, men Grytten på veg vekk frå mål. Ganske strengt det der.
112'
Gult kort
Feller ein brattvågspelar på 20 meter. Frisparket går over.
112'
Florø styrer kampen no, mens Brattvåg sine spelarar ligg strødd ut på her. Kaptein Johnsen i forsvaret går og rundt og haltar no.
111'
Annulert mål for Florø. Eit skot er på veg mot mål, men Kupen som står i offside tuppar den inn. Ikkje sikkert om den hadde gått i mål eller ikkje utan Kupen si innblanding.
107'
Brattvåg har brukt alle byta sine og Finn Alvestad slit veldig utpå her. Haltar rundt og klarar ikkje å springe. Florø omtrent 11 mot 10. Kan dei utnytte dette?
106'
Då er vi i gang igjen. Brattvåg med kstevinden i ryggen no.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (2-1)
Pause. Brattvåg med eitt bein i 2.runde.
Pause Pause ekstraomganger (2-1)
102'
Florø har tatt over og styrer kampen no. Ikkje så rart då dei treng eit mål for å redda seg til ein straffesparkkonkurranse.
101'
Florø med to gode sjansar her. Den siste eit innlegg som blir tatt av eit vindkast og som går i tverra.
100'
Spillerbytte
95'
Mål!
2-1
Høivik med høgt innlegg på bakerste som alle trur skal gå ut, men der er Nekrouf og set ballen i mål. Advantage Brattvåg!
92'
Florø med avspark og med vinden i ryggen i denne første ekstraomgangen.
91'
Då er vi i gang med ekstraomgangane her etter ein svært kort pause. Mulig Florø skal nå nokon ferjer for å komme seg heim.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (1-1)
Pause Etter ordinær tid (1-1)
90+1'
Ser ut som det ebbar ut med 1-1 dette. Ingen av laga tør no ta noko sjansar virkar det som.
88'
Palacios får ein god sjanse, men avslutninga er for svak.
86'
Kupen gjennom, men skyt over.
83'
Florø no med initiativet i kampen. Brattvåg med mange personlege feil.
82'
Spillerbytte
77'
Ved uavgjort vert det ekstraomgangar og eventuelt straffesparkkonkurranse om det endar uavgjort etter to ganger 15 minutt. Blir det ein lang kveld i Brattvåg eller klarar nokon av laga å avgjere dette før full tid?
75'
Florø har dei siste åra vore ein cupaskeladd der dei har slått ut topplaga Sogndal og Hødd samt fått eit draumeoppgjer med Brann. No må dei nok heve seg eit par hakk om ein skal få oppleve slikt på Florø stadion denne våren.
73'
Brattvåg har tatt over kampen og styrer no det som skjer ut på her. Slit derimot med å komme til dei store sjansane. Luktar det målmasking Grytten her på slutten.
72'
Spillerbytte
68'
Spillerbytte
65'
Mål!
1-1
Så sit den for Florø! Ein corenr blir lagt heilt inn i feltet og der er Reksten Solheim råsterk og vinn duellen med keeper. 1-1 i Brattvåg!
65'
Brattvåg kjem to mot to, men florøforsvaret får rydda unna.
59'
Litt småkjedeleg kamp dette. Florø ligg framleis lågt og det er jo litt rart når det er cup og dei ligg under. Brattvåg med grei kontroll.
57'
Gult kort
Feller ein florøspelar sentralt i bana. Dommaren meiner det var ein overgang og gjev Nekrouf det gule. Strengt.
53'
Florø ligg framleis lågt i bana og satsar på kontringar, men ser farlegare ut no enn kva dei gjorde i den første omgangen.
50'
Florø litt meir med no. Fekk ein corner, men den vart det lite ut av.
50'
Ingen byter på nokon av laga.
49'
Då er vi i gang med den andre omgangen her i cupens første runde frå Brattvåg Stadion.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det pause på Sunnmøre. Brattvåg har vore best og leiar fortent 1-0. Etter scoringa som kom i det 34. minutt roa kampen seg betrakteleg. Florø har vore tamme og Brattvåg har styrt med vinden i ryggen. Så får vi sjå om Florø klarar å dra fordel av dette i neste omgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
44'
Ellers har ein anna florøværing notert seg for mål. Peter Aase sender Åsane opp i ei solid 4-0 leiing borte mot Tertnes. Kjekt det for ungguten som ikkje får sjansen til å visa seg fram i Sogndal.
43'
Det går mot pause her på Sunnmøre og framleis er det Aarsund si eine scoring som skil laga.
42'
For Florø ser vi at det er fleire byter frå sesongåpninga i 2.divisjon. Ryland som er på lån frå Sogndal er ute. Eg reknar med det er for at han seinare skal kunne spele cupkampar for Sogndal. I tillegg er den spanande midtbanespelaren frå Australia Luc Jeggo ikkje med i dag.
40'
Litt seint å kommentere lagoppstillinga, men vi ser at Grytten, som laga 4 mål i Brattvåg sin knusande 5-0 siger i sesongåpninga borte mot Byasen, er på benken. Tek ingen sjansar med toppscoraren her Brattvåg framfor denne meget spananade sesongen i 2.divisjon der laga frå nr. 8 og nedover rykkjer ned.
36'
Det er Brattvåg som har styrt kampen og Florø har vore mest interessert i å satse på kontringar. No må derimot laget frå Sogn og Fjordane lenger opp i bana.
34'
Mål!
1-0
Innlegg inn i 16-meteren og etter mykje klabb og babb er det Aarsund som styrer ballen ned i hjørnet. Utagbart for Frendrup.
34'
Frisparket går over.
34'
Feller ein florøspelar like utafor 16 meteren der, kapteinen til Brattvåg.
33'
Gult kort
29'
Og då meiner eg at vi skal ha fått på plass begge laga også. Florø i 4-3-3, mens Brattvåg kjører ein 4-2-3-1 formasjon.
26'
Brattvåg med ein liten bris i ryggen i denne omgangen.
19'
Florø har hatt sine overgangar og ein halvsjanse då Muhammed kom rundt på kant og la 45 grader ut, men der var berre Brattvåg spelarar som fekk klarert.
18'
Det er framleis 0-0 i kampen. Ei rolig innleiing der Brattvåg har hatt ballen mest.
18'
På grunn av tekniske problem her i livesenteret kom vi litt seint i gang og vi har ikkje fått lagt inn laga endå.
16'
Då vil vi få ynskje velkomne til 1.runde i cupen her frå Brattvåg Stadion.
Avspark Start 1. omgang