TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Barcelona vinn enkelt 3-0 utan å måtte yte så altfor mykje. BATE skapte ingenting offensivt, samtidig som dei ikkje klarde å demme opp bakerst. Suarez og Neymar stod for scoringane.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+3'
Eit sjeldan BATE-innlegg. Langt bak målet til ter Stegen.
90+2'
Bartra med eit slags skot frå langt hald. Høgt over mål.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90'
Barca held fram med å trille.
82'
Mål!
3-0
3-0! Barca kontrar og Suarez slår hardt og lavt inn foran mål. Der kjem Neymar springande, og under hardt press frå ein motspelar klarer han å få ballen over streken.
81'
Hjørnespark
Blir teke kort.
80'
Gult kort
Meiar ned Suarez bakfrå og får eit soleklart gult kort.
78'
Spillerbytte
78'
Gumbau er for øvrig 20 år gamal og frå Campllong i Katalonia.
75'
Spillerbytte
75'
Katalanarane trillar ball og har full kontroll på det som skjer på grasmatta. BATE blir rett og slett nokre hakk for små.
73'
Hjørnespark
Busquets går i bakken og Barca får frispark. Dårleg utnytta av kviterussarane.
73'
Frisparket blir teke kort og slått inn. BATE-forsvaret får pressa såpass at den påfølgjande headinga går utanfor.
72'
Dani Alves blir felt og får frispark. Relativt langt hald, men det kjem nok eit skot likevel.
69'
I stolpen igjen! Neymar avsluttar med eit flott saksespark, men ballen er på veg ut. Suarez er derimot vaken og klarer å få foten på ballen. Kula går på utsida av stolpen og ut.
68'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
67'
Svært nære 3-0! Neymar bankar til med venstrefoten frå klass hald, men Chernik reddar meget flott. Nok ein corner.
63'
Hjørnespark
Endar med ingenting. Barca beheld ballen.
61'
Spillerbytte
60'
Mål!
2-0
Suarez doblar for Barca! Neymar slår flatt inn foran mål der Suarez vender vekk oppassaren sin på ein touch og tuppar ballen i mål med tåa. 2-0!
58'
Munir avsluttar på direkten frå 16 meters hald. Nokså rett på Chernik som har god kontroll.
58'
Nære ved at ei BATE-klarering som går feil veg sender Suarez åleine igjennom. Nok ein gong er Chernik raskt ute og ordnar opp.
55'
Polyakov får ein hard ball rett i fleisen og går rett i bakken. Stopp i spelet medan 24-åringen får behandling.
54'
Suarez spring seg fri bak gjestane sitt forsvar, men ballen blir stoppa i siste liten. Smart løp av spissen frå Uruguay.
53'
Så har Bayer Leverkusen utlikna til 2-2 etter to raske scoringar i Roma.
51'
Gult kort
Hindrar ei BATE-kontring på ulovleg vis.
51'
Hjørnespark
Kjempesjanse! Ballen dett ned i beina på ein Barca-spelar på bakerste stolpe, men frå kort hald klarer han ikkje å overliste Chernik.
50'
Nesten for Barca! Ein leiken Neymar finn Iniesta som fyrer av. Ballen går via ein BATE-spelar og til corner.
50'
Kampens høgdepunkt hittil var det for øvrig ter Stegen som stod for like før domaren bles til pause. Med enorm sjølvtillit drog han seg nemleg forbi ein aggressive motspelar - nede ved cornerflagget.
48'
Gjestane prøvar å kontre, men eit svakt nedtak av Stasevich øydelegg.
47'
Iniesta prøvar å tre igjennom til Suarez, men ballen går via ein motspelar og inn til Chernik.
47'
No er vi i gong igjen. BATE må opp og fram om dei skal få med seg noko frå dette oppgjeret. Dei var på visitt ved nokre få høve før kvilen, men angreip med så få mann at Barca hadde god kontroll.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Barcelona leiar fortent etter dei første 45 minutta. Neymar har scora det einaste målet hittil etter eit straffespark.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Gult kort
42'
Roma leiar for øvrig 2-0 over Bayer Leverkusen i den andre kampen i denne gruppa. Det betyr at BATE Borisov ligg nedst på tabellen.
41'
Bortelaget på ein sjeldan visitt i motsett ende. Eit lågt innlegg endar i fanget til ter Stegen.
40'
Nok eit forsøk for vertane! Suarez får med seg ballen inn i BATE si boks, men skotforsøket blir blokkert.
39'
Adriano prøvar å leggje inn, men forsøket går bak mål.
38'
Alves er for øvrig på beina igjen.
38'
Ikkje spesielt høgt tempo i oppgjeret no. Barcelona har full kontroll.
35'
Stolpetreff! Adriano kjem seg inn på fem meters hald med ballen og klarer å sende den forbi Chernik. Kula går dessverre for brasilianaren i stanga og ut.
34'
Det er kneet den brasilianske backen strevar med.
34'
Alves blir felt og blir liggjande og vri seg utanfor dødlinja. På Barcelona sine vegne håpar vi verkeleg at det går over.
30'
Gult kort
Mladenovic får det gule kortet etter å ha laga straffespark.
30'
Mål på straffe!
1-0
Med ekstremt kort tillaup ventar Neymar ut målvakta og plasserer ballen i motsett hjørne. Brukte ikkje mykje energi der, brasilianaren! 1-0 og ei endå tøffare oppgåve for BATE.
30'
Straffe!
Munir går i bakken inne i BATE sin sekstenmeter, og etter litt betenkningstid bles domaren for straffe. Mladenovic er nok borti Munir, men klarare straffespark har nok blitt gitt.
30'
Munir går i bakken inne i BATE sin sekstenmeter, og etter litt betenkningstid bles domaren for straffe.
29'
Munir kjem til avslutning, men sender ballen over på volley. Samtidig blir han avvinka for ein klar offside.
26'
Hjørnespark
Endar med frispark til gjestane.
25'
Stor sjanse! Barca skrur opp tempoet og Suarez får lagt flatt inn framføre mål. Munir står klar til å breiside kula over streken, men ein BATE-forsvarar kjem i vegen og får klarert. Corner.
25'
Filip Mladenovic spring i bakrom, men blir avvinka for offside. Har hatt god kontroll så langt, Barca sin backfirar.
24'
Neymar prøvar seg frå distanse. Treff ikkje altfor godt og Chernik reddar enkelt.
20'
Spillerbytte
20'
Kroaten må faktisk ut. Kom altså inn som innbytar og scora to mål i det motsette oppgjeret, Rakitic.
19'
Raktic har fått seg ein smell og sit nede på grasmatta. Treng ikkje fleire skader no, Barca.
17'
Nære på for BATE! Igor Stasevich avsluttar på frisparket, og ter Stegen må reagere kjapt for å bokse unna kula. Godt forsøk!
17'
Frispark til bortelaget i veldig god posisjon. Like ved sekstenmetersstreken.
16'
Nesten igjen for heimelaget! Suarez speler igjennom Neymar, men brasilianaren får ei litt for lang berøring og målvakt Chernik kjem ut og fangar ballen. Bra keeperspel.
15'
I det førre møtet blei det delt ut i snitt eitt gult kort i minuttet, men ingen endå her.
14'
Ikkje langt unna at Barca klarer å tråkle seg igjennom bortelaget sitt forsvar. Det går hurtig på få berøringar, og BATE skal nok få køyrd seg i kveld.
13'
Mikhail Gordeychuk vinn ballen og prøvar å setje fart mot Barcelona sine midtstopparar, men eit dårleg touch gjer at han misser kontrollen over kula.
11'
Iniesta dreg seg inn mot BATE sin sekstenmeter og forsøker ein stikkar, men veteranen mislukkast.
9'
Det blir Neymar som prøvar seg. Høgt over mål.
8'
Neymar skjer innover frå venstrekanten og blir felt på 18-19 meters hald. Dette kan bli farleg.
7'
BATE med eit skotforsøk i motsett ende, men utan at det blir spesielt farleg.
4'
Nesten for Barca! Suarez kjem til avslutning, men sender skotet utanfor frå god posisjon.
3'
Bortelaget speler raskt i bakrom, men blir korrekt avvinka for offside.
1'
Ungarske István Vad bles i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga er i grei form om dagen, om ein også tek med kampane i dei heimlege ligaane. Barcelona har 4-1-1 på sine seks siste, medan BATE har det same. Sidan det førre møtet har dei kviterussiske ligameistrane vunne to, noko som betydde at dei gjekk gjennom heile sesongen utan å tape på bortebane. Barcelona har på si side ein siger og ein uavgjort sidan førre oppgjer.
Dei to laga møttest i gruppespelet av Champions League også i 2011. Barcelona gjekk sigrande ut av dei to møta med 9-0 totalt.
Laga møttest som kjent for to veker sidan, og oppgjeret på Borisov Arena enda med ein komfortabel 2-0-siger til Barca. Oppgjeret var ikkje blant dei mest minneverdige, men Ivan Rakitic varta likevel opp med nokre gode augneblinkar i det han sørgja for begge katalanarane sine scoringar. Begge var for øvrig assisterte av Neymar. Elles var matchen prega av mange gule kort. Heile ni stykke blei det til slutt!
Begge lag har skadeproblem før dette oppgjeret. Barcelona må unnvere Messi, Rafinha og Douglas, medan BATE må klare seg utan Rodionov, Signevich og Zhavnerchik. Tidlegare Arsenal-spelar Hleb er derimot med i troppa.
Barcelona toppar gruppa før kveldens kampar. Katalanarane har sju poeng etter dei tre første oppgjera. BATE har på si side tre og ligg med det på 3. plass. Med siger i dag kan altså Luis Enrique sitt mannskap ta eit langt steg mot sikra avansement.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Barcelona og BATE Borisov!