TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Dei regjerande meistrane er for lengst klare for sluttspelet, men om to vekers tid får vi den verkelege godbiten i denne gruppa. Då møter nemleg Basel Liverpool på Anfield, og vinnaren av den kampen slår følgje med Los Blancos til åttendelsfinalene. Brendan Rodgers og co har mest press på seg, for Basel vil gå vidare også med eit uavgjortresultat. Det er berre å vente i spaning!
Real Madrid har slått Basel 1-0 i ein nokså tam kamp. Cristiano Ronaldo blei oppgjerets einaste målscorar då han tuppa kula i mål 10 minutt før pause. Oppgjeret tok seg litt opp etter kvilen, og spanjolane kom nærast med to avslutningar i metallet. Også heimelaget kreerte nokre moglegheiter, men keepervikar Navas tok det som kom.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+6'
Kakitani med eit framspel som berre endar opp hos Navas.
90+5'
Nesten for Basel! Hamoudi får tid og rom inne i Real Madrid si boks, og egyptaren prøvar å curle kula i det lengste hjørnet. Utanfor.
90+4'
Hjørnespark
Blir teke kort. Hamoudi prøvar etter kvart å leggje inn, men forsøket blir blokkert. Rett og slett elendig utnytta av Basel.
90+3'
Spillerbytte
90+2'
Hjørnespark
Bortelaget får rydda opp, før det blir utspel frå Navas.
90+2'
Ein liten invasjon av tilskodarar på bana plutseleg. Tre mann spring rundt på graset, men blir til slutt stoppa av vaktene. I tillegg har eit eldre par teke turen inn på matta for å ta litt bilete av det heile, før også dei blir eskortert ut på sidelinja. Spesielt!
88'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
86'
Hamoudi prøvar seg igjen, denne gongen på eit slags saksespark. Treff dårleg, og det heile blir svært ufarleg.
85'
Framleis nok tid for Basel å få ei utlikning her, men i skrivande stund skapar dei fint lite.
84'
Spillerbytte
84'
Hamoudi vinn ballen høgt i bana og fyrer av eit skot. Utanfor.
82'
Hjørnespark
Blir klarert før eit forsøk på skot blir blokkert av ein Basel-spelar.
81'
Kroos slår det påfølgjande frisparket inn i boksa, men Basel får rydda unna.
80'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling på Ronaldo og får eit forent gult kort.
79'
To treff i metallet for Real Madrid i løpet av kort tid no.
78'
Nok ein god sjanse for Los Blancos! Det går i høgt tempo framover på bana, og plutseleg har Bale servert Ronaldo inne framføre mål. Portugisaren er under hardt press og klarer berre å styre ballen i stolpen og ut.
77'
Spillerbytte
76'
Hjørnespark
Endar med ingenting av farlegheiter.
76'
Så nære punktering! Bale får avansere åleine med ballen inn i Basel si boks, og walisaren fyrer av eit knallhardt skot som går i tverrleggaren og ned i bakken, før Basel får klarert.
74'
Hjørnespark
Blir stussa unna av heimelaget.
71'
Spillerbytte
71'
Asier Illarramendi har drege av seg treningstøyet og er klar til å entre grasmatta.
69'
Basel har plutseleg fått trua på poeng her no. Pressar Real Madrid!
69'
Hjørnespark
Embolo for tredje gong på eit minutt. Utanfor.
68'
Nære på igjen for heimelaget! Embolo er på farta nok ein gong og kjem seg fri med kula. Navas er derimot vaken og kjem kjapt ut og stoppar forsøket. Corner.
67'
God sjanse for Basel! Embolo møter ei langpasning på bakerste stolpe og headar like over.
67'
Ronaldo prøver å skaffe seg rom inne i Basel si boks, men blir stoppa i siste liten.
64'
Hjørnespark
Blir heada opp på nettaket. Utspel frå Navas.
63'
Veldig nære på at Ronaldo og Benzema klarer å tråkle seg gjennom Basel-forsvaret.
63'
Gonzalez er for øvrig på bana att, og ikkje uventa er han frisk som ein fisk.
63'
Gashi kjem til avslutning igjen. Han finn rom på 16 meters hald, men treff elendig og ballen trillar inn til keepervikar Navas.
62'
Gonzalez blir faktisk frakta av bana på båre. Ser ut til å vere verre enn ved første augekast. Forhåpentlegvis kjem han innpå att, for spelaren frå Paraguay har vore blant dei mest kreative hos heimelaget i dag.
60'
Contreao er litt ufin med Gonzalez igjen, og heimelaget sine spelarar vil sjølvsagt at den serbiske domaren skal gi portugisaren hans andre gule kort. Imidlertid er det heilt greitt å nøye seg med berre eit frispark der.
59'
På reprisene ser vi faktisk at skotet frå Gashi går i handa på Ramos. Skotet er hardt og den spanske kapteinen står ikkje så veldig langt unna, men det har definitivt blitt dømt straffe på liknande situasjonar før.
58'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
57'
Plutseleg vaknar Basel til live! Gashi får ballen i bra posisjon inne i boksa, avanserer eit par meter og avsluttar. Skotet går via ein motspelar og til corner.
56'
RotBlau har ballen ein del her, men det stoppar alltid opp på den siste tredjedelen. Snart timen spelt utan å kreere ein einaste stor sjanse.
52'
Gult kort
Kjem for seint inn i Benzema og får kampens tredje gule kort. Unødvendig av tsjekkaren.
52'
Hjørnespark
Basel får klarert.
52'
Ronaldo avsluttar lavt inne ved den eine stolpen, men Vaclik reddar greitt. Corner.
51'
Frispark til Los Blancos. Cristiano Ronaldo skal sjølvsagt prøve seg.
51'
Definitivt meir futt i dei to laga i denne omgangen enn tilfellet var før pause.
50'
Real Madrid kontrar, og det er ikkje langt unna at Rodriguez finn ein medspelar inne framføre mål.
49'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling på Embolo og får kampens andre gule kort.
48'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
48'
Gonzalez ser ut til å bli hekta av Ramos, men heldigvis for bortelaget får ikkje den serbiske domaren med seg det. Kunne fort ha fått sitt andre gule der, Ramos.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Real Madrid leiar 1-0 etter ei scoring av Cristiano Ronaldo. Det har vore ein jamn kamp med få sjansar. Los Blancos har teke det med ro og ikkje ytt meir enn dei har trengt å gjere, medan Basel rett og slett ikkje har evna meir. Forhåpentlegvis vil det heile opne seg meir opp etter kvilen, slik vi får sjå fleire sjansar og mål.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
44'
Gult kort
44'
Gult kort
Kjem for seint inn i Gonzalez og får kampens første gule kort.
43'
Frispark til heimelaget. Blir teke kort, og dei raude og blå må etter kvart tilbake på eigen halvdel igjen. Veldig liten vilje til å slå innlegg i dag hos Basel. Relativt forståeleg når kraftspissen Streller er skadd.
42'
Gashi på farta igjen i det han skyt eit innlegg framføre mål. Gonzalez klarer nesten å skli ballen i mål på bakerste stolpe, men ballen går over, samtidig som han blir avvinka for ein korrekt offside.
41'
Gashi prøvar ei avslutning, men skotet går via ein motspelar før det dalar ned i hanskane til Navas.
39'
Nesten samtidig med at Basel hamnar under her, så tek Liverpool leiinga i Bulgaria. Det betyr at begge laga i augneblinken har like mange poeng. Skulle dette halde seg vil det bli ein skikkeleg rysar på Anfield om to veker.
37'
Vi etterlyste ei scoring, så forhåpentlegvis vil dette få litt meir futt i laga.
35'
Mål!
0-1
Så ville plutseleg Real Madrid spele litt angrepsfotball her! Benzema vartar opp med eit herleg førearbeid i det han dreg med seg ballen inn i boksa, spring til dødlinja og legg den tilbake ut på femmeteren. Der står Cristiano Ronaldo, og portugisaren kan enkelt putte kula i mål. 0-1 på St Jakob Park!
35'
Zuffi prøvar seg frå langt og skrått hald. Eit godt stykke utanfor buret til Navas.
34'
Basel står med fleire spelarar inne i Real Madrid si boks, men Frei klarer aldri å få lagt ballen inn i feltet. Svakt av Basel-kapteinen.
33'
Ramos går tøft i Gonzalez. Real-kapteinen slepp utruleg nok frispark imot.
32'
Basel prøvar ein overgang, men som tidlegare i kampen stoppar det heile opp før det blir farleg.
31'
Frispark til heimelaget midt på bana. Blir teke kort.
31'
Den første halvtimen er unnagjort i Basel, og dette har hittil vore ei ekstremt tam affære. Basel jagar og jagar, men maktar ikkje å utnytte dei ballgjenvinningane dei får, samtidig som Real Madrid ikkje har prøvd så veldig hardt på å få til ting offensivt endå. Denne kampen treng definitivt eit mål!
29'
Elneny prøvar seg med ei avslutning frå distanse. Godt utanfor buret til Navas.
28'
Arbeloa kjem på ein sjeldan visitt på høgresida, men den tidlegare Liverpool-backen klarer aldri å få kontroll på kula før den går til utspel frå Basel-målvakta.
26'
Ronaldo i aksjon igjen i det han puttar ballen i mål, men portugisaren blir korrekt avvinka for offside.
23'
Cristiano Ronaldo med ei avslutning, men Vaclik reddar fint.
22'
Heimelaget er flinke i gjenvinnga, men slit når det kjem til dei avgjerande pasningane framover. Spissen Embolo har blitt springande mykje i mellom dei første 22 minutta.
21'
Basel har for øvrig hatt fem ulike målgjerarar hittil i turneringa. Derlis Gonzalez har vore vassast framføre motstandarane sine mål med to scoringar så langt.
20'
Rodriguez kjem seg fri til venstre og får lagt inn, men Basel ryddar greitt unna.
16'
Hjørnespark
Real Madrid får klarert etter litt klabb og babb.
16'
Nære på at Embolo blir spelt fri mellom Real sine to midtstopparar. Eit dårleg nedtak øydelegg.
15'
Hjørnespark
Bale får avslutta med ei heading, men han må bak og hente og får dermed lite kraft i ballen.
15'
Karim Benzema er for øvrig toppscorar for Real Madrid i CL hittil denne sesongen med fem nettkjenningar. Ronaldo har på si side tre.
13'
Los Blancos trillar ball på Basel sin halvdel no.
10'
Frispark for Basel. Zuffi lempar kula inn i boksa, men dei kvitkledde får rydda unna, før det også blir dømt offside på ein spelar på heimelaget.
10'
Zuffi kjem seg forbi Varane og blir kynisk felt av midtstopparen. Er heldig som slepp det gule kortet, der.
9'
Ikkje mykje som har skjedd i Basel dei første minutta. Heimelaget prøvar å stå høgt å vere aggressive i presset, men Real Madrid har hatt god kontroll hittil.
8'
Og der utlikna Liverpool ved Rickie Lambert like kjapt! 1-1 i Bulgaria, altså.
5'
Det påfølgjande frisparket endar med ingenting.
4'
Ronaldo får tre fingrar på haka av Degen og går i bakken som om det skulle ha vore ein knyttneve som traff han. Greitt frispark, men så vondt kan det vel ikkje ha vore.
3'
Og så har Ludogorets teke leiinga mot Liverpool i den andre kampen i denne gruppa etter berre tre minutts spel! Det passar Basel sjølvsagt perfekt.
2'
Langpasning mot Bale i bakrom. Keeper Vaclik kjem ut og headar kula unna, men walisaren blir samtidig avvinka for offside.
1'
Basel sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Flott stemning på St Jakob Park som vanleg!
No er det straks klart for avspark!
Kveldens domar er serbiske Milorad Mazic. Han blir assistert av sine landsmenn Milovan Ristic, Dalibor Djurdjevic, Vladimir Jovanovic, Danilo Grujic og Dejan Filipovic. Så veit du det!
Kveldens motstandarar møttest også tilbake i 1971, i den første runda av UEFA-cupen. Los Blancos vann begge oppgjera 2-1.
Møtet mellom laga i midten av september enda med ein knusande 5-1-siger til spanjolane. Bale, Ronaldo, Rodriguez og Benzema, samt ein sjølvmål, stod for scoringane til Real. Gonzalez ordna eit trøystemål for sveitsarane.
Det er to lag i veldig god form som møtest på St. Jakob Park i dag. Heimelaget har 5-1-0 på sine seks siste i alle turneringar, medan Los Blancos har 6-0-0. Faktisk har Real Madrid vunne 14 strake kampar, og også scora heile 56 mål på desse.
Både Basel og Real Madrid har viktige spelarar utilgjengelege til kveldens oppgjer. Basel-sjef Paulo Sousa må blant anna unnvere Ivanov, Sio, Streller og Xhaka. Carlo Ancelotti sine Galacticos må på si side klare seg utan Abner, Jese og Modric. Illarramendi har derimot blitt klar, og startar på benken.
Begge laga er no ute, og som vi ser stiller Los Blancos med sitt sterkaste skyts. Ronaldo, Rodriguez, Bale og Benzema er dei fire fremste. Det er liten tvil om at det sveitsiske forsvarsfiraren skal få køyrd seg i dag!
Real Madrid er allereie klare for utslagsrundene, og dei blir også etter all sannsynlegheit gruppevinnarar. Eitt poeng i kveldens kamp er nok til å klare det. Basel har på si side langt meir å spele for, for sveitsarane innehar i augneblinken 2. plassen i gruppa med seks poeng, tre meir enn Liverpool som møter Ludogorets Razgrad i den andre kampen i kveld. Med tanke på at Basel møter nettopp scousarane i England om vel to veker, så vil det vere av stor betydning at dei gjer jobben i dag.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Basel og Real Madrid!