Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Det endar til slutt 0-0 mellom Atletico og Real etter det første av dei to oppgjera i dette Champions League-kvartfinalemøtet. Bortelaget var klart best før kvilen, og skapte også fleire gode sjansar. 2. omgang var lenge tam og sjansefattig, men frå det 80. minutt og utover viste laget til Diego Simeone at også dei hadde litt å by på offensivt. Dei klarde likevel ikkje å få kula i mål, og dermed er dette vidopent før returoppgjeret onsdag i neste veke.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Cristiano Ronaldo kjem til avslutning inne i Atletico sin sekstenmeter, men portugisaren får ikkje nok klem på det og Oblak får ein enkel jobb med å halde ballen.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+1'
Nok ein bra sjanse for heimelaget! Mandzukic får kula i brukbar posisjon og bankar til. Rett i ein kvitkledd spelar.
90'
Nesten at Torres får hovudet på ballen inne i boksa. Nytt hjørnespark.
88'
Torres viser at han framleis kan og lurer Ramos inne i boksa. Real-spelaren vartar opp med ein soleklar obstruksjon, men domaren let spelet gå. Det endar i staden med corner til heimelaget.
86'
Bale kjem seg rundt på kanten og får tvinga fram eit hjørnespark.
82'
Brukbar sjanse for Atletico! Godin kjem til skot inne i boksa, men forsøket går over mål.
80'
Litt småknuffing her etter ei takling frå Turan.
79'
Atletico bryt høgt i bana, men tek ikkje vare på sjansen og Real rekk å etablere seg defensivt igjen.
75'
Dårleg rytme hjå begge lag no. Denne kampen treng verkeleg ei scoring for å opne seg!
75'
Koke slår inn frå venstre, men Varane får heada unna.
72'
Mario Mandzukic er framleis heit i toppen og gir Dani Carvajal ein olboge. Om heimelaget skal fullføre kampen med 11 spelarar bør nok Simeone snart gjere grep.
72'
Sidan CL-finala i fjor har desse to laga møttest heile seks gongar i ulike samanhengjar. 4-2-0 er statistikken i favør Atletico. Det førre møtet, i ligaen, enda for øvrig med heile 4-0 til Diego Simeone sitt lag. Tiago, Saul, Griezmann og Mandzukic stod for måla.
69'
Benzema med ein god sjanse inne i boksa til Atletico, men franskmannen blir litt for uegoistisk og flikkar ballen vidare i staden for å prøve å skyte sjølv. Heimelaget får med naud og neppe klarert.
68'
Veldig død periode i kampen no. Ingen av laga er spesielt villige til å ta sjansar offensivt.
65'
Marcelo prøvar å skape noko på venstrekanten, men må til slutt sjå kula trille ut til utspel frå Oblak.
62'
Mario Mandzukic er ute og får behandling for kuttet for tredje gong. Støtteapperatet slit med å få det til å slutte å blø.
61'
Siqueira får avslutta frå utanfor boksa. Rett i ryggen på ein motspelar.
60'
Arda Turan viser seg fram på positiv måte og kjem seg fri på høgrekanten og får lagt inn. Real får rydda unna inne i sekstenmeteren.
59'
Turan med ein liten ettersleng på Marcelo. Brasilianaren gjer det meste ut av det og snurrar rundt i lufta nokre gongar før han går i bakken. Domaren gjennomskuar det og let vere å gi Turan det gule kortet.
57'
Juventus har no teke leiinga mot Monaco i den andre CL-kvartfinala i kveld. Vidal er målscorar.
55'
Mandzukic inne på bana igjen etter å ha fått behandling for kuttet i panna.
54'
Modric med innoverskrudd innlegg i feltet. Oblak plukkar enkelt.
53'
Kroaten er svært misfornøgd med å ikkje ein gong få frispark etter olbogen frå Ramos. Ikkje vanskeleg å forstå den frustrasjonen.
52'
Mandzukic med ei blødande panne etter ein duell med Ramos. Den spanske midtstopparen er litt vill med armane der.
51'
Ikkje langt unna at heimelaget lukkast med kortpasningsspel utanfor Real si boks. Nokre centimeter frå at det blir ein god sjanse ut av det.
50'
Litt meir offensive etter kvilen, Atletico.
50'
Juanfran med innlegg frå høgre. Det er brukbart med raude og kvite spelarar inne i feltet, men hovudstøytet frå Turan går utanfor.
46'
Turan prøvar å skru ein ball inn i Real si boks. Bortelaget får beina unna.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er på veg ut på grasmatta på Vicente Calderon igjen no.
Det står 0-0 mellom Atletico Madrid og Real Madrid etter dei første 45 minutta av dette Champions League-kvartfinaleoppgjeret. Bortelaget har vore klart best, og pressa Atletico bra bakover. Los Blancos har skapt fire gode sjansar, men så langt har Atletico si unge målvakt Jan Oblak redda det som har kome. Vi håpar at også heimelaget har ei meir offensiv tilnærming til 2. omgang slik at vi får sjå endå fleire sjansar, og også nokre mål!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Ramos blir liggjande etter å ha skalla saman med ein motspelar.
45+1'
Griezmann får hovudet på eit innlegg frå venstre. Franskmannen sender ballen over mål. Halvsjanse.
44'
Benzema prøvar seg med eit skot, men det går utanfor.
43'
Godt forsøk får Real Madrid! Dei kvitkledde stormar rett i angrep etter Atletico sin svake corner, men James Rodriguez sitt forsøk frå spiss vinkel blir flott stoppa av Oblak.
41'
Bra spel av Atletico. Diverre når det avgjerande innlegget aldri fram til ein spelar i raudt og kvitt.
40'
Godt forsøk for dei kvitkledde igjen! Bortelaget rullar bra opp og til slutt er det kroatiske Modric som får avslutta. Forsøket går like over mål.
38'
Griezmann får vendt opp utanfor boksa og avslutta. Casillas reddar greitt.
36'
Godt slått av James Rodriguez inn i boksa. Atletico får heada ut til corner.
35'
Frispark til bortelaget i det bør som vere ein god innleggsposisjon.
34'
Når det gjeld assist hittil i turneringa er det Atletico sin Koke som har flest av dagens motstandarar, med fire. Kroos har tre for Los Blancos.
31'
Gareth Bale med ein susar frå distanse! Oblak er kjapt nede og får redda, men den unge målvakta må gi ein farleg retur. Uheldigvis for bortefansen er det ingen kvitkledde som luktar at den kan kome.
31'
Den første halvtimen er no unnagjort. Det har, som venta, vore jamt og tett. Real Madrid har hatt éin stor sjanse, men åleine med keeper makta ikkje Bale å score.
30'
Litt fakta: Mario Mandzukic er toppscorar for Atletico i CL denne sesongen med fem scoringar. Cristiano Ronaldo toppar med åtte for Real. Kroaten har gjort dette på berre sju forsøk på mål, medan Ronaldo har brukt 23 på sine.
27'
Ganske laber periode i kampen no. Ingen av laga tek altfor store sjansar offensivt.
24'
Ikkje langt unna at Mandzukic blir spelt åleine igjennom. Han blir derimot oppløpt av Varane, samtidig som Casillas kjem ut og snappar kula.
23'
Ronaldo skyt rett i muren. Portugisaren ropar så på hands, men får eit kontant og korrekt nei frå domaren.
22'
32 meter unna målet til Jan Oblak.
22'
Ny dødball. Enda nærmare mål denne gongen. Ronaldo gjer seg klar nok ein gong.
20'
Bale med ein unødvendig dytt i ryggen på Godin. Har vore nokre kraftige dueller hittil i kampen.
18'
Bale kjem seg fri på kanten og prøvar å slå inn med utsida av foten. Blir stanga ut til corner.
16'
Atletico kontrar. Griezmann set fart og kjem seg forbi Ramos, men det påfølgjande innlegget blir blokkert.
14'
Koke slår inn, men Ramos får stanga unna.
14'
Atletico med frispark i fin posisjon.
11'
Ramos feller Gabi, og Atletico-kapteinen blir liggjande. Har vore veldig mange stopp i spelet hittil.
10'
Mario Mandzukic lagar sitt fjerde frispark før det har gått 10 minutt. Oddens på at han skal få seg eit gult kort i løpet av oppgjeret er nok lav!
9'
Den portugisiske superstjerna fyrer av frå over 40 meters hald, men sjølv om skotet er hardt klarer Oblak å redde greitt.
8'
Cristiano Ronaldo står sjølvsagt klar.
8'
Modric blir felt av Mandzukic og får frispark i grei innleggsposisjon for dei kvite.
6'
Liten tvil om at Los Blancos har festa eit grep om kampen her.
5'
Heimelaget har laga mange frispark i starten her. I ekte spansk ånd har dei vore ueinig i alle avgjerslene.
4'
Stor sjanse for Real! Gareth Bale blir spelt heilt åleine gjennom, men Oblak kjem raskt ut og gjer målet mindre. Keeperspel av høg klasse!
3'
Real Madrid med to innlegg på rappen som Atletico før klarert, før Dani Carvajal avsluttar midt på keeper frå utanfor boksa.
1'
Kveldens domar Milorad Mazic frå Serbia bles i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Dei to kapteinane Casillas og Gabi helser på kvarandre.
Om ein ser vekk i frå 2-2-kampen mot Malaga, har Atletico gått fem kampar utan baklengsmål. Diego Godin og co skal likevel få litt av kvart å stri med i kveld, for Real Madrid stiller (som vanleg) med eit fryktinngytande offensiv sekstett: Cristiano Ronaldo, Benzema, Bale, James Rodriguez, Luka Modric og Toni Kroos!
Diego Simeone har nærast fulltalig tropp å velje frå til kveldens storkamp på den Iberiske halvøya. Carlo Ancelotti har nokre få spelarar han må unnvere, nemleg Abner, Medran og Coentrao.
Imponere gjorde heller ikkje Real i det andre møtet med Schalke i den første utslagsrunda. Anført av ein strålande Huntelaar vann tyskarane imponerande 4-3 i Madrid. Antal mål scora i Gelsenkirchen blei likevel avgjerande, og Los Blancos tok seg til slutt vidare med 5-4 totalt. I gruppespelet tok dei seks strake sigrar mot henhaldsvis Basel, Liverpool og Ludogorets.
I gruppespelet hamla Atletico opp med Juventus, Olympiakos og Malmö (totalt 4-1-1), før dei gjekk vidare på straffespark i åttendelsfinala mot Bayer Leverkusen. Simeone sitt lag imponerte ikkje så altfor mykje i det siste møtet med tyskarane spelemessig, men kunne altså juble til slutt når Kiessling bomma på det siste straffesparket.
Diego Simeone sitt lag er i bra form om dagen med 4-2-0 på dei seks siste kampane. Carlo Ancelotti sine spelarar har vore litt meir ustabile med 4-0-2 på like mange oppgjer. Atletico spelde uavgjort 2-2 mot Malaga i førre runde av Primera Division, medan Real vann enkelt 3-0 mot Eibar.
Om ein ser vekk tapet i ekstraomgangen har Atletico gått heile seks kampar utan å tape mot naboen. I europacupsamanheng har dei møttest totalt fire gongar. Forutan finala kjempa dei mot kvarandre ved tre tilfelle i 1959 (to semifinaler og ein omkamp), då Di Stefano og Puskas regjerte i Real. Dei kvitkledde har gått sigrande ut i tre av fire oppgjer.
Dette er det første av dei to møta mellom laga. Returoppgjeret går på Santiago Bernabeu onsdag om éi veke. Dei to rivalane frå den spanske hovudstaden møttest som kjent i finalen i fjor, og etter ein kamp som lengje var tett og jamn tok til slutt Los Blancos verkeleg grep og vann 4-1 etter ekstraomgangar.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande oppgjeret mellom Atletico Madrid og Real Madrid. Det er duka for kvartfinalene i Champions League!