Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong, men heng med i morgon, for då er vi tilbake med livedekning av oppgjera Atletico Madrid-Barcelona og Bayern Munchen-Manchester United. Ha ein fin kveld vidare!
Borussia Dortmund-manager Jürgen Klopp sa at laget hans skulle gå ut med heva hovud om dei ikkje avanserte i dag, og det kan dei så absolutt gjere. Tyskarane la ned ein formidabel innsats og rysta Real Madrid med den ein store sjansen etter den andre. Marco Reus la eit perfekt utgangspunkt for dei siste 45 minutta med sine to scoringar før pause, men til trass for fleire enorme moglegheiter klarde ikkje BVB å få ballen i nettet fleire gongar. Dei gule og kledde kan absolutt vere stolte over kva dei nesten fekk til i dag, men Real Madrid-spelarane er uansett dei som kan smile breiast i det dei er endå nærare finala som skal spelast på Estádio da Luz den 24. mai.
Real Madrid er klare for semifinalene i Champions League 2013-2014!
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+3'
Bale igjen! Weidenfeller reddar nok ein gong.
90+3'
Bortelaget med ballen no.
90+3'
På overtid av overtida no.
90+2'
Weidenfeller skal lempe opp.
90+2'
Bortelaget med ballen.
90+1'
Hummels blir avvinka for hands i Real sin sekstenmeter.
90+1'
Det blir berre lagt til to minutt her. Skal Borussia Dortmund klare det på overtid?
90+1'
Isco skjer innover og prøvar å plassere i lengste. Utanfor.
90'
Nesten for Real! Bale kjem åleine igjennom, men Weidenfeller kjem kjapt ut og får forhindra redusering.
89'
Bale går i bakken inne i BVB si boks, men domaren vinkar han opp att.
88'
Til trass for fleire gedigne sjansar har altså ikkje Roberto Lewandowski hatt nokon av dei. Skal han få ein heilt på tampen her?
86'
Litt av energien har gått ut av heimelaget no. Ikkje særleg overraskande det, med tanke på tempoet dei har hatt i kampen.
84'
Durm slår inn frå venstre, men bortelaget får reinska unna.
82'
Benzema skjer innover frå venstre, men avslutninga går nokre meter utanfor.
80'
Benzema testar skotfoten! Franskmannen får tid og rom og sender i veg ei avslutning i det lengste hjørnet. Weidenfeller må ut i full strekk og får boksa ballen vekk.
79'
Reus prøvar å tråkle seg fri, men endar opp med å misse kula. Real Madrid tek over.
77'
Framleis nok av tid for Dortmund å gjere det på. Skulle dei få endå ei scoring og kampen ende 3-0 vil det vere duka for ekstraomgangar.
74'
Nære på at Dortmund får tråkla seg igjennom.
72'
For nokre sjansar BVB har hatt no. Rett og slett ufatteleg at det ikkje har enda med ei viktig tredjescoring.
70'
Nok ein stor, stor sjanse! Det er Dortmund mot Casillas no. Grosskreutz prøvar seg frå kort hald, men ein reaksjonssterk Casillas får kasta seg og avverga. Corner.
69'
Mkhitaryan igjen! Dortmund sin nr 10 prøvar seg endå ein gong, men no er det Casillas som står i vegen. Han har hatt tre store sjansar no, og ingen har enda i mål. Tenk om det hadde vore Lewandowski som hadde hatt dei i staden.
68'
Mkhitaryan har fått ein del pepar for å ikkje å ha levd opp til forventningane hittil i Dortmund, og det er lett å forstå når ein ser kva slags gigantiske sjansar han skuslar vekk.
65'
Trippelsjanse for Dortmund! Mkhitaryan blir spelt åleine gjennom av Reus, rundar keeper og set skotet i stolpen. Returen hamnar hos Reus, men han sitt forsøk blir kjapt blokkert. Til slutt er det Piszczek som avsluttar høgt over. Der SKAL det vere mål!
65'
Grosskreutz og Carvajal skallar saman inne i Real Madrid si boks. Begge blir liggjande litt før dei kjem seg på beina att.
62'
Reus skjer innover i bana, men innlegget hans går berre rett i næraste kvitkledde spelar.
61'
Los Blancos er langt nærare 2-1 enn Borussia Dortmund er 3-0 i augneblinken.
60'
Real Madrid på farta igjen! Benzema blir spelt åleine igjennom, men Weidenfeller kjem ut og gjer jobben vanskeleg. Den franske spissen får aldri avslutta skikkeleg.
59'
Nære på redusering! Bale kjem seg heilt inn i boksa og sender i veg eit pasningsskot som snik seg like utanfor Weidenfeller sin høgre stolpe og samtidig Benzema si tå.
59'
Langt meir pasningsfeil hos heimelaget no enn i 1. omgang.
58'
Det er bortelaget som held mest på kula no, men utan å ta noko spesielt risiko offensivt.
57'
Pepe er under press og endar opp med å slå ballen ut til innkast.
56'
Litt meir nervar å spore hjå Dortmund no. Frykta for å sleppe inn mål, og dermed øydelegge alt dei har fått til hittil, er sjølvsagt konstant til stades.
53'
Jojic prøvar å slå flatt inn, men dei kvitkledde reinskar lett unna.
52'
Ein BVB-spelar ligg nede etter eit samanstøyt med Alonso. Den spanske veteranen har allereie fått sjå det gule kortet, og lev dermed meget farleg her.
51'
Real Madrid står defintivt høgrare i bana denne 2. omgangen, vel vitande om at Borussia Dortmund må ha tre mål til om spanjolane skulle score eitt.
49'
Bra sjanse for Real Madrid! Bale dreg seg innover i bana og bankar til med venstresleggja. Weidenfeller får ballen nokså midt på seg og har ikkje altfor store problem med å bokse den unna.
48'
Cristiano Ronaldo befinn seg altså på innbytarbenken for Real Madrid. Om det skulle kome endå eit tysk mål er det nok liten tvil om at vi får sjå han.
47'
Det blir spanande å sjå korleis Real Madrid vil gripe an denne omgangen. Vil dei prøve å ligge kompakt og tette att bakover, eller vil dei går for eit meget viktig bortemål?
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står laga klare igjen.
I det 17. minutt av den første omgangen mellom Borussia Dortmund og Real Madrid var alt håp ute for tyskerane. Bortelaget hadde fått straffespark, og med 0-1 i målprotokollen og 4-0 samanlagt hadde Los Blancos vore klare for seminfinalene. Men slik fungerer ikkje fotballen. Weidenfeller redda straffa frå Di Maria, og Marco Reus ordna i staden 1-0 til heimelaget nokre minutt etter, før han dobla leiinga åtte minutt før pause. Det står 2-0 til Borussia Dortmund og 2-3 samanlagt, det er minst 45 minutt att å spele, og håpet er LANGT i frå ute!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+2'
Til og med Cristiano Ronaldo er på beina no, i det han oppildnar sine lagkameratar.
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45'
BVB kjem på visitt igjen, men Jojic klarer ikkje å få gjort noko konstruktivt med den.
43'
Nære på at bortelaget rotar det til for seg sjølve nok ein gong. Lewandowski ligg og jaktar på ballen, men dei kvitkledde får så vidt ordna opp.
42'
Reus bankar til på halvvolley, men forsøket blir blokkert til corner.
41'
Bale er på full fart framover, men er uheldig og får kula i hælen. Det har lugga kraftig for Real Madrid offensivt i dette oppgjeret.
39'
For ein kamp vi har fått! Det er liten tvil om at dei 80.000 på tribunene har eit stort håp her no, og det med god grunn.
36'
Lewandowski er nære ved å snappe kula på Real Madrid sin sekstenmeter. Pepe og Ramos var nok langt meir komfortable i det første oppgjeret, då polakken stod over på grunn av for mange gule kort.
35'
BVB står høgt og er aggressive i presset. Carlo Ancelotti sitt lag er tydeleg stressa no.
35'
Stort press frå heimelaget no.
32'
Nære på 2-0! Reus slår frisparket hardt inn mot bakerste stolpe der Hummels kjem. Midtstopparen headar bra, men Casillas vartar opp med ei god redning. Corner.
32'
Frispark til BVB i fin innleggsposisjon.
31'
Nære på for bortelaget. Benzema blir spelt fri bak Dortmund si forsvar, men franskmannen glir og får aldri tak i kula. Det kunne ha blitt ein veldig god sjanse for Real Madrid!
30'
BVB fører kampen, og bortelaget føler seg nok ikkje heil trygge no. Skulle det kome endå ei scoring til dei gule og svarte vil dette oppgjeret vere fullstendig vidope!
27'
Lewandowski går i bakken inne i Dortmund si boks og kaos oppstår.
27'
Lukasz Piszczek blir spelt fri bak Contreao, men slurvar med medtaket og ballen går til utspel.
21'
Etter nokre tame opningsminutt har det teke heilt av her no.
19'
Stor sjanse for heimelaget! Reus trillar til Mkhitaryan inne i Real Madrid si boks, men frå seks meters hald klarer den armenske spelaren å setje skotet utanfor. Det skal vere scoring!
19'
Framleis eit lite håp for Dortmund altså.
11'
Dortmund prøvar å drage i gong ei kontring, men ei dårleg ballberøring øydelegg.
11'
Di Maria kjem i full fart på høgrekanten, men innlegget hans blir klarert til corner av Durm.
9'
Lewandowski prøvar å tre igjennom til Piszczek, men forsøket når aldri fram.
9'
Borussia Dortmund med eit lite initiativ innleiingsvis.
8'
Reus på veg framover igjen i det han blir hindra av Alonso. Den spanske veteranen får tilsnakk.
7'
Reus vendar bort Pepe og midtstopparen svarar med å sparke krokfot. Domar Skomina vinkar spelet vidare og Dortmund blir snytt for eit soleklårt frispark.
6'
Blir teke kjapt og endar etter kvart med eit mislukka innlegg som går i hanskane til Casillas.
5'
Heimelaget vinn eit innkast høgt i bana.
3'
Roleg opning på kampen.
1'
Dagens domar er slovenske Damir Skomina.
Avspark Start 1. omgang
Dei to kapteinane Weidenfeller og Casillas har helsa på kvarandre, og vi er få sekund unna avspark.
Om ein ser tilbake på Champions League si historie, så er det fleire mirakelkampar å finne der lag utan tilsynelatande håp har kome seg tilbake. Liverpool si opphenting mot AC Milan i finala i 2005 er nok den mest kjende, men der er og fleire andre godbitar. I kvartfinalene i 2004 leia nemnde Milan 4-1 etter den første kampen mot Deportiva La Coruna på San Siro, men ein massiv 4-0-siger til spanjolane på heimebane sende dei vidare med 5-4 samanlagt. Eit anna døme finn vi i den same sesongen, då Real Madrid møtte Monaco, også det i kvartfinalene. Los Blancos vann den første kampen i Spania 4-2, men eit hardtarbeidande Monaco, anført av storheiter som Giuly og Morientes, gjekk vidare på bortemål etter 3-1-siger. Og nokså nøyaktig 10 år etter dette er det kanskje på sin plass med endå ei klassisk opphenting?
Carlo Ancelotti prata på si side om at laget hans måtte finne balansen mellom det defensive og offensive, men understreka at dei ikkje kom til å leggje seg bakpå utan å angripe. Han var også full av beundring for Robert Lewandowski og at polakken ville gi Dortmund ein ekstra dimensjon.
Jürge Klopp understreka på pressekonferansen i går at laget hans som alltid ville gå for sigeren. Om ikkje laget hans skulle klare å ta seg vidare, så skulle dei i alle fall gå ut av turneringa med heva hovud.
I Champions League-samanheng har laga møttest 9 gongar. 4-3-2 er statistikken over desse, i favør kvittrøyene. Eit artig moment her er at eit bortelag aldri har vunne i oppgjera mellom klubbane. I Tyskland er statistikken 2-2-0.
Begge laga manglar svært mange til dagens kamp, og verst er det for BVB. Bandowski, Bender, Blaszczykowski, Gundogan, Schmelzer og Subotic er skadde, medan Kehl er suspendert etter for mange gule kort. For Real Madrid manglar Arbeloa, Jese, Khedira og Marcelo. Det er ikkje noko anna enn veldig synd at vi blir frårøva moglegheita til å sjå så mange gode spelarar i aksjon i ei Champions League-kvartfinale.
Begge laga er no ute, og det som vekkjer mest merksemd er sjølvsagt at Cristiano Ronaldo startar på innbytarbenken for spanjolane. Den tidlegare Manchester United-spelaren slit med ei kneskade han pådrog seg på lagets siste trening i går. Trioen Bale-Benzema-Di Maria bør likevel kunne bite bra i frå seg utan portugisaren.
Alle som har sett ein fotballkamp eller to tidlegare veit likevel betre enn å avskrive laget til Jürgen Klopp når ein kamp står att. Borussia Dortmund har fleire gode minne frå oppgjer mot Real Madrid tidlegare, og i sær skil 4-1-sigeren i førre sesongs semifinale seg ut. Robert Lewandowski blei den store helten den gongen med sine fire mål, og det er nok liten tvil om at han vil by på langt større problem for midtstopparduoen Pepe og Ramos enn det spissvikar Aubameyang gjorde førre veke.
Real Madrid har som kjent ein og ein halv fot i semifinalene etter 3-0-sigeren førre onsdag. Eit skadeskote Borussia Dortmund, som i tillegg hadde si største stjerne Roberto Lewandowski suspendert, klarde aldri å skaffe seg bortemål trass i fleire gode sjansar i oppgjeret i Madrid. Los Blancos var på si side effektive, og mål av Bale (allereie etter tre minutt), Isco og Cristiano Ronaldo sikra dei eit meget godt utgangspunkt. Det er rett nok minst 90 minutt med fotball som skal spelast i kveld, men noko anna enn avansement for laget til Carlo Ancelotti vil vere ein sensasjon.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Borussia Dortmund og Real Madrid. Det er klart for den andre og avgjerande kampen i kvartfinalemøtet.