Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Laget til Luis Enrique ligg dermed øvst i gruppa med sju poeng, medan BATE befinn seg på 3., med tre poeng. Dei to laga skal møtest i den neste runda også. Det skjer den 4. november.
Barcelona vinn fortent 2-0 over BATE Borisov i det som har vore ei relativt tam affære. Bortelaget dominerte som venta frå start til slutt og skapte det som var av sjansar. Innbytar Ivan Rakitic blei dagens mann med sine to scoringar. Vertane hadde på si side meir enn nok med å halde unna og kom knapt til ei moglegheit sjølv. I dag var det rett og slett enorm skilnad mellom motstandarane.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+3'
Innbytar Sandro prøvar ei avslutning frå distanse. Høgt over mål.
90+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt i dette oppgjeret.
90+2'
Nesten for Barca igjen! Neymar kjem til skot inne i boksa, men frå seks-sju meters hald set han ballen over på halvvolley.
90+1'
Totalt ni gule kort så langt i kampen. Likevel har det ikkje vore ei spesielt stygg batalje.
89'
4-4 mellom Bayer Leverkusen og Roma no! Om det er jul og nyttårsaftan på same tid der, vitnar vårt oppgjer meir om ei gravferd.
85'
Barcelona kjem i overtal inne i BATE si boks, men ein halvslapp Suarez spolerer det heile med ei svak pasning.
84'
Neymar med frisparket. Skal slåast inn i feltet. Chernik kjem ut og boksar ballen vekk.
79'
Signevich prøvar seg igjen like etterpå. Skyt via ein motspelar og inn til ter Stegen.
78'
Der kom BATE sitt første skot i kampen! Signevich får avslutta inne i boksa, men forsøket går lavt rett på ter Stegen.
76'
Barca prøvar å rulle opp eit angrep. Katalanarane må nøye seg med ein corner.
74'
Roma har snudd 0-2 til 4-2 i Leverkusen no. I denne gruppa kan (nesten) kva som helst skje.
69'
Det einaste spørsmålet no er nok kor stor denne sigeren vil bli. BATE har endå ikkje hatt ei avslutning i kampen.
65'
Heimelaget prøvar å drage i gong ei kontring, men misser ballen så fort dei nærmar seg sekstenmeteren.
62'
Bortelaget prøvar ein overgong, men Busquets blir ulovleg hindra på veg framover.
58'
Mascherano med ei flott pasning i bakrom til Avles. Backen prøvar å slå inn foran mål, men der får Chernik fanga ballen.
55'
Munir prøvar seg frå distanse. Utanfor.
55'
Barca trillar ball medan BATE-spelarane spring imellom.
53'
Nesten 0-2! Alves slår flott inn til Neymar inne i boksa, og brasilianaren avsluttar på halvspretten like utanfor.
52'
Med 2-2 mellom Bayer Leverkusen og Roma toppar no Barcelona Gruppe E.
51'
Heimelaget har ein enorm jobb framføre seg om dei vil ha poeng her i dag.
50'
BATE prøvar ei kontring. Det endar med frispark imot.
47'
Bra opprulling av Barca. Endar med eit hjørnespark.
46'
Heimelaget prøvar å stå litt høgare i bana no.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause mellom BATE Borisov og Barcelona. Bortelaget har vore klart best og også skapt fleire gode sjansar. Det har likevel ikkje vore eit altfor sprudlande Barca vi har sett, så forhåpentlegvis tek det seg meir opp etter kvilen. BATE har på si side knapt vore over på motsett halvdel, og endå ikkje hatt eit skot på mål.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Vi er på overtid no.
45'
Godt forsøk for bortelaget! Neymar avanserer med kula innover i boksa og prøvar eit skot. Chernik er litt på halvdistanse der, så hadde brasilianaren treft betre der så kunne det fort ha blitt scoring.
45'
Det påfølgjande frisparket endar etter kvart med ei slags avslutning frå Suarez som går ufarleg utanfor mål.
43'
Ihar Stasevich slår kort, men heimelaget går så rett i offside. Svakt utnytta.
42'
Dødball for heimelaget.
40'
Kjempesjanse for Barca! Alves slår eit perfekt innlegg inn i boksa der Rakitic har sprunge seg fullstendig fri. Men frå seks-sju meters hald headar han ballen svakt over mål. Der skal det vere scoring!
39'
Neymar skjer innover og avsluttar. Rett i ein BATE-rygg.
37'
Bartra prøvar seg frå distanse. Langt utanfor.
36'
Alba slår femogførti grader ut i feltet, men der befinn det seg berre BATE-spelarar.
30'
Veldig nære for Barcelona! Frisparket blir slått inn i feltet og går heilt inn mot bakerste stolpe der Busquets får beina den inn foran mål. Ballen snik seg like til side for Chernik sin høgre stolpe.
29'
BATE står ganske godt imot no, men misser kula så fort den nærmar seg Barcelona sin halvdel.
28'
Neymar får tråkla med seg ballen inn i boksa, men klarer ikkje å finne Suarez med den påfølgjande pasninga.
25'
Roleg periode i kampen no. Heimelaget ligg djupt og forsvarer seg, og Barcelona har endå ikkje gira fullt opp.
23'
2-0 til Bayer Leverkusen over Roma no. Den tidlegare Manchester United-spissen Javier Hernandez med sitt andre for dagen.
20'
Greitt forsøk av bortelaget! Alves kjem seg inn i boksa med ballen, men frå veldig skrå vinkel klarer han ikkje å løfte ballen forbi Chernik. Corner.
18'
Barcelona må gjere eit byte allereie!
16'
Feilpasningar frå begge lag no.
15'
Det er faktisk kviterussarane som held litt på ballen no.
14'
Heimelaget med innlegg frå høgre. Barca får klarert. BATE beheld kula.
13'
Nokre hektiske minutt der, med stort press frå Barcelona.
10'
Press frå gjestane. Chernik prøvar å boksa ballen vekk inne i feltet, men bommar totalt. Blir corner til Barca.
9'
Bayer Leverkusen har for øvrig teke leiinga i den andre kampen i denne gruppa. Dermed toppar tyskarane tabellen.
8'
Dani Alves kjem seg fri på høgrekanten, men innlegget går svakt bak mål.
8'
Barca har teke eit forventa grep om kampen. BATE ligg djupt og forsvarar seg.
7'
Sergi Roberto får avslutta frå utanfor boksa. Forsøket frå 23-åringen går nokre meter utanfor.
6'
Mladenovic og Suarez har scora flest for sine respektive klubbar i turneringa hittil. Begge har to mål kvar.
4'
Grei sjanse for Barca! Neymar dreg seg innover i bana og avsluttar frå god posisjon, men skotet går rett på keeper Chernik.
2'
Portugisiske Manuel De Sousa er for øvrig kveldens hovuddomar.
2'
Bortelaget går straks i gong med balltrillinga si.
Avspark Start 1. omgang
Dei to laga møttest i gruppespelet av Champions League også i 2011. Barcelona gjekk sigrande ut av dei to møta med 9-0 totalt. Her i Kviterussland vann dei 5-0 etter blant anna mål av Messi, Pedro og David Villa.
Alle spelarane står no klare på bana, og Champions League-hymna rungar over Borisov Arena.
Begge laga har fleire spelarar utilgjengelege. Aleksandr Yermakovich må setje opp laget utan Hleb, Dubra, Rodionov og Zhavnerchik, medan Luis Enrique må unnvere Iniesta, Messi og Rafinha.
Neymar stal alt av overskrifter sist Barcelona var i aksjon, ettersom han hamra inn fire mål i 5-2-sigeren over Rayo Vallecano. BATE vann på si side 2-0 borte mot Vitebsk.
BATE blei kviterussiske meistrar berre for nokre dagar sidan, så stemninga i laget bør vere veldig god. Med tre kampar att å spele har dei nemleg 10 poeng meir enn Dinamo Minsk på 2. plass. Barcelona ligg på si side på 3. plass i Primera Division, men med like mange poeng som leiarlaget Celta Vigo. To tap på dei første åtte kampane er likevel uvant kost for manager Luis Enrique.
Den 115 år gamle klubben Barcelona treng vel ikkje mykje introduksjon. Dei har løfta det gjevaste europeiske klubbtrofeet fem gongar, og i tillegg vore tapande finalst ved tre høve. Dei er også som kjent regjerande meistrar etter sigeren mot Juventus i mai.
Kveldens oppgjer går i Borisov, ein by med vel 180.000 innbyggjarar. BATE blei opprinneleg grunnlagd i 1973, men blei lagt ned 11 år seinare. I 1996 starta klubben derimot opp igjen, og sidan den gongen har dei vunne den kviterussiske toppdivisjonen heile 12 gongar. Dei har også greitt med erfaring frå europeiske turneringar, og det er femte gongen dei deltek i gruppespelet. Dei har endå til gode å ta seg vidare til utslagsrundene.
Katalanarane i Barcelona toppar Gruppe E etter dei to første rundene med fire poeng. Sigeren sat langt inne på Camp Nou mot Bayer Leverkusen, men seine mål av Sergi Roberto og Luis Suarez sørgja for at 0-1 blei snudd til 2-1. Heimelaget frå Kviterussland har på si side tapt ein og vunne ein. Sigeren kom sist mot Roma. Det blei til slutt 3-2, men italienarane var ikkje så langt unna å klare å hente inn 3-0-leiinga BATE hadde til pause.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom BATE Borisov og Barcelona!