Referat
Kun høydepunkter
Det er ingenting å seie på at Basel vinn her i dag. Chelsea var feige i store delar av oppgjeret og strategien gjekk først og fremst ut på å forsvare seg. Det klarde dei heilt til det 87. minutt, då Mohamed Salah ordna 1-0 åleine mot Petr Cech. Med uavgjort mellom Steaua Bucuresti og Schalke 04 har Basel teke over andreplassen i gruppa. Chelsea tronar øvst, og blei faktisk klare for sluttspelet med poengdelinga i Romania, til tross for at dei sjølve ikkje gjorde jobben. Med siger på Stamford Bridge mot Steaua i den siste runda vil dei også bli gruppevinnarar. Samtidig er også alt lagt til rette for ein vanvittig dramatikk i Gelsenkirchen, der Schalke møter Basel. Takk for fylgjet, og ha ein flott kveld vidare!
Basel vinn 1-0 og sveitsarane har dermed slått Jose Mourinho sitt Chelsea i begge kampane i gruppespelet!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Die ligg nede med krampe og må få litt uttøying frå ein lagkamerat.
90+3'
No er vi på overtid av overtida.
90+2'
Basel kontrar og Die får servert ballen like innanfor Chelsea si boks. Midtbanespelarar bankar til, men skotet går over.
90+1'
Det blir berre lagt til minimum to minutt denne omgangen. No hastar det verkleg for Chelsea!
90'
Basel har dermed avansert til 2. plass i gruppa, og har med det lagt bra med press på Schalke framføre den siste runda, om desse resultata skulle halde seg.
86'
Chelsea kjem framover, men Ramires glir i det han skal ta imot kula og misser den.
85'
Schär prøvar seg frå distanse, men Cech har full kontroll og ligg nede og ventar på ballen. Tsjekkaren klarer samtidig å setje beina fast i nettet, men kjem seg til slutt laus.
84'
Litt meir fram og tilbake her no. Skal vi få ein vinnar heilt på tampen?
84'
Die prøvar seg med ei avslutning, men treff ikkje mål.
83'
Nære på for bortelaget som tråklar seg bra gjennom. Diverre for Mourinho og co er det ingen som får avslutta.
82'
Det er Chelsea som verkar å vere nærast dei tre poeng no, men det er først og fremst ut i frå spel, og ikkje sjansar.
80'
Basel med ein svært farleg ballmiss på eigen halvdel. Chelsea prøvar å spele seg gjennom, men får det ikkje til.
78'
Streller gir Stocker kapteinsbindet, og det betyr at det er eit byte på gong her.
75'
Chelsea kontrar, men Schär stoppar forsøket ved å bryte framføre Torres.
74'
Nesten at Salah snappar kula foran Cech. Basel sin egyptar har vore veldig toneangivande i dag.
73'
Så lenge det står 0-0 i det andre oppgjeret i denne gruppa har Basel ein god sjanse for avansement sidan dei møter Schalke i den 6. og siste runda. Skulle det derimot kome scoring til tyskarane i Romania må Basel ha siger her.
70'
Det står framleis 0-0 i Romania mellom Steaua og Schalke. Om desse resultata står seg vil Chelsea vere gruppevinnar ettersom dei har vore klart best i dei innbyrdes oppgjera mot Schalke med to sigrar.
66'
Mange frispark og stopp i spelet her no. 2. omgang må seiast å ha vore skuffande i forhold til kva vi fekk servert dei første 45 1 minutta.
65'
Det er Chelsea som har initiativet her no, utan at dei kjem til noko særleg med sjansar.
64'
Frisparket blir slått inn i boksa, men Basel får klarert til innkast.
62'
Veldig stillingskrig her no. Ingen av laga torer å ta store sjansar offensivt.
61'
Chelsea rullar elegant opp, men den avgjerande pasninga frå Hazard gjer at Ramires ikkje får kome til avslutning.
58'
Basel vinn tilbake ballen med ein gong.
57'
Litt meir Chelsea no, anført av ein oppvakna Torres.
55'
Og då står faktisk Hazard klar på sidelinja.
54'
Oscar får ballen ein sjeldan gong, men brasilianaren får berre eit par berøringar før han misser den til ein Basel-spelar. Det spørs nok om det ikkje er duka for Hazard eller Mata snart.
53'
Plutseleg ei stor opning i Chelsea-forsvaret, men Salah bommar på den avgjerande pasninga og bortelaget kan overta. Der kunne det ha blitt farleg.
52'
Mykje rolegare start på denne omgangen. Chelsea ligg kompakt og djupt.
51'
Xhaka kjem til innlegg frå venstre. Cech plukkar ballen enkelt.
50'
Basel har vore for seine i fleire taklingar på rad no. Det er nok ikkje lenge før det neste gule kortet kjem.
46'
Chelsea, kledde i kvitt, sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står laga klare igjen.
Det står 0-0 til pause i Basel, men det har langt i frå vore ein keisam kamp vi har vore vitne til. Basel, som har mest press på seg, har vore det førande laget i heile omgangen og også skapt ein god del sjansar. Chelsea har eigentleg hatt meir enn nok med å forsvare seg, samtidig som dei har fått til lite offensivt. Vi håpar at også dei siste 45 minutta blir innhaldsrike, og at vi får sjå mål!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Stocker skyt rett i muren. Svakt utført av Basel-spelaren.
45'
Mikel er for sein i ei takling og lagar frispark. 21-22 meters hald.
44'
Det er ikkje nødvendigvis synd for Chelsea at Fernando Torres kjem inn. Basel spelar med mykje risiko når det står høgt i bana. Og bakrom er jo spanske Torres nokså glad i, som vi veit.
43'
Spørs om det ikkje er ein overtråkk på Eto'o. Forhåpentlegvis vil han ikkje vere lenge ute, for det kryr ikkje akkurat av spissar i London-klubben.
41'
Eto'o går i bakken og signaliserer sjølv med ein gong at han må ut. Fernando Torres står klar.
41'
No bølgjar det kraftig att og fram her.
40'
Framleis 0-0 mellom Steaua og Schalke i Romania. Det betyr at Chelsea i skrivande stund er gruppevinnar.
36'
Salah blir spelt fri med glimrande langpasning, men han blir litt ubesluttsam og endar med å få eit skot blokkert.
34'
Die med ein småstygg etterslengar. Blir nok gult kort om det skulle skje endå ein gong.
34'
Willian med eit småfarleg innlegg i Basel si boks. Sommer kjem ut og snappar over hovudet på Eto'o.
32'
Basel er aggressive og flinke til å vinne att ballen høgt i bana. Samtidig speler dei med risiko, så om Chelsea klarer å vere meir nøyaktige på overgangane sine vil det etter kvart dukke opp bra med sjansar for dei også.
30'
Bra spel av heimelaget igjen. Salah blir spelt fri til venstre og slår inn i boksa der Streller vakar. Terry får ein fot på ballen før motstandaren, men Basel får likevel ikkje corner. Det går lynkjapt kvar gong heimelaget køyrer i gong kontringane sine!
28'
Basel har vore flinke til å vende spelet hittil i kampen, noko som har gitt bra med rom på kantane.
26'
Chelsea har meir enn nok med å forsvare seg no. Basel køyrer defintivt kampen her!
25'
Nesten at heimelaget klarer å spele seg gjennom igjen. Salah er centimeteter frå å bli spelt åleine med Cech.
24'
Nære på! Basel rullar flott opp, og Salah får avslutta frå krittmerket. Cech vartar opp med ei kjemperedning! Corner.
22'
Dei første 20 minutta i Basel har vore veldig artige, med høgt tempo, to angrepsvillige lag og mange sjansar.
21'
Willian involverer seg skikkeleg for første gong i kampen, og brasilianaren viser prov på meget god teknikk.
19'
Streller og Terry barkar saman for første, men ikkje siste, gong i kampen. Det endar med frispark til engelskmannen.
17'
Noke ein bra sjanse for Basel! Salah prøvar seg frå 17-18 meter, og Cech må fiste ballen over mål. Hadde likevel bra kontroll der, den tsjekkiske keepren.
16'
Så er det Chelsea sin tur! Ivanovic slår eit glimrande innlegg i Basel si boks, og Eto'o er ein skostorleik unna å få tuppa ballen i mål.
13'
Brukbart forsøk frå heimelaget! Frei skyt via ein motspelar, og Cech må strekkje seg og redde til corner.
12'
Strellar prøvar å slå inn, og får Basel sin tredje corner i kampen.
10'
Chelsea har ballen litt meir no etter at Basel yppa seg dei første ti minutta.
10'
Når det gjeld mål så langt i Champions League denne sesongen, har Chelsea laga 11 av dei. Eto'o, Torres og Ramires har netta flest, med to scoringar kvar.
7'
Fint angrep av heimelaget. Endar med corner.
7'
Basel har berre scora fire mål sålangt. I Sio, Streller, Salah og Diaz har dei fire ulike målgjerarar.
5'
Grasmatta på St. Jakob Park er tydeleg ujamn. Ballen humpar kraftig fleire plassar.
3'
Nære på for Basel! Frei slår frisparket, som er på kortsida av Chelsea sin sekstenmeter, rett på mål. Cech får boksa unna.
3'
Frispark til Basel i fin innleggsposisjon. Terry feller Stocker.
2'
Stocker får lagt inn frå venstre, men Streller inne i Chelsea si boks er ikkje merksam og får ikkje avslutta.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Veldig god stemning på tribunene i Basel.
Dagens hovuddomar er fransk og heiter Stéphane Lannoy. Han dømer i kveld sin Champions League-kamp nr 19.
Forutan oppgjera mot Basel er det berre St Gallen Chelsea har møtt av lag med sveitsisk opphav. 3-0-2 er statistikken på dei fem oppgjera.
Totalt 21 gongar har Basel møtt engelske lag i europacupfotball. Tala er ikkje hyggeleg lesnad for dei med sveitsiske briller, for 4-7-10 tyder på at laget som oftast har kome til kort. Når det er sagt, så er det ikkje dårleg å ha på CV-en at du har slått lag som Chelsea og Manchester United!
Basel og Chelsea møttast også førre sesong, og då i sluttspelet av Europa League. The Blues vann 5-2 samanlagt etter 3-1 på Stamford Bridge og 2-1 på St. Jakob Park.
Det er for øvrig litt av ein innbyttarbenk London-laget stiller med i kveld. I tillegg til nemnde Torres og Cole finn vi namn som Hazard, Mata og Schürrle!
Jose Mourinho må på si side unnvere David Luiz, medan småskadde Ashley Cole og Fernando Torres har kome seg til innbyttarbenken, men ikkje lenger.
Basel-manager Murat Yakin må klare seg utan Marcelo Diaz og Behrang Safari til kveldens oppgjer. Serey Die, som fekk seg ein smell på trening tidlegare i veka, er derimot klar og befinn seg i startellevaren til Basel.
Basel har 1-2-1 hittil etter uavgjort i begge oppgjera mot Steaua Bucuresti i tillegg til den nemnde sigeren i London. Chelsea har 3-0-1, inkludert tre strake sigrar med 10-0 i målskilnad.
The Blues har mykje å revansjere i dag, for førre gong laga møttest varta Basel nemleg opp med noko sjeldant då dei sørgja for Chelsea sitt første tap på Stamford Bridge i gruppespelet i Champions League sidan 2003. Chelsea leia 1-0 til pause etter mål av Oscar, men etter kvilen viste sveitsarane heilt andre takter og snudde til 2-1 etter scoringar av Salah og Streller.
Jose Mourinho sitt mannskap kan på si side sikre avansement med tre poeng i dag. Om ikkje Schalke slår Steaua vil det også halde med uavgjort for London-laget.
Det er duka for den nest siste runda i Gruppe E. Basel har definitivt mest press på seg, for om dei skulle gå på tap her i Sveits i dag, samtidig som Schalke slår Steaua Bucuresti, er alt håp om avansement i den gjevaste turneringa knust. Skulle dei derimot vinne over Chelsea i dag vil det vere duka for eit meget interessant oppgjer i den 6. runda, der Basel møter Schalke i Gelsenkirchen.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Basel og Chelsea!