Referat
Kun høydepunkter
Barcelona får ein bra start på Champions League-gruppespelet med ein solid 4-0-siger over Ajax. Heimelaget tok seg aldri heilt ut, sjølv om dei rett nok auke tempoet etter kvilen og putta på tre scoringar mot éi i første omgang. Lionel Messi blei kampens store spelar med sine tre mål, mens midtstoppar Gerard Pique også kom på scoringslista. Om dette held fram er det nok lite som skal stoppe laget til Gerardo Martino frå å spele finale i Estádio da Luz i mai. Takk for fylgjet, og ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+1'
Nære på redusering! Boilesen prøvar seg frå distanse, men det er umogleg å score på Valdes i dag, og keeperen fistar kula over.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt. Det burde vere meir enn nok til endå eit Messi-mål, det!
87'
God sjanse for bortelaget! Bojan blir hælsparka igjennom og skjer inn mot mål og avsluttar. Skotet går rett på Valdes som får fista det over. Det vil seg rett og slett ikkje for Ajax i dag!
86'
Messi prøvar seg igjen, men denne gongen går forsøket via muren og over. Corner.
85'
Nok eit frispark i gunstig poisjon for Barca.
83'
No skjedde det svært mykje på kort tid her, gitt!
74'
Der skal det stå 4-0! Sanchez kjem seg heilt inn til Vermeer, men set avslutninga utanfor. Stor, stor sjanse.
73'
Pedro og Xavi kjem inn for Barcelona. Det er ein grei innbyttarbenk heimelaget har!
71'
Martino skal gjere eit dobbeltbytte.
69'
Neymar får heada frå fin posisjon inne i boksa, men Poulsen får avverga.
68'
Eit innlegg blir lempa inn mot Messi på bakerste stolpe. Vermeer fangar ballen.
66'
Bortelaget får lov til å trille litt ball midt på bana, men Barcelona ligg kompakte bakover og har full kontroll.
64'
No er det Alves sin tur til å be om straffe etter å ha ramla i graset inne i sekstenmeteren til Ajax. Domar Moen seier nei igjen, og det med rette.
62'
Frank de Boer sitt lag har ikkje fått til noko offensivt denne omgangen.
61'
Sanchez headar ned til Messi like utanfor Ajax sin sekstenmeter, men blir avblåst etter å ha vore litt for røff mot Moisander.
59'
Neymar går i bakken inne i bortelaget sin sekstenmeter og ropar på straffe, men domar Moen seier nei. Brasilianaren gjekk veldig lett i bakken der, så den norske pipeblåsaren gjer nok rett også i den situasjonen.
57'
Nesten 3-0! Messi har sjansen til å få hattrick i sin første Champions League-kamp for sesongen, men avslutninga går like til side for mål. Der var Vermeer heilt utspelt.
54'
Neymar set opp tempoet og spurtar inn i Ajax si boks. Brasilianaren får diverre ballen for langt i frå seg, og Vermeer kan kaste seg og fange den.
53'
Både Busquets og de Jong blir liggjande etter ein duell. Ajax-spelaren får frisparket, og då blir Busquets plutseleg bra nok til å sprette på beina og gi domar Moen ein skjennepreken. Det er ikkje alltid det er så alvorleg som det først verkar som, nei.
50'
Bra angrep av heimelaget. Alves får lagt inn frå høgre, og det er med naud og neppe at Vermeer får snappa kula framføre Sanchez.
49'
Ajax får halde litt på ballen, men Barca har god kontroll bakover.
47'
Ingen av dei to laga har gjort nokre endringar.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Eit Barcelona på lavgir leiar 1-0 over Ajax etter dei første 45 minutta på Camp Nou. Begge lag har skapt gode sjansar, men det er vel ikkje spesielt overraskande at Lionel Messi er den som har klart å få ballen heilt inn i mål. Det skjedde på eit frispark som argentinaren vakkert banka inn via stolpen. Frank de Boer sine spelarar har ei tøff oppgåve framføre seg, men større under har skjedd i fotballen enn at nederlendaren skal kome a jour her. Vi gler oss til ein forhåpentlegvis spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her.
45'
Nesten for Messi! Den vesle argentinaren skjer innover mot Ajax si boks og avsluttar frå 16 meters hald. Diverre for heimelaget går skotet rett på Vermeer.
45'
Iniesta med eit godt førearbeid i det han kjem seg inn i boksa og får chippa ballen mot bakerste stolpe. Der klarer Neymar å ta ned kula på kassa, før han bles avslutninga over mål.
42'
Messi snappar tak i ballen like utanfor Ajax si boks og set fart, men bortelaget oppfattar faren kjapt og får avverga.
41'
Noko slapt over Barcelona her, sjølv om dei nok har nokre fleire gir å gå på. Ajax har initiativet, og laget til de Boer har også kome til fleire gode sjansar så langt.
37'
Nære på 1-1! Bojan er arkitekt bak mykje no. Han finn Sigthórsson som blir felt like utanfor Barca si boks, og ballen trillar til Duarte som klemmar til frå 15-16 meters hald. Diverre for bortelaget går skotet rett på Valdes. Domar Moen viser god fotballforståing i det han let Ajax få fordelen, der.
37'
Barcelona med 57% ballinnehav så langt.
35'
Bojan driv fram på venstrekanten, men Mascherano stoppar han med ei bra takling.
34'
Bra moglegheit for heimelaget! Neymar kjem til avslutning i bra posisjon, men Vermeer ligg nede og fangar kula.
34'
Flott Barca-spel i det dei tiki-takar seg gjennom mot Ajax-målet. Moisander stoppar forsøket med ei bra takling.
31'
Stor sjanse for Ajax! Bojan slår nydeleg inn frå venstre, og der kjem Van Rhijn stormande og stupheadar ballen mot mål. Berre ei flott redning frå Valdes forhindrar utlikning på Camp Nou!
31'
Bojan set fart med ballen i beina og avsluttar frå langt hald. Nokre meter utanfor buret til Valdes.
29'
Kolbeinn Sigthórsson kjem seg fri på høgrekanten og sender eit flatt innlegg inn i boksa. Diverre for islendingen er det ingen medspelarar som lukta det.
28'
Bortelaget får låne ballen litt meir no.
27'
Nære på at Ajax klarer å spele seg gjennom Barca-forsvaret med flott kortpasningsspel. Den siste pasninga blir for unøyaktig og øydelegg.
24'
No blir det tøft for Ajax her. Hollendarane har lege svært djupt i starten, og må no heve laget meir om dei skal få til noko meir offensivt. Det kan opne opp roma for kjappe Barca-bein.
21'
Duarte med ein etterslengar på Messi. Frispark i bra posisjon for heimelaget!
19'
Også Neymar set fart og stormar inn i Ajax sin sekstenmeter, men Barca sitt storkjøp får ballen for langt foran seg og bortelaget får utspelet.
18'
Alves kjem seg inn i Ajax si boks med ballen, men blir forstyrra og kula sprett inn til Vermeer.
17'
Blir lempa inn bakerst i boksa, der Adriano vartar opp med eit dårleg innlegg som Vermeer enkelt kan plukke.
17'
Frispark til Barca i brukbar innleggsposisjon.
16'
Moisander får tilsnakk frå domar Moen etter å ha kome for seint inn i ei takling.
16'
Barcelona er nære på å tråkle seg gjennom. Endar med corner.
15'
Det skal bli spanande å sjå kva Ajax kan få til i Champions League denne sesongen. Det har vore svært mange utskiftingar på laget, samtidig som klubben har vore nokså tilbakehaldne med å bruke pengar på nye andlet. Ut har blant andre Christian Eriksen, Toby Alderweireld og Derk Boerrigter gått. Inn har blant andre Lerin Duarte og Mike van der Hoorn kome, i tillegg til nemnde Krkic.
6'
Heimelaget trillar ball innleiingsvis, som venta.
5'
Det er sjølvsagt ein del spenning knytt til Ajax sin spelar Bojan Krki?. Han har aldri klart å slå skikkeleg til i Barcelona, og har dei siste åra vore utleigd til klubbar som Roma og Milan, før turen no har kome til nettopp Ajax. Det spørs om Barcelonistas (Barca sine supporterar) vil at det verkelege gjennombrotet skal skje i dag.
1'
Då er vi i gong!
Avspark Start 1. omgang
Eit veldig artig moment for oss nordmenn er at vår eigen Svein Oddvar Moen er dagens kampleiar. Han blir assistert av Kim Haglund og Frank Andås.
Ajax-manager Frank De Boer har på si side minimalt med skadeproblem, og det er gode nyhende at viktige Siem de Jong er tilbake etter skade.
Gerardo Martino har gjort tre endringar på laget sitt sidan førre kamp mot Sevilla. Alba, Xavi og Tello har gått ut til fordel for Adriano, Fabregas og Sanchez. Elles er Pyol, Cuenca og Affelay ute.
Barcelona har som vanleg fått ein bra start i Primera Division, og laget til Gerardo Martino står med 4-0-0 hittil, og berre ein litt svakare målskilnad enn Atletico Madrid gjer at dei befinn seg på 2. plass. Ajax har ikkje gjort det like bra, og fasiten er 3-2-1 og ein 4. plass hittil.
Ajax stod ovanfor ei vanvittig utfordring førre sesong, då dei hamna i daudens gruppe i lag med Borussia Dortmund, Real Madrid og Manchester City. 1-1-4 og tredjeplass blei fasiten der. Dei gjekk dermed direkte inn i sluttspelet i Europa League, der dei blei ein kjapp exit etter samanlagttap mot Steaua Bucuresti.
Sjølv om Barcelona har for vane å gjere som dei vil når dei speler, har dei ein god del å revansjere i forhold til korleis dei blei sendt ut av denne turneringa førre sesong. Bayern München, som til slutt blei meistrar, viste katalanarane ein fotballeksjon av dei sjeldne, og vann 7-0 samanlagt etter 4-0 i Tyskland og, mest smertefullt av alt, 3-0 i Spania.
Amsterdamsche Football Club Ajax, grunnlagt eitt år etter dagens motstandar, i 1900, har også like mange klubbtrofé av det gjeve slaget som Barca. Perioda på starten av 70-talet skil seg mest ut. Anført av Johan Cruyff, som oppnådde legendestatus både i Ajax og i Barcelona, både som spelar og manager, vann de Amsterdammers i 1971, 1972 og 1973. Over 20 år seinare gjentok dei bedrifta. I 1969 og 1996 kom dei på andreplass.
Futbol Club Barcelona, som blei skipa i 1899, har som kjent vore ei verkeleg stormakt i europeisk samanheng dei siste 20 åra, etter at dei i åra før først og fremst gjorde det bra i den nest gjevaste turneringa i Europa for klubblag, cupvinnarcupen. Katalanarane har teke det gjevaste troféet fire gongar etter at dei klarte det for første gong i 1992. Sidan har dei klart det same i 2006, 2009 og 2011. Tapande finalistar var dei i 1961, 1986 og 1994.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Barcelona og Ajax! Det er duka for eit høginteressant oppgjer mellom to europeiske lag med ei stor historie kvar.