Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 13-3. På mål: 6-2.
Borussia Dortmund er klare for kvartfinalene i Champions League etter å ha slått Benfica med komfortable 4-0. Det stod berre 1-0 etter første omgang, for portugisarane forsvarte seg bra og gav Dortmund verkeleg kamp om avansementet. Etter ein times spel putta derimot tyskarane to raske mål, og etter dette gav Benfica opp. Aubameyang var syndebukk då Dortumund tapte 1-0 i den første kampen, men blei i kveld det motsette ettersom han laga hattrick. I tillegg viste ungguten Pulisic seg fram med ei flott scoring.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+3'
Ein Benfica-spelar går i bakken inne i Dortmund sin sekstenmeter, men Atkinson vinkar spelet vidare.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her. Dortmund-fansen syng sjølvsagt av full hals her.
85'
Han svikta i det første oppgjeret, men har for lengst gjort det godt igjen på eige gras! Durm slår hardt og flatt inn framføre mål der Aubameyang kjem stormande og puttar ballen i mål frå kort hald. Var nok i offside i det ballen blei slått, spissen, så den scoringa burde ikkje ha blitt godkjent.
81'
Så ligg Dembele nede igjen. Får behandling for krampe. Han må nok ut, og det opnar for ein annan populær figur på grasmatta!
78'
Dortmund har tilsynelatande god kontroll her, men det skal berre ei Benfica-scoring til og så er det full kamp her. Mitroglou er i god scoringsform om dagen, men ventar framleis på ein skikkeleg sjanse i denne kampen.
74'
Nok ein gong sit Dembele på baken. Får ei lita berøring av Luisao og går rett i graset.
73'
Dembele blir liggjande etter ei takling av Samaris. Ikkje langt unna å få sitt andre gule for dagen der, Benfica-spelaren.
71'
Framleis nok av tid for Benfica å score to mål her, men det verkar som dei nærast har gitt opp. Dortmund trillar ball og har bra kontroll.
66'
Castro avsluttar på volley etter eit pent innlegg av Dembele. Nokre meter utanfor mål.
64'
Benfica har forsvart seg så godt, men så plutseleg ramlar det inn to baklengsmål i løpet av eit par minutt. No må dei score to for å ta seg vidare.
59'
Stor sjanse for heimelaget! Aubameyang blir spelt fri inne i feltet, men Ederson kjem raskt ut og får blokkert skotet. Bra keeperspel.
58'
Frispark for bortelaget. Luisao stig til vers igjen, men Dortmund-forsvaret får klarert til corner.
57'
Aubameyang får avlsutta frå kloss hald, men blir korrekt avvinka for offside. Mykje nesten for Dortmund no.
53'
Heimelaget får avslutta frå kort hald etter frisparket, men det blir vinka for offside. Lurt slått dødball av Castro.
53'
Castro med dødball for Dortmund i spanande posisjon.
51'
Pizzi snappar ballen høgt i bana og prøvar å slå inn i feltet, men forsøket går via ein motspelar og til corner.
50'
Castro lempar inn i feltet til Aubameyang som sender i veg eit slags brassespark utanfor. Ederson har derimot god kontroll.
49'
Frispark til Dortmund i grei innleggsposisjon.
47'
Stor sjanse for Benfica! Piszczek bommar totalt på ei klarering inne i eiga boks og Cervi får tid og rom til å avslutte. Dortmund-spelaren rekk derimot å rette opp sin eigen feil og får blokkert skotet.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-0 til Borussia Dortmund etter dei første 45 minutta av dette andre åttendelsfinaleoppgjeret. Dermed står det 1-1 samanlagt. Aubameyang sørgja for ei fantastisk opning på kampen med scoring allereie i det 4. minutt. Etter dette pressa tyskarane bra, men utan å kome til store sjansar. Siste halvdel av omgangen kom derimot Benfica langt meir med i kampen og kom til fleire gode forsøk. Det er berre å glede seg til ein svært spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Aubameyang går i bakken inne i Benfica si boks og ropar sjølvsagt på straffe. Hendinga starta uansett utanfor boksa og var heller ingenting å blåse for.
44'
Pizza slår hardt mot bakerste stolpe der ein Benfica-spelar headar inn i feltet igjen. Dortmund får derimot klarert.
43'
Frispark til Benfica i god innleggsposisjon. Nokre meter frå hjørnet av sekstenmeteren til Dortmund.
43'
Schmelzer slår inn frå venstre. Pulisic hoppar og headar, men får ikkje fart i kula og Ederson kan berre stå og plukke den.
40'
Dembele med nok ein ettersleng! Ungguten kjem for seint inn i ein duell og trakkar ein motspelar på leggen. Atkinson let vere å gje det gule kortet, men var nok definitivt inne på tanken. Dembele bør roe seg ned umiddelbart om han vil spele heile kampen.
40'
Benfica vinn mange av andreballane her no. Dortmund bør verkeleg passe seg. Eit Benfica-mål og dei må score to til sjølv.
37'
Panisk i Dortmund-feltet i det Benfica prøvar å spele seg igjennom. Benfica nærmar seg noko her no!
36'
Portugisarane er langt meir med i matchen no. Presset frå Dortmund har roa seg kraftig.
32'
Nære på for bortelaget! Frisparket blir lempa inn i boksa og Luisão får heada mot mål. Bürki har derimot plassert seg rett og stoppar forsøket.
32'
Frispark i brukbar posisjon for Benfica.
31'
Litt rolegare periode i kampen no. Dortmund har initiativet, men strevar med å trengje igjennom eit kompakt Benfica-forsvar.
25'
Benfica på ein sjeldan visitt. Cervi får avslutta etter bra spel, men Bürki reddar. Målvakta er så nære ved å gleppe ballen, men rekk å få kontroll på den igjen kjapt.
24'
Ein som manglar i Borussia Dortmund si startoppstilling i dag er Marco Reus. Den tyske landslagsstjerna pådrog seg ei skade i førre kamp mot Bayer Leverkusen og er venta å bli ute til april.
21'
Benfica kjem seg knappast over midtstreken med ballen her. Dortmund er aggressive i presset og lystne på å angripe hurtig.
20'
Nok eit forsøk på å spele gjennom Aubameyang i bakrom. Nok ein gong er Ederson vaken og kjem raskt ut og klarerer.
19'
Dortmund speler seg elegant gjennom Benfica sitt forsvar, men blir avvinka for offside før dei får avslutta. Ei korrekt avgjersle.
17'
Lang ball mot Aubameyang i bakrom, men Ederson kjem raskt ut og plukkar.
14'
Vingback Schmelzer slår hardt inn frå venstre, men ingen i gult kjem først på den.
12'
Aubameyang og Dortmund kontrar etter corneren. Spissen trer igjennom til Dembele, men sistnemnde klarer ikkje å utnytte overgongen.
11'
Pizzi slår inn frå venstrekanten og Dortmund ser seg nøydde til å klarere til corner.
7'
Det var nok godt for Aubameyang å få den scoringa. Sløsa som kjent stort i det motsette oppgjeret, og brann til og med eit straffespark.
4'
Dembele med ein småskummel ball inn i bortelaget si boks.
3'
Nelson Semedo prøvar å setje fart framover mot Dortmund si boks, men blir overmanna.
Avspark Start 1. omgang
Gerry and the Pacemakers og Van Halen har no dundra ut av høgtalaranlegget på Signal Iduna Park og vi er få straksar unna avspark!
Både Dortmund og Benfica er i bra form om dagen. Dei gulkledde har vunne tre strake etter tapet mot Benfica og ligg på 3. plass i Bundesliga. Benfica har på si side vunne fire etter det same oppgjeret og leiar dei portugisiske ligaen med fattige eitt poeng.
Kveldens oppgjer i den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen blir det fjerde møtet mellom desse to klubbane. Benfica har faktisk vore best statistisk sett, med 2-0-1. Laga kjempa mot kvarandre i åttendelsfinalene også i 1963-64, og den gongen tok tyskarane seg vidare etter 1-2-tap borte og heile 5-0 heime. Franz Brungs scora for øvrig hattrick den kampen.
Benfica har på si side delteke i seks strake Champions League-sesongar, og to gongar har dei kome seg til kvartfinalene. Sist gjekk dei ut etter eit knepent 2-3-tap for Bayern Munchen samanlagt.
Forutan å vere tapande finalist i 2012-13-sesongen har Borussia Dortmund kome seg til kvartfinalene i to av dei tre siste utgåvene av Champions League. Sigeren i turnerninga i 1996-97 er framleis deira mest gjeve tittel.
Laget frå den portugisiske hovudstaden leiar som kjent 1-0 etter det første oppgjeret på Estadio da Luz. Den greske angriparen Konstantinos Mitroglou sørgja for det eine målet, medan Ederson og eit oppoffrande forsvar hindra Aubameyang og co i å å score på dei store sjansane dei kom til i løpet av oppgjeret. Den ettertrakta spissen frå Gabon brann til og med eit straffespark.
Hei og velkomen til livedekning av det svært spanande åttendelsoppgjeret mellom Borussia Dortmund og Benfica!