TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet. I morgon får vi vite kven som blir Atletico Madrid sin motstandar i finalen. Det blir anten Manchester City eller Real Madrid. På gjensyn!
Avslutningar: 26-6. På mål: 12-4.
Bayern München måtte ta igjen Atletico si 1-0-leiing og etter ein halvtime var Guardiola sitt mannskap a jour etter eit frisparkmål av Alonso. Müller hadde også sjansen til å doble leiinga på straffespark, men bomma. Litt etter pause svara derimot Atletico på ei utsøkt kontring som Griezmann fekk æra av å ekspedere i mål. Lewandowski sendte Bayern i føringa nok ein gong i det 74. minutt, men tyskarane klarde aldri å få den viktige tredjescoringa. Det må nemnast at også Atletico bomma på staffe mot slutten ved Torres, men det var kanskje like greitt ettersom hendinga som førte til straffe skjedde utanfor sekstenmeteren.
Diego Simeone sitt mannskap er dermed klare for den andre finalen på tre sesongar. Utifrå spel og sjansar er ikkje det fortent, for Bayern har definitivt vore det laget som har ynskja å spele mest fotball. Likevel, det er lov å vere kyniske i fotball også, og det er nok ingen Atletico-tilhengjarar som er misfornøgde med det laget deira no har fått til.
Atletico Madrid er klare for Champions League-finale på San Siro 28. mai!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+6'
Nesten at Lewandowski kjem til avslutning inne i boksa. Polakken når derimot ikkje bort til kula og Oblak kan overta.
90+5'
Innkast til heimelaget.
90+5'
Bayern vinn den tilbake.
90+5'
Atletico snappar kula.
90+5'
Nære på at Atletico kontrar igjen. Eit Bayern-bein får hindra ei gjennombrottspasning.
90+4'
Heimelaget med innkast høgt i bana.
90+3'
Spillerbytte
90+3'
Nesten for Bayern! Coman får ballen på bakerste stolpe og prøvar eit skot. Høgt over mål.
90+2'
Hjørnespark
Hamnar på bakerste stolpe med Coman, men ungguten klarer ikkje å få gjort noko konstruktivt med kula.
90+2'
Ribery slår inn. Via ein motspelar og til corner.
90+2'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Framleis nok tid for Die Bayern å få det viktige målet som kan sende dei til finalen!
89'
Jan Oblak har fått ein smell og sit nede. Det er lov å vere kynisk i ei slik stund!
89'
Coman vendar opp og avsluttar innanfor boksa. Over mål.
88'
Hjørnespark
Nære på for Bayern! Corneren endar utanfor boksa og Alaba fyrer av på halvvolley. Oblak reddar flott.
87'
Framleis håp for Bayern München altså. For ein dramatikk vi er vitne til på Allianz Arena!
86'
Cüneyt Cakir bør nok puste letta ut over at Torres bomma på den straffa. Rett og slett ein grov feil av domaren å døme straffe på ei hending som faktisk skjedde utanfor Bayern sin sekstenmeter.
85'
Gult kort
Martinez får det gule kortet.
83'
Bom på straffe!
83'
Straffe!
Torres blir felt like utanfor Bayern sin sekstenmeter, men domar Cüneyt Cakir dømer likevel straffespark! Aiaiai!
82'
Spillerbytte
81'
Koke sparkar vekk ballen, men slepp utruleg nok å få det gule kortet av Cüneyt Cakir. Har lagt lista veldig høgt i dag, domaren!
80'
Hjørnespark
Torres får klarert. Bayern beheld ballen.
78'
Torres kjem til ei sjeldan avslutning etter ei langpasning frå Koke. Den tidlegare Liverpool- og Chelsea-spissen headar over frå god posisjon.
77'
Coman dyttar Koke over ende og Atletico får frispark og kan roe ned.
76'
Robert Lewandowski er med det oppe i ni scoringar hittil i Champions League denne sesongen. Det er likevel eit godt stykke opp til Cristiano Ronaldo sine 16.
74'
Mål!
2-1
Bayern tek leiinga på nytt! Vidal får heada eit innlegg inn framføre mål, og frå ein meters hald har Lewandowski ein enkel jobb med å stange ballen i det tome buret. For ein avslutning vi får på oppgjeret!
74'
Hjørnespark
Endar med ei heading over frå Martinez.
73'
Spillerbytte
70'
Godt forsøk for heimelaget! Vidal speler fri Lewandowski inne i boksa, og polakken prøvar ei avslutning på halvvolley. Han får sendt skotet på mål, men Oblak reddar greitt.
70'
Mange frispark no. Bayern slit med å etablere press.
68'
Det luggar kraftig for Die Bayern no. Det tek nok ikkje langt tid før vi får sjå ein innbytar eller to. Kanskje kan Coman the Bavarian vere ein å setje innpå? Götze og Thiago er andre aktuelle spelarar.
64'
Martinez kjem til avslutning, men er feilvendt og stussar ballen høgt over mål.
63'
Hjørnespark
Blir klarert. Bayern beheld ballen.
63'
Småpanikk inne i Atletico si boks. Godin måkar ballen over eige mål og til corner.
62'
Lahm går veldig lett i bakken inne i Atletico sin sekstenmeter, men domar Cüneyt Cakir vurderer aldri å blåse for straffe.
61'
Juanfran prøvar seg frå distanse, men mislukkast.
61'
No må altså Pep Guardiola sitt mannskap score minst to mål om ikkje Atletico skulle putte endå fleire. Ting såg mørkt ut for tyskarane også i åttendelsfinala mot Juventus då dei låg under 0-2 med eit kvarter att å spele, men den gongen ordna dei 2-2 etter ordinær tid og så to nye scoringar i ekstraomgangene.
57'
Bayern München har pressa på gjennom heile oppgjeret og skapt det som har vore av sjansar, men så dukkar plutseleg Griezmann opp og scorar på bortelaget sitt første forsøk i kampen. Urettferdig, men slik er fotballen.
54'
Mål!
1-1
Atletico har fått bortemålet sitt, og det på ei utsøkt kontring! Griezmann flikkar ballen til Torres midt på bana før spanjolen sender ein presis stikkar igjennom Bayern-forsvaret som gjer at Griezmann kjem åleine med Neuer. Franskmannen plasserer så ballen sikkert under den tyske målvakta. Bayern vil ha offside på Griezmann, men domarane let spelet gå.
49'
Hjørnespark
Martinez lagar frispark, og Atletico kan roe ned.
49'
Vidal prøvar seg igjen. Endar med corner.
48'
Rett i hanskane til Neuer. Nok ein svakt slått dødball av Atletico sin nummer seks.
48'
Koke står klar med ballen.
48'
Innbytar Carrasco blir felt i det han gjer si første involvering. Frispark i grei innleggsposisjon.
47'
Eit bortemål blir nok førsteprioritet for Atletico Madrid no. Forhåpentlegvis vil kampen opne seg endå meir opp.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det berre å la pulsen roe seg nokre minutt, før det heile byrjar på igjen omtrent 21.45. Det er berre å gle seg!
Bayern München leiar 1-0 etter dei første 45 minutta av dette andre semifinalemøtet mot Atletico Madrid. Dermed er vi like langt i protokollen med 1-1 samanlagt. Spanjolane har ikkje uventa vald ein defensiv strategi, noko som har ført til at vertane har pressa valdsamt på. Alonso ordna mål på frispark, og Müller hadde sjanse til å doble leiinga på straffespark nokre få minutt etter det, men Atletico-keeper Oblak redda meisterleg.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her. Dermed kan vi trygt seie at Atletico har fått godt betalt for all uthalinga av tid.
45+1'
Costa avsluttar frå langt hald. Gjestane får blokkert.
45'
Lewandowski er litt for tøff i ein duell inne i Atletico si boks og får frispark imot.
45+39'
Bom på straffe!
Også Torres bommar på straffe! Avslutninga er svak og går nokså midt på mål, og Neuer reddar greitt.
42'
Frispark til bortelaget midt på bana. Brukar godt med tid.
41'
Bortelaget prøvar å spele kjapt i bakrom til Torres. Dei raudkledde får stoppa forsøket.
39'
Simeone og Ribery står og riv i kvarandre medan det er stopp i spelet. Fotballidenskap kallar vi slikt!
38'
Krangling både på bana og sidelinja no etter at Lewandowski går i bakken etter ein angiveleg olboge frå Juanfran.
37'
Etter ein relativt roleg første halvtime har oppgjeret teke fullstendig fyr dei siste fem minutta. Atletico slit defensivt no, og Bayern kjem til fleire gode sjansar.
34'
Gult kort
Gimenez held ein Bayern-spelar inne i feltet og får gult kort.
34'
Straffe!
Bayern har fått straffespark! Gimenez er altfor heit i toppen og riv rett og slett ned ein Bayern-spelar inne i feltet.
31'
Mål!
1-0
Alonso bankar frisparket rett i mål! Lewandowski hoppar over ballen og Alonso avsluttar via beina til ein Atletico-spelar og i mål. Oblak blir heilt utspelt som følgje av den berøringa. Dermed står laga likt i antal mål!
29'
Frispark til Die Bayern i veldig god posisjon. 17-18 meters hald. Alaba er det som blir felt av Fernandez.
29'
Jan Oblak får tilsnakk for drøying av tid allereie før halvtimen er spelt. Det seier litt om kor defensive Atletico Madrid har vore i starten her!
28'
Så er det Lahm som bankar til frå langt hald. Ein meter over målet til Oblak frå god posisjon. Greitt forsøk, det!
26'
Hjørnespark
Blir enkelt beina unna ved første stolpe. Svakt slått av Koke.
26'
Diego Simeone sitt mannskap er ikkje patente i alt dei gjer her no. Dei slit litt med å kome oppi Bayern sine spelarar, samtidig som dei ikkje klarer å ha noko slags spel sjølve.
24'
Nesten igjen for Bayern! Ribery bankar til frå distanse, men sjølv om forsøket går midt på Oblak klarer ikkje slovenaren å halde ballen. Returen går rett ut i feltet, og det er ikkje langt unna at ein jagande Lewandowski får kome til skot.
23'
Hjørnespark
Blir klarert, men Bayern beheld ballen.
23'
Nok ein gong får heimelaget avslutta. Lewandowski skyt via ein motspelar og til hjørnespark.
20'
Nære på for heimelaget! Müller blir plutseleg spelt fri inne i Atletico si boks. 26-åringen dempar ballen til Lewandowski på føresteberøringa, og sistnemnde avsluttar frå skrå vinkel. Oblak er derimot reaksjonssterk og får stoppa skotet. Kampens beste moglegheit hittil.
18'
Vidal avsluttar nok ein gong. Går nokså rett på Oblak som held ballen enkelt.
17'
Müller avsluttar på halvvolley inne i boksa, men treff ikkje altfor godt og sender ballen seks meter utanfor Atletico sitt mål.
16'
Gabi får avslutta etter bra spel av Atletico. Griezmann med pasninga i forkant av skotet. Neuer har likevel full kontroll på avslutninga og ligg nede og ventar på ballen.
15'
Vidal prøvar seg på eit langskot frå 30 meters hald. Høgt over buret til Oblak.
14'
Så er det Alonso som knallar kula inn framføre mål. Atletico sine midtstopparar stanga unna nok ein gong. Skal nok få det travelt på jobb i dag, Godin og Gimenez.
13'
Ikkje langt unna at Lewandowski får heada på mål frå seks meters hald.
12'
Bra press frå Die Bayern no.
9'
Hjørnespark
Godin stangar ballen unna farleg område.
9'
Ribery med eit godt innlegg frå venstre. Gjestane må klarere til corner.
8'
Heimelaget bryt ballbana midt på grasmatta, men Douglas Costa øydelegg ein potensiell overgang ved ei håplaus berøring.
6'
Hjørnespark
Boateng ragar høgast, men sender hovudstøytet over mål.
6'
Blir teke kort til Gabi som fyrer av frå 30-35 meters hald. Enkelt for Manuel Neuer.
5'
Frispark til gjestane i fin innleggsposisjon.
4'
Unge Jan Oblak brukar bra med tid ved utspela.
3'
Torres blir spelt åleine igjennom i motsett ende, men blir avvinka for ein korrekt offside.
3'
Die Bayern har vore aggressive i starten her. Atletico ligg som venta kompakt bakover.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga er ute på grasmatta, Pep og Diego har teke kvarandre i handa, og domarCüneyt Cakir har fløyta i munnen.
Pep Guardiola må unnvere både Badstuber og Robben i kveld, medan Ribery og Boateng har blitt klare for spel og startar matchen. Diego Simeone må på si side unnvere Tiago.
Der FCB jaktar sin sjette siger i den gjevaste europeiske turneringa. Forutan den omtalte tittelen i 1974, gjekk dei også til topps i 1974-1975, 1975-1976, 2001-2002 og 2012-2013. Atletico Madrid har endå til gode å vinne ei finale ettersom det blei tap både i 1974 og 2014.
Kveldens oppgjer mellom laga blir det fjerde i historia. Dei møttest først i 1974, då begge klarde å ta seg til finala i europacupen. Den gongen gjekk oppgjeret til omkamp etter at det først enda 1-1. På det andre forsøket nokre dagar etter vann tyskarane derimot heile 4-0. Uli Hoeneß og Gerd Müller scora to kvar den gongen.
Saul scora kampens einaste mål i den første matchen, og for eit mål det var. Som min medreportar Mats Alstad så fint skreiv: "Aiaiai, se på Saúl "Salvador Dalí" Níguez! Det er virkelig i surrealismens ånd når han distanserer Thiago før han kjører venstre-høyre-finte på Alaba og Bernat som begge er ute og beundrer kunsten, men fra bak sperrebåndene. Deretter vender han vekk Alaba på enkelt vis før han bredsider ballen i mål via lengste stolpe, utenfor rekkevidde for Neuer. Den der hører hjemme på Guggenheim!" Bayern München hadde ballen og initiativet etter dette, men klarde aldri å få kula i mål mot eit solid Atletico-forsvar.
Atletico Madrid vann 1-0 i på Vicente Calderon for ei veke sidan, så utgangspunktet for kveldens storkamp er klart: Bayern må vinne med to mål for å gå direkte til finalen. For Atletico sin del held det med uavgjort eller eittmålstap om dei sjølv scorar.
Hei og velkomen til livedekning av det enormt spanande oppgjeret mellom Bayern München og Atletico Madrid. Om nokre timar veit vi kva for eit lag som skal spele finale i Champions League på San Siro i Milano den 28. mai!