Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Avslutningar: 11-13. På mål: 4-6.
Førstkomande fredag blir kvartfinalene av Champions League trekte, og då får Bayern München definitivt meir å bryne seg på. Men før det må det avgjerast om Barcelona eller Chelsea blir det siste laget som er med i den trekninga. Det er berre å glede seg til avspark på Camp Nou om ein liten time!
Bayern München tek seg enkelt vidare etter dei to oppgjera mot Besiktas og er klare for kvartfinalene av Champions League. 8-1 samanlagt seier det meste, og med unntak av ein brukbar 1. omgang i det første oppgjeret var Besiktas aldri på høgde. Bayern hadde stort sett god kontroll i oppgjeret i kveld, men i ei periode i 2. omgang sleppte tyrkarane seg meir lause offensivt. Det førte blant anna til Vagner Love si scoring. For gjestane scora Thiago og Wagner, i tillegg til eit sjølvmål frå Gönül.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90'
Går over alle i feltet.
89'
Frispark til Besiktas ved hjørnet av sekstenmeteren.
88'
God moglegheit! Talisca blir heada fri inne i boksa, men til trass for at han er upressa avsluttar han før ballen har dala langt nok ned. Skotet går høgt over.
87'
Medel avanserer framover i bana og avsluttar frå langt hald. Via ein Bayern-spelar og til corner.
83'
Besiktas-fansen har vakna skikkeleg til liv igjen, trass i at laget ligg under og for lengst er ute av turneringa. Imponerande!
82'
Heimelaget prøvar å spele seg gjennom Bayern-forsvaret med kortpasningar, men får aldri nok rom til å avslutte.
81'
Greitt forsøk for Besiktas! Quaresma dreg seg innover og avsluttar med høgrefoten, men forsøket går nokså rett på Ulreich som reddar.
79'
Die Bayern får plutseleg store rom å kontre i, men Sandro Wagner har ikkje fart nok til å utnytte situasjonen som oppstår.
78'
James med frispark nær cornerflagget. Endar med frispark inne i feltet til Besiktas.
78'
Medel med ei knallhard takling på Müller. Treff ball, men mann fyk også unna.
77'
Eit kvarter att av ordinær tid. Skal vi få ein skikkeleg sluttspurt frå Besiktas her?
74'
Heimelaget med eit småskummelt innlegg i Bayern si boks. Bortelaget får klarert.
69'
Første del av denne 2. omgangen har i alle fall vore langt meir underhaldande enn det vi fekk sjå før pause.
68'
Talisca skyt rett i muren.
67'
Frispark til Besiktas i god posisjon. 23 meters hald.
62'
Kjempesjanse for Besiktas! Pektemek får avslutta frå kort hald, men Alaba får blokkert. Veldig nære 2-2 der!
59'
Quaresma får avslutta inne i boksa, men forsøket blir blokkert før heimelaget også blir avvinka for offside.
56'
Så er det nære på i motsett ende! James får etter kvart avslutta frå fem meters hald, men colombianaren glir i skotaugneblinken og ei potensiell scoring uteblir.
55'
Lens blir glimrande spelt fri, men frå god posisjon går han for kraft og sender skotet langt utanfor. God sjanse, det!
53'
Stopp i spelet etter ei skade på ein Besiktas-spelar.
51'
Så har det plutseleg kome ein katt inn på grasmatta på stadion. Det må nok vere høgdepunktet for heimefansen hittil!
50'
Alaba avsluttar rett på mål frå langt hald. Zengin har veldig god kontroll.
50'
Frispark til Die Bayern.
49'
Besiktas klarer tidvis å halde på ballen utanfor Bayern si boks, men svært sjeldan endar det med målsjansar. Bortelaget har tetta bra igjen bakover.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bayern München leiar 1-0 etter ein omgang som har blitt litt som forventa. Laget leia trass alt 5-0 frå det første oppgjeret og har eigentleg ikkje trengt å risikere noko som helst. Mål har dei uansett fått, og det kom då Müller fann Thiago med eit presist innlegg inn i Besiktas si boks. Frå kort hald hadde spanjolen ingen problem med å plassere ballen i mål. Sjølv om Bayern München i praksis allereie er vidare til kvartfinalene håpar vi at vi får sjå offensiv fotball og mål i 2. omgang. Besiktas har nok også lyst å vise seg fram frå ei betre side.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Besiktas stormar framover ved Love, men spissen blir avblåst for å halde i trøya til Alaba.
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45'
Gökhan Gönül får plutseleg avslutta inne i Bayern si boks. Hummels blokkerer kjapt.
41'
Özyakup vender elegant opp og set fart mot Bayern si boks, men frå langt hald sender han i veg ein mellomting mellom skot og pasning og ballen ender utover sidelinja.
39'
Müller får eit innlegg blokkert. Corner.
38'
Quaresma sender det påfølgjande frisparket høgt over mål. Totalt ufarleg.
37'
Vagner Love bli spelt fri i bakrom, men blir felt av Hummels.
35'
Lewandowaki kjem seg fri inne i boksa, men frå skrått hald sender han i veg eit svakt skot som går via ein motspelar og til corner.
34'
Mange stopp i spelet og få konstruktive ting som skjer på grasmatta no.
33'
Besiktas er nok ingen målestokk for dette Bayern München-laget. I kvartfinalene blir det derimot andre saker, og dei laga dei kan møte er Liverpool, Real Madrid, Juventus, Manchester City, Sevilla og Roma. I tillegg blir anten Barcelona eller Chelsea klare i kveld (avspark til vanleg tid).
30'
Bayern München står høgt og pressar heimelaget til å gjere enkle feil.
26'
Besiktas med bra kortpasningsspel som er nære ved å ende med farlegheiter. Det avgjerande innlegget frå Gönül blir blokkert.
25'
Bayern München har for øvrig rekorden for den største samanlagtsigeren over to kampar i sluttspelet i Champions League. Den er på 12-1 og kom tilbake i 2008-09-sesongen då Sporting CP blei slått henhaldsvis 5-0 og 7-1 i åttendelsfinalene.
21'
For den som lurer så må Besiktas no ha sju mål for å gå vidare.
18'
Godt spel av bortelaget. Vidal vartar opp med eit skotfinte og speler i staden lagkompis Ribery fri inne i Besiktas sin sekstenmeter. Franskmannen blir takla like før han får avslutta.
17'
Konstant piping når gjestane har ballen.
16'
Heimefansen gjer sitt for å støtte Besiktas og skremme Bayern. Valdsamt lydnivå her på Vodafone Arena.
11'
God sjanse! Zengin gir ein svært farleg retur på frisparket frå Alaba, men Müller set kula høgt over mål frå fem meters hald. Litt skrå vinkel, men der bør uansett Bayern sin nummer 25 få ballen på mål.
10'
Frispark til Bayern München i brukbar posisjon.
10'
Vagner Love får plutseleg ballen åleine inne i bortelaget si boks, men han har dårleg oversikt over medspelarane og sender ei pasning rett i eit Bayern-bein.
7'
Besiktas har hatt ballen i mellomromet nokre gongar no, men dei avgjerande pasningane har ikkje vore gode nok.
7'
Quaresma prøvar å slå inn frå høgre, men Hummels får klarert.
6'
Ribery går nok ein gong i grasmatta etter ei hard, men rein, Besiktas-takling.
5'
Fleire tøffe taklingar på grasmatta i Istanbul no.
4'
Besiktas prøvar å tråkle seg gjennom Bayern sitt forsvar, men blir stoppa greitt.
2'
God sjanse for Bayern! Ein totalt umarkert Vidal får stå bakerst i feltet og avslutte med hovudet. Headinga går like til side for mål.
Avspark Start 1. omgang
Champions League-hymna blir no spelt over stadion, og vi er få straksar unna avspark. Kveldens domar er engelske Michael Oliver.
Jupp Heynckes sitt lag står med fem sigrar i den gjevaste europeiske klubbfotballturneringa. Vi må derimot tilbake til 2012/2013-sesongen for å finne sist gong dei løfta bøtta, så mange i Bavaria meiner nok at det er på høg tid at det skjer igjen. Etter den nemnde triumfen rauk dei ut i semifinalene tre sesongar på rad, før dei 2016/2017 blei stoppa av Real Madrid i kvartfinalene.
Besiktas har kvartfinaleoppgjera mot Dinamo Kiev i 1986/1987 som si beste plassering i den gjevaste europeiske turneringa. Dei to oppgjera enda med grusomme 0-7 samanlagt. Om dei mot alle odds skulle ta seg vidare i kveld vil historie bli skrive. Aldri tidlegare har eit lag teke seg vidare etter å ha måtta hente inn fem mål.
Jupp Heynckes stiller med eit meget sterkt lag i kveld. Ribery, Alcantara og Rafinha er nye på laget sidan det første møtet.
Senol Gunez ser ut til å prioritere andre ting enn Champions League, noko vi ser tydeleg på lagoppstillinga. Fabricio, Babel, Talisca og Hutchinson starta alle det første oppgjeret, men befinn seg på benken i kveld. Elles manglar dei viktige menn som Pepe (skada) og Vida (suspendert).
Ettersom det første oppgjeret mellom laga endte med storsiger til Bayern München har Besiktas berre æra å spele for i Istanbul i kveld. Laget til Senol Günez hang med i neste heile den første omgangen til trass for ei tidleg utvisning på midtstoppar Domagoj Vida, men få minutt før pause ordna Thomas Müller den første Bayern-scoringa. Etter kvilen hadde Besiktas ingenting å stille opp med, og ytterlegare mål av Müller, Lewandowski (2) og Coman sørgja for at det blei 5-0.
Hei og velkomen til livedekning av det andre åttendelsfinaleoppgjeret mellom Besiktas og Bayern München.