TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for seg for denne gongen, men hugs å besøke oss også i morgon. Då brakar det nemleg laust med oppgjera Arsenal-Bayern Munchen og AC Milan-Atletico Madrid. God natt!
Paris Saint-Germain seglar opp som ein solid utfordar til å ta Champions League-tittelen med ei solid hamring av Bayer Leverkusen. Franskmennene var best i samtlege minutt, og hadde stålkontroll både offensivt og defensivt. Anført av ein som vanleg magisk Zlatan Ibrahimovic gav dei seg ikkje før det stod 0-4 på resultattavla. Det svenske magikaren stod for to av måla, medan Matuidi og Cabaya sørgja for dei to andre. Paris Saint-Germain er dermed 99% klare for kvartfinalene, noko som betyr at oppgjer nummer to mellom laga blir ei rein transportetappe.
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+3'
Bra forsøk! Van der Wiel slår inn frå høgre og Cabaye er nære ved å stange kula i mål.
90+2'
Moura kjem seg inn i boksa med ballen, men innlegget når ikkje fram til nokon andre i kvitt.
90+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
90+1'
Bender prøvar seg frå distanse. Utanfor buret til Sirigu.
88'
Mål!
0-4
Det var ikkje slutt likevel! Anført av Ibrahimovic rullar PSG opp eit flott angrep. Ballen endar etter kvart opp hos Moura, og kantspelaren er uegoistisk og trillar kula til Cabaye. Nykomaren breisidar ballen i vinkelen frå 16-17 meters hald.
86'
Nesten 0-4! Pastore blir spelt fri inn foran mål, men Leno kjem raskt ut og får forhindra nok ei scoring.
86'
Heimefansen er på veg ut av stadion no. Dei laga fantastisk stemning i lang tid, men etter scoring nummer to og tre har det vore nokså stille. Forståeleg nok.
85'
Kampen går for det meste ut på å trille ball midt på bana no.
84'
Sjølv om Bayer Leverkusen ikkje er nokon skikkeleg målestokk, må vi sjå på Paris Saint-Germain som ein utfordrar til å ta heim det gjeve Champions League-troféet. Laget kan forsvare seg godt, og kan angripe både i etablert spel og på overgangar. Og når ein også veit at ein spelar som Edinson Cavani snart er klar for spel, luktar det meget godt av denne retten.
77'
Bra sjanse for Leverkusen! Eit innlegg blir sendt inn i PSG si boks og Reinartz stig til vêrs og headar hardt på mål. Det blir likevel ikkje altfor farleg, då forsøket går rett på Sirigu. Likevel, dette er det næraste heimelaget har vore mål i kampen!
76'
Spillerbytte
76'
Det er meget lite som skjer på Bay Arena i augneblinken. Kampen er for lengst avgjort, og begge laga har nok eit ynskje om at det heile skal bli over. PSG har byrja den obligatoriske nedjogginga etter endt treningsøkt, medan Leverkusen nok berre lengtar etter å kome seg i dusjen.
74'
Om ein skal finne nokre lyspunkt for Bayer Leverkusen i dagens kamp, så er den 17 år gamle innbyttaren Julian Brandt ein å nemne. Han har vist seg fram med bra teknikk og fart, samt eit godt blikk og ein tilhøyrande bra pasningsfot. Han er nok absolutt ein å sjå opp for i framtida.
68'
Hjørnespark
Heller ikkje på dette hjørnesparket klarer heimelaget å skape noko. PSG har stålkontroll i alle spelets faser.
67'
Spillerbytte
66'
Annullert mål
Ballen går i mål, men samtidig blir det avvinka for offside. Det må nok vere Leverkusen sin beste augneblink hittil i kampen!
64'
Hjørnespark
Dårleg slått, og PSG får til slutt innkast på motsett side.
64'
Brandt viser seg fram i det han fintar seg fri og kjem seg til dødlinja. Innlegget endar med corner.
63'
Zlantan prøvar å drage med seg ballen inn i boksa, men får tre mann på seg og må gi tapt.
63'
Heimefansen buar konstant, medan dei tilreisande supportarane jublar kvar gong PSG-spelarane treff med ei pasning. Og det er som kjent ikkje så sjeldan dei gjer.
62'
Spillerbytte
61'
Massiv piping frå heimefansen no. Det hjelp nok lite ettersom domar Kassai har sitt på det tørre. Det kan likevel nemnast at han har lagt lista veldig lavt.
59'
To gule kort
Prøvar å stoppe Moura ved å bruke handa aktivt. Blir belønna med sitt andre gule kort i kampen, og vondt har gått til verre for Bayer Leverkusen.
58'
Gult kort
Får det gule kortet for protestar, ser det ut som.
58'
Kiessling går i bakken og heimefansen ropar på straffe. Domar Kassai seier nei.
56'
Leverkusen prøvar å setje i gong angrep, men det blir rett og slett for veikt mot det kompakte PSG-forsvaret.
55'
Dramatikk også i kveldens andre kamp. Utvisning og straffemål, og Barcelona leiar 1-0.
53'
Zlatan går lett i bakken og får eit billeg frispark. Kassai har lagt lista veldig lågt her i dag, noko som blant anna resulterte i eit diskutabelt straffespark.
52'
Hjørnespark
Blir klarert av kvittrøyene.
52'
Bra spel av heimelaget endar med ein corner.
48'
Gult kort
Held Lucas i trøya og får eit korrekt gult kort.
48'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Paris Saint-Germain leiar fortent 3-0 etter dei første 45 minutta. Det er ikkje eit mål for lite, for det har vore stort skilnad på laga. Om Bayer Leverkusen skal kome ut av dette med æra i behald må det ein kolossal snuoperasjon til.
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45+1'
Omtrent 1/4 av oppgjera mellom Bayer Leverkusen og Paris Saint-Germain har blitt spelt, og vi kan nok trygt fastslå at franskmennene tek seg vidare til kvartfinalene.
45'
Zlatan er no oppe i 10 scoringar på seks kampar i denne sesongens Champions League.
42'
Mål!
0-3
Kven treng Lionel Messi og David Silva?!? Vi har Zlatan Ibrahimovic! PSG pressar på og har mange spelarar oppe i Leverkusen si boks. Matuidi har ballen i beina inne i sekstenmeteren og får gitt den til Ibrahimovic. Svensken tek fart og bankar kula utakbart i krysset frå 17 meters hald. For eit prosjektil det var!
39'
Mål på straffe!
0-2
Leverkusen-keeperen går rett veg, men straffa frå Zlatan er hard og velplassert, og det er lite heimelaget sin sisteskanse kan gjere med den. For å sitere den norske elektronikaduoen Röyksopp: 'Poor Leno'.
38'
Gult kort
Får det gule kortet etter å ha forårsaka straffesparket.
38'
Lavezzi går i bakken etter ein duell med Spahic, og domar Kassai gir straffe!
38'
Straffe!
Lavezzi går i bakken etter ein duell med Spahic, og domar Kassai gir straffe!
37'
Spahic prøvar seg frå distanse. Ballen får ein smålei sprett på femmetersmerket, men Sirigu har likevel ingen problem med å fange den.
36'
Småpent angrepsspel av heimelaget. Innlegget frå Guardado blir klarert inne i boksa.
35'
I det andre oppgjeret i kveld, mellom Manchester City og Barcelona, står det framleis 0-0. Gjesp.
33'
Silva bankar ballen i handa på Kiessling frå 50 centimeters hald inne i PSG sin sekstenmeter, og domar Kassai bles frispark mot tyskaren. Det må vel berre bety at han også hadde blåst straffespark om det motsatte hadde skjedd også?
31'
Heimelaget prøver å skape noko offensivt, men ein meget opplagd Veratti stoppar forsøket.
31'
For Paris Saint-Germain er det spesielt to spelarar som skil seg ut når det gjeld å produsere mål. Zlatan Ibrahimovic har heile åtte på fem kampar, medan hans skadde angrepspartner Edison Cavani har fire på like mange oppgjer.
29'
Den mestscorande for Bayer Leverkusen så langt i Champions League denne sesongen er Simon Rolfes med tre nettkjenningar. Elles har Kiessling og Toprak to kvar.
26'
Det har vore veldig stor skilnad på laga når det gjeld treffsikkerheita så langt. Leverkusen-spelarane slit med å finne kvarandre medan dei frå PSG gjer det i alle slags situasjonar.
24'
Sidney Sam med ei håplaus pasning i det Leverkusen ein sjeldan gong klarer å drage opp balltempoet. Det endar med innkast for franskmennene.
22'
Hjørnespark
Silva når kula på bakerste stolpe, men klarer ikkje å halde den på bana. Utspel frå Leno.
21'
Laget frå North Rhine-Westphalia får halde litt på ballen no, men PSG ligg kompakte bakover og har ganske bra kontroll.
19'
Nesten. Castro slår inn frå høgre, og Kiessling headar via bakken og keeper Sirigu må gjere ei god redning for å få fista kula over. Den tyske spissen blir derimot avvinka for offside.
19'
Sam blir spelt i det han skal få attende ei pasning, og Leverkusen får frispark i grei innleggsposisjon.
18'
PSG held fram med å styre det meste her. Dei er bra både i det etablerte spelet og på overgangane, noko som er ein meget heldig kombinasjon.
16'
Gult kort
Stoppar ein overgang ved å felle Ibrahimovic og får eit greitt gult kort.
16'
Begge klubbane manglar få spelarar til dette oppgjeret, men mest synd er det at Edison Cavani er blant dei som ikkje får vere med. Uruguayanaren har vore ute sidan slutten av januar med ei lårskade.
11'
For ein sjanse! PSG stoppar først ei kontring, før dei tek ein overgang sjølv. Leverkusen sin keeper er under hardt press, og ballen går berre rett ut i feltet. Der ventar måltjuven Ibrahimovic og svensken får til ein knallhardt treff frå seks meters hald. Ballen fyk rett i ein Leverkusen-spelar på streken og ut. Utruleg nære 0-2, der!
11'
Bender legg inn frå høgre, men det er altfor mykje luft i avleveringa og Sirigu har ein enkel jobb med å plukke kula.
10'
Sidney Sam, som skal spele for Schalke frå og med neste sesong, kjem til avslutning. Det endar over buret til Sirigu.
8'
Svensken bankar ballen knallhardt i muren frå 23-24 meter.
8'
Zlatan med frispark.
8'
Det blir vanskeleg for Leverkusen å gjere det bra i Champions League med forsvarsspel som det dei viste der. Fullstendig kaos ved 0-1-målet. Det er likevel ikkje det verste dei har varta opp med hittil denne sesongen, då dei tapte heile 5-0 her mot Manchester United i gruppespelet.
4'
Gult kort
Matudi kjem for seint inn i ei takling og får eit greitt gult kort, trass i at det berre er spelt fire minutt.
3'
Mål!
0-1
For ei opning på kampen! Heimelaget, anført av Rolfes, rotar i eige forsvar og bortelaget vinn ballen høgt i bana. Veratti sender i veg ein presis stikkar, og åleine med Leno gjer Matuidi ingen feil. Verst tenkjeleg start for Leverkusen, dette.
2'
Bortelaget med frispark. Lucas lempar ballen inn i boksa, men Kiessling får rydda unna.
2'
Kveldens oppgjer er faktisk det første mellom laga i offisiell samanheng. På 11 kampar mot fransk motstand har Leverkusen 5-3-3. Paris Saint-Germain har på si side 6-2-3 på like mange kampar mot tyske lag.
1'
Då er vi i gong! Som vanleg er det meget god stemning i BayArena.
Avspark Start 1. omgang
Dei to kapteinane Rolfes og Silva helsar på kvarandre, og vi er få straksar unna kampstart.
Paris Saint-Germain er på si side suverene på toppen i den franske ligaen. 17-7-1 på 25 kampar tilsvarar 58 poeng, noko som er sju meir enn Monaco på andreplass. Laget til Laurent Blanc var sist i aksjon på fredag, då Valenciennes blei slått komfortabelt 3-0 i Paris.
Bayer Leverkusen gjer det bra i sin heimlege liga, der dei ligg på andreplass. Samtidig er leiarlaget Bayern Munchen i ei eiga klassa, då dei har heile 16 poeng klaring på toppen. Oppladinga til dagens oppgjer var heller ikkje av den beste sorten, då Hyppiä sitt lag rauk på eit heimetap mot Schalke.
Laurent Blanc sitt Paris Saint-Germain har ikkje så mykje meir å vise til i europeisk samanheng. Dei to titlane dei har er Cupvinner-cupen i 1996 og Intertoto-cupen i 2001. Med tanke på pengebruken som har vore i klubben dei seinare åra er nok dette ein statistikk dei vil ha gjort noko med. Franskmenna kom seg til kvartfinalene førre sesong, og ein må faktisk tilbake til 1994-1995 for å finne førre gong dei klarde noko tilsvarande. I fjor rauk dei ut mot Barcelona, men det utan å faktisk tape. Det enda nemleg uavgjort i begge oppgjera mot katelanarane med 2-2 heime og 1-1 borte.
Bayer Leverkusen, som blir leia av den tidlegare Liverpool-legenda Sami Hyppiä har delteke i Champions League seks gongar. Nærast ein tittel kom dei i 2002, då dei kom heilt til finala. Den andre finalisten, Real Madrid, blei derimot for sterke og vann 2-1. Den gjevaste tittelen Leverkusen har teke kom i 1988, då dei vann UEFA-cupen. Tyskerane var i utslagsrundene av Champions League så seint som i 2011-2012-sesongen, men då blei dei også smadra 10-2 samanlagt av Barcelona.
Laga har ikkje vore i aksjon i den gjevaste europeiske turneringa sidan byrjinga av desember. Bayer Leverkusen gjekk vidare i den siste runda, då dei slo Real Sociedad på bortebane samtidig som Shaktar Donetsk tapte mot Manchester United. 3-1-2 var statistikken over dei seks kampane. Paris Saint-Germain tapte på si side den siste kampen i gruppespelet, men det hadde lite av betydning då dei allereie var vidare. I seks kampar mot Olympiakos, Benfica og Anderlecht enda franskmenna opp med 4-1-1 og 13 poeng.
Hei og velkomen til livedekning av den første av to åttendelsfinalemøte mellom Bayer Leverkusen og Paris Saint-Germain. Endeleg er det Champions League igjen!