Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 3-9. På mål: 2-3.
Lars Bohinen bør på si side angre på laguttaket i dag. Han sparte mange førstelagsspelarar og fekk svi for det. Lima, Hatlehol og Fridjonsson kom innpå etter kvart, men utan at det hjalp stort.
Rett og slett ein fantastisk prestasjon av laget til Toni Sandanger. AaFK tok oppskriftsmessig leiinga i 1. omgang, men overbeviste aldri i banespelet. Etter kvilen tok Bergsøy meir sjansar framover i bana, men det var på dødballar at laget verkeleg viste seg fram. Eirik Heltne serverte Franjo Tepuric på pannebrasken til 1-1 i det 75. minutt, og 12 minutt etter det banka Craig Rogers eit nytt frispark direkte i mål over ein forfjamsa Omenås. Domar Myrheim valde å leggje til heile 8 minutt etter fleire stopp i spelet, men AaFK klarde likevel ikkje å skape store sjansar. Bergsøy var kanskje ikkje det beste laget i dag, men det var likevel dei som hadde mest vilje og tæl.
4. divisjonslaget Bergsøy har slått ut Aalesunds FK av cupen! Herøyværingane er i ekstase på Havila stadion.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+8'
Sju minutt på overtid no. Vanskeleg å vite kor mykje domar Myrheim har lagt til.
90+7'
Skal Bergsøy verkeleg klare dette?
90+6'
Småfarleg AaFK-heading. Aasen plukkar lett.
90+6'
Ramsteijn stussar eit langt oppspel, men Aasen kjem ut og plukkar.
90+5'
Heimelaget brukar sjølvsagt bra med tid no.
90+2'
Kaos på bana no! Tillaup til slossing mellom spelarane. Ein AaFK-spelar dyttar i alle fall ein Bergsøy-spelar over ende.
90+1'
Nok ein gong panikk i Bergsøy-feltet i det Ramsteijn er oppe og lagar trøbbel i duellane.
90'
Vanvittig stemning på Havila stadion i Herøy no!
89'
Frispark for bortelaget. Blir slått inn i boksa, og det er veldig nære at ein spelar i blått får pirka ballen i mål. Aasen får til slutt fanga den.
86'
Nytt frispark for heimelaget. Skal dei få endå ei scoring på dødball?
83'
Franjo Tepuric får prisen som heimelagets beste spelar av ein lokal jury.
82'
Ikkje enkelt å sjå forskjell på laga no. Ein fantastisk engergi i Bergsøy-laget!
81'
Kjempesjanse! Rogers slår inn og Jøsok Kvalsvik får heada ballen - i tverrleggaren og over. Veldig nære 2-1 til Bergsøy!
81'
Nytt frispark for heimelaget. Skal bli lempa inn i boksa.
80'
1.029 tilskodarar på Havila stadion i kveld.
80'
Lars Bohinen kan umogleg vere fornøgd med det han har sett hittil. Dei som har fått tillit frå start har ikkje imponert i det heile teke.
79'
Nok ein stopp i spelet. Ein AaFK-spelar sit nede.
74'
Frispark i interessant posisjon for Bergsøy dette. 6-7 meter får cornerflagget til AaFK.
73'
Både Meade og Leine blir liggjande på kunstgrasmatta og får behandling.
72'
Ikkje langt unna scoring! Fet speler ballen inn foran mål der Aasen er heilt sett ut av spel. Dessverre for AaFK er det ingen i blått som kjem først på ballen.
71'
Nesten at bortelaget tråklar seg igjennom. Endar med corner.
69'
Skummelt slått inn i feltet, men Omenås får frispark etter å ha støtt saman med Tepuric i ein duell.
69'
Frispark til heimelaget litt inne på AaFK sin halvdel. Roges skal slå inn.
68'
Ironisk jubel frå heimepublikummet når Bergsøy får frispark.
67'
Engelske Craig Stuart Rogers på ein sjeldan visitt frå backposisjon. Sender eit innlegg rett i klypene til Omenås.
65'
Tepuric blir felt i det han er på veg framover, men domar Myrheim vinkar spelet vidare til store protestar frå heimefansen.
65'
Dani Rønnestad Hansen gjer seg klar til å kome innpå for Bergsøy. Driveklepp må ut.
63'
Driveklepp får seg ein smell og blir liggjande. Får behandling ute på bana.
61'
Brukbart forsøk frå gjestane. Ei heading frå Waagan går nokre meter utanfor mål.
61'
Innlegg frå tidlegare Arsenal-spelar Meade. Går rett i fanget til keeper Aasen.
59'
Meade prøvar å drible seg forbi Benjamin Leine, men backen stoppar han effektivt med ei god takling.
58'
Torbjørn Agdestein prøvar å kome seg fri inne i Bergsøy si boks, men blir stoppa før han får avslutta.
55'
Bjørn Helge Riise går for avslutning. Håplaust over mål.
55'
AaFK ser ut til å få eit litt billeg frispark i det Waagan blir felt på kanten av sekstenmeteren.
54'
Vertane tør faktisk å halde litt meir på ballen no.
52'
Sondre Fet med ei brukbar avslutning. Ein liten meter til side for Bergsøy sitt mål.
52'
Waagan blir stussa igjennom, men blir avvinka for offside. Waagan scora for øvrig kampens einaste mål då AaFK 2 slo Bergsøy 1-0 i 4. divisjon for nokre dagar sidan.
47'
Marius Sporstøl blir flott stussa igjennom på høgrekanten, men Meade gjer ein god defensiv jobb og får overteke kula.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Aalesund leiar 1-0 over Bergsøy etter 1. omgang på Havila stadion. 1. divisjonslaget stiller ikkje akkurat med toppa mannskap, men har likevel langt frå imponert. Dei har hatt to forsøk på mål, og den eine gongen gjekk også ballen inn. Jernande Meade utnytta litt passivt forsvarsspel og plasserte ballen i korthjørnet til keeper Aasen. Bergsøy har på si side forsvart seg heroisk, men ikkje skapt noko som helst offensivt. Vi gler oss likevel til 2. omgang, for det står berre 0-1 og alt kan skje i fotball!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
På Bergsøy sin innbytarbenk er der spelarar som Peter Daniel Baade, Jakob Nerland og Håvard Hundsnes. Ein god mann å kunne setje innpå mot slutten for heimelaget hadde vore Remi Vattøy, men den 1,96 meter høge kolossen er ikkje med i dag.
45'
Det er mykje rutine på AaFK sin innbytarbenk. Der finn ein namn som Lie x 2, Fridjonsson og Thrandarson.
43'
Bergsøy vinn ballen midt på bana og prøvar å setje fart, men AaFK får stoppa ballførar Tepuric. Også han har erfaring frå høgare nivå, nemleg Hødd.
42'
Avslutning frå bortelaget. Aasen får redda til corner.
42'
Nytt frispark til AaFK. Målscorar Meade slår inn, men heimelaget får blokkert.
41'
Så går domar Myrheim i bakken her. Ryggar inn i 15-årige Pijus og dett over ende.
39'
Gjestane får frispark i skummel posisjon. Riise skal servere ballen inn i boksa.
38'
Ikkje langt unna at Tepuric når eit tilbakespel frå ein AaFK-spelar. Omenås kjem ut og plukkar raskt.
35'
Det må leggjast til at Bergsøy startar med ein 15-åring på sentral midtbane i dag, nemleg Pijus Marcinkevicius.
33'
Heimelaget forsøkar seg med nokre lange oppspel mot Tepuric, men spissen blir svært åleine på topp og klarer ikkje å utrette noko.
29'
Småpanisk i Bergsøy-forsvaret no. Fleire farleg AaFK-innlegg i løpet av kort tid. Endar med corner.
28'
Bergsøy og Aalesund møttast for øvrig i 1. runde av NM også i 2014. Den gongen blei det til slutt 5-0 til ålesundarane. Aarøy (2), Latifu, Bjørdal og Barrantes scora måla.
25'
Går til bakerste stolpe der Ramsteijn nikkar den inn framføre mål. Aasen plukkar kula greitt.
24'
Dødball til AaFK ute ved sidelinja. Riise skal svinge den inn.
23'
Eirik Heltne er for øvrig bror til Vegard Heltne, NM-vinnar med Hødd i 2012.
23'
Det påfølgjande frisparket er bra slått av Heltne. Skrur inn i feltet, men ingen i kvitt når fram på ballen før den hamnar i hanskane til Omenås.
22'
Tepuric sprintar forbi Heggem som riv han rett ned. Utruleg nok får han ikkje det gule kortet av domar Myrheim.
21'
Herøyværingane held fram med å forsvare seg godt.
19'
Heimelaget får plutseleg ballen utanfor AaFK si boks, men ingen maktar å utnytte det.
19'
Meade med innlegg frå venstre. Går forbi fleire Bergsøy-spelarar, men ingen av AaFK-spelarane er vakne nok.
17'
Heimelaget forsvarer seg som venta veldig djupt. Dei prøvar også å drage ned tempoet så ofte dei klarer.
15'
Greitt forsøk for gjestane. Bergsøy får klarert.
12'
Bra innsvingar frå Rogers, men AaFK får klarert.
12'
Dødball for heimelaget. Brukar bra med tid.
12'
Bergsøy starta for øvrig opp supporterklubb i går kveld. Den har fått namnet Mannskapet, og så langt er det i alle fall ein av medlemmane som har halde bra liv på tribunene.
9'
Tepuric vinn ballen høgt i bana for heimelaget, men klarer ikkje å utnytte det.
7'
Frispark til bortelaget. Riise avsluttar rett i muren.
5'
Stor sjanse for AaFK! Waagan får ei presis pasning inn i feltet og avsluttar på volley, men forsøket går bra over mål.
1'
Då er vi i gong på Havila. AaFK tek tak i oppgjeret med ein gong.
Avspark Start 1. omgang
No er dei to laga på veg ut på bana, anført av kveldens domar Even Myrheim frå Emblem IL.
Aalesund har vunne NM to gongar tidlegare (2009 og 2011) og det hadde nok vore godt for klubben å få ein opptur i år etter det keisame nedrykket frå Eliteserien i 2017. Om det skje må laget til Lars Bohinen prestere langt meir enn kva dei har gjort dei føregåande sesongane. I fjor rauk dei mot Stabæk i 4. runde, og året før mot Brattvåg i 3.
Begge laga er no ute på kunstgrasmatta og varmar opp. Havila stadion tek ca 1.150 tilskodarar, og forhåpentlegvis blir det bra fullt her.
Vi er i kveld i Fosnavåg i Herøy kommune på Sunnmøre. Heimelaget Bergsøy blei skipa i 1944 og dei største augneblinkane i klubben si historie kom tilbake i 1981 då laget spelte på nivå 2 i divisjonssystemet. Det året fekk dei med seg oppgjer mot lag som Sogndal, Tromsø og Molde. På nivået under fann vi faktisk Aalesund!
Hei og velkomen til livedekning av 1. runde av Noregsmeisterskapet. Det er klart for Bergsøy mot Aalesund på Havila stadion!