TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 26-5. På mål: 13-1.
Bayern München smadrar Besiktas 5-0 og er med det i praksis klare for kvartfinalene av Champions League. Trass i at bortelaget tidleg blei reduserte til ti mann etter ei utvisning på Vida, så klarte dei å halde nullen neste heile 1. omgang. Like før pause dukka derimot Müller opp og sørgja for 1-0. Etter kvilen hadde tyrkarane ingenting å stille opp med og heimelaget gjorde som dei ville. Det blei til slutt 5-0 etter scoringar av Coman, Müller og Lewandowski (2). Returoppgjeret i Istanbul blir spelt 14. mars, men den kampen blir berre ein formalitet.
Kamp slutt Slutt (5-0)
90+4'
Gult kort
Litt knuffing med Ulreich.
90+3'
Rett i nevane til Ulreich. Målvakta plukkar lett.
90+3'
Quaresma står klar ved kula.
90+3'
Frispark til Besiktas etter at Babel blir felt. Kan tyrkarane få seg ei trøystescoring på tampen her?
90+2'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
88'
Mål!
5-0
Bayern rullar opp på vanleg vis! Robben trillar fri Müller som sender ballen inn foran mål. Der kjem Lewandowski stormande, og spissen får ein enkel jobb med å dytte kula i det tome buret. Polakken scorar sitt 45. mål i Champions League.
87'
Hjørnespark
Besiktas får ordna opp.
87'
Hjørnespark
Endar med Ribery som misser den like fort.
86'
Nære på for Bayern igjen! Ei bra opprulling endar med at Martinez får avslutta frå god posisjon. Fabri reddar bra. Har vore Besiktas sin beste spelar i dag, målvakta.
85'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
81'
Spillerbytte
81'
Vidal blir liggjande etter ein duell. Ser ut til å slite med ein finger.
79'
Mål!
4-0
Lewandowski vil også vere med! Hummels avsluttar frå distanse, men Fabri reddar. Returen frå målvakta går derimot berre rett ut i feltet der Lewandowski kjem springande og får tuppa den i målet. 4-0, og det må eit under til for at Besiktas skal ta seg vidare til kvartfinalene.
75'
Så skjer det plutseleg ting i den andre enden! Talisca vender opp utanfor Bayern si boks og får avslutta like over mål. Glir i det han skal skyte, så det øydelegg litt.
72'
Robben med ei kjapp avslutning mot næraste hjørne. Eit par meter utanfor.
72'
Coman prøvar seg frå distanse. Ballen duppar bra, men Fabri reddar likevel greitt.
71'
Coman viser fram eit fantastisk rykk og spurtar forbi backen som skal passe på han. Innlegget inn i boksa er også presist, men Müller klarer ikkje å tvinge den påfølgjande headinga på mål. Uansett ein god sjanse!
69'
Spillerbytte
69'
Robben kjem seg heilt inn på femmeteren med ballen, men innlegget endar berre med utspel frå Fabri. Det skjer mykje på Bayern si høgreside no!
66'
Mål!
3-0
No byrjar det å bli stygt for Besiktas! Robben rullar ballen ut til Kimmich som slår presist inn i feltet. Målsniken Müller får utruleg nok stå åleine på fem meters hald og tuppe ballen forbi Fabri. 3-0!
63'
Gult kort
Pepe går litt tøft inn i Lewandowski bakfrå og blir belønna med gult kort. Er vel ikkje første gongen han har blitt belønna med det.
61'
Hutchinson i trøbbel gong på gong her. Fleire farlege pasningsforsøk og ballmiss. Det var som kjent det som førte til Vida si utvisning også.
59'
Flipperfotball inne i Besiktas si boks. Fleire Bayern-spelarar er nære ved å få avslutta frå kort hald, men til slutt endar det berre med frispark til gjestane.
57'
Spillerbytte
52'
Mål!
2-0
Coman the Bavarian scorar! Lewandowski blir spelt fri bak Besiktas sitt forsvar og polakken sender ballen femogførti grader ut i feltet. Der kjem Coman stormande og plasserer ballen langs grasmatta og i mål. Bortelaget vil ha offside på Lewandowski, men domaren overser protestande. 2-0!
51'
Den polske spissen tek frisparket sjølv og sender ballen i stolpen oppe ved krysset og utanfor. Veldig nære 2-0!
50'
Lewandowski går lett i bakken inne i Besiktas si boks, men endar opp med å få frispark like utanfor boksa. Kan bli farleg.
48'
Hjørnespark
Treff Hummels som headar like over. Brukbar sjanse, det!
47'
James Rodriguez fekk seg som kjent ein smell i hovudet etter å ha fått eit skot frå lagkompis Müller i hovudet. Det spørs om det ikkje er derfor han har blitt erstatta av Robben.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bayern München leiar oppskriftsmessig 1-0 over Besiktas etter ein spanande 1. omgang. Tyrkarane forsvarte seg heroisk nesten heile omgangen med éin mann mindre etter Vida si utvisning i det 16. minutt, men kort tid før pause fekk Müller pirka kula i mål frå kort hald. Også Besiktas har hatt nokre store sjansar, så håp om å få med seg bortemål er absolutt til stades. Samtidig må dei stå i mot det som nok blir eit endå større Bayern-press dei siste 45 minutta.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Veldig synd for Besiktas å få mål i mot så kort tid før pause. Ein skikkeleg nedtur for Senol Günes sitt mannskap.
45'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
44'
Spillerbytte
43'
Mål!
1-0
Coman er arkitekten i det han stormar til dødlinja og slår ballen femogførti grader ut i feltet. Der prøvar Alaba ei slags avslutning som endar opp hos Müller. Målsniken får så pirka kula i mål frå kort hald. Ikkje hans vakraste scoring, men mål er mål!
43'
Nokre gode minutt frå Besiktas der. Med litt meir dyktigheit framføre mål hadde dei fått seg ei scoring.
42'
Hjørnespark
Endar til slutt med eit langskot frå Pepe. Utanfor frå den portugisiske veteranen.
42'
Hjørnespark
Endar med ein ny corner.
40'
Bra forsøk for Besiktas! Quaresma kontrar, stormar inn mot boksa og rundlurar Hummels. Portugisaren sender i veg eit lurt skudd i det næraste hjørnet, men Ulreich stoppar forsøket.
38'
Gult kort
Får det gule kortet etter farleg spel inne i Besiktas si boks.
38'
Lewandowski med brassespark inne i Besiktas si boks. Det endar med at Medel blir liggjande.
37'
Besiktas bankar berre unna ballen når dei får den no. Er knapt over på motsett banehalvdel.
35'
Rodriguez slår det påfølgjande frisparket inn i boksa, men Besiktas får med naud og neppe rydda opp etter at heimelaget får avslutta både ein og to gongar.
33'
Gult kort
Coman spurtar forbi Quaresma like utanfor boksa og portugisaren taklar han over ende. Gult kort.
33'
Quaresma prøvar å kome seg forbi Coman, men ungdommen vinn duellen overraskande enkelt.
31'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
30'
Kjempesjanse for Bayern! Hummels får heada på mål frå fem meters hald, men Fabri reddar meisterleg med ei rask arm. Der bør stopparen score!
30'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe.
30'
Alaba får ballen bak Besiktas-forsvaret, men avslutninga hans blir blokkert.
28'
Müller med ein god avslutningssjanse inne i boksa, men utruleg nok sleivar han og treff lagkompis James Rodriguez i øyret i staden.
27'
Martinez prøvar å plassere eit skot med innsida av foten frå langt hald. Fabri reddar greitt.
23'
Hjørnespark
Dett ned i feltet, men Besiktas får klarert. Dei prøvar så å setje i gong ei kontring, men pasninga er risikabel og blir enkelt plukka opp av Bayern-mannskapet.
23'
Det skal bli tøft for Besiktas dette her, og då er det ekstra viktig at dei tek vare på dei sjansane som byr seg.
19'
For ein sjanse for Besiktas! Vagner Love kjem plutseleg åleine mot Ulreich, men avslutninga sender han høgt over mål. Der kunne han også ha spelt Quaresma på blankt mål, men spissen er egoistisk og prøvar sjølv.
19'
Det påfølgjande frisparket endar i ingenting.
16'
Rødt kort
Hutchinson set Vida i stortrøbbel i det han sender eit slapp pasning mot eige mål. Den snappar Lewandowski og stormar mot Besiktas sin sekstenmeter. Vida prøvar å takle som bakerste mann, men endar berre opp med å ta beinet til Bayern-spissen. Synd for Vida, men Hutchinson må nok ta på seg det meste av skuld der.
15'
Coman finn Müller inne i boksa, men sistnemnde kjem ikkje nok over ballen og headinga blir sendt over målet til Fabricio.
13'
Skyt svakt rett i muren.
12'
Taliska står klar ved ballen.
12'
Love vender vekk Hummels, og stopparen svarer med å sparke han ned bakfrå. Frispark til Love i interessant posisjon.
11'
Kimmich finn Vidal inne i boksa, men chilenaren stussar kula nokre meter utanfor.
10'
Frispark for vertane. Ballen skal bli lempa inn i boksa.
10'
Ny avslutning like etterpå! Fabricio reddar flott skotet frå Coman.
9'
Bra forsøk for Bayern! Kimmich avsluttar, men forsøket blir blokkert.
9'
Quaresma får tid og rom etter at Besiktas bryt ballbana høgt i bana, men dessverre så sender den portugisiske klubbnomaden innlegget rett inn til keepervikar Ulreich.
7'
Müller med kveldens første avslutning. Headar utanfor etter eit godt innlegg frå Alaba.
7'
Så får landsmann Medel tilsnakk etter å ha vore litt røff i ei takling. Det spørs om han tek til seg det.
6'
Vidal prøvar seg med ei direkte pasning, men forsøket blir enkelt stoppa.
4'
Det er mange spanande kampar i kampen i kveld. Dei to chilenarane Arturo Vidal og Gary Medel kjenner kvarandre godt frå landslaget og ingen av dei er vande med å spare seg i duellane. Samtidig blir det spanande å sjå om den gamle Real Madrid-stjerna Pepe kan klare å hamle opp med Bayern sin superspiss Robert Lewandowski.
1'
Då er vi i gong på Allianz Arena.
Avspark Start 1. omgang
Rumenske Ovidiu Alin Hategan er kveldens hovuddomar.
Dei to laga har helsa på kvarandre, Champions League-hymnen er ferdigspelt og vi er få straksar unna avspark.
Besiktas har på si side kvartfinaleoppgjera mot Dinamo Kiev i 1986/1987 som sin beste prestasjon, sjølv om akkurat dei to oppgjera enda med grusomme 0-7 samanlagt.
Jupp Heynckes sitt lag står med fem sigrar i den gjevaste europeiske klubbfotballturneringa. Vi må derimot tilbake til 2012/2013-sesongen for å finne sist gong dei løfta bøtta, så mange i Bavaria meiner nok at det er på høg tid at det skjer igjen. Etter den nemnde triumfen rauk dei ut i semifinalene tre sesongar på rad, før dei 2016/2017 blei stoppa av Real Madrid i kvartfinalene.
Desse to laga har møttest to gongar før i Champions League. Det skjedde i gruppespelet i 1997/98-sesongen. Bavaria-klubben vann begge oppgjera greitt med 2-0. Thomas Helmer scora i begge oppgjera, medan Carsten Jancker og Mario Basler putta dei to andre.
Die Bayern enda på si side opp med poenget meir enn Besiktas, men 15 poeng heldt utruleg nok berre til 2. plass. Eit målhungrig PSG kneip førsteplassen med betre målskilnad.
Bayern München står nok fram som favoritten til å ta seg vidare frå denne duellen, men Besiktas imponerte i gruppespelet og blir nok ikkje ein walkover for tyskarane. Istanbul-laget blei faktisk det første tyrkiske laget nokon sinne som har vunne gruppa si i Champions League. 4-2-0 og 14 poeng sørgja for at dei hamna foran Porto på tabellen, og faktisk enda alle tre bortekampane mot Porto, Monaco og RB Leipzig med sigrar.
Hei og velkomen til livedekning av det første åttendelsfinalemøtet mellom Bayern München og Besiktas!