TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for seg etter ein lang fotballkveld. God natt!
Monaco og Atletico Madrid er dermed vidare til kvartfinalene i turneringa i kveld, og i morgon får vi vite kven dei to siste laga blir når oppgjera Barcelona-Manchester City og Borussia Dortmund-Juventus går av stabelen.
Atletico Madrid er klare for kvartfinalene i Champions League etter ein dramatisk slutt. Spanjolane vann 1-0 i ordninær tid etter mål av Mario Suarez, og med 1-1 samanlagt måtte laga ut i ekstraomgangar. Ingen av laga satsa noko særleg offensivt i løpet av den halvtimen, og dermed måtte alt avgjerast på straffespark. Torres ordna etter kvart 3-2 på Atletico si femte straffe, noko som betydde at Kiessling måtte score. Det klarde tyskaren derimot ikkje, noko som betydde at spanjolane kunne sleppe jubelen laus.
Kamp slutt Slutt (1-0)
120'
Atletico Madrid vinn!
120'
Straffebom!
3-2
Kiessling bankar ballen over mål!
120'
Kiessling bankar ballen over mål!
120'
Straffemål!
3-2
Torres scorar! Ikkje langt unna der, keeper Leno.
120'
Torres scorar! Ikkje langt unna der, keeper Leno.
120'
Straffemål!
2-2
Keeper går feil veg og Castro bankar ballen i mål. 2-2!
120'
Keeper går feil veg og Castro bankar ballen i mål. 2-2!
120'
No kan Leverkusen kome a jour.
120'
Straffebom!
2-1
Leno reddar!
120'
Leno reddar!
120'
Straffebom!
2-1
Kort tilløp før han bankar ballen over mål. Elendig straffespark!
120'
Kort tilløp før han bankar ballen over mål. Elendig straffespark!
120'
Straffemål!
2-1
Suarez scorar! 2-1!
120'
Suarez scorar! 2-1!
120'
Straffemål!
1-1
Også Rolfes bankar inn straffa! 1-1!
120'
Også Rolfes bankar inn straffa! 1-1!
120'
Straffemål!
1-0
Leno går rett veg, men straffa er for høg. Atletico i føringa!
120'
Leno går rett veg, men straffa er for høg. Atletico i føringa!
120'
Også Hakan bommar! Elendig straffe midt på mål.
120'
Straffebom!
0-0
Også Hakan bommar! Elendig straffe midt på mål.
120'
Straffebom!
0-0
Garcia set den første straffa over mål!
120'
Garcia set den første straffa over mål!
120'
Er det den uerfarne keeperreserven Jan Oblak som skal bli helten for Atletico Madrid, eller er det i staden rutinerte Bernd Leno for gjestane? Oblak blei som kjent bytta inn i 1. omgang etter ei skade på førstekeeper Moya.
120'
Det står framleis 1-1 og likt samanlagt, og det er klart for straffespark på Vicente Calderón! For ein dramatikk det skal bli!
Straffesparkkonkurranse
120+1'
Vi er eitt minutt frå straffesparkkonkurranse!
120'
Ordinær tid er omme.
119'
Fleire spelarar ligg nede med kramper no.
119'
Ikkje lang tid att å spele no. Til trass for at dette oppgjeret har vore veldig lite sjåverdig kan vi få ein vanvittig dramatikk til slutt likevel.
118'
Innkast for bortelaget høgt i bana. Atletico får ordna opp.
116'
Torres med ei stupheading etter eit bra innlegg frå høgre. Diverre for heimefansen ender forsøket frå den tidlegare Liverpool- og Chelsea-spissen rett på Leno.
114'
Trykk frå heimelaget no.
113'
Koke står klar med frisparket. Blir lempa inn til Torres som stussar kula til utspel frå keeper.
112'
Gult kort
Stoppar ei kontring på ulovleg vis og får kampens tiande gule kort!
111'
Rolfes prøvar seg frå veldig langt hald. Ein liten meter utanfor buret til Oblak.
110'
Gult kort
Får sjå det gule kortet etter å ha protestert på ei domaravgjersle.
110'
Endar berre med utspel frå Leno.
110'
Atletico tek over.
109'
Leverkusen kontrar. Dei kjem ikkje til avslutning, men klarer å halde oppe trykket.
107'
Hjørnespark
Blir stanga unna av Leverkusen-forsvaret.
107'
Hjørnespark
Endar med nok ein corner.
107'
Godt forsøk for Atletico! Raul Garcia får avslutta frå skrå vinkel inne i boksa, men Leno gjer ei god redning. Corner.
106'
Leverkusen prøvar å slå langt opp, men Atletico reinskar bra unna.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (1-0)
Ingen sjansar å skrive om i første ekstraomgang. Skal dette gå heile vegen til straffespark til slutt?
Pause Pause ekstraomganger (1-0)
104'
Spillerbytte
104'
Roger Schmidt skal gjere Leverkusen, og kampens, siste innbyte.
102'
Gult kort
Feller Suarez og får kampens åttande gule kort.
101'
Innlegg mot Griezmann på bakerste stolpe, men franskmannen klarer ikkje å få kontroll over kula og Leverkusen overtek.
97'
Leverkusen med ein fin overgangsmoglegheit, men når ein Atletico-spelar blir liggjande etter ein duell vel dei å spele ut ballen.
96'
Litt meir strekk i begge laga no.
96'
Castro får heada ballen igjennom til Kiessling som har sprunge seg fri inne i Atletico sin sekstenmeter, men spissen treff dårleg med avslutninga og Oblak reddar enkelt.
93'
Spelarane diskuterer heftig og domar Rizzoli gjer sitt til å roe gemyttane.
92'
Endå ein spelar ligg nede på graset. Endå ein stopp i spelet.
91'
Atletico startar første ekstraomgang.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (1-0)
Atletico Madrid leiar 1-0 etter at ordinær tid er ferdig, noko som betyr at laga er like langt og at det blir ekstraomgangar. Det har ikkje vore ein spesielt sjåverdig kamp hittil, men ein nerve er der sjølvsagt heile tida.
Pause Etter ordinær tid (1-0)
90+4'
Kort tid att her no. Ingenting som tyder på at vi skal få ei avgjerande scoring på tampen.
90+4'
Blir kasta inn i feltet der Leno kjem ut og boksar unna. Til slutt endar det med frispark for bortelaget.
90+3'
Innkast for Atletico høgt i bana.
90+1'
Hjørnespark
Endar med utspel frå keeper Leno.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt denne omgangen. Skal vi få ei avgjersle i ordinær tid?
90'
Dårleg slått. Blir enkelt heada unna ved første stolpe.
90'
Dødball i god posisjon for heimelaget.
89'
Gult kort
Taklar Torres stygt bakfrå.
89'
Få minutt att å spele no. Ettersom det blei 1-0 til Bayer Leverkusen i den første kampen blir det ekstraomgangar om dette resultatet held seg.
87'
Nok ein gong ligg spelarane strødde etter nokre litt tøffe taklingar. Har ikkje akkurat vore ein skikkeleg mannfolkkamp dette.
86'
Ballarami slår håplaust inn frå høgre. Forsøket går bak mål.
85'
Torres får lagt inn framføre mål, men blir samtidig korrekt avvinka for offside.
83'
Spillerbytte
83'
Kiessling prøvar seg på halvvolley. Ufarleg over mål.
82'
Litt meir sprut i spanjolane dei siste minutta.
80'
Nære på for Rojiblancos! Heimelaget kjem på ein bra overgang og til slutt er det Turan som får avslutta frå god posisjon. Leno reddar flott.
78'
Gult kort
Taklar Gamez bakfrå og får det gule kortet. Kampens sjette.
77'
Spillerbytte
77'
I augneblinken verkar det som om ingen av laga har lyst i å risikere noko for å få mål. Dette ser ut til å gå mot ekstraomgangar.
75'
Gult kort
Nok ei kynisk takling med påfølgjande korrekt gult kort.
75'
Griezmann får lagt inn frå venstre, og det er ikkje langt unna at heimelaget kjem til avslutning.
75'
Ikkje lett å kjenne igjen Atletico Madrid anno 2013-2014 i denne kampen. Dei har rett og slett vore svært lite givande å sjå på.
74'
Blir slått rett utover sidelinja og endar med utspel frå Leno.
74'
Frispark til spanjolane eit godt stykke inne på Leverkusen sin halvdel.
72'
Gult kort
Feller Kiessling kynisk.
70'
Nære på for heimelaget! Koke slår frisparket mot mål, og ballen snik seg like utanfor. Leno i full strekk der, så det spørs om han hadde teke forsøket om det hadde gått på innsida.
70'
Dødball for Atletico.
69'
Spillerbytte
69'
Brukbar sjanse for heimelaget. Griezmann slår inn til Turan som prøvar seg på en volley frå kanten av sekstenmeteren. Utanfor buret til Leno.
69'
Nok ein gong skal ballen lempast inn i sekstenmeteren, men nok ein gong er utføringa dårleg. Keeper Oblak plukkar lett.
68'
Hakan Calhanoglu går i bakken og bortelaget får frispark.
66'
To nye spelarar ligg nede no etter eit samanstøyt. Mandzukic og Spahic er det.
65'
Gult kort
Dyttar Turan over ende og får eit greitt gult kort.
64'
Leverkusen prøvar ei kontring, men Drmic blir avvinka for offside. Mykje nesten for bortelaget hittil.
60'
Oblak kjem raskt ut og plukkar ballen. Dårleg utnytta av tyskarane.
60'
Leverkusen med frispark midt inne på Atletico sin halvdel.
58'
Bellarabi prøvar seg frå veldig langt hald. Oblak reddar enkelt.
57'
Hjørnespark
Leno boksar farleg rett ut i feltet, men ingen i raudt og kvitt kjem først på kula der.
55'
Hjørnespark
Rett i nevane til Leno. Elendig slått av Koke.
55'
Langt innkast for Atletico. Bortelaget får rydda unna i første omgang, før det til slutt endar med corner.
54'
Småpanisk i Leverkusen-feltet. Tydeleg at heimelaget vil litt meir no.
51'
Nytt frispark og stopp i spelet. Har vore usedvanleg mange avbrot i dette oppgjeret hittil.
49'
Atletico Madrid er litt meir aggressive offensivt no enn kva tilfellet var før pause.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Atletico Madrid leiar 1-0 over Bayer Leverkusen etter første halvdel etter eit litt heldig mål av Suarez. Dermed er det 1-1 samanlagt og vi er like langt med tanke på kven som avanserer til kvarfinalene. Om dette resultatet står seg også den 2. omgangen er det duka for 2 x 15 minutt med ekstra speletid. Dette oppgjeret er framleis vidope!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+4'
Minimum fire minutt blir lagt til denne omgangen.
45+2'
Mandzukic ligg nede med ein smell no. Veldig mange stopp denne første omgangen.
45'
God sjanse for Leverkusen! Bortelaget er kjappe og direkte i kontringane, og ved dette tilfellet er det Wendell som kjem seg ned til dødlinja og får lagt inn foran mål. Keepervikar Oblak får med naud og neppe fanga kula.
44'
Bortelaget med eit småfarleg innlegg i Atletico si boks. Spanjolane får rydda unna.
43'
Spelet er i gong igjen.
41'
Bellarabi får seg ein smell og blir liggjande.
38'
Hjørnespark
Miranda vinn duellen i lufta, men hovudstøytet går utover sidelinja.
38'
Suarez prøvar nok ei avslutning frå distanse, og ballen går via ein motspelar og til corner.
38'
Svakt slått og Leverkusen får klarert.
38'
Koke med frispark langt inne på Leverkusen sin halvdel.
35'
Hjørnespark
Rett i nevane til Leno.
35'
Hjørnespark
Endar med nok ein corner.
35'
Griezmann skyt via muren og ut. Corner.
34'
Frispark på 20-21 meters hald.
34'
Blir slått langt opp før Atletico får nok eit frispark, og i langt betre posisjon no.
33'
Frispark til heimelaget midt på bana.
31'
Nære på for Atletico! Mandzukic blir spelt åleine igjennom, men Wendell kjem raskt til og ordnar opp med ei strålande takling. Kunne ha blitt ein stor sjanse, det.
30'
Gult kort
Stygg takling og eit fortent gult kort.
30'
Dermed er det 1-1 samanlagt og vi er like langt. Leverkusen har derimot fordelen av bortemål om dei skulle få ei scoring her i dag.
27'
Mål!
1-0
Atletico går i føringa! Leverkusen klarer ikkje å få klarert etter frisparket, og Cani får til slutt heada ballen til Suarez som avsluttar frå utanfor sekstenmeteren. Skotet går via beinet til Toprak og keeper Leno blir heilt utspelt. 1-0!
27'
Mandzukic prøvar å spele ballen bak Leverkusen-forsvaret, men forsøket frå kroaten er svakt og bortelaget overtek.
26'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling på Cani.
26'
Heimelaget med innkast høgt i bana. Dei vinn nokre duellar inne i feltet, men Leverkusen får likevel rydda greitt opp.
25'
Veldig dårleg rytme over det som skjer på grasmatta Madrid no.
23'
Spillerbytte
21'
Atletico må gjere eit veldig tidleg byte. Målvakta Moya ser ut til å ha pådrege seg ein strekk og må ut.
21'
Heimelaget får eit greitt frispark og spanjolane sin sjef Simeone viftar febrilsk med handa for å illustrere at domaren bør drage opp kortet. Argentinaren får derimot ikkje viljen sin.
16'
Hjørnespark
Leverkusen vinn to duellar i feltet før Son får avslutta inne i boksen. Heimelaget får blokkert forsøket. Beste sjansen hittil i kampen.
16'
Toprak lagar frispark ved å setje ein olboge i nakken på Mandzukic, og Leverkusen-spelaren får også ein vanvittig tilsnakk frå den italienske domaren. Varer nok ikkje så veldig lenge før det første gule kortet i denne kampen er eit faktum!
15'
Mange duellar innleiingsvis, men elles har det vore lite spanande som har skjedd. Framleis stillingskrig mellom laga.
14'
Leno brukar tid ved utspelet og Atletico-spelarane reagerer kjapt på det. Domar Rizzoli seier derimot ifrå til dei raude og kvite at det er han som bestemmer.
12'
Hjørnespark
Leno stig til vêrs og får pressa ein motspelar til å heade utover sidelinja.
11'
Hjørnespark
Blir stanga unna ved første stolpe.
10'
Brukbar sjanse for Leverkusen. Bellarabi skjer innover og avsluttar, men skotet går via ein motspelar og til corner.
9'
Begge lag har slått ein god del langt i starten her. Ingen har nok lyst å sende altfor mange spelarar fram med det første.
8'
Miranda og Drmic i ein liten disputt. Rizzoli kjem til og ordnar opp.
6'
Hjørnespark
Også på denne får Leverkusen rydda opp.
5'
Hjørnespark
Blir stanga ut til ein ny corner.
3'
Leverkusen har vore veldig bra defensivt i det siste, så Atletico kan få det vanskeleg med å trengje seg gjennom forsvaret deira.
1'
Heimelaget sparkar i gong dette spanande oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Kveldens hovuddomar er italienske Nicola Rizzoli. Han kan få litt å stri med, for i førre oppgjer blei det delt ut eit tosifra antal kort!
Champions League-hymna rungar no over stadion, men det er faktisk så vidt den høyrast på grunn av Atletico-fansen. Magisk stemning!
Inkludert den første delen av dette åttendelsfinalemøtet, har dagens to motstandarar møttest tre gongar tidlegare. Det skjedde i gruppespelet i Europa League i 2010, og begge oppgjera enda 1-1. Av profilar som var involverte den gongen kan vi nemnde Sergio Aguero og David de Gea for Atletico, og Arturo Vidal og Sami Hyypia for Leverkusen.
Formmessig er det definitivt tyskarane som er best. På dei seks seinaste kampane har det enda 4-2-0. I Bundesliga ligg Schmidt og co på 4. plass, heile 22 poeng bak Bayern Munchen. Atletico Madrid har på si side berre éin fattig siger på tilsvarande antal kampar, og 1-3-2 totalt. I den heimlege ligaen ligg dei også på 4. plass, ni poeng bak tetlaget Barelona.
Bayer Leverkusen må på si side stille utan Niguez, Siqueira, Jedvaj og Kruse. Spahic var lenge usikker, men har altså blitt klar i tide og startar kveldens kamp.
I tillegg til allereie nemnde Tiago må Simeone også unnvere Diego Godin i dag. Forsvarsspelaren må sone etter å ha fått for mange gule kort.
Diego Simeone har på si side understreka at laget må unngå feila frå førre oppgjeret og også ta godt vare på overgongane som byr seg. Han trakk også fram heimepublikummet på Vicente Calderon og håpa at det ikkje blei eit sekunds stillheit på stadion.
I oppladninga til kampen har Leverkusen-sjef Roger Schmidt lagt vekt på at det er heimelaget som er favorittar og har presset på seg. Han håpar at laget kan klare å halde på ballen og køyre raske kontringar, slik dei gjorde sist gong laga møttest.
I det første oppgjeret mellom laga den 25. februar var det Hakan Calhanoglu som fekk æra av å setje inn kampens einaste scoring i ein kamp tyskarane var klart best i. I tillegg fekk Atletico utvist viktige Tiago som dermed er suspendert i dag.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande returoppgjeret mellom Atletico Madrid og Bayer Leverkusen i denne åttendelsfinalen. Det første oppgjeret i Tyskland enda med ein 1-0-siger til Leverkusen, så heimelaget må vinne i dag for å ha håp om å avansere!