Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Laget til Luis Enrique har dermed fått ein bra start på Champions League 2014-2015, og toppar gruppa ettersom det enda 1-1 mellom Ajax og Paris Saint-Germain i den andre kampen i gruppa.
Barcelona vinn fortent 1-0 over APOEL Nicosia i ein ikkje altfor spanande kamp. Heimelaget gjekk i føringa etter omlag ein halvtimes spel ved Pique. Etter dette kontrollerte katalanarane oppgjeret greitt, og kreerte berre nokre sporadiske sjansar. Dei siste minutta tok det derimot litt av, med store sjansar til begge lag, men utan at det resulterte i fleire scoringar.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Nesten utlikning! APOEL klarer å rulle opp eit angrep og Manduca får avslutta frå god posisjon. Debutant ter Stegen er derimot med på notane og får avverga. Corner.
90+1'
Dobbeltsjanse for Barca! Plutseleg livnar heimelaget litt til. Neymar kjem seg laus med ballen og får avslutta inne i boksa, men Pardo reddar med beina. Returen går derimot rett til Messi, men frå kort hald klarer ikkje han heller å overliste APOEL sin sisteskanse.
90'
Messi skjer innover i boksa med ballen, men avslutninga blir blokkert av Carlao.
89'
Nesten for heimelaget! Sandro vender opp og avsluttar - like utanfor.
84'
Veldig, veldig lite som skjer på Camp Nou no. Barca er fornøgde med å leie, medan APOEL ikkje er dyktige nok til å skape noko særleg med sjansar.
82'
Balleinnehavet er 67-33, fordel Barcelona.
81'
Begge dei to lagleiarane har brukt opp alle sine innbyte no.
80'
APOEL kjem på endå ein overgong, men nok ein gong blir dei avgjerande involveringane for svake. Ei blanding av skot og pasning går langt utanfor.
79'
Messi prøvar å legge igjen til Neymar, men forsøket frå argentinaren blir for svakt. Ikkje vore heilt på i dag, Barca sin nummer 10.
77'
Iniesta finn Sandro inne i boksa, men han får litt for spiss vinkel og forsøket på avslutning går ufarleg utanfor.
75'
Nære på at Messi får avslutta inne i boksa. Klarer å drible seg fri, men det er trangt og han kjem aldri til skot.
74'
I Amsterdam står det no 1-1 mellom Ajax og PSG. Det betyr at Barcelona i augneblinken toppar gruppa.
72'
Ballen blir slått mot bakerste stolpe medan spelarane spring mot den fremste. Utspel frå dei tilreisande.
72'
Frispark til Barca i fin posisjon. Nokre meter frå hjørnet av APOEL sin sekstenmeter.
69'
Barcelona og El Haddadi puttar kula i mål, men blir korrekt avvinka for offside.
66'
Neymar går i bakken like utanfor APOEL sin sekstenmeter, men domaren vinkar spelet vidare. Blir nok snytt for eit frispark i meget god posisjon der, den brasilianske nasjonalhelten.
64'
APOEL går rett i ei kontring og kjem i overtal, men den avgjerande pasninga blir for svak. Corner.
61'
Litt meir frå bortelaget no. Faktisk har dei vore over midten ved fleire høve dei siste minutta.
58'
Ikkje langt unna for bortelaget! Frisparket blir slått inn i boksa, og ballen hamnar etter kvart hos De Vincenti. Han dempar ballen, vendar seg fri og avsluttar med tåa - rett i ein Barca-spelar. Corner.
58'
Frispark til APOEL midt inne på Barca sin halvdel.
57'
Nære på at Xavi finn Neymar inne i boksa med ein lang crossar. Brasilianaren får derimot ikkje tak i kula og bortelaget får utspel.
56'
Ikkje mange trekk APOEL klarer når dei får tak i ballen ein sjeldan gong. Barcelona er som vanleg meget aggressive i gjenvinninga og lukkast så og seie kvar gong.
55'
Neymar prøvar å finne Messi inne i boksa. Bortelaget får klarert.
54'
I den andre kampen i denne gruppa leiar for øvrig Paris Saint-Germain 1-0 borte mot Ajax etter mål av Edinson Cavani.
53'
Kypriotane kjem plutseleg på ei kontring og har fleire spelarar i gode posisjonar framover på bana, men den avgjerande gjennombrotspasninga kjem aldri.
52'
Heimelaget prøvar å slå inn i boksa, men Pardo kjem kjapt ut og plukkar.
49'
Heimelaget startar som vanleg med å trille mykje ball.
48'
No er vi i gong igjen. Ingen endringar på laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Barcelona leiar fortent 1-0 etter det som har vore ein ganske tam omgong. Målet kom i det 28. minutt etter at Pique stanga inn eit flott frispark frå Messi. Vi håpar laga slepp seg litt meir lause etter kvilen, slik at vi får sjå betre spel og fleire scoringar.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Eitt minutts tillegstid denne omgongen.
45+1'
Neymar går veldig lett overende i boksa, og den tyske domaren gjer nok rett i det han vinkar spelet vidare.
45'
Alves riv Antoniades over ende, men heimelaget slepp unna med frispark denne gongen også.
40'
Nære på 2-0! Barca går rett i angrep, og Neymar finn Messi med ei femogførtigraderspasning inne i boksa. Skotet frå argentinaren går derimot rett på Pardo, og målvakta boksar greitt unna.
40'
Nesten at APOEL klarer å spele seg til ein sjanse i det dei snappar kula frå Barca sitt forsvar. Den siste pasninga blir derimot for unøyaktig.
39'
Samper med ein ettersleng, men merkeleg nok slepp han det gule kortet. Ikkje konsekvent der, den tyske domaren.
38'
Messi prøvar å drage med seg ballen inn i boksa, men blir stoppa av to gulkledde spelarar.
37'
APOEL har klart å vinne ballen nokre gongar dei siste minutta, men utan å klare å kontre. Barcelona har stålkontroll på dette.
35'
Mange stopp i spelet her no.
35'
Samper går i bakken etter å ha fått Morais i ryggen.
32'
Barca rullar bra opp, men bortelaget får rydda unna før det blir farleg.
31'
No spørs det kva APOEL skal gjere her. Dei må sjølvsagt prøve å vere meir offensive, men samtidig bør dei ikkje gi Messi, Neymar og co altfor mykje rom å boltre seg i.
27'
Vi er over halvvegs i denne første omgongen, og det har langt i frå vore sjåverdige minutt. Barcelona har som vanleg hatt ballen mykje, men utan å skape særleg mange sjansar. APOEL har forsvart seg godt, men hatt lite å by på offensivt.
26'
Neymar løftar ballen inn til Messi i boksa, men argentinaren blir for røff i ein duell og får frispark imot seg.
25'
Cillian Sheridan er for øvrig irsk og har tidlegare spelt for lag som Kilmarnock, Celtic og CSKA Sofia. Spissen har også tre kampar for det irske landslaget.
24'
Bortelaget er oppe på ein liten visitt, men det heile stoppar opp når Sheridan blir avvinka for ein unødvendig offside.
21'
Neymar jr avsluttar frå seksten meters hald. Nokre meter til side for APOEL sitt bur.
21'
Og når vi snakkar om rekordar: Xavi er no oppe i 148 kampar i den øvste europeiske turneringa, berre tre bak Manchester United-legenda Ryan Giggs.
18'
Xavi slår inn, men forsøket går forbi alle. Svakt utført av veteranen.
17'
Endå ein dødball til Barca.
14'
Neymar speler igjennom Messi, men argentinaren får ei dårleg førsteberøring og kula trillar til utspel frå tidlegare Barcelona B-spelar Pardo.
12'
Godt forsøk frå Messi! Argentinaren skur ballen over muren og APOEL-keeper Pardo må i aksjon. Corner!
12'
Frispark til Barcelona i Messi-posisjon.
11'
Veldig roleg opning på kampen.
10'
Sesongens utgåve av Champions League kan vise seg å bli svært minnerik for Lionel Messi. Han ynskjer som kjend å bli den mestscorande i turneringa nokon sinne, og er ikkje langt unna å klare det. Raul tronar øvst, men 71 mål, berre fire fleire enn Messi sine. Argentinaren har også ein annan utfordrar, nemleg ikkje ukjende Cristiano Ronaldo, som har to scoringar meir.
5'
APOEL får faktisk den første avslutninga i kampen. De Vincenti kjem først på eit innlegg frå venstre, men treff dårleg på headinga og sender den eit godt stykke utanfor.
4'
Domaren er for øvrig tysk og heiter Deniz Aytekin. Han er 36 år gamal og vore FIFA-domar sidan 2011.
2'
Då er vi i gong på Camp Nou!
Avspark Start 1. omgang
Dagens to motstandarar har aldri møttest tidelegare, men Barcelona har spelt mot kypriotisk motstand fire gongar før, noko som har enda med to sigrar og to uavgjorte. APOEL har kjempa mot spansk motstand ved 12 tilfelle, og aldri vunne. Det har derimot blitt fem uavgjorte og sju tap.
Barcelona må unnvere blant andre suspenderte Luis Suarez, Tomas Vermaelen og Jordi Masip til denne kampen, medan APOEL må klare seg utan Tasos Papazoglou og nemnde Riise.
APOEL Nicosia har på si side byrja like bra, med to sigrar på to forsøk. Det nye laget til John Arne Riise (som endå ikkje er klar nok for spel) er det mestvinnande på Kypros, med totalt 23 seriemeisterskap. Dei har no vunne serien to gongar på rad.
Luis Enrique sitt mannskap har sjølvsagt mykje å revansjere denne sesongen. 2013-2014 blei ein stor skuffelse, med 2. plass i La Liga bak Atletico Madrid og exit for same lag i kvartfinalene i Champions League. Under Enrique har ting derimot byrja optimalt med full pott etter tre kampar og tabelltopp.
APOEL Nicosia er med i Champions League for tredje gong. Sist dei var med, i 2011/2012-sesongen, kom dei faktisk heilt til kvartfinalene, men då blei Real Madrid nokre hakk for sterke og smadra kypriotane med 8-2. Innsatsen deira i Europa League førre sesong var derimot ikkje mykje å skryte av, då dei berre tok eit fattig poeng i gruppespelet.
Ein ting som kan virke i APOEL sitt favør, er at Barcelona gjer veldig mange endringar sidan førre kamp mot Athletic Bilbao (som dei vann 2-0 etter to scoringar av Neymar). Luis Enrique stiller med heile ni nye spelarar frå den kampen. Dei einaste som har fått halde fram er Lionel Messi og Munir El Haddadi. El Haddadi debuterer i Champions League-samanheng, og det same gjer Sergi Samper. Heilt bakerst stiller katalanarane også med ein som gjer sin aller første kamp for klubben, nemleg Marc-André ter Stegen.
Dei katalanske vertane er sjølvsagt skyhøge favorittar før dette oppgjeret, og kypriotiske APOEL må nok spele ein av sine livs kampar for å få med seg noko frå Camp Nou i dag.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Barcelona og APOEL Nicosia!