TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Avslutningar: 14-15. På mål: 5-4.
Det endar 0-0 mellom Arsenal og Middlesbrough på Emirates, men dette var langt i frå ein kjedeleg kamp. Middlesbrough låg djupt og kompakt i forsvar, men skapte samtidig fleire feite sjansar. Cech var derimot i det umoglege hjørnet og stoppa det som kom. I tillegg fekk han god hjelp av tverrleggaren som stod i vegen på Ramirez sitt velplasserte frispark. Heimelaget hadde også nok av sjansar til å få kula i mål, men effektiviteten uteblei.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+5'
Få sekund att. Skal vi få ein sjanse til her?
90+5'
Så kjem Walcott åleine igjennom, men sender eit skot utanfor. Også her blir det avvinka for offside.
90+4'
Arsenal får ballen i mål, men det blir vinka for offside! Chamberlain avsluttar og inne på femmeteren står Özil og puttar kula i mål. Ei heilt korrekt avgjersle.
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Nok av tid til eit mål, altså!
90'
Traore kontrar og speler fri Negredo. Spissen tek ei skotfinte inne i boksa, men bommar med den og sjansen uteblir.
88'
Monreal med endå eit mislukka innleggsforsøk. Arsenal beheld likevel kula.
86'
Traore på farta igjen. Endar etter kvart med eit skot frå Forshaw. Langt utanfor frå den sentrale midtbanespelaren.
84'
Spillerbytte
84'
Det luggar ordentleg for Gunners no. Lite som tydar på at dei skal ta dei tre poenga i augneblinken. Men det er framleis nok av tid til å klare det!
84'
Özil får lagt inn til Walcott bake i feltet. Engelskmannen prøvar å heade inn foran mål igjen, men der står Valdes og ventar.
83'
Walcott med eit slags skot etter småpent spel inne i Boro si boks. Valdes får derimot plukke enkelt.
81'
Chamberlain prøvar å finne ein lagkamerat inne i boksa, men Boro-forsvaret får stanga unna endå ein gong.
77'
Sanchez lobbar inn i feltet. Walcott har nokre skostorleikar for lite til å nå ballen.
77'
Traore prøvar å drage i gong ei kontring, men mislukkast med pasninga.
76'
Ingen sluttspurt endå frå Arsenal. Middlesbrough ligg kompakte og disiplinerte.
74'
Spillerbytte
74'
Valdes kjem ut på sekstenmetersstreken får å heade unna, men sender berre ballen rett til Walcott. Engelskmannen prøvar eit skot på direkten, men treff dårleg og Valdes rekk å kome tilbake for å fange ballen. Tek det heile med eit smil, målvakta.
71'
Hjørnespark
Mustafi stussar feil veg. Arsenal beheld ballen.
68'
Spillerbytte
67'
Stor sjanse for Gunners! Sanchez får ein stikkar igjennom Boro-forsvaret og kjem plutseleg åleine med Valdes. Skotet frå chilenaren er derimot usedvanleg svakt og målvakta reddar enkelt.
67'
Iwobi legg inn i feltet, og det er veldig nære at Sanchez får vendt opp og avslutta.
66'
Arsenal får stanga unna frisparket på eigen femmeter.
65'
Forshaw skal ta frisparket.
65'
Gaston Ramirez blir sitjande litt i graset etter smellen. Kunne ha blitt ein farleg sjanse, det.
64'
Gult kort
Regelrett sparkar ned Ramirez som er på veg igjennom. Soleklart kort.
64'
Boro kontrar!
61'
Negredo kontrar for gjestane, men Arsenal klarer å rydde opp. Det bølgjar kraftig fram og tilbake her!
60'
Hjørnespark
Boro maktar ikkje å skape noko på corneren.
59'
Nok eit godt forsøk av Boro! Traore gjer alt sjølv i det han avanserer med ballen halve bana og avsluttar frå skrått hald. Cech er derimot reaksjonsrask nok ein gong og stoppar forsøket. Utruleg at bortelaget ikkje har scora mål på Emirates!
57'
Hjørnespark
Endar med eit frispark imot Middlesbrough.
57'
Farleg Middlesbrough-angrep. Barragan slår farleg inn, men Arsenal klarer å klarere inne på eigen femmeter.
55'
Hjørnespark
Det drøyar litt ettersom Valdes har fått seg ein smell. Når corneren til slutt blir teke kjem Valdes ut og plukkar greitt.
54'
Bra forsøk for Arsenal! Sanchez avsluttar frå 18-19 meters hald, men tidlegare Barcelona-kollega Valdes reagerer kjapt og får stoppa forsøket. Corner.
52'
Førstnemnde avsluttar like utanfor mål. Småfarleg, men Valdes har uansett kontroll.
52'
Ny Arsenal-dødball. Sanchez og Özil står klare.
51'
Bellerin lempar ballen inn i feltet, og berre ei lang Boro-tå får hindra ein Arsenal-spelar i å avslutte.
51'
Ikkje betryggande målvaktspel av Victor Valdes der.
49'
Veldig nære på! Valdes klarer ikkje å halde ballen, og plutseleg får Sanchez ballen på bakerste stolpe. Frå skrått hald avsluttar han forbi målet, og heller ingen andre i raudt og kvitt maktar å få avslutta i det ballen går gjennom feltet.
48'
Ayala kjem for seint inn i ei takling og Arsenal får frispark i god innleggsposisjon.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause etter ein interessant omgang på Emirates. Arsenal har hatt ballen stort sett heile tida, men streva stort med å skape målsjansar. Middlesbrough har vore solide defensivt og rydda unna det meste av det som har kome. I tillegg har dei skapt fire kjempesjansar, men anten har Cech eller metallet stått i vegen. Kampplanen til Aitor Karanka har fungert perfekt hittil, men no blir det spanande å sjå kva managerkollega Arsene Wenger kan svare med. Det finn vi ut etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Det blir minimum eitt minutt tilleggstid her.
45'
Hjørnespark
Ramirez er på plass og headar unna.
45'
Walcott med eit skot som går hardt forbi alle i feltet. Småfarleg.
41'
Middlesbrough ligg med alle unnteke Negredo rundt eigen sekstenmeter når Arsenal har ballen. Har forsvart seg meisterleg dei første 40 minutta av kampen.
38'
Hjørnespark
Negredo ryddar opp. Har klart seg meget bra i luftromet hittil i kampen, Boro. Spørs om ikkje Arsenal bør kome med andre offensive alternativ.
38'
Bellerin med eit innlegg frå høgre. Blir klarert til corner.
37'
Mustafi blir liggjande å vri seg inne i eigen sekstenmeter. Stopp i spelet.
35'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
33'
For ein sjanse! Traore slår inn frå den eine sida og plutseleg står Ramirez heilt åleine på bakerste stolpe. Frå tre meters hald klarer han utruleg nok ikkje å overliste Cech som vartar opp med ei strålande redning. Der skal det vere mål!
33'
Arsenal lempar inn i feltet, men blir samtidig avvinka for offside.
32'
Barragan med ei skrekkeleg tversoverpasning som Arsenal snappar. Det endar med eit frispark i farleg posisjon.
30'
Det luggar veldig i Arsenal sitt spel no. Dei store Middlesbrough-sjansane har nok skremt dei ein del.
28'
Negredo får avslutta bra med hovudet, men forsøket blir blokkert umiddelbart.
27'
Nytt frispark frå Ramirez. Ikkje skothald denne gongen.
27'
Ramirez kjem seg forbi Bellerin, men blir lagt i bakken. Er heldig som slepp det gule kortet der, Arsenal-backen.
23'
Nesten for Arsenal! Sanchez tek dette frisparket og treff langt betre enn Özil gjorde i stad. Valdes er derimot med på notane og får forflytta seg og stoppa skotet. Rein eks-Barcelona duell der!
23'
Arsenal med eit nytt frispark. 22-23 meter frå mål.
22'
Tre store moglegheiter i løpet av få minutt. Synd for Boro at dei ikkje klarer å vere effektive.
21'
I tverrleggaren! Ramirez løftar ballen nydeleg over i muren, men skotet går rett i metallet og ut. For nokre sjansar for Middlesbrough!
21'
Frispark til Boro i fin posisjon.
19'
Kjempesjansar for Middlesbrough! Plutseleg skjer det ting i motsett ende. Traore vinn ballen høgt i bana og kjem åleine mot Cech. Keeperen reddar, men returen går til Negredo. Han treff ikkje altfor godt og målvakta stoppar også det forsøket.
19'
Elneny prøvar å chippe inn til Sanchez i feltet, men ballen blir litt for høg for chilenaren.
18'
80-20 i ballinnehav hittil. Det fortel litt om ståda i kampen.
16'
Hjørnespark
Boro vinn duellane og får reinska vekk.
16'
Barragan blokkerer endå eit Arsenal-innlegg. Har rydda bra unna i eige forsvar hittil, bortelaget, men skal dette halde fram kan det umogleg gå bra til slutt.
15'
Tidlegare Manchester City-spiss Alvaro Negredo opna returen sin til Premier League veldig bra, med mål og to assists på dei to første rundene. Sidan har det gått tråare. Totalt har han ti scoringar i den øvste engelske divisjonen.
11'
Elneny med kampens første avslutning. Nokre meter utanfor frå langt hald.
10'
Walcott lempar ballen inn i feltet, men nok ein gong får bortelaget reinska unna.
9'
Hjørnespark
Blir stanga unna.
9'
Monreal prøvar å slå flatt inn i feltet. Blir stoppa. Nytt hjørnespark.
8'
Özil avsluttar over mål. Dårleg utnytta av den tyske landslagsspelaren.
7'
Heimelaget får frispark rett ved Boro sin sekstenmeter. Skrått hald.
6'
Gjestane strevar med å kome seg ut frå eigen sekstenmeter med ballen. Svært høgt press frå Arsenal.
4'
Hjørnespark
Boro vinn både første- og andreduellen inne i feltet.
4'
Bellerin blir spelt fri på høgresida og prøvar å slå inn, men forsøket blir blokkert til kampens første corner.
3'
Arsenal tek som venta ansvar rett frå første spark på ballen.
Avspark Start 1. omgang
Sidan 1974 har Arsenal og Middlesbrough møttest totalt 51 gongar i ulike samanhengar. Som venta har dagens heimelag gjort det best her, med 30-11-10. Middlesbrough vann sist i 2007, då Stewart Downing og Tuncay Sanli ordna måla. Downing, som har vore i fleire andre klubbar sidan då, er som kjent tilbake i 'Boro no. Dagens kamp startar han på benken.
Karanka og co må på si side klare seg utan kaptein Grant Leadbitter. Venstrebacken George Friend vikarierer som sjef på bana inntil vidare.
The Gunners må blant anna unnvere suspenderte Granit Xhaka, samt Santi Cazorla, Olivier Giroud, Aaron Ramsey, Per Mertesacker og Danny Welbeck.
Forutan den allereie omtalte elendige ligaforma til Middlesbrough, har også laget til Aitor Karanka roke ut mot Championship-laget Fulham i ligacupen etter ekstraomgangar. Klubben frå North Yorkshire er med andre ord desperate etter ei positiv oppleving på fotballbana, men skal den kome på Emirates i dag må dei definitivt heve seg mange hakk.
Etter berre eitt poeng på dei to første kampane har altså Arsene Wenger verkeleg fått sving på angrepsfotballen til Highbury-laget. Seks strake sigrar i Premier League har det blitt, og i tillegg har dei blant anna avansert i ligacupen og slått Basel (2-0) og Ludogorets (6-0) i Champions League. I sistnemnde kamp, som var tidlegare i veka, ordna også Mesut Özil sitt første hattrick i karrieren.
Det er to lag frå kvar sin ende av tabellen som møtest på Emirates i dag. Arsenal har fått ein veldig god start på sesongen og etter dei åtte første kampane har dei like mange poeng som både Manchester City og Tottenham. Berre eitt mindre plussmål gjer at laget frå Nord-England ligg framføre dei på tabellen. Nyopprykka Middlesbrough ligg på si side på den øvste plassen under streken, på 17. Dei opna rett nok returen til Premier League på bra vis med 1-2-0 på dei tre første rundene, men på dei påfølgjande fem kampane har det blitt fire tap. Sjølv om laget stort sett har klart seg greitt defensivt er det først og fremst framover i bana at det har vore mangefullt.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Arsenal og Middlesbrough!