TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Manchester United er klare som vinnarar av Gruppe H, to runder før slutt! Braga var lenge det beste laget, og hadde sigeren i lomma i store perioder. Eit lengre straumbrot gjorde at laga fekk ei ufrivillig pause, og kanskje var det dette som gjorde at dei raude til slutt vakna. Alan gav Braga leiinga på eit straffespark, før van Persie utlikna etter ei gigatabbe av Beto. Også United fekk straffespark, og det ekspederte Rooney i mål, før Hernandez sikra sigeren med 3-1 rett før domaren blåste av kampen. Braga hamna med dette resultatet sist i gruppa, men ein Galatasaray-siger i den andre kampen i Gruppe H gjer at det er vidope kven som blir med United til sluttspelet. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+14'
Mål!
1-3
Hernandez med spikaren i kista, og det på komisk vis! United vinn ballen rett utanfor Braga si boks, og Valencia slår inn foran mål der Rooney hælflikkar til ein heilt ledig Hernandez. Mexicanaren fintar Beto på rompa, men får avslutninga blokkert på streken. Spissen gir seg derimot ikkje, og får nærast takla kula i mål.
90+14'
United med frispark på eigen halvdel. Blir lempa opp.
90+13'
Spillerbytte
90+13'
Hernandez prøvar å finne ein ledig van Persie høgt i bana, men pasninga blir stoppa av Braga-forsvaret.
90+12'
Roleg periode i kampen no. United har senka seg, og Braga verkar å vere for slitne til å klare å skape noko særleg farleg.
90+11'
David De Gea med ei iskald avdribling av Elder. Det enda heldigvis godt for United-fansen.
90+10'
Det er omlag tre minutt att å spele av ordinær tid. Eit straumbrot er skyld i at det blei ei lengre pause i kampen.
90+8'
Spillerbytte
90+8'
Manchester United har altså snudd 0-1 til 2-1 i løpet av få minutt, og det utan knapt å ha skapt ein sjanse gjennom heile oppgjeret.
90+7'
Spillerbytte
90+7'
Mål!
1-2
Rooney bankar ballen høgt og sikkert i mål. United har snudd det!
90+6'
Straffe!
90+6'
Stor sjanse for United! Giggs chippar igjennom Hernandez som avsluttar på Beto. Rooney kjem først på returen, og ser ut til å bli felt. Domaren let spelet gå, men må ombestemme seg når assistentdomaren vinkar med flagget. Straffe har blitt dømt!
90+5'
Braga med frispark inn i United si boks. Smalling går i duell, og får også frispark.
90+5'
Keisamt for Braga den utlikninga, då dei har hatt bra kontroll stort sett gjennom heile oppgjeret.
90+2'
Mål!
1-1
United utliknar på eit stor tabbe frå Beto! Van Persie blir spelt fri til venstre, men er eit godt stykke frå mål. Beto er derimot på bærtur og kjem langt ut, før han febrilsk prøvar å kome seg tilbake i mål. Van Persie har overblikk og plasserer ballen i det tome buret.
90+1'
Farleg frå United. Valencia legg inn i boksa, og Rooney er nære på å få avslutta.
89'
Hjørnespark
Er farleg slått, og Smalling er ikkje langt unna å få hovudet på den.
89'
Rooney med sitt første skudd for dagen. Via ein motspelar og til corner.
87'
Valencia kjem seg rundt Braga sin back og får lagt inn. Beto har full kontroll i luftromet i eiga boks.
86'
Alan prøvar å finne Eder bak United sitt forsvar, men pasninga blir for upresis.
86'
Rafael tek dermed over høgrebacken, medan Valencia blir flytta fram på kant.
85'
Spillerbytte
84'
Nani ligg nede og må få behandling. United har blant anna Ashley Young på benken.
83'
Manchester United har initiativet her no, men slit med å kome til sjansar. Braga er småfarlege på kontringar.
82'
Gult kort
Held igjen van Persie som er på veg framover. Soleklart.
81'
Micael dreg i gong nok ei kontring, men han treff ikkje Alan skikkeleg med gjennombrotspasninga, og United kan overta.
81'
Salino tek Rooney bakfrå og United får frispark. Det tek dei kjapt.
80'
Nani prøvar å spele fri van Persie, men pasninga er altfor svak.
78'
Gult kort
Får kortet på grunn av farleg spel.
78'
Hjørnespark
Ferdninand headar unna, før en saksesparkande Eder treff Anderson og lagar frispark.
76'
Spillerbytte
75'
Farleg frå Braga på frisparket! De Gea gir ein skummel retur på frisparket frå Coelho, og Micael bankar ballen inn foran mål. Det er med naud og neppe at bortelaget får rydda unna.
75'
Anderson med ei lita hand i fjeset på Micael som dett til bakken som om han var skutt. Greitt nok frispark, men den insidensen der kunne umogleg ha gjort så vondt.
74'
Nære på at heimelaget lukkast på ein overgong. Micael vel å slå pasninga til feil medspelar, og Smalling får ordna opp.
73'
Bortelaget har rive til seg eit lite initiativ her no.
72'
I følgje enkelte rapportar som har kome inn skal det vere problem med straumtilføringa som gjorde at ein del av lyskastarane gjekk.
69'
Spillerbytte
69'
Det var stopp i spelet på ca 10-11 minutt. Domar Brych skal droppe ballen.
68'
No kjem i alle fall laga på bana igjen. Det må vel bety at vi er klar for litt fotball igjen?
66'
Det har fortsatt ikkje blitt gjort offisielt kvifor lyset på Estádio Municipal de Braga har gått. BBC forventar at det blir minst ei 10 minutters pause.
65'
I den andre kampen i gruppa er Galatasaray no tilbake i føringa igjen. Yilmaz har gjort sitt andre for dagen. Framleis veldig jamnt i denne gruppa, altså.
62'
Spelarane har gått i garderoba for å halde varmen, medan ein del av reservane trillar ball ute på grasmatta.
59'
Sjølvsagt god stemning blant heimefansen.
58'
Då har faktisk delar av lyset på stadion gått! Pause i spelet her, naturlegvis.
57'
Langpasning i Braga si boks, men heimelaget sitt forsvar ryddar greitt unna.
56'
Welbeck får ballen i veldig god posisjon inne i Braga si boks, men er uheldig og sender ballen i arma via kneet og domaren gir frispark til heimelaget.
56'
1-1 mellom Cluj og Galatasaray no. Dermed har Braga og United ei lita luke.
53'
Hjørnespark
Beto fistar unna. United beheld kula.
53'
Nani avsluttar hardt frå distanse. Men via Douglao og til corner.
52'
Farleg innlegg i United si boks. Evra headar unna.
51'
Rett og slett fortent at Braga leiar kampen. No må i alle fall United gjere meir ut av seg offensivt enn tilfellet har vore hittil!
49'
Mål på straffe!
1-0
Alan bankar Braga i leiinga på Estádio Municipal de Braga! De Gea går rett veg, men veteranen Alan, som også scora to på Old Trafford, bankar den høgt i mål.
48'
Straffe!
Custodio spring inn i boksa og Evans står i vegen. Straffe til heimelaget!
48'
Custodio spring inn i boksa og Evans står i vegen. Straffe til heimelaget!
48'
Frispark for heimelaget i bra innleggsposisjon. Klarer ikkje å løfte den skikkeleg og Anderson får heada unna.
47'
Småfarleg frå Braga, men Evra stoppar ei tversoverpasning og United klarer å organisere seg igjen.
47'
Amorim med ein god defensiv jobb mot Valencia som prøvar å kome seg forbi.
46'
Då er vi i gong igjen!
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er dei to laga på veg utpå grasmatta igjen. Ingen endringar på laga hittil.
Det står 0-0 på Estádio Municipal de Braga etter ein nokså tam omgang. Manchester United har hatt ballen mest, men det er Braga som har skapt det meste av det som har skjedd offensivt. Forhåpentlegvis tek oppgjeret seg opp til 2. omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Micael prøvar seg på ei avslutning, men skotet blir kjapt blokkert.
45'
Alan prøvar å lobbe inn til Salino i United si boks, men ballen blir stoppa.
45'
United sin høgrekant, men Valencia og Nani, har vore litt meir aktiv dei siste minutta. Er dei raude djevlane i ferd med å vakne?
44'
Valencia slår inn, og Nani kjem til ei slags heading, som dog er heilt utan kraft. Beto har ein enkel jobb med å plukke kula.
43'
Evra prøvar å jage ei litt for langt slått pasning, men når den ikkje.
42'
United har som kjent offensive spelarar som Young, van Persie og Cleverley på benken. Om bortelaget ikkje betrar spelet sitt er det nok liten tvil om at vi får sjå nokon av dei i løpet av kampen.
41'
Denne kampen treng verkeleg ei scoring for å ta laust.
40'
Amorim prøvar å slå inn, men Giggs bryt ballbana.
39'
Alan slår frisparket rett mot mål der De Gea har ein grei jobb med å plukke ballen.
39'
Frispark til heimelaget.
39'
Gult kort
Stoppar ein Braga-spelar ved å nærast halde han i fjeset.
39'
Manchester United med 60% ballinnehav hittil mot Braga sine 40. Heimelaget har likevel vore det klart beste laget.
38'
United rullar småpent opp, men Anderson går over ende inne i boksa og Braga får overta.
36'
Welbeck blir felt av Salino og får frispark. Spørs om ikkje Braga-spelaren er heldig som slepp å få sjå det gule der.
35'
Nære på at Braga lukkast med ein overgang. Salino sin crossar går i ein United-spelar og inn til De Gea.
33'
Det ligg definitivt ei Braga-scoring i lufta her no.
33'
Salino kjem seg laus inne i boksa og legg inn framføre mål. United-forsvaret får klarert.
32'
Nære på ved to tilfelle for Braga. Micael er først nære ved å kome til avslutning inne i boksa, før Alan plukkar opp ballen, lurar enkelt av Welbeck og skyt frå skrått hald. De Gea er kjapt nede og fangar ballen.
30'
Hjørnespark
Blir teke kort. Endar etter kvart hos Evans som headar laust inn til Beto. United si første avslutning for dagen!
30'
Valencia ordnar nok ein corner. Er det på dødball United skal skape noko?
29'
Bortefansen på tribunene syng 'We are the champions of the world', men det ser ikkje slik ut akkurat no. United har vore uvanleg tannlause offensivt hittil.
27'
Hjørnespark
Amorim headar unna på første stolpe. Svakt slått.
27'
Valencia trillar til Nani som slår inn. Via ein motspelar og til corner.
25'
Liten tvil om at det er Braga som styrer på eige gras no. Over halve omgangen er ferdigspelt og United har varta opp med null av farlegheiter offensivt!
23'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
22'
Ballen i stolpen! Eit presist innlegg frå Viana blir sendt inn i United si boks og Eder stupheadar ballen i stolpen. De Gea var etter den, men det spørs om han hadde fått forhindre mål om den gjekk endå lenger inn. Corner.
22'
No har vi spelt i over 20 minutt, og på tilsvarande tidspunkt i førre kamp mellom laga leia alså Braga 2-0. Dei har også vore nærmast scoring i dette oppgjeret.
22'
Micael kjem til volley inne i Untied si boks, men treff ikkje altfor godt og forsøket går over mål.
21'
Alan finn Salino inne i boksa, men United får så vidt klarert.
21'
Hernandez prøvar å sende Nani igjennom med ei kjapp pasning, men mexicanaren blir altfor upresis og ballen hamnar inne hos Beto.
20'
Chris Smalling joggar av bana med ein smell. Er det skada som har blitt slått opp igjen?
20'
Ganske roleg start på dette oppgjeret.
19'
Alan går i nok ein offside.
19'
I den andre kampen i gruppa leiar no Galatasaray 1-0 over CFR Cluj. Dermed befinn Braga seg i augneblinken på sisteplass i gruppa. Burak Yilmaz med scoringa.
18'
Smalling tek Micael bakfrå. Frispark til Braga.
16'
Bra sjanse for Braga! Micael får ta med seg ballen inn i boksa, og går for skot sjølv om Alan også er i nærleiken. Ballen endar til side for mål. Kampens beste moglegheit hittil.
16'
Dei første 15 minutta av kampen er unnagjorte, og United har framleis til gode å skape noko farleg offensivt. Braga har vore på eit par visittar, men utan å kome til nokon store sjansar.
15'
Lang ball mot Alan. Braga-kapteinen er i offside.
12'
Alan dreg i gong eit fint angrep for Braga, og Salino kjem også til avslutning, men den endar langt utanfor.
11'
United har prøvd seg med bakromspasningar ved fleire tilfelle allereie, men hittil har Braga klart å rydde greitt unna.
10'
Farleg innlegg frå United sin høgrekant. Hernandez kjem aldri skikkeleg på den.
9'
Wayne Rooney har vist seg fram med fleire utsøkte pasningar hittil. Tydeleg at han likar å bekle ei litt meir tilbaketrekt rolle.
8'
United har så langt ikkje klart å kome nærare enn Braga sin sekstenmeter. Mykje spel på midten av bana i augneblinken.
7'
Eder kjem seg fri inne i United si boks og skyt forbi mål frå veldig spiss vinkel. De Gea hadde nok kontroll, men det kunne ha blitt farleg om Braga hadde fylt betre opp i boksa der.
6'
Rooney med ein nydeleg stikkar til Nani, men portugisaren blir avvinka for det som må ha vore ein hårfin offside. Lekkert av Rooney, dog.
4'
Eder får ein lang ball, men han maktar ikkje å gjere anna enn å stusse den inn til De Gea.
3'
Langpasning mot Welbeck. Under hardt press frå Salino endar det berre med utspel frå Beto.
1'
Valencia, som i dag skal bekle den eine backen, tek det.
1'
Hernandez kjem fram langs høgrekanten, men får berre innkast.
Avspark Start 1. omgang
Flott stemning på Estádio Municipal de Braga.
Det er rundt 9 grader i Braga, og bana er våt. Dermed blir vi nok servert hurtig fotball.
Då har Champions League-hymna blitt spelt, spelarane helsar på kvarandre og vi er få minutt unna kampstart!
Dagens domar er tyske Felix Brych.
Då er begge laga ute, og som vi ser startar Manchester United med Chris Smalling i midtforsvaret. Smalling er tilbake frå si fotskade og gjer sesongens første kamp i dag. Hernandez og Welbeck utgjer spissduoen, medan Rooney opererer i romet bak. Robin van Persie får dermed ta seg ei velfortjent pause på benken.
Sir Alex Ferguson må unnvere Phil Jones, Nemanja Vidic og Shinji Kagawa, medan Paul Scholes og Darren Fletcher også har blitt utelatt frå troppa. Nick Powell er usikker, medan Chris Smalling har gjort framskritt og kan få sine første minutt for sesongen i dag.
Braga-manager José Peseiro må klare seg utan Paulo Vinicius, Ismaily, Paulo Cesar, Carlao og Djamal til denne kampen, men Douglao skal vere tilbake.
Manchester United er på si side i meget god form om dagen, med 5-1-0 på sine seks siste i alle turneringar. Inkludert i desse er blant anna ligasigrar mot tittelutfordrarar som Chelsea og Arsenal. Førre kamp blei vunne mot nettopp laget til Arsene Wenger. Det enda 2-1 på Old Trafford.
Braga, også kalla Os Arcebispos (erkebiskopane) er i grei form om dagen. På dei seks siste i alle turneringar har dei 4-1-1, og dei har definitivt reist seg etter tapet i Manchester. Etter det oppgjeret har dei nemleg slått Maritimo 2-0 borte og Gil Vicente 3-1 heime. I ligaen ligg dei for øvrig på 3. plass med 17 poeng på 8 kampar, noko som er tre mindre enn leiarlaget FC Porto.
Braga har 1-0-2 på sine tre første kampar, og sigeren kom på bortebane mot Galatasaray. Manchester United har som kjent 3-0-0, sjølv om det heldt på å gå gale i det motsette møtet mellom laga den 23. oktober. Veteranen Alan sørgja for at portugisarane gjekk opp i ei sjokkerande 2-0-leiing allereie etter 20 minutt, men United viste nok ein gong sine magiske evner til å kome tilbake, og mål av Javier Hernandez (2) og Jonny Evans sørgja for 3-2 og tre poeng.
Gjestane frå Manchester har i augneblinken stålkontroll på Gruppe H, med fem poeng framføre neste lag på tabellen etter dei tre første kampane. Braga må på si side kjempe med CFR Cluj og Galatasaray om 2. plassen, men ein eventuell siger i dag kan likevel gjere gruppa vidopen igjen.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Sporting Clube de Braga og Manchester United!