Referat
Kun høydepunkter
Schalke tek ein overraskande, men svært fortent siger over Arsenal på Emirates. Dei første 45 minutta var nokså jamnspelte, men etter kvilen var det faktisk tyskarane som hadde det aller meste av spelet og sjansane. Scoringane let likevel vente på seg, og vi måtte heilt til det 76. minutt før det første målet kom, ved Huntelaar. 10 minutt seinare fjerna Afellay all tvil om kvar poenga skulle hamne. Med dette resultatet er det Schalke som er i førarsetet i gruppa, og Arsenal må defintivt opp fleire hakk om dei skal kunne kjempe om den plassen. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+4'
Dobbeltsjanse for Arsenal! Gnabry prøvar å curle ballen i det lengste hjørnet, men keeper reddar. Returen blir sendt høgt over av Cazorla.
90+2'
Arsenal klarer rett og slett ikkje å setje Schalke under noko press. Dette endar med tysk siger.
90'
Gnabry slår inn. Via ein motspelar og til corner.
90'
Blir teke kjapt.
90'
Frispark til Arsenal midt på bana.
88'
Delar av Arsenal-fansen er på veg bort frå stadion no.
84'
Gnabry visar seg fram med ein gong. Han vartar opp med ei flott dragning og legg inn framføre mål, der Mertesacker er litt for seint ute til å kunne kome til ei avslutning.
82'
Ramsey med innlegg, men walisaren treff dårleg og sender ballen forbi alt og alle.
82'
Heimelaget med farlege innlegg i Schalke si boks, men dei blåkledde får rydda unna.
82'
Sist Arsenal tapte ein heimekamp i gruppespelet var faktisk i 2003, då Inter Milan blei for sterke. Schalke er altså i ferd med å gjennomføre ein veldig sterk prestasjon.
81'
Med 1-1 i det andre oppgjeret i gruppa, mellom Montpellier og Olympiakos, er det faktisk Schalke 04 som no toppar gruppa.
80'
Schalke rullar fint opp, men det avgjerande innlegget går forbi alle i blått.
79'
Cazorla slår inn, men bortelaget får rydda greitt unna.
79'
Etter at 1. omgang var nokså jamn, har Schalke vore det klart beste laget etter kvilen.
76'
Uchida finn Farfan, men innlegget frå den peruvianske spelaren når aldri fram.
74'
Nære på igjen for bortelaget. Farfan kjem seg laus inne i boksa, men heller ikkje denne gongen når det farlege innlegget fram til ein spelar i blått. Schalke har hatt nok av innlegg, men altfor sjeldan har det kome gode avslutningar ut av dei.
71'
Nære på at Matip når eit innlegg i boksa til Arsenal. I staden kan heimelaget kontre.
71'
Bra press frå Schalke no.
69'
Gervinho kjem seg laus og prøvar å vente på Podolski som kjem i full fart. Pasninga frå ivorianaren når aldri fram.
67'
Fleire mann i oppvarming for Arsenal. Deriblant Arshavin og Giroud. Liten tvil om at The Gunners treng eit friskt pust.
65'
Gervinho med eit småfarleg innlegg. Ramsey når aldri fram.
65'
Det ligg definitivt ei Schalke-scoring i lufta her no.
64'
Nære på igjen for bortelaget! Farfan legg inn frå høgre, og Huntelaar er svært nære å få avslutta frå kort hald.
62'
Nok eit frispark for heimelaget. Også dette blir teke kjapt.
61'
Podolski dett i duell med Uchida. Frispark for Arsenal.
61'
Bortelaget vinn ballen høgt i bana, og Uchida blir spelt fri til høgre og får lagt inn. Arsenal får måka unna.
59'
Det har vore mest Schalke 04 dei siste minutta. Arsenal slit med å skape ting.
59'
Ramsey med ei knallhard takling på Holtby. Walisaren treff ballen og domar Eriksson vinkar spelet vidare.
55'
Podolski blir spelt fri på venstrekanten, men den tidlegare Köln-spelaren kjem aldri til innlegg.
53'
Gervinho jagar ein ball bak Schalke sitt forsvar, men keeper Unnerstall får klarert.
53'
2. omgang har hittil vore langt meir sjåverdig enn tilfellet var før pause.
50'
Stor sjanse for Schalke! Farfan med eit glimrande innlegg, men stoppar Höwedes bankar ballen over frå veldig bra posisjon.
50'
Fuchs får slått inn endå ein gong, men Mannone får boksa unna.
49'
Mykje fram og tilbake her no.
47'
Bra sjanse for Arsenal! Heimelager rullar fint opp, men til trass for at ballen blir sendt inn i boksa klarer ingen å få pirka den i mål.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 på Emirates etter ein nokså keisam omgang. Spelemessig har det vore jamnt, og det er faktisk Schalke som har skapt dei største sjansane. Denne kampen treng ei scoring, og forhåpentlegvis vil vi få nettopp det i 2. omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
43'
Stor sjanse for bortelaget! Uchida blir spelt flott fri på høgrekanten, og japanaren slår lavt inn til Huntelaar. Men frå fem-seks meters hald klarer ikkje hollendaren å få vridd kroppen nok, slik at skotet går ein meller eller to utanfor buret til Mannone.
43'
Santos prøvar å drage seg laus inn mot Schalke si boks, men ein spelar i blått får stoppa han.
42'
Gervinho speler fri Jenkinson på høgrekanten, men innlegget frå backen går svakt bak mål.
39'
Laurent Koscielny i oppvarming for Arsenal. Er det Vermaelen som slit med ei skade?
38'
Gervinho med ein god sjanse til å sende gjennom ein stikkar til Ramsey, men ivorianaren rotar og misser kula.
36'
Huntelaar set ballen i mål, men hollendaren har allereie blitt avvinka for offside.
36'
Nok ein gong bra spel av Die Königsblauen. Farfan blir spelt fri på høgrekanten og forsøker eit lavt innlegg, men Arsenal-forsvaret får rydda unna.
34'
Mykje fram og tilbake her no. Begge lag er angrepsvillige.
34'
Fuchs slår flatt inn framføre mål. Heimelaget får klarert.
32'
Bra sjanse for Schalke! Farfan får ei femogførtigraderspasning, og han fintar vekk ein Arsenal-spelar før han avsluttar. Skotet har bra retning, men blir blokkert.
32'
Schalke tek eit kjapt frispark, og Uchida prøvar å finne Huntelaar framføre mål. Den ballen når aldri fram.
31'
Afellay misser ballen til Vermaelen, og stopparen prøvar å slå ei kjapp langpasning. Han treff ballen forkjært og får seg både ein smell samtidig som Schalke får att kula.
30'
Då er straks den første halvtimen av kampen unnagjort, og dette har langt i frå vore eit fyrverkeri av ein fotballkamp. Schalke har stort sett hatt kontroll defensivt, og Arsenal har hatt problem med å finne opningane i den tyske muren.
27'
Brukbart forsøk frå Cazorla. Spanjolen skyt via Matip og til corner.
26'
Vermaelen speler vegg og kjem til skot frå utanfor boksa. Bortelaget får blokkert raskt.
23'
Cazorla med eit fint gjennomspel mot Gervinho. Sistnemnde blir for ubesluttsam og kjem aldri til skot.
23'
Afellay misser ballen på eigen halvdel og Arsenal set fart. Heldigvis for bortelaget rotar Gunners bort sjansen.
21'
Schalke 04 med initiativet i kampen no.
21'
Holtby slår inn, men heimelaget får stanga unna.
20'
Coquelin lagar frispark ikkje langt unna det eine cornerflagget.
20'
Gervinho med ein skummel ballmiss djupt inne på eigen halvdel. Farfan klarar ikkje å få ballen inn i boksa igjen.
19'
Fint spel av Schalke. Farfan slår inn, og får corner.
19'
Arsenal rullar fint opp, men det avgjerande innlegget frå Podolski går bak alle i feltet.
18'
Uchida slår inn, og det er ikkje langt unna at bortelaget kjem til avslutning frå bra hald. Arsenal tek over.
17'
Schalke 04 har vore aggressive på kontringane dei siste minutta, og vist at dei absolutt kan varte opp med farlegheiter her.
16'
Farfan slår det påfølgjande frisparket håplaust bak mål.
14'
Interessant situasjon her! Afellay går i bakken i ein duell med Mannone, men i staden for å gå straffespark får spelaren som er på lån frå Barcelona sjå det gule kortet for filming.
11'
Arsenal har hatt ballen klart mest dei førte 10 minutta, men Schalke har vore kompakte bakover og forsvart seg bra.
10'
Nære på for Arsenal! Podolski legg flatt inn framføre mål, men frå fem-seks meters hald klarar ikkje Gervinho å få avslutta på mål. Kampens beste moglegheit hittil.
9'
Arsenal rullar fint opp, men det avgjerande innlegget frå Santos endar berre i nok eit utspel frå Unnerstall.
7'
Frispark til heimelaget eit stykke inne på Schalke sin halvdel. Blir teke kjapt.
6'
Farfan får tak i kula høgt i bana, og Huntelaar prøvar å sete fart med den. Han er i ubalanse og Arsenal overtek.
5'
Cazorla med ein stikkar mot Gervinho. Bortelaget snappar kula.
5'
Gervinho blir spelt fri bak Schalke-forsvaret av Ramsey, men innlegget endar berre i eit uspel.
3'
Arsenal med ballen mest i innleiinga her.
2'
Gervinho prøvar å gjere ting på eigenhand, men får for mange blåkledde rundt seg og misser ballen.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
No står laga klare i spelartunnelen!
Vêret i London er bra, med overskya og ca 14 grader.
Dagens domar er svenske Jonas Eriksson. Han blir assistert av Mathias Klasenius og Daniel Wärnmark.
Eit artig moment i dagens kamp er at både Arsene Wenger og Huub Stevens også leia dei respektive laga under møta i 2001. Wenger har som kjent vore i Arsenal heile tida, mens Stevens no er inne i si andre periode som overhovud for den tyske klubben. Den noverande perioda hans i klubben har vart frå 2011, mens han i sitt første opphald var i Gelsenkirchen frå 1996 til 2002. I denne perioda vann han blant anna UEFA-cupen i 1997.
Schalke-trenar Huub Stevens må på si side unnvære det unge stoppartalentet Kyriakos Papadopoulos. Han kan derimot glede seg over å få tilbake Julian Draxler, som har vore ute med ei brota arm.
Arsene Wenger må klare seg utan fleire viktige spelarar til denne kampen. Theo Walcott, Kieran Gibbs, Abou Diaby og Alex Oxlade-Chamberlain er alle ute med skade. Utilgjengelege er også Bacary Sagna, Jack Wilshire, Wojciech Szczesny, Lukasz Fabianski og Tomas Rosicky.
Arsenal og Schalke møttast sist i 2001-2002-sesongen av Champions League. Dei to laga vann kvar sine heimekamp. Arsenal vann først 3-2 på Highbury etter mål av Ljungberg og Henry (2). Van Hoogdalem og Mpenza netta for tyskarane. I returoppgjeret i Gelsenkirchen vann Schalke 3-1. Mulder, Vermant og Möller netta for heimelaget, medan Wiltord stod for Arsenal si redusering.
Schalke 04 har på si side gjort det langt betre i Bundesliga. Etter 5-2-1 på sine åtte første kampar har Die Königsblauen berre Bayern Munchen og Eintracht Frankfurt framføre seg på tabellen. Den generelle forma er bra, med 3-2-1 på dei seks siste i alle turneringar. I den førre runda i den tyske ligaen enda det med ein sterk bortesiger mot Borussia Dortmund (2-1).
Arsenal har hatt ein veldig variabel start på Premier League-sesongen, og etter åtte kampar ligg dei på 9. plass med 3-3-2 hittil. På dei seks siste kampane i alle turneringar har dei 3-1-2. Førre kamp enda med eit nokså sjokkerande 1-0-tap borte mot botnlaget Norwich.
Schalke 04 ligg på plassen bak Arsenal med 1-1-0 på sine to første. I den første kampen vann dei 2-1 borte mot Olympiakos, medan dei i det påfølgjande oppgjeret måtte dele poenga heime mot Montpellier med 2-2.
Arsenal har fått ein veldig bra start på gruppespelet, og står med to sigrar på dei to første kampane. Den første kampen blei vunne med 2-1 borte mot Montpellier, medan førre runde enda med 3-1 heime mot Olympiakos.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Arsenal og Schalke 04!