Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gong. Ha ein fin kveld vidare, og ver klar til meir Champions League-fotball her hjå oss i morgon, 20.45. Det blir fleire godbitar også der!
Luis Enrique sitt lag blir dermed suverene vinnarar av Gruppe E, medan Roma må kjempe med Bayer Leverkusen og BATE Borisov om den siste plassen som gir avansement. Det blir ei meget spanande avslutning på denne gruppa.
Barcelona har smadra Roma heile 6-1 etter ei fotballoppvisning av dei sjeldne. Roma hadde rett nok sine sjansar på gunstige tidspunkt dei også, men det spørs om mål på dei hadde hatt noko å seie for kamputfallet uansett. Messi, Neymar og Suarez fekk sin første heile kamp i lag på nokre månadar og det enda på utsøkt vis. Messi og Suarez fekk to scoringar kvar, medan det brasilianske medlemmet av trioen ikkje heilt hadde dagen framføre mål og brann blant anna eit straffespark. Det speler likevel ingen rolle kven som scorar, så lengje laget scorar.
Kamp slutt Slutt (6-1)
90'
Nesten igjen! Neymar lengtar etter ei scoring, men lukkast heller ikkje ved dette tilfellet. Skotet frå god posisjon blir blokkert.
85'
Suarez prøvar å tråkle med seg ballen inn i boksa, men mislukkast.
80'
Nesten hattrick! Messi kjem åleine igjennom, men Szczesny er raskt ute og får blokkert chippen. Polakken er den einaste som får godkjent karakter av Roma sine spelarar i dag! Corner.
80'
Det er ikkje ofte ein ser forsvarsspel av den kvaliteten Roma har vist i dag. Gong på gong har dei stått høgt med forsvaret utan press på Barcelona sin ballførar. Dermed får heimelaget eit hav av rom å springe i.
74'
Suarez går i bakken inne i Roma si boks, men domar Cakir seier nei. Er nok svært lysten på eit hattrick, uruguayanaren, men på reprisene ser vi at han hjelp ekstremt mykje til sjølv.
74'
Roma for forresten sleppt inn flest av samtlege lag med sine 15 mål i mot hittil. Det er meir enn tabelljumboar som Dinamo Zagreb, Maccabi Tel Aviv og Astana!
71'
Nære på 6-0! Neymar og Suarez kombinerer fint, og førstnemnde skrur ballen like til side for Szczesny sin venstre stolpe. Har endå ikkje scora i dag, Neymar!
68'
Neymar kjem seg inn til dødlinja med ballen, to meter frå næraste stolpe, men den flate pasninga går forbi alle i feltet.
68'
Maicon slår inn til Dzeko, men bosniaren brukar for mykje armar og får frispark imot.
67'
AS Roma sine største tap i europeiske turneringar er for øvrig 7-1 både mot Manchester United (borte 2007) og Bayern Munchen (heime 2014).
65'
Rett i muren.
65'
Frispark på 17 meters hald.
62'
Med ein halv time att å spele kan dette bli ein ekstremt pinleg kveld for Roma.
59'
Playstation-fotball og 5-0! Neymar slår inn til Suarez som prøvar eit slags skot. Det endar i staden opp som ei pasning til Messi som er på veg inn bak Roma sitt forsvar, og argentinaren avsluttar raskt. Szczesny er derimot kjapt nede og får avverga, men returen går rett tilbake til Messi som enkelt kan trille kula i mål.
56'
Stor sjanse for Roma!
54'
Eit innlegg blir lempa inn mot Dzeko. Pique får stanga unna.
54'
La Maggica får låne ballen innimellom, men slit med å gjere noko konstruktivt med den.
51'
Bra forsøk for Barca! Neymar prøvar seg frå utanfor Roma sin sekstenmeter. Szczesny reddar til corner.
49'
Pique er oppe i motstandaren sitt felt og prøvar å hælsparke igjennom til Neymar. Kvifor ikkje? Corner endar det med.
46'
Vertane sparkar i gong den andre halvdelen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
3-0 fortel det meste om skilnaden på desse laga. Roma hadde rett nok ein stor sjanse på stillinga 0-0, men bortsett frå det har det vore svært einsidig på Camp Nou. Italianerane har gitt vekk mykje bakrom, og det har Neymar, Suarez og Messi utnytta grovt. Suarez ordna det første, Messi det andre, og like før pause hamra Suarez inn nok eit mål på utsøkt vis. Vi gler oss til dei siste 45 minutta, og håpar at vi får sjå endå fleire mål!
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
44'
Endar til slutt med at Maicon må klarere til corner etter at Alves prøvar å chippe inn i feltet.
43'
Dødball i bra innleggsposisjon for Roma. Suarez og co får rydda unna. Ei kontring blir sett i gong.
43'
Maicon kjem fram på høgresida og blir felt av Busquets. Sistnemnde er heldig som slepp det gule kortet.
42'
Roma med farleg forsøk i boksa. Endar med corner.
41'
Roma møter BATE Borisov heime i Italia i den 6. og siste runda av gruppespelet. Med siger der vil dei avanserer sjølv om også Bayer Leverkusen, som også har 5 poeng i skrivande stund, skulle ta tre poeng ettersom dei då vil vere best på innbyrdes oppgjer.
36'
Neymar fri til venstre igjen. Prøvar å få lagt inn, men må til slutt nøye seg med ein corner.
36'
2-0-målet var for øvrig Lionel Messi sitt første i denne sesongens utgåve av Champions League. I tillegg til dei første 35 minutta her, spelde han også 1-1-kampen borte mot Roma.
34'
Neymar kjem seg åleine i bakrom med ballen i beina, med blir avvinka for offside nok ein gong. Marginalt, i tilfelle.
31'
Litt rolegare periode i kampen no. Roma har ikkje heilt klart å riste av seg sjokket etter dei to scoringane som kom rett etter at Dzeko brann ein kjempesjanse for gjestane.
28'
Rakitic prøvar å hælsparke ballen inn i feltet, men ingen i raudt og blått når den først. Leikar seg her no, Barca!
26'
Florenzi blir forsøkt spelt igjennom, men pasninga blir for hard og endar med utspel frå ter Stegen.
22'
Vanskeleg har blitt til tilnærma umogleg for Roma no. Barca har sprunge overraskande lett igjennom bortelaget sitt forsvar ved fleire anledningar også i tillegg til dei to måla, så dette kan ende med eit stygt resultat til slutt.
12'
Nok ein gong speler heimelaget seg fri bak Roma sin forsvarsfirar. Neymar prøvar å slå flatt inn framføre mål, men Szczesny fangar.
10'
Stor sjanse for Barcelona! Messi blir spelt fri i bakrom, men avsluttar like til side for mål.
10'
Nesten at Sergio Roberto får trilla ballen igjennom til Messi. Endar hjå Roma si målvakt i staden.
7'
Lionel Messi får ballen i mål for første gong i kveld, men det blir vinka av for offside. Hårfint.
4'
God sjanse for Barca! Messi avsluttar frå 18 meters hald, men Wojciech Szczesny reddar flott. Ny corner.
4'
Neymar slår inn, men det endar med ingenting.
1'
Tyrkiske Cüneyt Çakir bles i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Kampen blir ekstra spesiell for Roma-kaptein Seydou Keita. Spelaren frå Mali enda opp med 119 kampar og 16 mål for katalanarane i perioden 2008-2012. Før han kom til Roma i 2014 var han innom Dalian Aerbin i Kina og Valencia.
Før denne kampen står Blaugrana med åtte strake heimesigrar i denne turneringa. Bayern Munchen var det siste laget som vann her då dei slo til med 3-0 i 2013. Roma har på si side slitt fælt borte frå Stadio Olimpico, og vi må heilt tilbake til 2010 for å finne sist dei tok tre poeng på ein framand stadion.
Forutan 1-1-møtet mellom laga tidlegare i år har Barcelona og Roma møttest to gongar tidlegare i denne turneringa. Det skjedde i gruppespelet i 2002, og katalanarane streva fælt i oppgjera. Her på Camp Nou blei det 1-1 etter scoringar av Kluivert og Panucci, medan romarane slo til med heile 3-0 i den italienske hovudstaden. Emerson, Montella og Tommasi netta for Roma. Barca-trenar Luis Enrique figurerte for øvrig i startoppstillinga for katalanarane, men blei teken av i det 82. minutt utan å ha klart å bidra med stort.
Heimelaget er i best form om dagen, med 5-1-0 på sine seks siste i alle turneringar. Roma har 4-1-1 på tilsvarande antal. Det såg ut til å gå mot tre poeng borte mot Bologna på laurdag, men ei sein utlikning på straffespark øydela.
Rudi Garcia og Roma må på si side unnvere viktige offensive spelarar som Totti, Gervinho og Salah, men heldigvis for deira del har De Rossi rista av seg lårskada si.
Ting ser dermed litt lettare ut for Luis Enrique, som no berre har Mascherano, Rafinha og Douglas ute.
Det gledar nok mange fotballhjarte at det argentinske vindunderet Lionel Messi er tilbake i Barcelona si startoppstillinga for første gong på over to månadar. Barca sin nummer 10 kom inn den siste halvtimen i katalanarane si 4-0-nedsabling av Real Madrid i helga.
BATE og Bayer Leverkusen har allereie spelt uavgjort tidlegare i dag, og dermed er Roma sitt utgangspunkt for kampen i kveld at dei er vidare med tre poeng. Barcelona vil på si side sikre gruppesigeren med poeng.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Barcelona og Roma!