Referat
Kun høydepunkter
Arsenal opna den første heimekampen i denne sesongens utgåve av Champions League veldig bra, og allereie etter 15 minutts spel leia dei 2-0 etter mål av Mesut Özil og Olivier Giroud. Napoli kom seg eigentleg aldri etter dette, og med unntak av ei heading på ein corner i 1. omgang skapte dei ikkje noko av farlegheiter. Arsene Wenger og co har dermed plukka seks av seks poeng hittil i Gruppe F og tronar øvst på tabellen. Takk for fylgjet, og ha ein fin tysdagskveld vidare!
Der bles domar Masic i fløyta og Arsenal har vunne 2-0 over Napoli!
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+3'
Rein transportetappe for Arsenal dette her.
90+2'
Giroud med eit farleg inlegg frå venstre. Forbi alle i feltet.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen.
90+1'
Hamsik visar seg fram ein sjeldan gong med ei flott frispeling av Insigne, men sistnemnde klarer ikkje å gjere noko meir konstruktiv med kula enn å misse den til næraste Arsenal-spelar.
90'
Behrami held igjen Arteta og får skjenn av spanjolen.
88'
Nære på at Giroud klarer å spele fri Özil. Reina kjem ut og stoppar forsøket.
87'
Gibbs skjer innover mot Napoli si boks og slepp ballen til venstre. Der står ingen annan enn Pepe Reina og ventar.
85'
Bortelaget yppar seg litt meir no, men det stoppar som regel opp med upresise innlegg som Arsenal-forsvaret har bra kontroll på.
84'
Inler prøvar å chippe ballen inn i Arsenal si boks, men han er for upresis og det endar med utspel frå Szczesny.
82'
Wilshire slår inn frå venstre, men er altfor hard på labben og ballen går langt over.
81'
Då er vi inne i dei ti siste ordinære speleminutta. Det er framleis lite som tydar på at Napoli skal klare å få med seg noko her. Arsenal er eigentleg nærare 3-0 enn Napoli er 1-2.
76'
Napoli og Insigne visar seg endeleg litt fram. Italienaren kjem seg inn i boksa og får avslutta, men skotet blir blokkert.
72'
Innbytar Mertens prøvar å plassere ballen frå langt hald. Det er derimot lite kraft i avleveringa, og Szczesny kan enkelt stoppe forsøket.
71'
Napoli har nada å by på offensivt her. Arsenal har stålkontroll, og det er vanskeleg å forstå at dette skal ende med noko anna enn heimesiger.
70'
Nok ein gong inn frå Sagna. Denne gongen kan Reina plukke lett.
70'
Sagna slår farleg inn frå høgre. Ballen stryk luggen til Giroud.
69'
Inler prøvar seg med venstrefoten frå over 30 meters hald. Skotet skrur langt utanfor mål.
69'
Napoli har blant anna colombianarane Pablo Armero og Duvan Zapata på benken. Sistnemnde er spiss, medan Armero kan spele både back og ving. Begge signerte permanente avtalar for klubben før denne sesongen.
65'
Behrami lagar frispark midt på bana. Veldig dårleg tempo og rytme i oppgjeret no. Og det passar vel Arsenal nokså bra.
61'
Insigne prøvar seg frå brukbar posisjon. Over mål.
58'
Mesut Özil slår eit frispark inn i boksa, men sjølv om det går forbi alle blir ikkje Reina lurt. Spanjolen plukkar lett.
57'
Zuniga med eit småskummelt innlegg frå høgre. Mertesacker klarerer til corner.
55'
Rosicky med ei stygg feilpasning midt på bana, men bortelaget er like slurvete og kontringa visnar vekk.
54'
Callejón prøvar seg på ein volley frå veldig spiss vinkel. Fleire meter over målet til heimelaget.
53'
Merkeleg tafatt Napoli etter kvilen her. Ein skulle tru at dei hadde eit ysnkje om å gire opp, men det har i alle fall ikkje skjedd hittil.
53'
Inler prøvar seg frå veldig langt hald. Høgt over buret til Szczesny.
51'
På tribuna ser vi ein skuffa Gonzalo Higuain. For eit pluss det hadde vore for Napoli om han hadde vore speleklar!
50'
Pandev er altfor valdsam i duell med Arteta, med det resultat at begge blir liggjande.
49'
Heimelaget har beleira Napoli si boks, men kjem ikkje til avslutningar.
47'
For øvrig ingen endringar på verken Arsenal eller Napoli.
46'
Nære på at Rosicky kjem til avslutning. Napoli får så vidt rydda unna.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Anført av ein strålande Mesut Özil leiar Arsenal fortent 2-0 over Napoli på Emirates etter første omgang. Begge scoringane kom innan det første kvarteret, først ved Özil og så ved Giroud. The Gunners har, i tillegg til å vere angrepsvillige, også hatt god defensiv kontroll, og Napoli lag har skapt veldig lite. Det skal bli interessant å sjå kva slags grep 'Rafa the gaffer' vil ta i pausa. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
43'
Nok ein gong skapar Arsenal noko på ein feil i Napoli-laget.
42'
Giroud hoppar over kula og gjer slik at Özil finn Ramsey inne i boksa. Walisaren får avslutta, men Reina er på plass og stoppar forsøket. Grei sjanse, det!
41'
Napoli har ballen mest på Emirates no, men Arsenal har så langt hatt god kontroll defensivt.
41'
Hamsik viser fram litt av repertoaret sitt og dreg seg inn i Arsenal si boks. Han får derimot ei dårleg berøring til slutt og ballen trillar utover sidelinja.
39'
Napoli sine to defensive midtbanespelarar, Inler og Behrami, bør også vere velkjende for oss nordmenn. Begge var nemleg med på Sveits sin 2-0-siger over Noreg på Ullevaal i byrjinga av september. Dei har derimot ikkje klart å dominere sentralt på bana i dag.
36'
Insigne kjem til avslutning inne i boksa, men italienaren får ikkje skikkeleg klem på skotet og Szczesny får redda det lett.
34'
Inler vinn ballen og prøvar å setje fart, men Rosicky lagar eit kalkulert frispark og hindrar ein eventuell overgang.
33'
Heimelaget stel ballen høgt i bana og Giroud slår inn frå høgre. Napoli-forsvaret får renska unna. Mykje slurv på eigen halvdel av italienarane så langt.
32'
Arsenal spelar seg fint inn i boksa, men heimelagets spelarar går i vegen for kvarandre slik at ingen får avslutta skikkeleg.
30'
Bortelaget viser styrke i duellspelet og vinn fleire duellar på rad, men ingen får avlsutta på mål. Til slutt får heimelaget frispark.
30'
Zuniga dreg seg fint innover i bana, men blir halde igjen av ein Arsenal-spelar. Nok eit frispark til Napoli.
28'
Flamini får tilsnakk etter ein tøff takling. Han treff ballen, men kjem inn med strake bein og visar knottane. Er heldig som slepp kampens førtse gule kort, der.
28'
Arsenal har definitivt ikkje lagt seg bakpå sjølv om dei leiar med to mål. Dei raude og kvite går framover så fort sjansen byr seg.
27'
José Mária Callejón går for skot, og sender ballen både utanfor og over.
27'
Gibbs dyttar Insigne overende bakfrå og Napoli får frispark i grei posisjon. Over 30 meters hald, men det ser likevel ut til at det skal kome eit skot.
25'
God moglegheit for heimelaget! Arsenal speler seg elegant framover i bana, og til slutt kjem Ramsey til avslutning inne i boksa. Albiol gjer ein god defensiv jobb og får blokkert skotet.
24'
Ramsey stel ballen frå eit nølande Napoli-forsvar og stormar mot boksa. Walisaren kjem derimot ikkje til avslutning.
21'
Litt meir Napoli no. Dei kan ikkje berre bli ståande å sjå på om dei vil ha med seg noko frå dette oppgjeret.
19'
Arsene Wenger prata om moglegheita for å gå heile vegen i Champions League på pressekonferansa før kampen, og etter det første kvarteret her å bedømme er det absolutt eit realistisk mål. At Mesut Özil ville vere ein tilførsel til Arsenal var det ingen som tvilte på, men at han skulle slå til umiddelbart var det kanskje litt meir usikkerheit knytt til.
15'
Giroud og Özil gjer det igjen, slik dei har gjort fleire gongar allereie denne sesongen! Tyskaren dreg seg fri innover i bana og slår presist inn til Giroud som har plassert seg inne i boksa. Frå kort hald gjer franskmannen ingen feil og bankar kula i nettaket. 2-0 etter berre 15 minutts spel!
14'
Både Sagna og Gibbs slår inn i tur og orden frå kvar sin kant, men ingen andre i raudt og kvitt får avslutta. Arsenal har framleis initiativet her.
11'
Flamini prøvar seg med eit skot frå distanse, men Reina har god kontroll og ligg nede og ventar på kula.
11'
Mesut Özil har dermed scora sitt første mål i Arsenal-trøya etter overgongen frå Real Madrid for om lag ein månad sidan.
8'
Arsenal har kome best i gong på Emirates, utan at det endå har resultert i sjansar endå.
7'
Pandev trillar igjennom Callejon, men spanjolen blir avvinka for ein soleklar offside.
3'
Arsenal trillar ball innleiingsvis.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
No kjem laga ut på bana!
Om ein ser på kampane laga har spelt mot motstandarar frå same land i den gjevaste euroacupen, har Arsenal som venta mest erfaring med dette. På 29 kampar mot italienske motstandarar har The Gunners 14-8-7. Napoli har på si side 2-2-2 på seks kampar mot engelsk motstand.
Arsenal og Napoli har aldri møttast i obligatorisk kamp før, men i byrjinga av august i år hadde dei ein treningskamp seg i mellom. Den enda 2-2 etter at Napoli først leia 2-0 etter mål av Pandev og Insigne. Giroud og Koscielny kvitterte derimot på tampen, slik at det enda med uavgjort.
Dagend hovuddomar er Milorad Mazic frå Serbia. Han har vore FIFA-domar sida 2009, og har stort sett dømt Europa League og VM-kvalifisering av internasjonale kampar.
Rafael Benitez, som no returnerer til fotballøya for ein obligatorisk fotballkamp for første gong sidan han ikkje fekk forlenga opphaldet i Chelsea, har nærast ei fulltalig tropp å velje i frå, med unntak av Higuain, altså. Det var mykje spaning knytt til om Raul Albiol skulle bli kampklar, men det har han altså blitt.
Arsene Wenger har fleire sentrale spelarar ute med skade til dette oppgjeret. Theo Walcott, Santi Cazorla, Alex Oxlade-Chamberlain, Abou Diaby, Lukas Podolski og Yaya Sanogo må alle unnverast, men det er likevel eit slagkraftig lag franskmannen stillar med i dag.
Då er laga ute, og som vi ser er ikkje Gonzalo Higuain med for Napoli, verken i startellevaren eller på innbytarbenken. Argentinaren har hatt problem med eit lår den siste tida, og det har altså halde han utanfor i dagens kamp. Det er sjølvsagt ein stor skuffelse for Napoli, men også for oss nøytrale sjåarar. I staden blir det ringreven Goran Pandev som bekler spissrolla.
Også I Azzurri, som laget til tidlegare Liverpool- og Chelsea-manager Rafael Benitez blir kalla, har starta framifrå i sin heimlege liga. 5-1-0 er fasiten etter dei seks første rundene, og berre Roma tronar foran på tabellen. Den mest imponerande sigeren kom mot AC Milan, der Britos og Higuain sørgja for 2-1-siger på San Siro.
Eit bra plaster på såret for Arsene Wenger var sjølvsagt ankomsten til ein annan Real Madrid-spelar. Mesut Özil har gitt The Gunners ein ny dimensjon i spelet sitt, og laget har gått frå å vere eit lag som kunne kjempe om Champions League-plass til eit lag som kan gå heile vegen og ta det gjevaste engelske troféet, noko dei sist klarde i 2003-2004-sesongen. London-laget tronar då også øvst på Premier League-tabellen etter dei seks første rundene.
Dagens kamp blir nok litt spesiell for nettopp Gonzalo Higuain. 25-åringen blei av mange media meldt å vere tilnærma klar for Arsenal, men i staden blei argentinaren altså Napoli-spelar. Presidenten i Diego Maradona sin tidlegare klubb, Aurelio De Laurentiis, uttalte også nyleg at '– Vi var i fjellet med laget og jeg spurte folkene mine om vi skulle ringe Real Madrid. I løpet av ti minutter var avtalen i boks for 38 millioner euro pluss tilleggsutbetalinger', i følgje tv2.no. Og med ein imponerande start på sesongen, med fire mål på dei sju første kampane, er det ikkje altfor mange som saknar Edison Cavani lenger i Sør-Italia sin største by.
Begge laga fekk ein bra start på gruppespelet med kvar sin siger. Anført av ein meget målkåt Aaron Ramsey tok Arsenal ein sterk bortesiger mot Marseille. Walisaren putta to etter kvilen, før eit ineffektivt Marseille-lag reduserte på straffe tre minutt på overtid. Napoli vann på si side heimekampen mot Borussia Dortmund på Stadio San Paolo. Tyskarane gjorde det tøft for seg sjølve med ei utvisning på keeper Roman Weidenfeller rett før pause, og etter kvilen ordna Lorenzo Insigne og Gonzalo Higuain 2-0. Dortmund fekk ei redusering med tid att å spele, men klarde aldri å kome a jour.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Arsenal og Napoli. Det er duka for eit høginteressant møte på Emirates!