TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Heilt fortent at det er Atlético Madrid som går vidare til semifinalen i Champions League. Ein imponerande første omgang la grunnlaget for denne bragda, og laget kunne faktisk leia både 3-0 og 4-0 om dei hadde fått uttelling på sjansane. Flotte gledescener når Atlético Madrid-spelarane jublar i ring, slik dei norske handballjentene er kjent for! Vi takker for følget, og gler oss alt til semifinalane. Der finn vi altså Atlético Madrid, Bayern München, Real Madrid og Chelsea!
Då er kampen slutt, og Atlético Madrid vinn 1-0, og dermed 2-1 samanlagt!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Gult kort
Klikkar på Webb.
90+3'
Berre 30 sekund att av tilleggstida no!
90+3'
Atlético Madrid tek frisparket, men Barca får kontroll.
90+2'
Gult kort
Frustrert takling ved hjørneflagget.
90+2'
Hjørnespark
Ny kort variant. Får frispark like etter.
90+1'
Gult kort
Sabotasje av spelet.
90+1'
Hjørnespark
Kort, ufarleg variant.
90'
Kjempesjanse - for Atlético Madrid! Rodríguez stormar inn i feltet og skyt frå 10 meter, men keeper leverer ei flott redning!
89'
Barca med innlegg inn i boksen. Keepermat.
88'
Ser ut som Atlético Madrid skal styre mot 1-0 siger her!
87'
Hjørnespark
Heimelaget får kontroll.
86'
Enorm stemning på tribunen. Atlético Madrid er berre nokre minutt unna semifinale i Champions League!
86'
Målscorar Koke leiker seg på venstrekanten, men leiken varer ikkje evig. Barca overtek.
85'
Frispark til heimelaget på midtstreken. Brukar lang tid no.
85'
Naturlegnok kaos i Barcelona-forsvaret når dei no ofrar alt framover. Heimelaget klarar ikkje heilt å utnytte dei store romma som blir etterlatt.
82'
Barcelona prøver å spele seg gjennom forsvaret, men keeper Courtois kastar seg fram på gjennomspelet.
81'
Rodríguez med innbytar-puls, og får frispark imot seg.
80'
Berre ti minutt att no. Vil Barcelona klare ekstraomgangar?
79'
Spillerbytte
78'
Nær 1-1 der! Innlegg inn i feltet, og Neymar stupheader. Avslutninga han stryk stolpen! Der hadde ikkje keeper Courtois kontroll!
76'
Barcelona i angrep, men heimelaget har ni mann i eigen sekstenmeter når innlegget kjem inn i boksen. Blir enkelt avklart av Miranda.
74'
Hjørnespark
Svakt. Utspark frå målet til Courtois.
74'
Heimelaget pressar for ein gongs skyld høgt i bana, og Barcelona stormar framover.
73'
Spillerbytte
73'
Villa vil ha straffe, og heimefansen er rasande. Heller ikkje denne gongen let Webb seg vippe av pinnen.
72'
Hjørnespark
Keepermat.
70'
Stor sjanse for Atlético Madrid! Kaptein Gabi kjem heilt aleine med keeper, men Pinto leverer ei flott beinparade - på ei avslutning som det ikkje lukta svidd av! Der burde det blitt 2-0!
70'
Klokka tikkar heimelaget sin veg no. Barcelona-spelarane har snart berre 20 minutt att for å score målet dei jaktar på.
69'
Det blir Messi - og han skyt i muren!
67'
Frispark til Barcelona i fin posisjon. Messi og Xavi vil begge ordne 1-1. Kven blir det?
66'
Hjørnespark
Gjestene får kontroll.
66'
Fin sjanse for Atlético Madrid og innbytar Diego! Han skyt frå skrå vinkel - rett på keeper!
65'
Atlético Madrid på eit sjeldan besøk oppe ved hjørneflagget, men Barca overtek.
63'
Begge lag gjere sine første endringar. Skal Sánchez blir helten for Barcelona i kveld, slik Diego vart i førre kamp for Atlético Madrid? No er i alle fall begge to på bana!
61'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
60'
Fin halvsjanse for Barca. Innlegg inn i feltet, og kaptein Xavi prøver å ta ansvar. Avslutninga med pannebrasken går nokre meter utanfor.
58'
Barcelona trillar ball, men Atlético Madrid ligg svært kompakt med alle sine 10 utespelarar.
56'
Ser ut som andre omgang blir 45 minutt med forsvarskamp for Atlético Madrid. Her gjeld det å halde nullen for heimelaget!
54'
Held dette resultatet seg, er altså Atlético Madrid vidare til semifinalen. Blir det 1-1 har vi ekstraomgangar!
53'
Hjørnespark
Lav corner, som blir avklart.
52'
Barcelona har vore friske dei første minuttane av andre omgang. Ikkje tvil om at laget veit kva som står på spel!
49'
Stor dobbel-sjanse for Barca! Først er Neymar nære på å runde keeper, men blir akkurat stoppa i det han skal avslutte. Like etter prøver både Messi og Xavi seg innanfor sekstenmeteren, utan å lykkast.
47'
For kvart minutt som går, får vi nok sjå at gjestene tek større og større sjansar framover på bana. Dette vil etterkvart gje Atlético Madrid rom til å boltre seg i.
46'
Barcelona startar slik dei gjorde siste halvdel av første omgang. Trille ball.
46'
Webb bles igang dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga straks klare for andre omgang.
Då er første omgang over, og det står fortent 1-0 til Atlético Madrid. Nicki Bille Nielsen utrykkjer på sosiale medium at det er inspirerande å sjå heimelaget spele fotball. Underteikna er einig med dansken, for dette har vore ein forrykande omgang av vertene! Tre gonger har ballen møtt veggen i aluminiumen! Barcelona har ballen klart mest, men klarar ikkje å produsere dei heilt store sjansane. Vi gler oss til andre omgang - for her kan likevel alt skje!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Hjørnespark
Bartra er først på ballen, men Webb bles av første omgang like etter.
45+1'
Det er lagt til minimum eitt minutt.
44'
Hjørnespark
Ufarleg.
44'
Fàbregas med ei god gamaldags Cruyff-finte inne i feltet, og går i bakken. Webb ristar på hovudet - igjen!
42'
Adrián og heimefansen vil ha straffe, men Webb vil det annleis og vinkar guten på beina att.
40'
Barcelona spelar seg inn i sekstenmeteren, men det stoppar der. Innlegget frå Messi går bak målet til Courtois.
39'
Garcia prøver eit skot frå 20 meter, men ballen er nærmare sidelinja enn dødlinja nokre sekund etter. Svakt forsøkt.
38'
Dei fire siste oppgjera mellom desse laga har enda uavgjort. Skjer det samme i dag?
37'
Atlético Madrid er konfortable med at det er Barca som styrer banespelet. For det er likevel lenge mellom kvar avslutning frå gjestene!
35'
Barcelona har god erfaring med å møte lag som ligg djupt i bana. Slik sett er det ikkje noko nytt gjestene.
33'
Fin stemning hos heimefansen. Dei prøver så godt dei kan å hjelpe laget til semifinale i Champions League!
31'
For nye lesarar står det altså 2-1 samanlagt mellom desse laga. Barcelona må framover!
30'
Atlético Madrid med 11 mann innanfor 30 meter. Ikkje lett for gjestene å spele seg gjennom eit slikt betong-forsvar.
29'
Barcelona har mest ball, men slit med å produsere dei heilt store sjansane.
28'
Iniesta dreg seg innover i bana og ladar skotfoten frå 25 meter. Draumen om 1-1 blir stoppa av keeper Courtois, som enkelt tek seg av markkryparen.
26'
Vi er over halvegs i første omgang. Ikkje ofte Barcelona får så mykje juling i løpet av 25 minutt. Fleire av spelarane er rysta, om vi skal nytte oss av bokse-språket!
24'
Messi viser seg fram! Neymar gjer forarbeidet på ein eksemplarisk måte, leverer inn til Messi som skyt på direkten frå 10 meter. Utanfor!
22'
Atlético Madrid langt nærmare både 2-0 og 3-0 enn det Barcelona er 1-1 akkurat no.
21'
Neymar Jr. sender Garcia ned for telling, mem han er raskt tilbake på beina att.
19'
Ny enorm sjanse for Atlético Madrid! Garcia nikkar vidare til Villa, som klinkar til på direkten frå 11 meter. Ballen fyk rett i tverrliggjaren, bak ein sjanselaus Pinto i Barca-buret!
18'
Gult kort
Takling bakfrå på Adrián.
18'
Pipekonsert når Barca trillar ball. Om dette held fram kan det bli mange med øyresus i morgon formiddag!
16'
Svakt utnytta frispark, og Barca overtek.
16'
Frispark til heimelaget på midten. Målscorar Koke står ved kula.
15'
Barca er tilbake slik dei starta det første halvanna minuttet av kampen. Trillar ball på vertene sin halvdel.
14'
For ei opning vi har fått på denne kampen. Berre eit tidspørsmål før det smell i nettmaskene igjen!
13'
Barca svarer i andre enden! Messi prøver seg med ei avslutning med hovudet, men forsøket går like utanfor!
13'
Rot i Barca-forsvaret, og det var Koke som snappa opp ballen. Han leverte til Villa som altså banka ballen i stolpen frå 10 meter.
11'
Ny enorm sjanse for Atlético Madrid! Også denne gongen smell det i stolpen, no med Villa som avsluttar!
11'
Barca har verkeleg fått køyrt seg dei første ti minutta her!
9'
Hjørnespark
Får innkast i neste situasjon.
9'
Barcelona må uansett score i dette oppgjeret for å ta seg vidare frå denne kvartfinalen. Men no bør laget helst holde tett bakover resten av oppgjeret.
8'
Hjørnespark
Barca får kontroll.
7'
Atlético Madrid stormar rett i angrep, og jaktar 2-0! Villa får ballen, vender og skyt. Skotet blir blokkert, og laget får corner.
7'
Pangstart for heimelaget dette!
5'
Mål!
1-0
Der står det 1-0! Villa slår inn i feltet, men ballen hamnar til slutt hos Koke. Han bankar kula opp i nettveggen, og sender heimepublikum til himmels!
5'
Oj oj oj! Kjempesjanse for vertene! Lopez i stolpen frå 8 meter!
5'
Atlético Madrid prøver seg. García testar venstrefoten, men forsøket går over!
3'
Han slår frisparket inn i sekstenmeteren, men heimelaget får rydda unna.
3'
Frispark til Barca etter at Alba blir lagt i bakken. Xavi skal slå inn i feltet.
2'
Gjestene trillar ball, og heimelaget legg seg lavt og kompakt.
1'
Då er vi endeleg i gang!
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Xavi og Gabi helsar på kvarandre og dommar Webb. Dei blir einige om at heimelaget startar kampen!
Laga på veg ut på bana! Vi er straks klare for 90 meget spennande minutt!
Då er lagoppstillingane klare, og Diego Costa må sjå kampen frå tribunen. Ikkje tvil om at heimelaget er klart svekka utan si store målmaskin!
Kva trur du om dagens kamp? Høyrer gjerne ifrå deg på Twitter. Bruk @AsgeirArdal og kanskje di meining blir ein del av kveldens livesending!
Norsk Tipping held gjestene som favorittar i dagens kamp, og gir i skrivande stund 2.10 gongar pengane tilbake.
Atlético Madrid sin stjernespiss Diego Costa er kneskada, men er med i kamptroppen. Difor usikkert om han blir å finne i startoppstillinga eller ikkje. Vi kjem tilbake med laga når desse er klare.
Gjestene må klare seg utan Pique og førstekeeper Valdez, to av spelarane med mest speletid på årets Barca-lag.
Gjestene står bokført med 10-3-3 på sine bortekampar, og står berre med tre sigrar på dei siste sju bortekampane. Ingen enkel oppgåve som møter Barcelona i kveld!
Vertene er ursterke på heimebane denne sesongen, og har vunne alle sine heimekamper i Champions League. I serien står det med 14-3-0 på sine 17 kampar.
Desse laga har møttest fire gongar tidlegare denne sesongen. Alle kampane har enda uavgjort! I ligasammenheng 11. januar, der det enda 0-0. I cupen gikk Barcelona videre på bortemål etter at stillinga over to kamper blei 1-1. Førre veke enda det altså også 1-1.
Det er ikkje berre i Champions League desse to laga kjempar om å vere best. I Primera Division leiar Atlético Madrid med eitt poeng foran dagens motstandar Barca.
Førre tysdag møttest desse laga til første av to kampar i kvartfinalen i Champions League. Den enda 1-1 på Camp Nou. Diego sende Atlético Madrid i føringa, men Neymar Jr. ville det annleis og sikra uavgjort for Barcelona.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret mellom Atlético Madrid og Barcelona!