TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er 90 minutt unnagjort, og kampen endar 2-0. Ramsey scora begge måla, og Arsenal vann fortent. Det er likevel verdt å heidre Fenerbahçe for god innsats i denne kampen, med tanke på det vanskelege utgangspunktet dei hadde foran dette returoppgjeret. Vi takkar for at du følgde kampen, og ynskjer deg velkommen tilbake!
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90+2'
Stor sjanse for Jenkinson og Arsenal! På kort hald set han ballen rett på keeper. Der burde det blitt 3-0!
90+1'
Jenkinson vil også vere med på moroa. Avslutninga frå 25 meter var ikkje like kjekk. Langt over!
90'
Wilshere leiker seg utanfor sekstenmeteren og skyt. Rett på keeper!
88'
Gult kort
Legg Wilshere kontant i bakken. Får det gule kortet like kontant i retur.
87'
Vi må tilbake til 2005 og FA-cupen sist Arsenal vann ein tittel. Skal det blir trofè i år?
85'
Wilshere blir lagt i bakken igjen. Klart frispark der, etter at Alves ikkje hang med i svingane.
84'
Wilshere ville av bana då gjestene gjorde sitt byte, men må vente litt til.
83'
Spillerbytte
82'
Wenger med sitt raude slips er godt nøgd med det laget har levert i dag. Mindre nøgd er han nok med at Podolski måtte ha båre for å komme seg av bana tidlegare i kampen.
81'
Arsenal har full kontroll på dette oppgjeret.
80'
Wilshere får seg ein liten smell, men er heldigvis for Arsenal-fansen tidleg oppe på beina att.
78'
Gult kort
Frustrasjon på midten.
76'
Frispark til Fenerbahçe i fin posisjon. Alves står ved ballen. Han skyt - rett på keeper!
76'
No skal det vere ei umogleg oppgåve for Fenerbahçe, som må score fem mål på 15 minutt. Skjer det, går underteikna frå Nordkapp til Lindesnes sommaren 2014.
74'
Spillerbytte
72'
Mål!
2-0
Fantastisk scoring av heimelaget! Klikk-klakk fotball av Arsenal, der ein-touch kombinert med bra bevegelse set gjestene fullstendig ut av spel. Ramsey får servert ballen frå venstrekanten, og bankar inn 2-0 i det lengste hjørnet.
70'
Gult kort
Målscoraren pådreg seg eit gult kort.
70'
Cazorla stormar framover, men blir hindra. Dommaren bruker fordelsparagrafen, men Arsenal-spelaren mistar ballen.
69'
Walcott tek fart og skyt i tverrliggjaren! Frekt frispark og svært nære 2-0!
68'
Walcott står ved ballen.
68'
Mereles med hands 1,5 meter utanfor sekstenmeteren. Fin posisjon for Arsenal dette!
66'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
66'
Lufta er gradvis på veg ut av Fenerbahçe-ballongen no.
65'
Hjørnespark
Ufarleg.
64'
Fin sjanse for Arsenal! Cazorla skyt knallhardt med venstre, men keeper leverer ei redning i verdsklasse og hindrar 2-0. Corner.
62'
Sanogo er ein spennande spelar for Arsenal. Han scora 10 mål på 21 kampar for Auxerre i tida han var der, og har mellom anna notert seg for 35 mål i sine aldersbestemte landskampar for Frankrike.
60'
Spillerbytte
60'
Frispark heilt ute på sidelinja for Fenerbahçe. Og Alves er tilbake på bana, og går rett opp i feltet før frisparket blir tatt.
58'
Fenerbahçe held framleis formasjonen, sjølv om laget treng fire mål på 30 minutt for å fullføre draumen om Champions League.
57'
Alves får seg ein skikkeleg karamell ved høgre auge. Må ut på sidelinja for å stanse blødninga.
55'
Gult kort
Prøver å filme seg til straffe. Det nytter ikkje, gutten min.
54'
Korkmaz nikkar i tverrliggjaren for Fenerbahçe, men den spanske linjemannen er oppe med flagget.
52'
Hjørnespark
Blir avklart.
52'
Finalen i Champions League går av stabelen i Lisboa neste år. Men først venter det trekning av gruppespelet på torsdag.
50'
Podolski ut på båre, til fortvilande applaus frå heimefansen.
49'
Hjørnespark
Gjestene får kontroll.
49'
Spillerbytte
49'
Arsenal er på ingen måte nøgd med eit sammenlagt-resultat på 4-0. Denne gongen var målscorar Ramsey nære igjen, men fekk berre corner.
47'
Podolski får behandling på sidelinja. Fekk spissen strekk på baksida av låret der? Såg slik ut!
47'
Hjørnespark
Ufarleg.
46'
Vertane stormar rett i angrep, og Podolski slår inn frå venstre. Får corner - og vondt på baksida av låret.
46'
Arsenal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er klare for dei siste 45 minuttane.
Då går laga til pause på stillinga 1-0. Dermed står det totalt 4-0, etter 3 av 4 omgangar er unnagjort mellom desse to laga. Skal mykje til om Fenerbahçe skal score fire mål etter pause, men vi held likevel den teoretiske moglegheiten open ei stund til. Gjestene hadde fortent minst ei scoring utifrå sjansestatistikken, men ein god Szczesny hindra scoring like før pause. Dermed er Ramsey framleis kampens einaste målscorar til no i kampen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Monreal kjem rundt på venstrekanten og slår inn i feltet. Der er Giroud først på ballen, men avslutninga går hardt utanfor!
45'
Podolski går i bakken inne i feltet, men den spanske dommaren let seg ikkje lure.
43'
Walcott er nære på å komme aleine med keeper, men sisteskansen les spelet godt.
41'
Fenerbahçe jaktar 1-1 no. Like etter smell det i tverrliggjaren, men Emenike er i offside.
39'
Stor sjanse for Fenerbahçe! Emenike dreg seg inn i feltet og skyt hardt. Keeper Szczesny får fingrane på ballen og fistar den i stolpen og ut!
38'
Hjørnespark
Gjestene får kontroll.
38'
Cazorla stormar inn i feltet i stor fart. Avsluttar, og får corner.
36'
Fin sjanse for gjestene på frisparket frå Alves. Klinkar til frå 22 meter, og ballen går like utanfor.
35'
Frispark til Fenerbahçe i fin posisjon. Mertesacker litt for tøff mot Sow.
33'
Oppofrande spel av Arsenal. Sjølv om det står 4-0 etter totalt 120 minutt spel, jobbar spelarane knallhardt for kvarandre.
30'
Hjørnespark
Keeper på bærtur i feltet, men har dommaren på si side. Får frispark.
30'
Frisparket er ufarleg.
29'
Gult kort
Etter taklinga på Walcott.
29'
Egemen blir to nummer for treig når Walcott set opp farten. Klart frispark - og gult kort.
28'
Var det ikkje vanskeleg for Fenerbahçe før kampstart, vart det ikkje noko enklare no. No må laget score fire mål for å ta seg vidare til gruppespelet.
27'
Hjørnespark
Alves heng høgst i luftrommet, men avslutninga går over.
26'
Hjørnespark
Ny corner.
25'
Mål!
1-0
Walcott blir spelt gjennom i feltet, og ballen går via ein forsvarar før den hamnar hos Ramsey. Han er nådelaus, og bankar kula enkelt i mål frå ti meters hald. 1-0!
25'
Jenkinson slår inn frå høgrekanten, og keeper boksar ut innlegget.
24'
Tempoet i kampen har roa seg nokre hakk etter ei frisk opning.
23'
Frisparket går rett i muren, og Fenerbahçe køyrer ei kontring. Angrepet blir avslutta med eit skot frå 30 meter. Rett på keeper.
21'
Frispark til Podolski i fin posisjon. Emenike vel ivrig i Arsenal-trøya der.
21'
Fenerbahçe må uansett ha tre mål her i kveld for å avansere vidare. Går nok ikkje lang tid før laget må ofre enno meir framover på bana.
18'
Cazorla vinn ballen på midten og viser fram herleg teknikk. Ballen hamnar tilslutt hos Giroud som skrur ballen forbi både keeper - og målet, frå 20 meters hald. Skotet går to meter utanfor. Nesten for Arsenal der!
16'
Gjestene trillar ball no.
15'
Walcott er mannen som får bokført Arsenal sin første halvsjanse. Skyt frå 20 meter. Rett på keeper!
14'
Heilt anna trøkk over Fenerbahçe i dag enn det vi såg for nøyaktig ei veke sidan.
12'
Kjempesjanse for Fenerbahçe! Jenkinson rotar det til i eige forsvar, og gjestene kjem tre mot tre. Keeper Szczesny leverer ei refleks-redning etter at Meireles er sist på ballen.
11'
Vi passerer ti minutt, og har enno tilgode å notere målsjanser i kampen.
10'
Gjestene har opna friskt, og er for alvor med på notane her.
9'
Fenerbahçe prøver seg, og slår inn frå høgrekanten. Blir avklart.
7'
Lang ball mot Giroud, men pasningen blir for hard. Kaptein Demirel i målet overtek.
6'
Ramsey prøver å finne Walcott, men angriparen er på feil side av forsvarsrekkja. Offside!
5'
Vertene trillar ball langt nede på eigen banehalvdel, og lokkar gjestene framover på bana.
4'
Gjestene frå Tyrkia har uttalt at dei skal gjere eit ærleg forsøk på avansement her. Då er nok ei tidleg scoring det laget drøymer om.
3'
Gjestene opnar aggresivt, og er tidleg oppe i dei raudkledde.
1'
Hjørnespark
Ballen går ut til Meireles som skyt. Rett på keeper.
1'
Fenerbahçe tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane helsar på kvarandre. Straks avspark!
Spelarane på veg ut på bana, til stor jubel frå tribunen.
Arsenal-manager Wenger sparar ikkje på kruttet her, og stiller med eit meget sterkt mannskap frå start.
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Har du spørsmål eller innspel, kan du brukte Twitter og hasjtag 'livefotball'.
Fenerbahçe har også sesongopna heime i Tyrka. Laget opna med 2-3 tap mot Konyaspor, før dei revansjerte seg med 1-0 over Eskisehirspor sist lørdag.
Arsenal står med tre poeng etter lagets to første kampar i Premier Leauge. Begge har enda med 1-3. Først vart det tap mot Aston Villa, medan laget reiste seg meistersleg med same siffer mot Fulham borte.
Spanske Carlos Velasco Carballo skal styre oppgjeret. Han var mellom anna hovuddommar i Europa League-finalen for to år sidan.
Vi skal likevel presentere litt statistikk, som kan gi supportarar med hjertet i Fenerbahçe eit lite håp. I fjor tapte Arsenal to gonger på heimebane i Champions League. Mot Schalke 04 vart det 0-2, medan det vart 1-3 mot FC Bayern München. Og vi må heller ikkje lenger tilbake enn 2012, før Swansea tok med seg tre poeng i Premier League etter 0-2, noko som var eitt av tre tap for Arsenal på heimebane i serien i fjor.
Gjestene står altså foran ei meget vanskeleg oppgåve her på Emirates. Ein tilfeldig utvalgt bookmaker tilbyr 100 i odds både på 3-0 og 4-1 siger til Fenerbahçe. Det fortel litt om utfordringa som venter i kveld.
I første kamp på Sükrü Saraçoglu vann gjestene heile 3-0, etter mål av Kieran Gibbs, Aaron Ramsey og Olivier Giroud (str). Alle måla kom i ein periode på 26 minutt i andre omgang. Dermed må Fenerbahçe vinne 3-0 eller til dømes 4-1 i kveld for å ta seg vidare til gruppespelet.
Hei, og velkommen til returkampen mellom Arsenal og Fenerbahçe. Dette er den fjerde og siste kvalifiseringsrunden til Champions League.