Referat
Kun høydepunkter
Der er kampen slutt, og Barcelona-magi på tre minutt avgjorde kampen til deira fordel. Siste scoringa signert Suarez var det klasse over. Leverkusen sin første omgang var det også klasse over, men vart etterkvart slitne utover i andre omgang. Barcelona hadde ballen mest, og greitt nok att alle tre poenga vart att på Camp Nou. Takk for i kveld!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+4'
Der er tida ute, og vi er på over-overtid.
90+3'
30 sekund att av tilleggstida.
90+2'
Frispark til Barcelona nede ved hjørneflagget. Neymar og Suarez står begge ved kula, og skal bruke lang tid.
90+1'
Frispark frå Leverkusen som ender i frispark for vertene. Tida går.
90+1'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90'
Det har opna seg meir opp etter 2-1. Leverkusen sender fleire spelarar framover, og vertene får dermed meir rom til å boltre seg i.
89'
Spelet er igang igjen, og vips er Suárez på beina att. Fort gjort.
89'
Suárez har fått seg ein trøkk. Kombinasjon 50/50 vondt og drøying av tid.
88'
Calhanoglu går i bakken på sekstenmeterstreken, men dommaren ristar på hovudet.
86'
Fin sjanse for Barcelona! Dei kjem tre mot tre, men avslutninga frå mannen med det klingande namnet Munir El Haddadi går utanfor. Der burde han punktert kampen!
85'
No er det plutseleg Leverkusen som må jakte scoring for å sikre poeng.
84'
Heimepublikum hadde knapt sett seg ned på setene før dei måtte reise seg att!
79'
Leno med utspark frå mål, og tek seg god tid. Pipekonserten frå heimepublikum må gi sisteskansen øyresus det neste døgnet, men bryr seg ikkje nemneverdig om det.
77'
Neymar får sjansen inne i feltet og skyt hardt. Blir blokkert!
77'
Begge lag har gjort alle sine bytter før det har blitt spelt 80 minutt.
76'
Alba skjeller ut midtstoppar Tah etter ein duell. Dommaren får med seg det heile, og gir det gule kortet.
73'
Klokka tikkar Leverkusen sin veg. Kan fort ebbe ut i 0-1, sjølv om underteikna spådde fleire mål for under ti minutt sidan. Heilt opent, med andre ord!
71'
Suárez skyt - får corner.
69'
Heimepublikum meir og meir utolmodige no. 1-1 i første kampen i gruppespelet har ikkje gitt den beste starten.
68'
Kiessling prøver å drible seg gjennom forsvaret, men den rutinerte spissen er ikkje like lett på labben som han var for åtte år sidan. Blir stoppa.
67'
Ligg fleire mål i lufta her. Kva veg? Det er litt meir bingo!
65'
Frispark i fin posisjon for vertene. Neymar skyt - like utanfor!
60'
Iniesta må gi seg, og ruslar skuffa av bana.
59'
Suárez prøver å bite ifrå seg, men blir effektivt stoppa av Leverkusen-forsvaret.
57'
Barcelona-spelarane står i kø for å score! Først er det Iniesta som dreg seg inn i feltet. Han opnar opp det heile med eit frekt hælspark til Rakitić. Skotet han blir blokkert, medan Neymar tek seg av returen. Han klinkar til, men forsøket stryk stolpen!
55'
Gjestene legg inn presset omlag på midtstreken. Vertene trillar ball, men slit med å spele seg gjennom forsvaret.
53'
Her svingar det! Barcelona utnyttar ein sjeldan feil i Leverkusen-forsvaret, og Sandro får ballen på ti meter. Han klinkar til, men skotet går på feil side av stolpen!
50'
Aj aj! Der bør du score, Hernández! Ferdigscora innlegg frå Bellarabi, men den berømte ryggsekken er på - og avslutninga går opp på rad 30 på tribunen bak Barca-målet!
49'
Pipekonsert når Leno skal skyte ut. Heimepublikum meiner den tyske keeperen drøyer med tida.
48'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
47'
Suárez roper på hands, men Atkinsen ser at ballen går i magen - og vinkar spelet korrekt vidare.
46'
Barcelona har vore langt unna toppnivået sitt så langt i kampen, og må opp nokre hakk om det skal bli poeng.
46'
Heimelaget startar med ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga klare for dei siste 45.
Det har vore nok av sjansar til både to, tre og fire mål - men godt keeperspel frå begge målvaktene har hindra dette. Barcelona må ta fleire og fleire sjansar framover, og vi kan vente oss 45 meget spennande minutt i andre omgang! Følg med!
Då går laga til pause på stillinga 0-1.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Det er lagt til minimum to minutt.
44'
Snart pause. Så langt ein meget god gjennomført omgang av gjestene!
43'
Neymar viser teknikk i CL-klasse, og dreg seg innover langs dødlinja. Han prøver å slå inn, men innlegget blir blokkert.
42'
Rakitic skyt frisparket mot mål, men keeper Leno har ingen problem med å redde forsøket.
39'
For nokre sjanser for Barcelona! Først er det Neymar som avlsuttar i stolpen frå skrå vinkel. Returen frå Ramírez blir meisterleg redda av keeper! Nei, skotet blir faktisk blokkert av Papadopoulos, rett foran augo på Leno i Leverkusen-buret!
38'
Neymar går i bakken inne i feltet, men dommaren vinkar spelet vidare!
36'
Stor sjanse for gjestene! Piqué får køyrt seg på tempoet, og Bellarabi køyrer karusell med han. Angriparen avsluttar skrått frå kort hald, men berre ei praktredning hindrar 0-2!
36'
Lang tversoverpasning i retning Hernández på Leverkusen sin høgrekant, men pasningen blir for lang. Innkast.
34'
Savnet av Messi er førebels stort. Han er som kjent ute med skade i mange veker framover.
32'
Bellarabi skyt frå langt hold. Utanfor.
31'
Vertene får ikkje til sitt eige spel. Det vil seg ikkje siste tredjedelen - så langt.
30'
Spelet er igang igjen, og det går bra med begge involverte.
30'
Kne mot kne i stor fart der, mellom Mascherano og Bellarabi. Førstnemnde som har fått den verste smellen.
28'
Stans i spelet etter ein tøff duell på midten.
27'
Han er tilbake på beina att, og ser at vertene trillar ball.
26'
Donati ligg nede for telling. Backen har fått seg ein liten smell og har ilt.
25'
No må Barcelona ta fleire og fleire sjansar framover. Dette luktar ein fartsfylt kamp!
24'
Slett ikkje ufortent at det står 0-1, ufifrå slik kampane har utvikla seg.
21'
Gjestene er for alvor med i kampen her!
20'
Kampl med to fine forsøk innanfor eitt lite minutt! Først skyt han like utanfor frå 16 meter, medan skotet i neste angrep blir blokkert.
19'
Leverkusen prøver seg langs høgrekanten med Chicharito. Han kjem seg ned til dødlinja, men ingen av medspelarane er med på notane når han slår 45 grader ut i feltet.
17'
Gjestene får seg eit lite pusterom. Vinn eit innkast på midten.
16'
Heimelaget trillar ball, slik vi har sett dei mange gonger tidlegare.
15'
Nok ein gong lurer Iniesta seg inn bak forsvaret. Denne gongen er det Suárez som slår pasningen, men kapteinen når akkurat ikkje fram.
14'
Rakitic prøver å finne Iniesta på løp, men ballen går heilt inn til keeper.
13'
I løpet av dei første åtte minuttane har laget hatt kvar sin sjanse. Gjestene var først ute etter to minutt, men avslutninga frå Chicharito gjekk rett på keeper. Nokre minutt etter var det Barcelona sin tur, men Rakitic si avslutning med hovudet var det ikkje nok trøkk i.
10'
Kjempesjanse for Barcelona! Fine kombinasjoner, og Leverkusen slit med å halde følgje. Ramirez avsluttar angrepet, men keeper Leno leverer ei meget god redning!
9'
Vi beklager litt startproblem, men stillinga er 0-0 etter dei første åtte minuttane.
Avspark Start 1. omgang